Bompengeopprøret i Rogaland
Hets, truslar og bompengar
Agnes Hoshovde Bernes
Masteroppgåve
Vår 2020
Institutt for samanliknande politikk Universitetet i Bergen
SAMANDRAG
Målet med denne oppgåva var å få økt kunnskap om bompengeopprøret som tok stad frå hausten 2018 til våren 2019 i Rogaland. Problemstillinga forsøkjer og gje eit svar på kva som gjorde at debattklimaet i bompengesaken vart så intenst og polariserande. I kor stor grad var hets og truslar ein del av debattklima, og korleis har det eventuelt påverka dei politikarane som var delaktive i debatten sin politiske deltaking. Eg ønskja og å sjå om det var noko
kjønnsdimensjon når det kom til mengda hets og truslar lokalpolitikarane fekk under debatten.
Oppgåva sin metode var eit kvalitativt casestudie av bompengeopprøret i Rogaland.
Datagrunnlaget i oppgåva er samla inn ved bruk av eliteintervju som var semi-strukturelle.
Datamaterialet besto av ni lokalpolitikarar i tillegg til ein journalist frå Stavanger Aftenblad.
Respondentane er valt ut i frå strategiske omsyn med vekt på at dei var aktive deltakarar i debatten om bompengar.
Denne oppgåva bidrar med å gje djupnekunnskap om korleis bompengedebatten i Rogaland var og korleis lokalpolitikarane opplevde debatten. Resultata frå analysen viser at hets og truslar i stor grad var tilstades i debatten om bompengar. Det er mykje som tyder på at det var eit kjønnsperspektiv i forhold til mengda hets og truslar politikarane fekk. Konsekvensane av hetsen og truslane for lokalpolitikarane sin politiske deltaking fann analysen at for fleire av respondentane så hadde det ført til at dei vart meir forsiktige når det kom til å uttale seg i politiske sakar og/eller at dei trakk seg litt tilbake frå politikken. Ut i frå svara frå
respondentane kan ein og sjå at kvinnene opplevde fleire konsekvensar som følgje av hets og truslar enn det mennene gjorde. Når det kjem til kvifor bompengedebatten vart så oppheta som den vart så hadde respondentane ulike forklaringar. Det finnes ikkje ein tydeleg grunn til at debattklima vart som det vart, men at det var ein kombinasjon av mange forskjellige variablar.
ABSTRACT
The aim of this master’s thesis was to gain increased knowledge about the toll fare uprising that took place from autumn 2018 to spring 2019 in Rogaland. The research question aims to provide an answer to what made the debate climate in the debate on toll fare so intense and polarizing. To what extent was harassment and threats part of the debate climate, and how has it possibly affected the politicians who were involved. I also wanted to see if there was any gender dimension when it came to the amount of harassment and threats the politicians received during the debate.
The method in this thesis was a qualitative case study of the toll fare uprising in Rogaland.
The data base in the thesis was collected using elite interviews that were semi-structural. The data material consisted of nine politicians in addition to a journalist from Stavanger
Aftenblad. The respondents were selected on the basis of strategic considerations, with emphasis on the fact that they were active participants in the debate on tolls fare.
This master’s thesis helps to provide in-depth knowledge of how the toll fare debate in Rogaland was, and how the politicians experienced the debate. The results from the analysis show in that harassment and threats were largely present in the debate. There are many indications that there was a gender dimension in relation to the amount of harassment and threats the politicians received. The analysis found that the consequences of the harassment and threats on the politicians' political participation was that for several of the respondents it had led to them being more careful when it came to speaking out in political matters and / or that they somewhat removed them self from politics. Based on the responses from the respondents, one can see that the women experienced more consequences as a result of harassment and threats than the men did. When it comes to why the toll fare debate was as heated as it was, the respondents had different explanations. There is no clear reason why the debate climate was as it was, but that it was a combination of many different variables.
FORORD
Først og fremst vil eg takke min vegleiar, professor Kristin Strømsnes for konstruktive tilbakemeldingar, verdifulle innvendingar og oppmuntrande ord gjennom heile prosessen.
Hennar innsikt og kommentarar har utvilsamt forbetra kvaliteten på masteroppgåva.
Takk til alle dei som tok seg tid til å være informanatar i denne studien. Utan deira vilje til å stille opp i intervju så hadde eg ikkje komme i mål med denne masteroppgåva. Takk til min kjære syster Esther for at eg fekk bu i leilegheita di i ei heil veka medan eg gjennomførte feltarbeidet. Takk også til Det samfunnsvitskapelege fakultet, som finansierte feltarbeidet mitt.
Å skrive masteroppgåva er krevjande og kan til tider vere einsamt. Takk til mine venner Miriam, Ane og Ole for hyggelige stundar på HF-biblioteket gjennom dei to siste åra. Maja fortener også ein enormt stor takk. Masterstudiet hadde blitt mykje tyngre utan deg.
Takk til alle mine støttespelarar. Ein stor takk til mine foreldre, spesielt min far som korrekturleste oppgåva. Til sist, men ikkje minst, takk til min kjæraste Timo. Det siste halvåret har ikkje vore lett, men du har verkeleg lyst opp kvardagen.
INNHALDSLISTE:
1.0 INNLEIING ... 1
1.1 Tema ... 1
1.2 Grunngjeving for val av tema og case ... 2
1.3 Problemstilling ... 3
1.4 Strukturen i oppgåva ... 3
2.0 TEORETISK RAMMEVERK ... 5
2.1 Hets og truslar ... 5
2.1.1 Kva er eigentleg hets? ... 5
2.1.2 Hat og truslar mot folkevalde ... 7
2.1.3 Kjønn ... 9
2.1.4 Seksualisert og kjønna hets ... 10
2.1.5 Seksuell orientering ... 11
2.1.6 Alder ... 12
2.1.7 Etnisitet ... 13
2.2 Konsekvensar av hets og truslar ... 14
2.2.1 Psykiske konsekvensar av hets og truslar ... 14
2.2.2 Endra åtferd ... 16
2.2.3 Meir alvorlege konsekvensar ... 17
2.2.4 Eit demokratisk problem ... 18
2.3 Kva er det med bompengar? ... 18
2.3.1 Ei urettferdig avgift ... 18
2.3.2 Bilen som eit symbol på fridom ... 19
2.3.3.Ein generell motstand mot avgifter ... 20
2.3.4 Sosiale mediar sin påverking på debattklima ... 21
2.4 Oppsummering av kapittelet ... 22
3.0 METODE OG DATA ... 24
3.1 Metodiske val i oppgåva ... 24
3.2 Casestudie ... 24
3.3 Eliteintervju ... 25
3.2.1 Utval av informantar ... 26
3.2.2 Gjennomføring av intervju ... 29
3.3 Validitet og reliabilitet ... 30
3.4 Oppsummering ... 31
4.0 ANALYSE DEL 1: FORTELJINGAR FRÅ BOMPENGEDEBATTEN ... 32
4.1 Politivern ... 32
4.2 Giftig slange på trappa ... 34
4.3 Køyring på raudt lys ... 36
4.4 Seksualiserte kommentarar ... 37
4.5 Demonstrantar i Stavanger bystyresal ... 39
4.6 Rykte om relasjonar og korrupsjon ... 40
4.7 Demonstrasjon utanfor formannskapsmøte ... 42
4.8 Stenging av bybrua i Stavanger ... 43
4.9 Konspirasjonsteoriar og falske nyhende ... 45
4.10 Oppsummering ... 49
5.0 ANALYSE DEL 2: HETS OG TRUSLAR ... 50
5.1 Kjønn og legning ... 50
5.1.1 Kjønn og mengde hets ... 50
5.1.2 Seksualisert hets ... 52
5.1.3 Legning ... 54
5.2 Konsekvensar av hets og truslar ... 54
5.2.1 Redsel og forsiktigheit ... 54
5.2.2 Vanskelegare å rekruttere til politikken ... 58
5.3 Oppsummering ... 60
6.0 ANALYSE DEL 3: BOMPENGEDEBATTEN ... 62
6.1 Kvifor vart debatten så oppheta? ... 62
6.1.1 Sosialt hierarki ... 62
6.1.2 Skatter og avgifter ... 64
6.1.3 Trussel mot folks fridom ... 65
6.1.4 Dårleg byplanlegging og dårleg kollektivtilbod ... 66
6.1.5 Sosiale medier ... 67
6.1.6 Media sin påverking ... 69
6.1.7 Dårleg samhald mellom politikarane ... 71
6.2 Kunne noko vært gjort annleis ... 72
6.2.1 Betre informasjon ... 72
6.2.2 Miljøperspektiv ... 75
6.2.3 Betre handtering frå politiet ... 76
6.2.4 Strengare retningslinjer på sosiale medier ... 76
6.2.5 Er standaren for debattklima satt? ... 77
6.3 Oppsummering ... 78
7.0 KONKLUSJON ... 80
7.1 Oppsummering av mine funn ... 80
7.2 Forslag til vidare forsking ... 81
LITTERATURLISTE ... 83
APPENDIKS ... 88
1.0 INNLEIING
«Truslar og hatytringar mot politikarar svekker demokratiet og ytringsfridomen.»
- Jan Inge Krossli i Kommunal Rapport (Kommunal Rapport 2019)
1.1 Tema
Hausten 2018 og våren 2019 var det ein omfattande debatt i Noreg om bompengar. Debatten gjekk i hovudsak ut på i kva grad ein skulle innføre bompengar for å bruke det som middel til å dekkje nye vegprosjekt og kollektivsatsingar. Ane Mari Braut Nese som var ordførarar i Klepp Kommune fortalde at ho hadde opplevd kraftig hets som følgje av debatten rundt bompengar, og at ho hadde opplevd truslar båe mot ho sjølv og familien (Frafjord og Høyland 2019). Nese fortalde på ein konferanse om kvardagsdemokrati at «Det er slett ikkje greitt å slenge sonen min i veggen og ta kvelartak på han, for å få mor til å snu i bompengesaken. Det er heilt utrolig at ein skal være naudsynt å sei det.» (Braaten og Johansen 2019, omsett av meg). Kort tid etter Ane Mari Braut Nese opna opp om dei hatefulle ytringane ho hadde opplevd, så delte tidlegare Ap-byråd i Bergen, Anna Elisa Tryti, at ho levde med voldsalarm og var redd for å gå aleine på gata på grunn av truslar og hatefulle ytringar (Svendsen og Øystese 2019). I 2017 hadde Tryti fått eit anonymt brev som oppmoda ho til å endre meining i bompengesaken, trekkje seg frå politikken eller ta sjølvmord (Krossli 2019).
Ifølge ein nyleg KS-rapport, som over 1700 folkevalte frå hele landet hadde deltatt i, får lokalpolitikarar hatefulle ytringar gjennom forskjellige kanalar, men dei fleste kjem via internett, gjerne via sosiale mediar. Kommentarfelt og nettfora blir også hyppig brukt. Ifølge KS sin undersøking er det høgare sannsyn for å utsettast for hatefulle ytringar jo yngre ein er, og kvinner utsettast ofte meir enn menn (Lehne og Holter 2019, 4-6).
Denne studien tar for seg debatten om bompengar som skjedde i Rogaland hausten 2018 og våren 2019. Oppgåva ser på kvifor akkurat den debatten vart så intens og fylt med hets og truslar, kven som vart mest utsett for hets og truslar, og korleis det påverka politisk deltaking bland dei politikarane som var aktive deltakarar i debatten.
Dei siste åra er det forska mykje på konsekvensane av hets, truslar og hatefulle ytringar, men det er relativt få studiar som tar for seg det lokale nivået og hets mot lokalpolitikarar. Denne studien er difor ein utforskande casestudie Oppgåva vil være hypotesegenererande og eg vil
ikkje teste noko teoriar i form av etablerte hypotesar. Eg fant det difor føremålstenleg å nytte meg av ein kvalitativ tilnærming. Målet med oppgåva er å prøve å forstå kvifor debattklima om bompengar vart så intens som det vart, i kor stor grad hets og truslar var ein del av debattklima og korleis det påverka dei lokalpolitikarane som var aktive i debatten. Studiet bidrar med kunnskap om eit relativt lite belyst område innan forsking på debattklima og konsekvensar av hets og truslar mot lokalpolitikarar.
Gjennom forskjellege intervju med ni lokalpolitikarar frå Rogaland fylkeskommune og kommunane Stavanger, Sola, Sandnes og Klepp, samt ein journalist, ønskjer eg å finne ut korleis dei opplevde debatten og korleis eventuelle hatytringar og truslar har påverka deira politiske deltaking og engasjement.
1.2 Grunngjeving for val av tema og case
I fylkes- og kommunevalet i 2019 vart ein av dei store politiske sakane bompengar, og ein enda med at partiet Folkeaksjonen Nei til meir bompengar fekk representantar inn i fleire kommunestyrer, bystyrer og fylkesting rundt om kring i landet. Debatten om bompengar har vært tilstade i store delar av Noreg, spesielt i og rundt byane. I denne oppgåva har eg valt å ha bompengedebatten i Rogaland som case. Det er fordi det var eit fylke der
bompengedebatten kanskje var mest omfattande, og der debatten fekk veldig stor merksemd i media. Det var mellom anna i Stavanger at partiet Folkeaksjonen Nei til meir bompengar vart stifta i 2014 i protest mot den nye bompengepakka som skulle innførast (Garvik 2019). Det vart og oppretta fleire Facebook-grupper som etter kvart fekk tusenvis av medlemmer.
Gruppa «Bomfritt Jæren – nok er nok» som vart oppretta 4. juli 2018, fekk 69 000 medemmer berre ei veke etter den var stifta (Williksen 2018).
I mai i 2019 fortalde ordføraren i Klepp Kommune at ho hadde opplevd å motta hatefulle ytringar og truslar i forbindelse med debatten om vedtekne og planlagde bompengeprosjekt (Sæbø 2019). Fylkesordføraren i Rogaland Fylkeskommune, Solveig Ege Tengesdal,
opplevde i same periode å dagleg bli utsett for grove personkarakteristikkar og heilt usaklege utsegn (Helle 2019). Ege Tengesdal uttalte at ho valde å fjerne fylkeskommunen sin logo på bilen ho brukte, og brukte leigebil i ein periode mens når debatten var på sitt verste. Ho måtte og forhalde seg til ganske mange hatefulle meldingar på Messenger og i sosiale mediar (Rogaland Fylkeskommune 2019). Ho uttalte at «Hetsen eg og fleire med meg har vore utsett for i tilknyting til bomringen på Nord-Jæren har gjort meg meir forsiktig når eg uttaler meg.
Det er blitt vanskelegare å ha modige, tydelige og spissare mengingar fordi eg fryktar
reaksjonen. Dette er eg ikkje aleine om å kjenne på» (Rogaland Fylkeskommune 2019, omsett av meg). I oktober 2018 marsjerte mellom 40 og 50 antibompengedemonstrantar inn i eit bystyremøte i Stavanger Bystyre. Demonstrantane ropte slagord og skjellsord til dei
folkevalde (Sæbø 2018). Daverande ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, uttalte at ho aldri har fått så mykje kjeft og kritikk som under bompengedebatten, og at tonen var blitt mykje tøffare, særleg i kommentarfelt og sosiale mediar (Våga 2019). Politimester Hans Vik i Sør-Vest politidistrikt uttalte at han hadde eit inntrykk av at bompengedebatten hadde skapt ein tøffare tone og at det var meir hets mot politikarar (Gilje 2019).
1.3 Problemstilling
I denne oppgåva ønskjer eg å sjå nærare på debattklima i debatten om bompengar i Rogaland hausten 2018 og våren 2019. Eg ønskjer å sjå på kva som gjorde at debattklima vart så intenst som det vart. I kor stor grad var hets og truslar ein del av debattklima, og korleis har det eventuelt påverka dei politikarane som var aktive i debatten. Eg ønskjer og å sjå om det er noko forskjell på i kor stor grad eller kva type hets og truslar ein får alt etter kva kjønn ein er, kva alder ein har, om ein er ein del av ein minoritet og liknande. Problemstillinga er difor følgjande:
«Kvifor og i kor stor grad var hets og truslar tilstades i debatten rundt bompengar, og korleis har det påverka lokalpolitikarar sin politiske deltaking?»
1.4 Strukturen i oppgåva
Til no har oppgåva sin problemstilling og bakgrunn for val av tema og case blitt belyst. Det neste kapittelet (kapittel to) vil presentere det teoretiske rammeverket. Den teoretiske delen av oppgåva har fokus på tidlegare forsking og teori rundt hets, truslar og hatefulle ytringar, definisjonen av omgrep, når hets og truslar oppstår, og konsekvensane det fører med seg.
Kapittelet vil òg sjå på forsking rundt kva som fører til oppheta debattklima, kven som hetsar og kvifor bompengar vart eit så oppheta tema.
I kapittel tre av oppgåva kjem delen av oppgåva som fokuserer på metode og data.
Metodekapittelet vil diskutere val av design og kvifor eg har vald å nytte meg av casestudie og intervju av lokalpolitikarar som datagrunnlag. I denne delen vil eg drøfte utval, praktiske
omsyn og intervjuprosessen. Eg vil sjå på fordelar og ulemper med val av metode, samt diskutere reliabilitet og validitet.
Vidare vil eg drøfte og vise fram resultata i analysedelen av oppgåva. Det er tre
analysekapittel. Kapittel fire vil gje eit innblikk i historier frå debattklima i bompengesaken i Rogaland, og opplevingar respondentane hadde i den debatten. I kapittel fem vil eg sjå på den avhengige variabelen som er politisk deltaking. I denne delen vil eg sjå i kva grad hets og truslar var ein del av debatten om bompengar og eventuelle konsekvensar hets og truslar hadde på politisk deltaking og engasjement for politikarane. Eg vil og sjå på om det var eit kjønnsperspektiv i forhold til hetsen politikarane fekk. I kapittel seks skal eg sjå på kva respondentane meiner det er som gjer at akkurat den debatten hadde så hardt debattklima og kva som burde vært gjort annleis for å få eit mindre polariserande debattklima.
I den avsluttande delen av oppgåva (kapittel sju) vil resultata blir diskutert og oppsummert, deretter vil det kome ein konklusjon og forslag til vidare forsking.
2.0 TEORETISK RAMMEVERK
I dette kapittelet skal det teoretiske rammeverket setjast. Dette studiet er ein utforskande casestudie. Oppgåva vil vera hypotese-genererande og eg vil ikkje teste nokon teoriar i form av etablerte hypotesar. Teorien skal difor ikkje testast i empiri. Dette kapittelet vil sjå på tidlegare forsking rundt hets og truslar mot folkevalte, konsekvensane av hets og truslar for politisk deltaking og dei samfunnsmessige konsekvensane. Eg vil og sjå på det som finnes av tidlegare forsking rundt debatten om bompengar. Det finnes relativt få studiar om akkurat bompengedebatten, men det finnes noko som går på holdningar til bompengar som kan vere relevante for å forstå kvifor debatten vart så oppheta og polariserande.
2.1 Hets og truslar
Dei siste åra er det forska mykje på konsekvensane av hets, truslar og hatefulle ytringar, men det er relativt få studiar som tek for seg det lokale nivået og hets mot lokalpolitikarar. Det finnes likevel ein del forsking på konsekvensar av netthets, hets mot stortingspolitikarar, kva som fører til hets og liknande. I 2019 kom og KS (kommunesektorens organisasjon) ut med ein rapport om hets av lokalpolitikarar. Rapporten tok utgangspunkt i 1700 folkevalte frå hele landet, og gjer eit ganske godt bilete på kor mange lokalpolitikarar som opplever hets og truslar. I 2018 kom Amnesty International og Game Changers ut med ein rapport som ser på kvinnelege politikarane sine erfaringar med netthets. Denne rapporten tok utgangspunkt i 50 politikarar der halvparten var lokalpolitikarar og halvparten var rikspolitikarar (Lillebø og Holter 2018, 2). Dei rapportane vil bli mykje brukt i denne oppgåva, då dei er av dei få studiane som finnast om hets og truslar mot lokalpolitikarar i Noreg. I tillegg vil eg sjå på forsking frå andre land og generelt om hets og truslar.
2.1.1 Kva er eigentleg hets?
Omgrep som hets, netthets, netthat, hatprat, hatefulle ytringar, trakassering og sjikane er omgrep som kan vere vankeleg å differensiere mellom. Ofte blir omgrepa brukt om ein annan og ulike definisjonar blir brukt.
I Meningers Mot – Netthat og yrtingsfrihet i Norge av Aina Landsverk Hagen (2015, 36) definerer Hagen sjikane, trakassering og truslar. Hagen definerer sjikane som personleg krenkelse eller hets og / eller forfølging av intervjuobjekt, publikum eller kjelder. Å motta sjikaner kan være vanskeleg å handtere, men det er ikkje naudsynlegvis omfatta av
straffeloven (Hagen 2015, 36). Hagen definerer trakassering som ein slik krenkelse gjentatt
over tid. Truslar definerer Hagen som noko som ofte vil vere omfatta av Straffeloven. Truslar kan båe kan være direkte og indirekte, kan komme i form av gjengjelding for ytringar, hemn eller represaliar (Hagen 2015, 36-37).
Når ein skal definere netthets eller hets så er det vanleg å vise til paragraf 185 i Straffeloven, som omhandlar hatefulle ytringar (Amnesty Internasjonal Norge, 4). I straffeloven er hatefulle ytringar definert som «Å forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile orientering eller nedsatte funksjonsevne» (Lillebø og Holter 2018, 4). Dei fleste hatefylle ytringane er likevel ikkje straffbare. Det kan difor vere vanskeleg å komme med ein konkret definisjon på omgrepet hatefulle ytringar. Det finnest ikkje noko einsarta definisjon av hatefulle ytringar verken i norsk samfunnsliv eller internasjonalt. Båe i pressen og i daglegtale blir omgrepet brukt om mange ulike ytringar (Wessel-Aas, Fladmoe og Nadim 2016, 12.) Folk har ulike definisjonar på kva som er «hatefullt» og kva som ikkje er det.
Noregs Likestillings- og diskrimineringsombod definerer hatefulle ytringar som
«nedverdigande, truande, trakasserande eller stigmatiserande ytringar som rammer individets eller ein gruppe sin verdighet, vørdnad og status i samfunnet ved hjelp av språklege og visuelle verkemiddel som fremjar negative kjensler, haldningar og oppfatningar basert på kjenneteikn, som til dømes etnisitet, religion, kjønn, nedsett funksjonsevne, seksuell
orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder» (Wessel-Aas, Fladmoe og Nadim 2016, 12). Dette er ein meir omfattande definisjon av hatefulle ytringar enn den norske
strafferettslige forståinga av omgrepet (Wessel-Aas, Fladmoe og Nadim 2016, 12).
I boken Hat Prat av Anne Birgitta Nilsen (2017, 100) bruker Nilsen omgrep som hatretorikk og hatprat. Ho nemner at det er fleire ulike måtar å definere omgrepa på og omgrepa vil gjerne ha ulike utgangspunkt. Definisjonane varierer ut i frå kva trekk med retorikken ein ønskjer å framheve (Nilsen 2017, 100). Ho deler inn definisjonane mellom innhaldsbasert, konsekvensbasert, målgruppebasert, funksjonsbasert og omfattande definisjon (Nilsen 2017, 101). Den omfattande definisjonen av hatprat er «ein form for språkbruk som driv fram konspirasjonsteoriar, rasisme, idear om eigen overlegenheit, sexisme, anti-ismar og fobiar overfor eit ukritisk publikum. Det rammer eit individ eller ei gruppe menneske sin verdigheit, vørdnad og status i samfunnet ved hjelp av språklege verkemiddlar som fremjar negative kjensler, holdningar og oppfatningar overfor gruppa» (Nilsen 2017, 104, omsett av meg).
Sidan det kan vere vanskeleg å skilje mellom ulike omgrep som hets, trakassering og hatefulle ytringar og omgrepa ofte blir brukt om ein annan, så vil eg i denne oppgåva bruke omgrepet hets som eit slags samleomgrep for omgrepa som er definert over.
2.1.2 Hat og truslar mot folkevalde
Kommunesektorens organisasjon (KS) publiserte i mars 2019 ein rapport om hat og truslar mot folkevalde. Rapporten ser på omfanget av hets og truslar mot folkevalde i Noreg, i kva fora hetsen skjer og i kva samanhengar dei førekjem (Lehne og Holter 2019, 3). Undersøkinga var ein web-undersøking som vart sendt til alle kommunestyrerepresentantar og
fylkestingsrepresentantar i Noreg (Lehne og Holter 2019, 8). Undersøkinga hadde som føremål å få ein betre innsikt over hat og truslar mot folkevalde båe i kommunar og
fylkeskommunar i Noreg. Undersøkinga såg spesielt på seks forskjellige tema som dei ønskja å få innsikt i. Dei såg på omfang av ulike typar hat og truslar, kva typar hat og truslar som framsetjast, kva fora som blir brukt for framsetjing, samanhengar der hat og truslar førekjem, kva som er motiva bak hendingane ein blir utsett for og konsekvensane hat og truslar har på folkevalde båe på det private plan og for den politiske deltakinga (Lehne og Holter 2019, 7).
Det første rapporten ser på er det totale omfanget av hatefulle ytringar og truslar mot
folkevalte. I rapporten kjem det fram at 39 prosent av lokalpolitikarar har opplevd å bli utsett for hatefulle ytringar i løpet av sin tid som kommunepolitikarar, 13 prosent har blitt utsett for truslar og 8 prosent har opplevd å bli utsett for båe truslar og hatefulle ytringar (Lehne og Holter 2019, 4). Ein såg at dess yngre ein er, dess større er sannsynet for å bli utsett for hets.
52 prosent av dei mellom 18 og 29 år hadde opplevd hatefulle ytringar, 46 prosent hadde opplevd det bland dei mellom 30 og 39 år og 44 prosent av dei mellom 40 og 49 år. Samtidig såg ein at mellom dei over 60 år så hadde ein betydeleg lågare del opplevd hatefylle ytringar, med 28 prosent oppgjer at dei har opplevd det (Lehne og Holter 2019, 12).
Dei typane hat og truslar som dei folkevalte mottar kan være ulike. I rapporten skiljar dei mellom indirekte formar for kontakt eller hets og direkte formar. Indirekte kontakt viser til hets via sosiale media, telefon eller internett, viser direkte kontakt til hets og truslar med nær eller fysisk kontakt med avsendaren, til dømes fysiske angrep, skadeverk på eigendom eller ubehagelige tilnærmingar eller kontaktforsøk (Lehne og Holter 2019, 4). Resultata av undersøkinga viste at 57 prosent av folkevalde i Noreg har opplevd uønskja merksemd og hendvendingar via Facebook, Twitter og andre sosiale mediar (Lehne og Holter 2019, 4). I
tillegg hadde omtrent halvparten opplevd å få tilsendt uønskja og plagsame e-postar, meldingar eller brev. Halvparten hadde og opplevd svertekampanjar på nett, eller at nokon hadde formidla vondsinna informasjon om dei på bloggar eller i lesarinnlegg (Lehne og Holter 2019, 13). 23 prosent av folkevalde har opplevd konkrete truslar som til dømes uønskja eller ubehageleg kontaktforsøk eller tilnærming heime, på offentlege stadar eller på arbeid (Lehne og Holter 2019, 13). 16 prosent hadde opplevd truslar om å skade dei eller nokon som står dei nær (Lehne og Holter 2019, 13). Eit lite mindretal hadde og opplevd skade på
gjenstandar og eigendom, forsøk på fysisk angrep, fysisk angrep eller å bli følgt etter (Lehne og Holter 2019, 13).
Det er i forskjellige fora lokalpolitikarar møter hets og truslar, men det er i stor grad sosiale mediar (54 prosent) i kommentarfelt (42 prosent), telefon/SMS (39 prosent), på e-post (28 prosent) og gjennom brev i posten (16 prosent) (Lehne og Holter 2019, 17-18). I tillegg hadde eit mindretal opplevd å få hets og truslar på jobb, på alternative mediar, på offentleg transport, i offentleg rom, på møter, på stand, i media og i sosiale samanhengar (Lehne og Holter 2019, 17-18). Det var og fleire kvinner enn menn som hadde opplevd å motta hets i sosiale mediar, men når det kom til konkrete truslar fant dei ingen forskjellar mellom kjønna (Lehne og Holter 2019, 18).
Kvifor folkevalte lokalpolitikarar mottar hets og truslar kan være ulike, men den vanligaste grunnen er i følgje rapporten enkeltsakar som politikarane har gått i bresjen for offentleg. Så mange som 8 av 10 folkevalde oppgav at dei hadde mottatt hets eller truslar på grunn av ein enkeltsak dei hadde uttalt seg offentleg om (Lehne og Holter 2019, 19). I tillegg svarte nesten 6 av 10 ar dei hadde opplevd hets og truslar på grunn av det partiet dei representerer. Ein av tre meinte dei hadde opplevd hets og truslar på grunn av at dei er ein kjend person. 19 prosent sa det var på grunn av måten media omtalte dei på. 13 prosent svarte at det var på grunn av kjønn, ni prosent at det var på grunn av alder, tre prosent svarte at det var på grunn av
innvandrarbakgrunn og etnisitet, tre prosent svarte at det var på grunn av seksuell orientering og to prosent svarte at det var på grunn av religiøs bakgrunn (Lehne og Holter 2019, 19).
Sjølv om det er ganske få som svarar at dei har opplevd hets og truslar på grunn av deira etnisitet eller at dei har innvandrarbakgrunn, så er det tydeleg at for dei som har det som personelge kjenneteikn så er sjansane mykje større for dei kjem til å oppleve hets og truslar (Lehne og Holter 2019, 21).
Motivasjonane til avsendarane bak hetsen og truslane er ulike. I følgje dei lokalpolitikarane som vart spurde så svarte tre av fem av dei som hadde blitt utsett for hets eller truslar at dei trudde avsendaren sine motivasjonar var å vise misnøye eller å påverke dei i sine handlingar eller avgjersler som politikarar (Lehne og Holter 2019, 23). I tillegg svarte litt over halvparten at dei følte at målet til avsendarane var å fornærme eller audmjuke. Andre motivasjonar som vart nemnt var at avsendarane ville påverke politikarane til tausheit, å skremme dei eller skape frykt, å få dei til å ville slutte som politikarar, eller hemn (Lehne og Holter 2019, 23).
2.1.3 Kjønn
I ein rapport frå Amnesty International og Game Changers frå juni 2018 som ser på
kvinnelege politikarane sine erfaringar med netthets, ser ein at to av tre kvinnelege politikarar har opplevd netthets i varierande grad (Lillebø og Holter 2018, 4). I rapporten konkluderer ein med at kvinnelege rikspolitikarar opplever netthets i større grad enn kvinnelege
lokalpolitikarar. Blant kvinnelege rikspolitikarar hadde 72 prosent opplevd å motta netthets, medan blant kvinnelege lokalpolitikarar svarte 56 prosent at dei hadde opplevd å motta netthets (Lillebø og Holter 2018, 6). Når det kjem til kva dei trudde var grunnane til at dei eller andre kvinnelege politikarar hadde opplevd hets, vart politiske enkeltsaker identifisert som den fremste årsaka til netthets. Andre årsaker var at dei er kjente personar, at dei er kvinner, måten media omtaler dei på og at dei har ein bestemt religiøs bakgrunn (Lillebø og Holter 2018, 7).
Når det kjem til om kvinner får meir hets enn menn, er det ikkje noko konsensus på det i forskinga. Det er og ein mangel på empiri om hets og truslar mot norske lokalpolitikarar. I Politihøgskulen sin rapport om truslar og trusselhendingar mot rikspolitikarar fant ein at kjønn ikkje hadde noko påfallande betyding for i kor stor grad politikarar vart utsette for truslar (Bjørgo og Silkoset 2017, 5). I Silencing Women? Gender and Online Harassment av Marjan Nadim og Audun Fladmoe ser ein om kvinner opplever meir netthets og ein ulik type netthets enn menn. Undersøkinga tar utgangspunkt i to store populasjonsstudiar i Noreg og ser på populasjonen generelt, og ikkje politikarar spesielt (Nadim og Fladmoe, 2019, 2). Sjølv om undersøkinga ikkje ser direkte på politikarar så trur eg likevel resultata kan vere relevante.
Nadim og Fladmoe finner, i motsetning til forventningane, at menn faktisk opplever meir netthets og trakassering over nett enn det kvinner gjer (Nadim og Fladmoe, 2019, 1). I Kommunesektorens organisasjon sin rapport om hat og truslar mot folkevalde frå 2019 fant ein at det ikkje var noko signifikant forskjell mellom menn og kvinner når det kom til mengda
hatefulle ytringar og truslar lokalpolitikarar vart utsette for (Lehne og Holter 2019, 12). Ein fant likevel ein skilnad når det kom til hatefulle ytringar i sosiale mediar. I rapporten fant ein at ein høgare del av kvinner hadde blitt utsett for hatefulle ytringar i sosiale mediar enn menn.
80 prosent av kvinnelege lokalpolitikarar hadde opplevd hatefulle ytringar i sosiale mediar, medan 72 prosent av menn hadde opplevd det (Lehne og Holter 2019, 18).
2.1.4 Seksualisert og kjønna hets
Kva type hets lokalpolitikar opplever kan variere. Forsking på hets viser at kvinner oftare opplever å få seksualisert og kjønna hets enn menn. KS-rapporten fann ein óg at ein
signifikant høgare del blant kvinner meinte at grunnen til at dei hadde blitt utsett for hets eller truslar var på grunn av deira kjønn. 32 prosent av dei kvinnelege lokalpolitikarane svarte at dei hadde opplevd hets på grunn av sitt kjønn, i motsetning til berre ein prosent av dei mannlege lokalpolitikarane. Dette gjaldt særleg yngre kvinner i aldersgruppene 18 - 29 år og 30 – 39 år (Lehne og Holter 2019, 20).
I Silencing Women? Gender and Online Harassment av Marjan Nadim og Audun Fladmoe finner ein at det er ein auking av kjønnstrakassering over nettet i den offentlege debatten i Noreg (Nadim og Fladmoe, 2019, 1). Dei finner at kvinner opplever ein annan type hets og ytringar enn det menn gjer. Dei fant at kvinner i større grad enn menn opplevde å få hets som gjekk på gruppekarakteristikk som kjønn (Nadim og Fladmoe 2019, 11). Medan menn får meir hets som følgje av kva dei meiner, så fekk kvinner i større grad hat som går på kjønn og utsjånad (Nadim og Fladmoe 2019, 11). Ein fant og at kvinner ofte blir meir påverka av netthets enn det menn blir. Hetsen vil i større grad føre til at kvinner er meir forsiktige. Dette meiner Nadim og Fladmoe er fordi kvinner lever med ein anerkjenning om at dei er fysisk svakare menn og at dei høyrar til ein historisk sårbar og eksponert gruppe. Dei kan og være klar over trakassering som andre kvinner har blitt utsette for på nettet og difor oppfattar det som ein risiko å være kvinne på nettet (Nadim og Fladmoe 2019, 12). Dette forklarar Nadim og Fladmoe kan være kvifor kvinner reagerer uhøveleg sterkare enn menn på aggressive kommentarar. Det kan også forklare kvifor kvinner reagerer sterkare på gruppebasert trakassering på nettet (Nadim og Fladmoe 2019, 12)
I meiningars mot – netthat og ytringsfridom i Noreg, ser Aina Landsverk Hagen på norske journalistar, redaktørar og bloggarar som er utsette for sjikane, truslar og trakassering og korleis det påverkar deira meiningsytringar, offentlege profil og journalistiske produksjon
(Hagen 2015). Eit av tema som Hagen ser på er seksualisert sjikane eller seksualisert hets, og om kvinner opplever å få meir av det enn menn. På spørsmålet om det i samanheng med ein sak eller ein framsyning i media hadde hendt at dei hadde fått ubehagelege kommentarar som handla om kropp, privatliv eller seksualitet så svarte 17 prosent av journalistane at dei hadde opplevd det. Men når ein ser på kjønn såg ein at over 25 prosent av kvinnelege journalistar hadde opplevd dette, medan 11 prosent av dei mannlege journalistane hadde opplevd det (Hagen 2015, 61). Jennifer Bergdahl skriver i Harassment Based on Sex: Protecting Social Status in the Context of Gender Hierarchy at trakassering og hets basert på kjønn er
grunnleggjande motivert av den som hetsar sitt ønskje om å beskytte eller styrke sitt eige kjønn sin status, eit ønskje som stammar frå det faktum at sosial staus stratefiserast ut i frå eit system av kjønnshierarki. Denne teorien meiner Bergdahl forklarar det som i dag
klassifiserast som seksuell trakassering, inkludert ikkje-seksuell trakassering mellom kvinner (Bergdahl 2007, 1-3)
2.1.5 Seksuell orientering
Når det kjem til hets og truslar mot norske politikarar på grunn av seksuell orientering finnes det lite forsking. Den norske forskinga på LHBT-personar handlar i hovudsak om livskvalitet, levekår og lik moglegheit til deltaking i samfunnet (Eggerbø og Stubberud 2016, 27). I
prosjektet Status for ytringsfridomen i Noreg av Fritt Ords monitorprosjekt, kartleggjar dei befolkninga sine holdningar og opplevingar rundt ytringsfridom på ulike områder ved å ta utgangspunkt i ein befolkningsundersøking (Staksrud med fleire 2014, 2). I undersøkinga fant dei at mellom 3 og 4 prosent av befolkninga hadde opplevd å motta ubehagelege eller
nedlatande kommentarar på grunn av sin seksuelle orientering etter å ha sagt sin meining offentleg (Staksrud med fleire 2014, 42-43). Sjølv om det talet ikkje verkar så høgt, så er det likevel å understreke at negative tilbakemeldingar som er knytt til til dømes kjønn, etnisitet og seksuell orientering ofte blir opplevd som meir alvorlege enn tilbakemeldingar som går på politisk ståstad eller innhaldet i eit lesarinnlegg (Staksrud med fleire 2014, 42).
Liknande resultat fant ein i KS-rapporten frå 2019. Der fant ein at 3 prosent av
lokalpolitikarane svarte at dei opplevde at dei hadde blitt utsette for hatefulle ytringar eller truslar på grunn av sin seksuelle orientering (Lehne og Holter 2019, 19). I ein dansk
undersøking som såg på hatkriminalitet fant ein at fira prosent av dei som sa at dei hadde blitt utsett for hatkriminalitet seier at det er grunna deira seksuelle orientering. Det var og fira
prosent som sa at dei hadde blitt utsett for hatkriminalitet på grunn av sin kjønnsidentitet (Eggerbø og Stubberud 2016, 27).
2.1.6 Alder
Som me såg i underkapittel 2.1.2, så viser forsking at yngre lokalpolitikarar har større sannsyn for å bli utsett for hets og truslar (Lehne og Holter 2019, 12). Bland dei lokalpolitikarane som er i aldersgruppa mellom 18 og 29 år fant ein at over halvparten hadde opplevd å bli utsett for hatefulle ytringar. Det var den aldersgruppa som hadde størst sannsyn for å oppleve hatefulle ytringar og truslar og jo yngre ein er, jo høgare er sannsynet for å bli utsett for det (Lehne og Holter 2019, 12). Ein ser og at sannsynet for å utsettast for hatefulle ytringar og truslar minkar med alderen. Ein ser til dømes ein signifikant lågare del blant personer over 60 år som har opplevd å motta hatefulle ytringar og truslar, der berre 28 prosent svarar at dei har opplevd det (Lehne og Holter 2019, 12).
Ein ser og at yngre personer oftare enn gjennomsnittet opplever at nokon har sendt uønskja og plagsame meldingar, e-postar eller brev. Dei yngre lokalpolitikarane opplever også oftare å ha blitt angrepet fysisk eller at nokon har følgt etter dei i bil eller til fots, samanlikna med
gjennomsnittet (Lehne og Holter 2019, 16). Unge politikarar har og i større grad blitt utsett for hets og truslar i nettforum eller kommentarfelt, det 78 prosent av dei mellom 18 og 29 år hadde opplevd å få hets og truslar i kommentarfelt og 66 prosent i nettforum (Lehne og Holter 2019, 18).
I KS-rapporten fant ein at unge politikarar i tillegg til å være den gruppa som har større
sannsyn for å oppleve hets og truslar også er ei gruppa som blir særs påverka av den hetsen og dei truslane dei får. I konklusjonen av rapporten problematiserer Lehne og Holter nettopp dette og diskuterer kva konsekvensar det har (Lehne og Holter 2019, 38).
«Det er likevel påfallande at resultata viser ein tydelig effekt av hatefulle ytringar og truslar på den yngste aldersgruppa. Dei unge politikarane blir særs påverka av
hatefulle ytringar og truslar som dei har vært utsett for, samtidig som dei i større grad vurderer å avgrense sin talefridom rundt politiske tema og i sin yttarste konsekvens vurderer å slutte som politikar» (Lehne og Holter 2019, 38, omsett av meg).
I meiningars mot – netthat og ytringsfridom i Noreg fant ein at unge kvinner har eit særleg sannsyn for å bli utsett for hets, sjikane, truslar og vald (Hagen 2015, 63). Ein fant at over dobbelt så mange kvinnelege journalistar i aldersgruppa 26 – 35 år hadde opplevd å bli utsett for hets, sjikane, truslar og vald enn mannlege journalistar i den same aldersgruppa (Hagen 2015, 63). Hagen fant og at mannlege journalistar i aldersgruppa 50 – 65 år også trona høgt på statestikken, høgare enn dei kvinnelege journalistane i same aldersgruppe (Hagen 2015, 62).
2.1.7 Etnisitet
I KS-rapporten frå 2019 fant ein at tre prosent av lokalpolitikarane hadde opplevd å motta hets og truslar på grunn av sin etnisitet eller fordi dei hadde innvandrarbakgrunn (Lehne og Holter 2019, 19). I sentrale områder av landet er dette talet på ni prosent. Grunnen til at talet er så lågt har nok med at det er få politikarar i Noreg med minoritetsbakgrunn. Det er likevel tydeleg at politikarane ser på innvandrarbakgrunn, etnisitet eller religiøs tilhøyrsle som personlege kjenneteikn som har stor tyding (Lehne og Holter 2019, 21). Dei som opplever å motta hets og truslar på grunn av dei kjenneteikna opplever dette som noko som er ein særs viktig grunn for kvifor dei vart utsett for hets og truslar (Lehne og Holter 2019, 21). Av dei politikarane som hadde mottatt hets og truslar og hadde innvandrarbakgrunn eller var ein del av ein minoritet, så svarte 65 prosent at dei opplevde at etnisitet eller innvandrarbakgrunn var ein særs viktig grunn til at dei hadde blitt utsette for den hetsen, medan 26 prosent svarte at det var ein ganske viktig grunn og åtte prosent svarte at det var litt viktig (Lehne og Holter 2019, 21).
I prosjektet Status for ytringsfridomen i Noreg fann ein at generelt i befolkninga opplevde 10 prosent at grunnlaget for at ein hadde mottatt ubehagelege eller nedlatande kommentarar var deira religion, fire prosent meinte at det var på grunn av etnisitet, tre prosent på grunn av nasjonalitet og to prosent på grunn av hudfarge. Når ein stilte det same spørsmålet i ein undersøking der utvalet bestod av personar med minoritetsbakgrunn, vart svaret ganske annleis (Staksrud med fleire 2014, 43). I minoritetsundersøkinga svarte 36 prosent at
grunnlaget for at ein hadde mottatt ubehagelege eller nedlatande kommentarar var religion, 27 prosent svara etnisitet, 44 prosent svara nasjonalitet og 22 prosent svara hudfarge (Staksrud med fleire 2014, 43).
Det er avgrensa med kunnskap om hatefulle ytringar og hets mot samar og nasjonale minoritetar. Det er heller ikkje noko norsk forsking som ser på hets av politikarar som er
samiske eller ein del av ein nasjonal minoritet. I Erfaringar med hatytringar og hets bland LHBT-personar, andre minoritetsgrupper og den øvrige befolkninga, ein rapport frå Instituttet for samfunnsforsking, fant ein at bland medlemmar i samiske organisasjonar hadde 65 prosent opplevd å bli utsett for nedsettande kommentarar, 53 prosent hadde blitt utsett for hatefulle ytringar og 15 prosent hadde blitt utsett for truslar (Flandmoe, Nadim og Birkvad 2019, 33).
Bland medlemmer av jødiske organisasjonar fant ein at 36 prosent hadde opplevd å bli utsett for nedsettande kommentarar, 31 prosent hadde blitt utsett for hatefulle ytringar og 16 prosent hadde blitt utsett for truslar (Flandmoe, Nadim og Birkvad 2019, 33).
«Basert på bakgrunnskjenneteikn i befolkningsundersøkinga har vi også sett at
personar med annan religiøs bakgrunn enn kristen, personar med innvandrarbakgrunn, urfolk / nasjonale minoritetar og personar med varig nedsett funksjonsevne er meir utsett enn den øvrige befolkninga» (Flandmoe, Nadim og Birkvad 2019, 33, omsett av meg).
I Meiningars Mot – Netthat og ytringsfridom i Norge av Aina Landsverk Hagen fant ein at den gruppa av journalistar, bloggarar og redaktørar som står mest utsett for å oppleve hets og truslar er kvinner med minoritetsbakgrunn. Dei opplever gjerne å få ein trippelbelasting.
Kvinnelege samfunnsdebattantar med minoritetsbakgrunn blir utsett for båe sexistisk hets, rasistisk hets og har gjerne dårlegare vern frå arbeidsgivarar (Hagen 2015, 15).
2.2 Konsekvensar av hets og truslar
Det å bli utsett for hatefulle ytringar og hets får ikkje berre konsekvensar for det psykiske og det sosiale, men det kan og få konsekvensar for den politiske deltakinga (Lehne og Holter 2019, 5). I denne delen skal me sjå på kva tidlegare forsking seier om dei ulike
konsekvensane av hets og truslar.
2.2.1 Psykiske konsekvensar av hets og truslar
Når det kjem til psykiske konsekvensar av hets og truslar så har, i følgje KS sin rapport, litt over halvparten av lokalpolitikarar som har mottatt hets og truslar opplevd å bli anten sint, følt avmakt eller blitt lei seg av hendingane (Lehne og Holter 2019, 25). Dei politikarane som har opplevd konkrete truslar er i større grad redd, har følt avmakt eller vore sinte enn dei som har opplevd hatefulle ytringar (Lehne og Holter 2019, 25). Bland dei lokalpolitikarane som opplever å bli redde som følgje av hets og truslar, så ser ein at det er ein høgare del bland
politikarar som har opplevd hets og truslar retta mot etnisitet, religion eller kjønn (Lehne og Holter 2019, 25-26).
I boka Meiningars Mot – Netthat og ytringsfridom i Norge av Aina Landsverk Hagen ser ein på journalistar, redaktørar og bloggarar som har blitt utsett for sjikane, hets og truslar og kva som er konsekvensane av det (Hagen 2015). Der fann ein mellom anna at av dei som hadde opplevd sjikane, hets eller truslar, så hadde 30 prosent svart at dei opplevde å føle seg deprimert, 49 posent nemnde at dei hadde følt seg utslitne og 19 prosent at dei hadde hatt angstsymptom. I tillegg svarte seks prosent at dei hadde blitt sjukemeldt på grunn av at dei hadde mottatt sjikane, hets eller truslar (Hagen 2015, 96).
I Kvinnelege politikarars erfaringar med netthets, ein rapport av Amnesty International Noreg og Game Changers, fann ein at av dei som hadde opplevd å motta netthets så svarte nesten halvparten at det hadde ført til at dei opplevde at det var vanskeleg å konsentrere seg, at dei fekk dårleg sjølvtillit eller at dei var redd det ville påverke jobben deira på noko vis. (Lillebø og Holter 2018, 25). 19 prosent svarte at dei opplevde at sin eigne fysiske sikkerheit var trua eller at sikkerheita til familie og/eller vener var trua. 22 prosent svara at netthetsen ikkje hadde hatt noko konsekvensar for dei (Lillebø og Holter 2018, 25). Lillebø og Holter fann og at lokalpolitikarar hadde opplevd fleire konsekvensar etter å ha utsett netthets enn det
rikspolitikarane hadde:
«Lokalpolitikarane som er ramma av netthets, opplever slike negative konsekvensar oftare enn rikspolitikarane som blir ramma. Vi vil tru dette både kan ha årsaka si i at dei sjeldnare har opplevd å bli utsette og at dei difor oftare opplever det som sårande.
Det kan òg vera at i lokalpolitikken så manglar ein i større grad eit støtteapparat når noko slikt hender» (Lillebø og Holter 2018, 4, omsett av meg)
I Harassment, stalking, threats and attacks targeting New Zealand politicians av Susanna Every-Palmer, Justin Barry-Walsh og Michele Pathé ser ein mellom anna på kva
konsekvensar hets, truslar og trakassering har for politikarar i New Zealand (Palmer, Walsh og Pathé 2015). I studien finner ein at over halvparten av dei som hadde blitt utsett for trakassering og hets hadde opplevd å føle seg redde og at fleire opplevde stress og uro i etterkant (Palmer, Walsh og Pathé 2015, 638). Denne studien er ein studie av
storingspolitikarar i New Zealand, men eg trur likevel at studien kan ha ein grad av relevans for denne oppgåva.
2.2.2 Endra åtferd
Andre konsekvensar av hets og truslar som fleire ulike studiar viser er endring av åtferd. I KS-rapporten frå 2019 fant ein til dømes at 37 prosent av dei som har opplevd hatefulle ytringar eller truslar seier at det har ført til ei endra åtferd. Bland dei som har endra åtferd så seier 58 prosent at det har ført til avgrensa talefridom rundt politiske tema (Lehne og Holter 2019, 5). 57 prosent har unnlata å uttale seg og engasjere seg i eit saksfelt eller ein spesifikk sak på grunn av hets og truslar, 52 prosent har vurdert å slutte som politikarar, medan 15 prosent har bestemt seg for å trekkje seg ut av politikken (Lehne og Holter 2019, 5). Berre 22 prosent av dei lokalpolitikarane som har opplevd netthets seier at hetsen ikkje har hatt noko konsekvensar for dei (Lehne og Holter 2019, 5).
«Eit påfallande funn er at sjølv om mange politikarar peikar på det å gå i bresjen for enkeltsaker i offentlegheita som den antakeleg viktigaste grunnen til at dei mottok hatefulle ytringar og truslar, er det særleg dei som har blitt utsett for hatefulle ytringar og truslar retta mot kjønn og seksuell orientering som oftast endrar åtferd» (Lehne og Holter 2019, 27, omsett av meg).
Likande funn finn ein i rapporten om hets og truslar mot kvinnelege politikarar av Amnesty International Noreg og Game Changers. Der fann dei at av dei kvinneleg politikarane som hadde opplevd netthets så hadde over seksti prosent blitt meir forsiktige i kva dei posta av meiningar på nettet (Lillebø og Holter 2018, 27). 44 prosent svara at dei hadde endra vanane sine på sosiale mediar og på nettet etter å ha mottatt netthets, medan ein av tre hadde slutta heilt å utrykkje sine meiningar om visse tema i sosiale mediar og på nett. tre prosent hadde slutta heilt å utrykkja meiningane sine på sosiale mediar. I studien fant ein og at det berre var 16 prosent av dei kvinnelege politikarane som hadde opplevd netthets som ikkje hadde endra vanane sine (Lillebø og Holter 2018, 27).
I studien om forfølging, truslar og angrep retta mot politikarar i New Zealand fant Palmer, Walsh og Pathé at mange politikarar endra åtferden sin etter å ha mottatt hets eller truslar.
Mellom anna hadde 12 prosent av dei politikarane som hadde opplevd hets eller truslar byrja å delta mindre i sosiale samlingar og dei var meir redd for å gå ut i offentlegheita (Palmer,
Walsh og Pathé 2015, 638). Rundt ti prosent var redd for å være aleine heima og endra deira rutinar på grunn av hetsen og truslane (Palmer, Walsh og Pathé 2015, 638). Hetsen og
truslane mot politikarane påverka ikkje berre politikarane, men og familie. Over 80 prosent av politikarane som hadde opplevd hets og truslar fortalte at familien opplevde ein grad av redsel (Palmer, Walsh og Pathé 2015, 638).
2.2.3 Meir alvorlege konsekvensar
Ein av dei meir alvorlege konsekvensane som kan komme frå hets og truslar mot politikarar er dersom det førar til at dei trekkjer seg heilt frå politikken. I KS-rapporten frå 2019 fann ein mellom anna at av dei som hadde endra åtferd på grunn av hets og truslar så hadde 52 prosent vurdert å slutte som politikarar, medan 15 prosent hadde bestemt seg for å trekkje seg ut av politikken (Lehne og Holter 2019, 5). I følgje Norsk Institutt for by og regionsforsking sin rapport om rekruttering og fråfall i lokalpolitikken frå 2005, så ser ein liknande resultat. Der fant ein og at det er ein klar tendens til at kvinner sjeldnare enn menn tar gjenval (Berglund 2005, 70). Medan mellom 40 og 50 prosent av mannlege kommunestyremedlemmar blir gjenvalt, så blir berre 30 prosent av kvinnelege kommunestyremedlemmar gjenvalt
(Magnussen og Svarstad 2013, 9). Grunnene til at kvinner i større grad enn menn vel å ikkje ta gjenval er samansette, men mange nemner at politikk tar for mykje tid som argumentasjon for kvifor dei trekkjer seg (Magnussen og Svarstad 2013, 9). Sjølv om hets og truslar ikkje nemnast som ein avgjerande grunn til at kvinner i større grad trekkjer seg frå politikken enn menn, så kan ein likevel spørje seg om det har ein påverknad.
Ein annan alvorleg konsekvens av hets og truslar mot politikarar er når hetsen eller truslane blir så alvorlege at dei meldast til politiet. Lehne og Holter har gjort følgjande funn når det kjem til hets og truslar som meldast til politiet:
«Totalt har 14 % av dei lokalpolitikarane som har opplevd hatefulle ytringar eller truslar meldt forholdet til politiet. I tillegg har 18 % vurdert å gjera det. Andelen av dei som har politianmeldt hendinga er størst blant dei som har vore utsette for konkrete truslar. Om lag 1 av 3 (30 %) opplevde at behandlinga av saka og oppfølginga var god frå politiets side, medan 16 % opplevde den som dårleg/fekk ikkje hjelp. Ca 1 av 4 saker (24 %) har vorte lagt bort. Alvorsgrada i saka er den mest hyppige årsaka til at lokalpolitikarar vel å ikkje melda hendingar som hatefulle ytringar eller truslar»
(Lehne og Holter 2019, 5, omsett av meg).
2.2.4 Eit demokratisk problem
Som ein har sett i delkapitalane over så har hets og truslar fleire konsekvensar for dei
politikarane som blir utsett for det. Det er likevel ikkje berre personlege konsekvensar av hets og truslar, det påverkar og samfunnet og demokratiet. I ein rapport frå Instituttet for
samfunnsforsking om hatefulle ytringar beskriv Helga Eggebø og Elisabeth Stubberud at ein av dei samfunnsmessige konsekvensane av hatytringar kan være eit dårlegare demokrati og dårlegare medborgarskapsrettar (Eggerbø og Stubberud 2016, 36). I eit demokrati skal alle ha like moglegheiter til å sei sine meiningar, men dersom det på grunn av hets og truslar ikkje er ein reell lik moglegheit for å delta i samfunnet så er det særs problematisk. Som me har sett i tidlegare delkapittel, så er unge kvinner med minoritetsbakgrunn dei som hets og truslar oftast har mest konsekvensar for. Frank Rossavik, journalist i Aftenposten, uttalte i eit intervju med Journalisten at dersom nokon sin ytringsfridom var trua, så var det minoritetskvinna si ytringsfridom (Hagen 2015, 156). Når enkelte grupper rammes av hets og truslar, så risikerer ein å få ein systematisk undertrykking av desse gruppene i offentlegheita. Det er eit
demokratisk problem (Eggerbø og Stubberud 2016, 36).
2.3 Kva er det med bompengar?
I denne oppgåva ønskjer eg å sjå på kvifor akkurat bompengedebatten vart så oppheta som den vart. I denne delen skal eg sjå på tidlegare forsking om debattklima og bompengar som kan vere med å forklare kvifor bompengedebatten i Rogaland vart så oppheta og
polariserande.
2.3.1 Ei urettferdig avgift
Eit argument som ofte blir brukt mot bompengar er at det treff urettferdig. Debatten om bompengar handlar i stor grad om at det er ei flat avgift, noko som gjer at det går hardast ut over låginntektsgrupper som er avhengige av bil. I Vegen mot klimavenleg transport, ein rapport av Transportøkonomisk institutt, ser ein mellom anna på kva som forklarar
motstanden mot avgifter som drivstoffavgifter, parkeringsavgifter, køprising og bompengar (Fridstrøm og Alfsen 2014, 152). Dei viser til ei spørjeundersøking frå 2011 om haldningar til avgifter som viser at to av dei viktigaste grunnane til motstanden til miljøavgifter i Noreg er fordelingseffekten og effekten på eiga lommebok (Fridstrøm og Alfsen 2014, 153). I
Bompengeboka – Politikk, sirkus og motstand av Elisabeth Bergskaug ser ein på kvifor bompengar fekk så stor motstand. Eit av argumenta som Bergskaug drar fram for kvifor folk vart så sinte, er nettopp det med sosial urettferd. Henrik Natvik, førsteamanuensis ved psykologisk institutt i Oslo, seier at han opplever det urettferdige aspektet med bompengar som eit viktig moment for kvifor debatten vart så oppheta (Bergskaug 2019, 75).
«Bompengeavgift sklijar seg ut ved at du betalar like mykje uansett kva du har i inntekt. Det er ikkje noko utjamning basert på inntekt, slik det er ved inntektskatt, for eksempel. Mange forventar at ein bør betale etter evne, ikkje at alle skal behandlast likt» (Natvik referert i Bergskaug 2019, 75-76, omsett av meg).
I ein spørjeundersøking gjennomført av NAF fann ein at 39 prosent av dei med lågast inntekt svarte at ein auking av bompengar på under 500 kronar i månaden ville ført til at det ville bli vanskeleg å få økonomien til husstanden til å gå rundt. Ein veit og at dei ti prosentane med lågast inntekt i Noreg ikkje har hatt ein reallønnsvekst dei siste ti åra. Undersøkinga hadde berre 777 respondentar, men kan likevel være ein indikasjon på korleis bompengar oppfattast som ein økonomisk byrde for husstandar med låg inntekt (Bergskaug 2019, 81). Ein kan argumentere for at fleire difor bør velje vekk bilen og heller gå over til å bruke kollektiv transport, men ein vil nok alltid ha dei som meiner dei er avhengige av å køyre bil. Kanskje jobb og skule/barnehageplass er langt frå kvarandre, tidsklemma blir for mykje eller at kollektiv tilbodet rett og slett er for dårleg (Bergskaug 2019, 82). Samtidig veit ein at dei som har lågast inntekt kanskje ikkje har råd til bil i det heile. Dei er avhengige og nytter seg av kollektiv transport. Ein kan argumentere for at denne gruppa eigentleg hadde fått det betre med bompengar fordi ein får eit betre kollektivtilbod og kortare reisetid (Bergskaug 2019, 83).
2.3.2 Bilen som eit symbol på fridom
Andre argument som fleire gongar har blitt dratt fram i debatten om bompengar er meir ideologiske. I Holdningar og transportsmiddelval – ein litteraturstudie av Guro Berge og Astrid H. Amundsen, ser ein på befolkninga sine haldningar til og preferansar til ulike typar transportmiddel (Berge og Amundsen 2001). I studien tar Berge og Amundsen opp at ein av utfordringane til kollektivtransport sin popularitet er at nokon ser på bilismen som ein ideologi. Det er gjort fleire analysar av dei kulturelle førestillingane av bilen. Med
utganspunkt i dei analysane tar Berge og Amundsen og delar opp bilisme som ideologi i fire
ulike delar (Berge og Amundsen 2001, 7). Dei fire ulike delane kan være relevante for å skjønne kvifor debatten rundt bompengar vart så oppheta. Den første delen går på
individualisme, det at ein bil aukar individ sin fridom til å ferdast kor ein vil og når ein vil.
Det handlar om at ein får leve ut individualismen på heilt eigne premiss. Det er ein type individualisme som mange ser på som uvurderleg (Berge og Amundsen 2001, 7). Den andre delen går på det med dyrkinga av fart. Bilen gjer òg ein moglegheit for å køyre fort, som for nokon er veldig viktig (Berge og Amundsen 2001, 8). Den tredje delen går på identitet.
Nokon føler at bil og kulturen rundt bil er ein del av deira identitet. Kva bil ein har ståande i oppkøyrselen handlar og for mange om sosial status (Berge og Amundsen 2001, 9). Den siste delen går på det som har med fellesskap å gjere. Det å køyre bil inneber reglar og normer som må følgjast, det har eit eige språk og eigne kodar. Det blir på ein måte eit fellesskap der ein har tillit til at heilt framande folk følgjer reglar og tar omsyn (Berge og Amundsen 2001, 9).
Bergskaug tar og opp dette med bilen som eit symbol på fridom. Ho viser til eit argument om at bompengar er noko som tar vekk folk sin fridom som eit av argumenta som ofte vart brukt i debatten mot bompengar (Bergskaug 2019, 100). Bergskaug skriv at mange ser på privatbilen som noko som representerer fridom, medan bompengar kan leggje ein avgrensing på kor mykje ein kan bruke bilen. I tillegg er det kulturelle synet på bilisme og bil i endring. Bensin- og dieselbilar blir i større grad enn før stempla som miljøverstingar på grunn av eit aukande engasjement for klima og miljø. Bergskaug skriv at det at bilen har gått frå å være eit
statussymbol til noko som er problematisk og uetisk kan følast som eit tap for mange og gjere at dei føler ei avmakt (Bergskaug 2019, 100).
2.3.3.Ein generell motstand mot avgifter
Ein annan grunn som kan være med på å forklare kvifor bompengedebatten vart så oppheta er den generelle motstanden mot avgifter som nokon har. Det er ofte låg aksept for avgifter som bompengar, spesielt om dei avgiftene inneberer ein auking i direkte kostnadar for forbrukaren (Fridstrøm og Alfsen 2014, 150). Mange er og skeptiske til verkemiddel som avgrensar den personlege valfridomen, og enkelte argumenterer ut i frå normer mot restriktive verkemiddel som avgifter, slik at sjølv om dei avgiftene er effektive, og fører til ein personelg gevinst, kan ein kome til å røyste mot dei på normativt grunnlag (Fridstrøm og Alfsen 2014, 153). Døme på denne motstanden kan ein finne i Edinburgh. I 2005 hadde byen ei folkeavrøysting om bompengar der tre fjerdedelar av veljarane røysta mot. Planar om å innføre bompengar har og blitt mislukka i Nederland, USA og Malaysia (Fridstrøm og Alfsen 2014, 150).
Samfunnsgeograf og transportforskar Tore Langmyhr uttaler i Bompengeboka – Politikk, sirkus og motstand at han trur det finnes ein gruppe menneske som aldri vil være for bompengar eller akseptere det.
«Delvis er motstanden prinsipiell. For ein del menneske er det eit prinsipp at
bilkøyring skal være eit fritt gode. Ein viss prosent av befolkninga vil aldri akseptere bompengar...» (Langmyhr referert i Bergskaug 2019, 76, omsett av meg).
2.3.4 Sosiale mediar sin påverking på debattklima
Sosiale mediar har hatt ein stor rolle i bompengedebatten. Sosiale mediar og internett har gjort det lettare å dele sitt engasjement og sin misnøye mot bompengar. Mykje av engasjementet har skjedd over Facebook og i Facebook-grupper mot bompengar. Ein kartlegging frå Klassekampen frå 2018 fant at det var oppretta over 65 sider og grupper på Facebook der temaet var motstand mot bompengar, der den største av gruppene hadde over 60 000
medlemmer. Det var og store underskriftskampanjar og Klassekampen konkluderte med at det var rundt 400 000 nordmenn som støtta bompengeopprøret (Bergskaug 2019, 63).
Sosiale mediar er veleigna plattformar for folkeleg mobilisering og aksjonar (Rogstad 2016, 56). Sosiale mediar har ført til at fleire kan kunne sei meininga si enn tidlegare fordi ein ikkje lenger treng å gå gjennom media med debattinnlegg, lesarinnlegg og kronikker, eller melde seg inn i politiske parti. Fleire forskarar har difor argumentert for at internett og sosiale mediar er demokratiserande. Sosiale mediar som noko som er demokratiserande er likevel særs omdiskutert (Rogstad 2016, 55-56). Medan nokon meiner at sosiale mediar og internett har ein samlande funksjon som gjer fleire lik moglegheit til å delta i den offentlege debatten, meiner nokon at det fører til eit klasseskilje der dei som allereie er engasjerte blir meir synlege (Aalen 2015, 224). Fleire forskarar meiner at bruken av sosiale mediar kan føre til at det oppstår ekkokammer og at bruken av sosiale media kan føre til at ein blir meir isolert frå motstridande meiningar og difor får meir ekstreme synspunkt (Aalen 2015, 224). Håvard Hårstad og Tarje Wanvik, referert i Bergskaug, uttalte at dei meiner Facebook spelte ein viktig rolle for mobiliseringa mot bompengar og dei såg tendensar til ekkokammer der folk vart utsett for meiningar dei allereie hadde. Det var mykje likes og støtteerklæringar, men lite kjeldekritikk og motargument (Bergskaug 2019, 66).
I Echo chamber and trench warfare dynamics in online debates av Rune Karlsen, Kari Steen- Johnsen, Dag Wollebæk og Bernard Enjolras såg ein på ekkokammer i sosiale mediar og kjem fram til at skyttargrav er eit meir passande omgrep for å beskrive nettbasert debatt enn ekkokammer (Karlsen med fleire 2017, 270). Dei meiner folk blir møtt med motstridande argumenter i sosiale medier, men at resultatet er at dei forsterkar sin opphavelege tru og meiningar (Karlsen med fleire 2017, 270). I studien fant ein og at undergrupper med
oppfatningar som er i konflikt med meir konvensjonelle meiningar ofte blir meir synlege på internett, og at det difor er lettare for personar som delar deira overtyding til å finne grupper med folk med liknande meiningar og kople seg til dei (Karlsen med fleire 2017, 270).
2.4 Oppsummering av kapittelet
I dette kapittelet har eg presentert det teoretiske rammeverket. Først har hets blitt definert.
Deretter såg eg på tidlegare forsking rundt hets og truslar mot folkevalte. Tal viser at blant folkevalte i Noreg så har 39 prosent opplevd å bli utsett for hets, over halvparten av alle folkevalte hadde opplevd å motta uønskja meldingar og hendvendingar og 1 av 5 hadde opplevd å motta konkrete truslar. Mesteparten av hetsen og truslane skjedde over sosiale mediar.
I dette kapittelet såg ein òg på hets og truslar med utgangspunkt i kjønn, legning, alder og etnisitet. Amnesty International og Game Changers sin rapport som såg på kvinnelege politikarars erfaringar med netthets fant at to av tre av kvinnelege politikarar hadde opplevd netthets. Det finnes ikkje noko konsensus i forskinga om kvinner opplever meir hets enn menn, men forsking viser at kvinner får ein annan type hets. Medan menn får meir hets som går på deira politiske meiningar, så får kvinner ofte meir seksualisert hets som går på kropp og utsjånad. Når det kjem til hets og truslar mot norske politikarar på grunn av seksuell orientering og etnisitet finnes det lite forsking, men ein ser at forsking viser at hets knytt til kjønn, etnisitet og seksuell orientering ofte blir opplevd som meir alvorleg enn hets som går på politisk ståstad. Når det kjem til alder, viser forskinga at dess yngre politikarar ein er, dess større er sjansane for å motta hets og truslar. Dette gjeld spesielt unge kvinner, og då spesielt unge kvinner med minoritetsbakgrunn.
Konsekvensane av hets og truslar mot folkevalde har båe personlege konsekvensar for politikarar, men og større samfunnsmessige konsekvensar. Konsekvensane på personleg nivå kan være alt frå redsle, mindre sjølvtillit, stress, kjensle av avmakt eller sinne. Andre
konsekvensar kan vere at politikarane som utsettast for hets og truslar ender opp med å endre åtferd. Dette kan være alt frå å være meir forsiktig på sosiale mediar, å slutte å uttale seg i visse saker, til å slutte å uttale seg heilt eller trekkje seg ut av politikken. Dette er noko som fleire forskarar ser på som eit demokratisk problem.
I slutten av dette kapittelet såg eg på tidlegare forsking og teori rundt bompengar og
debattklima. Kva som gjer at akkurat denne debatten vart oppheta kan være veldig komplekst, og det er ein generell mangel på forsking på området. Det er likevel ein del forsking på
haldningar rundt bompengar som kan vere relevant for å prøve å forklare kvifor
bompengedebatten vart så oppheta. Haldingane gjekk ut på at bompengar er ein usosial avgift som treff dei med lågast inntekt hardast, at bompengar tok vekk folk sin fridom og at folk hadde ein generelle motstand mot avgifter. Ein såg og på sosiale mediar og korleis det kan skape meir polariserande debattklima.
3.0 METODE OG DATA
3.1 Metodiske val i oppgåva
Som nemnt tidlegare i oppgåva så er det lite tilgjengeleg forsking på bompengedebatten og hets og truslar mot lokalpolitikarar, det finnes ikkje noko teoretisk rammeverk som det er mogleg å teste. Difor er dette studie ein utforskande casestudie. Det finnes ikkje teori som kan testast direkte i form av etablerte hypotesar. Difor finner eg det hensiktsmessig å nytte meg av ein kvalitativ tilnærming. I dette kapittelet skal eg først gjere greie for val av case, og fordelar og ulemper med bruk av casestudie. Deretter skal eg gjere greie for val av eliteintervju som metode for datainnsamling og fordelar og utfordringar med denne metoden. Vidare fortel eg om korleis eg valte utvalet og utfordringar rundt det. Deretter beskriv eg korleis
gjennomføringa av intervjua gjekk og dei praktiske utfrodringane eg møtte. Til slutt skal eg oppsummere kapittelet.
3.2 Casestudie
Casestudie er ein nemning på ein type forskingstilnærming som er særs utbredt i ulike
fagområder. Men sjølv om metoden er utbredt, så er det ikkje noko klar fellesforståing for kva casestudien refererer til verken innåt eller mellom dei ulike fagområda (Andersen 1997, 10).
Det finnes altså ikkje ein spesifikk definisjon på kva eit casestudie skal vere. Sigmund Grønmo definerer ein casestudie som ein «detaljert og intensivt studie av ein enkelt analyseeining eller av nokre få analyseeiningar som samanliknast» (Grønmo 2015, 414, omsett av meg). I denne oppgåva tar eg for meg ein case, som er bompengeopprøret i Rogaland. Fordelen med ein casestudie som fokuserer på berre ein case, er at det temaet ein studerer kan bli grundig undersøkt sjølv om ressursane forskaren har er relativt avgrensa (Lijphart 1971, 691). Denne casestudien vil være eit supplement til dei meir kvantitative studiane som me gjekk igjennom i kappittel 2. Denne studien vil gje meir djupnekunnskap om korleis bompengedebatten i Rogaland var og vil gå meir i detalj på korleis politikarane
opplevde denne debatten.
I Case study reaserch – design and methods av Robert Yin, definerer Yin ein casestudie som ein god metode å bruke dersom du har ein problemstilling som stiller spørsmål som kvifor og korleis, og det er eit tema der forskaren er interessert i fleire hendingar som han eller ho har lite kontroll over (Yin 2009, 9). I denne oppgåva er problemstillinga følgjande: Kvifor og i kor stor grad var hets og truslar tilstades i debatten rundt bompengar, og korleis har det
påverka lokalpolitikarar sin politiske deltaking? Eg skal altså båe sjå på kvifor
bompengedebatten vart så oppheta og korleis hets og truslar påverka den politiske deltakinga til lokalpolitikarane. Det er fleire hendingar og det finnes lite teori og tidlegare forsking om bompengedebatten og hets og truslar mot folkevalte, så det er noko eg har lite kontroll over.
Difor meiner eg dette er ein problemstilling som passer godt til Yin sin beskriving av kva som passer inn i eit casestudie.
Arend Lijphart deler casestudie inn seks forskjellige typar. Lijphart deler inn i det ateoretiske casestudiet, det fortolkande casestudiet, det hypotesegenerande casestudiet, det teori-
bekreftande casestudiet, det teori-svekkande casestudiet og det avvikande casestudiet (Lijphart 1971, 691). I denne oppgåva bruker eg det hypotesegenerande casestudiet. Det hypotesegenerande casestudiet er eit studie der ein startar med det som er relativt vage formeiningar om moglege hypotesar, der formålet er å utvikle hypotesar som kan bli testa i studiar med større einingar på eit seinare tidspunkt. Hensikta er å utvikle teoretiske
generaliseringar der det ikkje finnes teori enda (Lijphart 1971, 691). I Case studies and theory development in the social sciences av Alexander L. George og Andrew Bennett deler dei casestudiar inn i ein liknande oppdeling, men dei kallar det hypotesegenerande casestudiet for eit hauristisk casestudie (George og Bennett 2005, 75). Slike typar casestudiar er i følgje Lijphart av særs nyttig teoretisk verdi (Lijphart 1971, 691).
3.3 Eliteintervju
I denne oppgåva vil eg nytte meg av intervju som metode for datainnsamling og som det empiriske grunnlaget i oppgåva. I følgje Grønmo er intervju som metode ein høveleg måte å produsere kvalitative data på (Grønmo 2015, 159). Ein anna fordel med å bruke intervju er dersom dataanalysen skjer samtidig som datainnsamlinga (Grønmo 2015, 164). Fordelen med dette er at forskaren undervegs kan tolke respondentane sine svar og kan formulere nye spørsmål under intervjua som ein form for analysering. Forskaren kan og undervegs analysere opptak, notat og utskriftar frå intervjua etterkvart som data blir samla inn. Dette gjer at ein får ein auka innsikt i oppgåva si problemstilling og auka metodologiske erfaringar (Grønmo 2015, 164).
I denne oppgåva bruker eg ein type intervju som heiter eliteintervju. Eliteintervju og ekspertintervju liknar mykje på kvarande og blir ofte oppfatta som synonym. I følgje Beate Litting kan ein definere eliteintervju som intervju av personar som er toppleiarar innan