• No results found

Den heilage messa

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Den heilage messa"

Copied!
15
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Den heilage messa

Ordning for hovedgudsteneste

Vanylven

I. SAMLING

Førebuing

I alle våre gudstenester legg vi til rette for at kyrkjerommet ikkje berre er ope ei stund før gudstenesta, men at det også er stille i kyrkjerommet det siste kvarteret, før messa tek til. Det vil da vere høve for dei som kjem, å vera stille, kunne tenna ljos og be, utan å verta nemneverdig forstyrra. Det er også høve for kantor å spele meditativ musikk, som er i samklang med denne intensjonen.

Klokkeringing

(2)

Forslag til vedtak: Kort informasjon kan ved behov framførast før klokkeringing.

Kort informasjon om gudstenesta i dag, ved medliturg/klokkar eller liturg.

Informasjon som høver seg her, bør vere kortfatta og innehalde:

Ein varm velkomsthilsen.

Kort om dagens karakter (Kristi openberringsdag, Påskedag, fastetid og liknande.)

Det kan seiast noko om spesielle innslag og medverknad under dagens gudsteneste.

Her vil fullt namn på den eller dei som skal døypast, lesast opp.

Dagens offermål og viktig informasjon om nattverdspraksis, offer og liknande.

Informasjonen blir avslutta med ML Lat oss vera stille for Gud

Kort stille stund Tre klokkeslag

Eit stjerneteikn (*) er sett til ledd der kyrkjelyden som hovudregel står.

* Preludium og/eller Inngangssalme

Som preludium kan det framførast vokal- eller instrumentalmusikk som svarar til dagens karakter. Det vil også i dei fleste gudstenestane vera prosesjon under preludiet/forspelet og/eller inngangssalmen.

Prosesjonskross blir bore fremst i prosesjonen. Lys, tekstbok, dåpsvatn, brød og vin kan òg bli bore inn.

Dersom brød og vin ikkje er sett fram på eit eige sidebord, eller på altaret før gudstenesta, blir dette bore inn i prosesjonen og sett på sidebordet eller på altaret.

Kyrkjelyden står under prosesjon, Inngangssalme og Helsing.

Forslag til vedtak: Inngangsprosesjon kan nyttast i gudstenester det høver, til dømes ved dåp eller når konfirmantar hjelper til.

* Helsing

Når det er dåp i gudstenesta, vel ein eitt av dei tre første inngangsorda.

Før inngangsorda kan liturgen seia: Kjære kyrkjelyd

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Eller

L Vår Herre Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andes samfunn vere med dykk alle. 

Eller

L I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.  Kyrkjelyden set seg.

Samlingsbøn

Presten står fritt til å velje den samlingsbøn han/ho ynskjer ifrå alterboka. Desse tre samlingsbønene kan ein be med kyrkjeårsvariable ledd:

L Lat oss takka og be Anten 1

(3)

ML Miskunnsame Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss.

Lat no opp hjarta våre,

så vi kan fornyast i trua på deg.

Gud, vi bed.

A Amen.

Eller 2

ML Heilage Gud, vi er samla for ditt andlet for å møta din kjærleik og di sanning.

Send oss din Ande

og gjer oss opne for det du vil gje oss.

Lat ordet ditt slå rot i hjarta våre, så Kristus lever i oss, og vi blir eitt i deg og tener deg i alle ting.

Gud, vi bed.

A Amen.

Eller 3

ML Gode Gud, du som gjev liv til alt som lever, vi prisar deg for alt det vakre på vår jord, og for alt som lét oss kjenna at du er god.

Her for ditt andlet bed vi: Gjev oss lyttande øyre, takksame hjarte og tenande hender,

så vi kan høyra ordet ditt, lovprisa deg for di miskunn, og i ord og gjerning vitna om dine storverk.

Gud, vi bed.

A Amen

Eller 4 (Den gamle klokkarbøna)

ML Herre, eg er komne inn i dette heilage huset ditt for å ta imot det som du Gud Fader, skaparen min, du Herre Jesus, frelsaren min, du heilage Ande, trøystaren min i liv og død, vil gje meg.

Lat no opp hjartet mitt ved din heilage Ande, så eg kan sørgja over syndene mine,

leva i trua på din nåde

og saman med heile ditt folk fornyast kvar dag i eit sant og heilagt liv.

Gud, vi bed.

A Amen

Forslag til vedtak: Prest og klokkar finn samlingsbøn til gudstenesta. Normalt blir ei av dei fire alternativa brukt. Andre godkjende samlingsbøner kan òg nyttast.

Sjå andre samlingsbøner side 168.

Samlingsbøner med kyrkjeårsvariable ledd kan óg nyttast om Dagens bøn fell ut.

(4)

Syndsvedkjenning

Når vi les i Bibelen om menneske som møtte Gud, så var det ikkje uvaneleg at dei fell til jorda og bad om Herrens miskunn. Det innleiande møtet med den livgjevande og miskunnsame Gud, gjer det naturleg og bøya seg og vedkjenna seg som syndar. Med det får også Gud heilt i byrjinga av gudstenesta høve til å reise oss opp og tilgje oss alle syndene våre. Eit ynskje er at presten òg kan føye til orda, «og be i fred til Herren om nåde og miskunn.» Dette vil vere naturleg når Kyrie kjem i direkte forlenging av syndsvedkjenninga. For Kyrie er fyrst og fremst eit rop om nåde og miskunn. Det kan handle om våre synder, men det kan òg vere så mykje meir, - eit rop om hjelp, om kraft og styrkje, om legedom og liknande. Med denne korte tilføyinga, legg vi verken noko til eller trekkje noko frå. Vi set berre ord på det vi no skal gjera saman. Det vert kanskje enklare å sjå at syndsvedkjenninga og kyrie ikkje nødvendigvis er det same. Syndsvedkjenninga blir innleidd med:

L Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre.

eller

L I tillit til Guds nåde vil vi sanna syndene våre og be i fred til Herren om nåde og miskunn.

Kort stille

Saman bed vi ein av dei følgjande syndsvedkjenningane. Her ynskjar kyrkjelyden ein formulering som kan nyttas fast i hovudgudstenesta, ein som kan nyttast fast i familiegudstenesta, og ein til høgtidene. I fastetida kan det høva seg med eit lengre kyrielitani.

Til høgmessa (hovudgudstenesta) A Gud, ver meg nådig!

Eg har synda mot deg og svikta min neste – med tankar og ord, med det eg har gjort, og med det eg har forsømt.

Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld.

Skap i meg eit rein hjarte,

Og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande.

Ved familiegudsteneste

B Gud, du kjenner og elskar oss alle.

Du vil at vi skal ta vare på kvarandre og på jorda.

Vi veit at vi sviktar og gjer deg imot.

Tilgjev oss og hjelp oss, for Jesu skuld.

Forslag til vedtak: I gudstenester nyttar ein normalt alt. A, og i familiegudstenester alt. B.

Lovnadsord

I forlenginga av syndsvedkjenninga kjem presten med eit lovnadsord.

Anten

L Guds ord seier: Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 1 Joh 1.9

A Amen 

(5)

Eller

L Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er Herrens miskunn over dei som fryktar han. Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss. Sal 103.11-12

A Amen 

Kyrie

Kyrie vert sunge. I fastetida vil ein også kunne nytte seg av eit lengre Kyrielitani.

Av omsyn til dei mange kyrkjene i Vanylven, ynskjer kyrkjelyden berre å nytte seg av ein allmenn serie gjennom heile året, og ikkje serie for fastetid eller festtid. Musikken i gudstenesta og salmane ein velje, vil tonesette gudstenestane for faste og fest.

A Kyrie eleison. Gud fader miskunna deg.

Kriste eleison. Herre Krist, miskunna deg.

Kyrie eleison. Heilag Ande, miskunna deg.

Forslag til vedtak: KR godkjenner følgande variantar:

Henning Sommero: Fastetid

Trond H.F. Kverno (Allmenn serie 1 a): Høgtid

Mari Tesdal Hinze/Torbjørn Dyrud (Allmenn serie 2): Treeinings- og Openberringstida

Trond H.F. Kverno (serie for Festtida) : Familiegudsteneste og spesielle gudstenester som konfirmasjon, presentasjon av konfirmantane etc

Gloria

Gloria vert sunge og kan utelatast i fastetida. I høgtidsgudstenester kan ein nytta seg av eit utvida Gloria for å markere fest.

L Ære vere Gud i det høgste

A og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

Vi lovar deg, vi prisar deg, vi tilbed deg, vi opphøgjer deg. Amen.

Forslag til vedtak: KR godkjenner følgande variantar:

Odd Johan Overøye : Høgtid og spesielle gudstenester som konfirmasjon, presentasjon av konfirmantane etc

Magnus Beite/Torbjørn Dyrud (Allmenn serie 2): Treeinings- og

Openberringstida

Jo Asgeir Lie (Gloria in Excelsis) og Måne og sol: Familiegudstenester

Dåp

Dersom det er dåp i gudstenesta, kjem den her.

Dagens bøn

Når lovsongen avsluttast, kan presten velje om han vil be dagens bøn eller ikkje. Han innleier i så fall med orda «Lat oss be». Bøna blir sunge eller sagt fram. Sjå dagens bøn side 178.

(6)

II. ORDET

Til søndagens hovudgudsteneste (Høgmessa) les man alle tekstane. I familiemesser kan det vera to lesingar, eller ei lesing (evangeliet). Ved familiemesser fell Bibelsk salme eller Salme mellom lesingane bort.

Kyrkjelyden står under evangelielesinga og sit under dei andre lesingane.

Kyrkjelyden vil ikkje bruka ordninga med å minnast dei døde og be for dei sørgjande etter forbøna.

Det gjer vi på Helgemessesøndag.

Evangelielesinga vert innleia med Halleluja (sjå s. 163 i liturgiboka).

Første lesinga

Frå Det gamle testamentet ML Det står skrive i/hos..

Lesinga sluttar med:

ML Slik lyder Herrens ord.

Bibelsk salme / Salme

Ein kan syngja ein bibelsk salme eller ein annan salme, det kan framførast korsong eller vera stilt ei kort stund mellom lesingane.

Andre lesinga

Frå ein av epistlane i Det nye testamentet ML Det står skrive i/hos..

Lesinga sluttar med:

ML Slik lyder Herrens ord.

* Evangelium

Vi er no komen til ein av liturgiens absolutte høgdepunkt: Lesinga av evangeliet. Lesinga innleiast med eit Hallelujaomkved eller eit salmevers med hallelujaomkvede.

I alle gudstenester (høgmesser/familiemesser) vert det evangelieprosesjon.

Evangelielesinga blir innleid med eit hallelujaomkvede, eller eit salmevers med hallelujaomkvede. Ein kan òg ha evangelieprosesjon. Den som ber boka kan bli følgd av lysbærar.

Sjå hallelujaomkvede N13: 977.1-7.

Også lovprising/Benedicamus i ledd 25 kan nyttast som hallelujaomkvede.

I fastetida kan ein erstatta halleluja med eit sunge svarledd med eit innhald som svarar til fastetida (tractus). Som tractus kan ein til dømes syngja desse bibelske salmane: 926, 927, 928, 932 og 939.

* Halleluja/Tractus

Evangelielesinga innleiast med:

L Det står skrive i evangeliet etter….

(7)

Lesinga sluttar med:

L Slik lyder det heilage evangeliet.

Respons

Hallelujaomkvedet eller Tractus blir til vanleg teke oppatt. Det kan òg bli sunge ein kort salme eller eit anna svarledd ved kyrkjelyd eller kor. På førstedagar kan ein syngja eit høgtidsvers som respons (NoS 41, 193, 228)

Kyrkjelyden set seg.

Preike

Predikanten preikar over evangelieteksten eller annan oppsett preiketekst. Preika kan avsluttast med ei av desse lovprisningane:

L Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Eller

L Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande:

Vår skapar, frigjerar og livgjevar.

Stille

Etter preika kan det vera høve til ei stille stund eller meditativ musikk.

* Truvedkjenning (Credo)

Den stille stunda brytast når kyrkjelyden reise seg, vendt mot øst, og vedkjenner heile kyrkja si tru.

Truvedkjenninga angir dei grunnleggjande elementa i kyrkja si lære. Den har også ein lovprisande karakter, noko som gjer det naturleg å syngje den.

Kyrkjelyden i Vanylven ynskjer som hovudregel å nytte Apostolikum i lesen form. I særskilde gudstenester kan ein òg nytte Nikenum, enten lest eller i sungen form, slik vi finn den i NoS 979.2.

Dersom det er dåp i gudstenesta, utelatast truvedkjenninga her.

ML Lat oss vedkjennast vår heilage tru.

* Nikenum

Denne nyttar vi i sungen form slik vi finn den i salmeboka på nr. 979.2 A Vi trur på ein Gud, den allmektige Far,

som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, lys av lys, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt,

av same vesen som Faderen.

Ved han er alt skapt.

For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen,

og ved Den heilage ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod.

Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,

leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom for å døma levande og døde,

(8)

Vi trur på Den heilage ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen,

som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane.

Vi trur på ei heilag, allmenn og apostolisk kyrkje.

Vi vedkjennest ein dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde

og eit liv i den komande verda. Amen Den nikenske truvedkjenninga

Eller

* Apostolikum

Denne nyttar vi i lesen form i alle familiemesser og dåpsgudstenester. Ved dåp les vi den i tilknyting til dåpsliturgien som kjem før Ordets liturgi.

A Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage ande,

fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus,

vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket,

stod opp frå dei døde tredje dagen, for opp til himmelen,

sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen. Den apostoliske truvedkjenninga

Salme

Denne salmen vert utelaten dersom vi syng Credo.

Kunngjeringar

Dersom det er ein gudsteneste med besøk og presentasjon av konfirmantar eller gullkonfirmantar, misjonsforeininga, søndagskule eller eit kor, så skjer det etter Truvedkjenninga. Det same om det er nokon som har eit ynskje om vitnemål, helsingar og forbønn, då plasserast også dette etter Truvedkjenninga. Såkalla kunngjeringar etter Truvedkjenninga bør bare nyttast dersom dei er av ein slik karakter at det er naturleg å følgje dei opp i forbøna. Då snakkar me til dømes om presentasjon av konfirmantar, eit viktig misjonsarbeid i kyrkja, uteling av 4-års bok eller eit anna faseprogram i trusopplæringa. Ordinære kunngjeringar om gudstenesta og kva som skjer i kyrkjelyden den næraste framtida kjem etter velsigninga og dei tre bøneslaga.

(9)

Forbøn for kyrkja og verda

Ordets liturgi avsluttast med forbøn. No har kongen tala med sitt folk, no kan folket tala med kongen. Som Guds eigedomsfolk er vi no klare for å tre inn i vår prestelege teneste for heile skapinga, for kyrkja og verda. Dette er kyrkja sitt rop til Gud om å vise miskunn med alle menneske, ein uunnverleg del av kvar einaste gudsteneste.

Her lyfter vi som kyrkje opp omverda innfor Gud, ikkje bare i allmenne ordelag men gjennom å konkret setja ord på dei lidingar og konfliktar som plagar menneske.

Forbøna kan leiast av medliturg eller nokre ministrantar men også av liturgen.

Til vanleg nyttar vi oss av dei forslaga til bøner vi finn i Gudstenesteboka, frå side 209 og utover. Det vil også vere høve til å formulere eigne lokalt forankra forbøner etter modellar for tilrettelagde forbøner.

Ved jamne mellomrom nyttar vi oss av Fredslitaniet i salmeboka på nummer 982.2, og 283.2 som har røter tilbake til oldtida. Litaniteksten kan óg danna mønster for utforming av nye og aktuelle bøner. Ein kan óg be ein kort bøn etter litaniet. Eventuelt kan bøna avsluttast slik: «Lat oss stilt leggja fram for deg det kvar av oss har på hjartet.»

Under fastetida og på bots- og bønedag kan ein nytte Litaniet i N13: 980.2.

Forbøna kan bli innleidd med:

ML/L Lat oss be for kyrkja og verda.

Kyrkjelydssvar

Etter kvart bøneavsnitt følgjer eit svar frå kyrkjelyden, sunge eller lese.

Forslag til vedtak: KR avgjer om ein skal nytte bønesvar 3 eller bønesvar 4 som hovudvariant.

2021: 7, 10, 5, 2, (1, 4, 9, korte variantar) 2013: 3, 4, 1

Takkoffer frå kyrkjelyden

Kyrkjelyden kan velje om ein vil samla inn takkoffer her eller under offertoriesalme eller ved utgang. Til vanleg vil vi legge vinn på at offeret vert teke opp her eller under offertoriesalmen. I hovudgudstenesta tek vi opp offer i kyrkjebenkane. Ved alle familiemesser/dåpsgudstenester går vi rundt alteret og gjev vår gåve der.

Under ofringa kan det framførast instrumental- eller vokalmusikk.

Dersom det ein eller anna grunn ikkje er nattverd i hovudgudstenesta, vert ofringa avslutta med:

(lag formulering på hovudordning, men òg samle inn

L Evige Gud, di er jorda og det som fyller henne. Alt vi eig, høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende. Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen.

III. NATTVERD

Generell informasjon. Vinen skal i hovudsak vere raud og avalkoholisert. Ein kan nytte seg av usyra eller syra brød ved nokre anledningar, men glutenfrie oblatar skal vere normalordning. Utdelingsstaden for nattverden vil til vanleg vere i forkant av koret ved intinksjon, men altarringen kan òg nyttast ved høve.

Utdelingsformen ved nattverden kan vere både med særkalk og ved intinksjon.

Liturgen avgjer val av nattverdsbøn. Desse finn vi på side 52 osb. Alle er moglege å nytte seg av.

(10)

Førebuing av måltidet.

Måltidet innleiast med kva som i vestleg tradisjon vert kalla for offertorium, og som er einstyande med - å bere fram. Kva er det som vert boren fram? Jo, brødet, vinen og vatn vert bore fram til altaret, som også vert duka til eit måltid. Under nattverden nyttar vi oss av ministrantar som hjelpe til med ulike oppgåver, mellom anna å bere frem gåvene til altaret frå credensbordet.

Nattverdsalme

Takkoffer. Førebuing av måltidet. Altarbordet blir dekt. Celebranten heller vin i kalken og blandar inn vatn i samsvar med urkristen praksis, medan han til dømes bed stilt for seg sjølv: ”Gud, du som har skapt menneske så underfult og enda meir underfult forløyst henne, lat oss gjennom denne vinen og vatnets løyndom bli delaktig i din Sons guddom, han som har tatt del i vår menneskelegdom.”

Offertoriet – framberinga - som moment bør difor gjerast tydeleg. Her synleggjerast den sentrale bodskap i eukaristien/nattverden: alt det vi ber fram til Gud blir for oss til fellesskap med Gud. Det gjeld også kollekta.

Dei pengegåver som vert samla inn under offertoriesalmen eller før denne og som vert boren fram til altaret, vert teke imot i takksemd og velsigna.

Når altaret er duka og songen tek slutt, bed liturgen ein av to takkebøner.

Takkofferbøn

L Velsigna er du, Herre, allheims Gud. Di er jorda og alt som fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg attende. Sameina di kyrkje av alle folkeslag og tungemål. Liksom kornet har vorte eitt i brødet og druene i vinen, så gjer oss til eitt med kvarandre og med Herren Jesus Kristus. Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen.

Eller

L Evige Gud, di er jorda og det som fyller henne. Alt vi eig, høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende. Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen.

Nattverdbøna –

Her kjem heile den lange og vakre nattverdsbøna. Det er syv nattverdsbøner å velje i. Alle gjev dei uttrykk for kyrkja si lære om det heilage måltidet. Det er presten som velje kva for ein bøn som han vil nytta.

Nattverdsbøn A – s. 52, Omarbeidd frå høgmessa 1977.

Nattverdsbøn B – s. 71, Etter Hyppolyt.

Nattverdsbøn C – s. 84, Byggjer på Paulinske tekstar.

Nattverdsbøn D – s. 98, Byggjer på Emmausforteljinga Luk 24.

Nattverdsbøn E – s. 111, Byggjer på Familiemessa frå 2003.

Nattverdsbøn F – s. 124 Kort versjon, ved til dømes mange dåp.

Nattverdsbøn G – s. 137 Johannesordninga

*

Prefasjonsdialog (Helsing)

L Herren vere med dykk K Og med deg vere Herren L Lyft dykkar hjarte K Vi lyfte våre hjarte til Herren.

L Lat oss takka Herren vår Gud K Det er verdig og rett.

* Innleiande lovprising - Prefasjon

Nattverdsbøna si innleiande del er vendt til Faderen i takkseiing over hans store frelseplan i Kristus.

Kyrkjeåret vil vere avgjerande for dei variasjonar som nyttast. Gjennom prefasjonane levendegjerast korleis vi no held fram i ein gudsteneste som sameinar oss med dei heilage gjennom alle tider og englane.

Liturgen vender seg no mot altaret og syng eller seier fram kyrkjeårsprefasjonen for den aktuelle tida i kyrkjeåret (sjå side 239), eller ein av dei som du finn i kvar nattverdsbøn.

For treeiningstida:

(11)

L I sanning verdig og rett er det at vi alltid og alle stader takkar deg, allmektige Gud, evige Far, ved Jesus Kristus, vår Herre, han som du sende til frelse for verda, for at vi ved hans død skulle få forlating for syndene og ved hans oppstode vinna det evige livet. Ved han lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. Med dei vil vi òg blanda våre røyster og tilbedande syngja:

Eller

L I sanning verdig og rett er det at vi alltid og alle stader takkar deg, allmektige Gud, evige Far, ved Jesus Kristus, vår Herre. Han er det levande brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv, så den som kjem til han, ikkje skal svelta, og den som trur på han, aldri skal tørsta. Ved han lovsyng englane din herlegdom, og di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong. Med dei vil vi òg blanda våre røyster og tilbedande syngja:

Kyrkjeårsprefasjonane for dei andre dagane i kyrkjeåret finn du bak gudstenesteboka for DnK.

(Heilag)

Saman med alle Guds englar, saman med alle dei som gjekk føre oss i pilegrimstoget, som no er i himelen, saman med alle som samlast i alle andre kyrkjer og kyrkjesamfunn, i vårt eige land og i heile verden, stemmer vi no i den store lovsongen:

A Heilag , heilag, heilag er Herren Seabot.

All jorda er full av hans herlegdom.

Hosianna i det høgste.

Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.

Hosianna i det høgste

Forslag til vedtak: KR godkjenner følgande variantar:

Torbjørn Dyrud (Allmenn serie 2): Fastetid og Familiegudstenester Peter Sandwall: Høgtid

Nolence Prince: Treeinings- og Openberringstida og spesielle gudstenester som konfirmasjon, presentasjon av konfirmantane, etc

* Innstiftingsorda – Verba

Vi er no ved eit cresendo i gudstenesta, ettersom det er Jesu eigne ord som uttalas. Herren Jesus Kristus er – som han sjølv har sagt - nærverande i brødet og vinen. Han seier ikkje at det er ein bild av noko eller eit teikn på hans kropp og blod. Han seier: Dette er min kropp! Dette er mitt blod! For oss blir dette eit stort mysterium, som berre den heilage Ande kan utforska.

L I den natta han vart sviken tok han eit brød, takka,

braut det, gav læresveinane og sa:

Ta imot og et!

Dette er min kropp som blir gjeven for dykk.

Gjer dette til minne om meg. Liturgen lyfter brødet 

Like eins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa:

Drikk alle av den.

Denne kalken er den nye pakt i mitt blod

(12)

Kvar gong de drikk av han,

Så gjer det til minne om meg. Liturgen lyfter kalken 

* Mysteriet i trua

Rett etter innsetjingsorda intonerast akklamasjonen av kantor eller liturg.

L Mysteriet i trua er stort.

Kyrkjelyden svarer syngjande:

K Kristus døydde, Kristus stod opp. Kristus skal koma att.

Han vere ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.

Forslag til vedtak: Dette leddet kan utgå.

* Den avsluttande nattverdsbøna (eukaristibøna).

Etter at trua si store løyndom har blitt avdekt, at Kristus er midt i mellom oss, i brødet og vinens gestalt, held presten fram med den avsluttande nattverdsbøn som er ulikt formulert i dei ulike nattverdsbønane.

Prestane nyttar den avsluttande eukaristibøna som følgjer den liturgien nattverdsbøna dei bestemme seg for.

* Fadervår

(Kan lesast eller syngjast.)

L Saman med alle dine born bed vi no den bøna Son din har lært oss.

A Vår Far i himmelen.

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød,

og tilgjev oss vår skuld, slik vi og tilgjev våre skuldnarar.

Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

Fadervår blir sagt fram eller sunge. Sjå NoS og 985.2. Til vanleg syng vi denne. I fastetida kan den lesast.

Forslag til vedtak: Oversettinga frå 2011 blir normalt nytta i gudstenestene.

* Nattverdsmåltidet

* Fredshelsing - Pax

L Guds fred vere med dykk.

A Guds fred vere med deg.

Kyrkjelyden kan ved nokre høve, nytta seg av den utvida helsinga.

L Lat oss helsa kvarandre med eit teikn på fred.

Kyrkjelyden helsar då kvarandre med eit handtrykk eller at man fører handa opp mot eige bryst og seier «Guds fred» eller liknande ord.

Forslag til vedtak: Den korte fredshelsinga blir normalt nytta. Ved behov kan ein i særskilde

tilfelle nytte helsing med handtrykk.

(13)

L Kom, for alt er gjort ferdig.

Ved intinksjon les presten dette etter Agnus Dei.

* Du Guds Lam – Agnus Dei

A Du Guds lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss.

Du Guds lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss.

Du Guds lam, som ber all verdsens synder, gjev oss din fred.

Forslag til vedtak: KR godkjenner følgande variantar.

Magnus Beite: Fastetid, Treeinings- og Openberringstida og Familiegudstenester

Trond H.F. Kverno (Allmenn serie 1a): Høgtid

Utdeling

Under utdelinga kan ein syngja ein eller fleire salmar, eller det kan vera korsong eller annan høveleg musikk.

Utdelingsorda lyder slik:

L

Kristi kropp gjeven for deg Eller Dette er Jesu lekam.

Kristi blod gjeve for deg. Eller Dette er Jesu blod.

Dei som kjem fram og viser at dei ikkje ynskjer å ta imot nattverden, blir velsigna av den som ber brødet, med handspålegging eller krossteikning.

Liturgen kan seia dette eller liknande ord:

L Herren velsigne deg og vare deg og føre deg til det evige livet. 

Etter utdelinga

L Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har no gjeve oss sin heilage lekam og sitt dyre blod som han gav til soning for alle våre synder.

Han styrkje oss og halde oss oppe i ei sann tru til det evige livet.

Fred vere med dykk.

Dersom det er utdeling med felles knefall rundt alteret, kjem fredsønsket anten etter kvart knefall eller til slutt.

Avslutning av måltidet

Alteret blir rydda. Beger og disk blir dekte med nattverdsklede.

Takkebøn

Her bed liturgen/medliturgen ein av takkebønene nedanfor, den første kan liturgen syngja:

L Lat oss takka og be

L Vi takkar deg, himmelske Far, for dine velsigna gåver. Vi bed at du ved desse gåvene vil halda oss fast i trua på deg, sameina oss i din kjærleik og stadfesta i oss håpet om det evige livet, for Jesu Kristi skuld.

K Amen

Eller

L Vi takkar deg, nådige Gud, du som gjennom brødet og vinen har gjeve oss del i Jesu Kristi sigerrike død og oppstode. Styrk oss ved din Ande til vitnemål og teneste i verda.

K Amen

(14)

L Trufaste Gud, du som i dåpen har gjeve oss barnekår og gjort oss til arvingar i ditt rike. Vi takker deg for dette måltidet, der du har gjeve oss forlating for syndene og fornya oss i trua på dine lovnader. Styrk oss ved din Ande til vitnemål og teneste i verda.

K Amen

Eller

L Vi takkar deg, visdoms Gud, for den djupe løyndomen i ditt måltid: Brødet vi har brote, er eitt.

Son din har gjeve sitt liv for ei verd og ei menneskeslekt.

Vi bed deg: Hjelp oss å høyra det ropet du har høyrt, å sjå den nauda du har sett, og å elska nesten vår som oss sjølve.

K Amen

Forslag til vedtak: Takkebøna blir lesen av liturg.

* IV SENDING

* Salme

Salmen kan flyttast til Postludiung/Utangsprosesjon.

* Velsigning

Velsigninga blir lesen eller sungen. Og den avsluttast med eit krossteikn.

* Lovprisning - Benedicamus Domino

L Lat oss prisa Herren

A Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

Eller

L Herren vere med dykk K Og med deg vere Herren.

Dersom ein lyser velsigninga utan den innleiande dialogen, kan liturgen seia:

L Ta imot velsigninga

I fastetida kan ein nytte Helsing SALUTATIO.

Forslag til vedtak: KR opnar for at ein i fastetida kan nytte helsinga utan "Halleluja"

(SALUTATIO).

* Velsigning

L Herren velsigne deg og vare deg.

Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.

Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.  K Amen. Amen. Amen.

* Tre gonger tre bøneslag

(15)

Kunngjeringar

Når messa er over og velsigninga motteke, kan ein medliturg koma med nokre korte kunngjeringar om dei neste gudstenestane i kommunen og viktig informasjon som kan vere til nytte. Her er også plassen for å takke mellom anna for eksterne song- og musikkrefter som har delteke, og andre som har delteke på gudstenesta utanom dei fast tilsette.

Utsending

Kunngjeringane avsluttast med at medliturg seie:

ML Gå i fred. Ten Herren med glede.

Eller

ML Lat oss gå i fred, i Jesu Kristi namn

* Postludium / Utgangsprosesjon

Som hovudregel sit kyrkjelyden under postludiet. Dersom det ikkje er utgangsprosesjon, sit vi under postludiet.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Dersom veljaren er registrert i anna sokn i eige bispedøme (eller ikkje vil stemme ved bispe- dømmerådsvalet), skal ein laste ned stemme- setel for soknerådsval frå

Søknaden gjelder ny tillatelse etter forurensningsloven for IVAR renseanlegg Bore. Slik anlegget er i dag klarer det ikke primærrensekravene og IVAR står derfor for en oppgradering

Fylkesmannen forutsetter at Ullensaker kommune gjennomfører optimaliseringstiltak på Gardermoen renseanlegg fram til nytt renseanlegg står klart..

Dersom det er mogleg, skal verksemda også, gjennom tiltak på eige område, leggje til rette for at overskotsenergi skal kunne nyttast eksternt, med mindre det kan gjerast sannsynleg

Dersom styresmaktene har oppretta eit eige organ (administrasjonsselskap) som skal stå for kjøp av offentlege transporttenester, må det verte gjort ei vurdering av kva for

B12C Dersom et sett av aktiviteter og eiendeler har produkter på overtakelsestidspunktet, skal en anskaffet prosess (eller gruppe av prosesser) anses som vesentlig dersom den, når

Vedlegg 3 til søknaden gjeld vurdering av fare for flaum i området dersom dammen vert fjerna.. I konsulentrapporten

Dersom det ikke står noe annet beskrevet, males alle vegger i standar hvit NCS 0401 - G42Y, Chi. 1.0