• No results found

Lomen stavkyrkje

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Lomen stavkyrkje"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Lomen stavkyrkje

Fyrste gong kyrkja vart nemnd i skriftlege kildar var i 1325. Årringsanalysar har no vist at tømmeret vart hogd 1179. Ho vart bygd større i 1749. Noko av takkonstruksjonen til det fyrste koret stod igjen på loftet etter at kyrkja vart bygd ut. Kyrkja har eit fint alderspreg som vi ynskjer å ta vare på og restaureringa må difor vere varsam.

Restaurering og vøling

Kyrkja ligg i bakkehellinga og ho har opp gjennom åra sigi ned. Ho har vorte jekka opp fleire gonger på 1600- og 1800-talet og i 2004 måtte vi igjen til med jekkearbeid i søre langvegg for å stabilisere konstruksjonen. Jord hadde og kome opp langs sidene av grunnstokkar, svillar og nedre deler av stavane under kyrkja. Jorda er nå fjerna under arkeologisk overvaking.

Staupulen frå 1771 hadde fått fleire råteskadar. Vi har skifta og spunsa råteskadde stokkar og skifertekkinga er utbetra. Staupulen er bygd i gran, og stavkyrkja er bygd av moden furu.

Arkeologiske funn

Under arbeidet fann vi tekstilar, nåler, trebitar og ringer. Ein av ringane er avklipt og er nok nytta som betalingsmeddel. Ein brakteat- ein mynt som er prega på ei side, vart funnen på austsida av austre grunnstokk i skipet. Dei eldste myntane av denne typen i er frå 1100-talet.

Til saman ble det funnet 71 gjenstandar, og disse er nå levert il Oldsakssamlinga.

Portalane

Kyrkja har tre rikt utskore portalar. To av disse står utsett til for sol og regn og blir øydelagde litt etter litt. Dei får nå betre skydd med eit lite tilbygg for den øystre por- talen og tjærebreing på den andre på våpenhuset.

Dokumentasjonen

Det arkeologiske arbeidet vart dokumentert med tekst, teikning og bilete.

Konstruksjonane på loftet vart fotografert av fotograf saman med bygningsforskar og portalane er og detaljfotograferte. Rapportar frå bygningsarbeida er laga av handver- karane. Betre dokumentasjon av portalane står igjen.

Planar

Arbeidet held fram i 2005 med vøling av taket, reparasjon av vindauga og arbeid med kyrkjegardsmuren. Etter at arbeidet er ferdig må Kyrkjeleg fellesråd og kommunen sjå til kyrkja og halde ho i stand.

Organiseringa

Kyrkjeleg fellesråd Vestre Slidre er oppdragsgjevar. Vestre Slidre kommune stiller med koordinator for arbeidet og Riksantikvaren ved Stavkirkeprogrammetfinansierer arbei- det og er antikvarisk ansvarleg. Arbeidsleiar på byggjeplassen kjem frå Telemark og har lang erfaring frå arbeid med mellomalderbygg. Dei andre handverkarane kjem frå Valdres, Etnedal, Nord-Torpa og Nittedal. Norsk institutt for kulturminneforskning gjer det arkeologiske arbeidet og dokumentasjon av kyrkja saman med fotograf.

R I K S A N T I K V A R E N S S TA V K I R K E P R O G R A M

Flere av de 28 stavkirkene i Norge er i dårlig bygnings- messig stand. Eiere står overfor store vedlikeholdsoppgaver som også omfatter tjærebreing og reparasjoner av spontak. Slike oppgaver stiller spesielle krav både til materialbruk og hånd- verksutførelse noe som gjør arbeidene kostbare og vanskelig for mange kirkeeiere å gjennomføre uten statlige tilskudd. Målsettingen med Riksantikvarens stavkirkeprogram er å sette i stand alle stav- kirkene. Stavkirkeprogrammet startet opp i 2001, og skal gå over ti år.

Grimshei Grafiske, Lørenskog, 06/05

Fakta - Lomen 02-06-05 12:19 Side 1

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Hvis virksomheten vil være i strid med endelige planer etter plan- og bygningsloven skal forurensningsmyndigheten bare gi tillatelse etter forurensningsloven med samtykke

hetsrådet som tiltrer rådet når dette behandler saker som i kommuner med flere sokn tilligger kirkelig fellesråd. Dette medlem kommer i tillegg til de som velges etter første

Kirkelig fellesråd foretar tilsetting av og har arbeidsgiveransvaret for alle tilsatte som lønnes over fellesrådets budsjett. Før tilsetting og fastsetting av instruks skal

Endret ved lov 26 aug 2011 nr. Møte- og stemmeplikt. Den som er valgt som medlem av et lovbestemt kirkelig organ, plikter å delta i organets møter, med mindre det foreligger

 1996 Soknet blir gjort rettsleg sjølvstendig med to organ som opptrer på vegne av soknet - sokneråd og kyrkjeleg fellesråd... Kyrkjeleg fellesråd sitt mandat i Den

Dei må avgjere om og korleis kyrkja skal vere open, men også bruken av frivillige i dette arbeidet.. Følgande prosess

I 1736 vart det halde gudste- neste for kongen i Nikolaj-kyrkja i København, det vart gjeve ut eit skrift om dei velsigningane reformasjonen hadde ført med seg, og dette skulle

Basert på den helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen skal prosjektgruppen lage forslag til plan for oppfølging for kommunens arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap.