Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post:
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde fmsfpost@fylkesmannen.no
Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett:
Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj
Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
Sakshandsamar: Hermund Mjelstad Vår dato Vår referanse
Telefon: 57643124 11.04.2013 2013/1442 - 434.13
E-post: fmsfhm@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse
Avinor Florø Lufthamn p.boks 357
6900 FLORØ
Att: Siv Merete Stadheim
Florø lufthamn - søknad om permanent fellingsløyve på oter
Vi viser til søknad 19.03.13 om permanent skadefellingsløyve på oter ved Florø Lufthamn.
Bakgrunn
Bakgrunn for søknaden er at Florø Lufthamn har gjennomført ein risikoanalyse i høve til fugl ved flyplassen, i tillegg til at viltproblematikk er diskutert. Florø Lufthamn har grense til sjø på sørsida og heile flyplassområdet er inngjerda. Oter er registrert inne på området. Oter vil kunne føre til skade på fly ved kollisjon under avgang/landing.
Vurdering
Oter er i Noreg vurdert som sårbar på Raudlista. Bestanden av oter har auka i Sogn og Fjordane dei siste tiåra, og vi finn oter frå yttarst på kysten til inst i fjordane. Bestanden kan i dag synast å vere stabil, sjølv om vi ikkje har gode bestandstal som kan underbygge dette.
Det er relativt stor avgang av oter gjennom året, m.a. grunna påkøyrsler, drukning/skade ved forskjellige fiskereiskapar og andre ulukker. Grunna statusen som sårbar i Noreg og at oteren er mindre vanleg elles i Europa, er terskelen for å tillate felling høg.
Søknaden om skadefellingsløyve på oter er handsama etter naturmangfaldlova § 18 første ledd bokstav a og c, jf. forskrift 11.september 1997 om felling av viltarter som gjer skade eller som vesentleg reduserer andre viltartar sin reproduksjon (skadefellingsforskrifta) pkt II C.
Pkt II C i skadefellingsforskrifta er meint å beskytte eigedom og næringsinteresser, eller når det er potensielt eller akutt fare for skade på viktige samfunnsinteresser. I denne saka er det potensielt fare for skade på viktige samfunnsinteresser som er det viktige punktet.
Samanstøyt/kollisjon fly-oter er heilt klårt ein risiko og det vil vere ønskeleg å minimisere denne risikoen. Risikoen kan løysast eller fjernast på fleire vis. Det ønskelege og ofte enklaste er å setje inn førebyggande tiltak, og i dette tilfellet vil montering av gjerde med mindre opning enn i dag kunne hindre oteren å ta seg inn på flyplassområdet. Det er opplyst at heile området er inngjerda og det vil då kunne prøvast med å montere eit tettare gjerde ( type hønsenetting e.l.) på nedre del av eksisterande gjerde. Ved å gjere dette på sjøsida vil problemet kanskje vere løyst. Dersom ikkje dette fungerer kan det prøvast med felle for levande fangst, slik det blir gjort med rev. Eventuell innfanga oter kan så flyttast til ein annan plass i kommunen. I tilfelle vil vi tilrå at det blir teke kontakt med Statens Naturoppsyn (SNO) i Florø ved Tore Gundersen.
Vedkommande som søkjer om fellingsløyve har plikt til å først, i rimeleg utstrekning, å forsøke andre tiltak for å avverje skade. Dette går fram av dei generelle vilkåra i skadefellingsforskrifta. Vi ser det difor slik at å felle ein oter er absolutt siste utveg.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/2
Vedtak
Florø Lufthamn får eit ståande løyve til å felle ein -1- oter få følgjande vilkår som skal vere utprøvd før eit eventuelt fellingsforsøk:
1. For å hindre at oter kjem seg inn på flyplassområdet skal det monterast eit enkelt, finmaska gjerde/netting utanpå eksisterande gjerde på den strekninga mot sjøen der problemet er størst.
2. Dersom tiltak nr. 1 ikkje fungerer skal det prøvast med levande fangst av oter i felle for omplassering. SNO i Florø skal i tilfelle bli kontakta.
3. Ved felling av oter skal Fylkesmannen varslast omgåande.
Grunngjeving
Oter representerer eit reelt trugsmål mot flysikkerheita ved Florø Lufthamn. Vi finn det difor naudsynt å tildele skadefellingsløyve etter naturmangfaldlova § 18 første ledd, bokstav c, jf.
forskrift om felling av viltarter som gjer skade eller som vesentleg reduserer andre viltarters reproduksjon pkt. II bokstav C
Dette vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå brevet er motteke, jf. forvaltningslova.
Eventuell klage skal stilast til Direktoratet for naturforvaltning men sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Med helsing
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Kopi pr. e-post: Flora kommune
NOAH, jenny@dyrsrettigheter.no SNO, tore.gundersen@DIRNAT.NO Direktoratet for naturforvaltning
Nils Erling Yndesdal Hermund Mjelstad
fylkesmiljøvernsjef seniorrådgjevar