• No results found

Bistandsforsking til nytte

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Bistandsforsking til nytte"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Bistandsforsking til nytte Ottar Mæstad, direktør CMI

Ei evaluering av norsk bistandsforsking hevdar at bistandsforvaltninga i liten grad les forskarane sine rapportar om norsk bistand. Det betyr ikkje at bistandsforskinga ikkje er til nytte.

Dialog framfor lesing

Det er ei sjølvklar målsetjing at bistandsforvaltninga skal vere oppdatert på nye forskingsresultat. Slik kan ein lære og forbetre bistanden. Men å tru at lesing av fleire rapportar er det som skal til for at forskinga skal auke kvaliteten på bistanden, byggjer på eit altfor enkelt syn på samanhengen mellom forsking og praktisk politikk.

Samfunnsvitskap, der mykje av bistandsforskinga har sine røter, presenterer sjeldan resultat med to strekar under. Verda er ikkje enkel å forstå, og metodane vi har å hjelpe oss med er sjeldan fullkomne. Skal forskinga leie til endra praksis, må den vekkje tillit. Då må forskinga halde eit kvalitetsnivå som gjer at det kan publiserast i gode fagtidsskrift. Forvaltninga bør setje krav om at også oppdragsforskinga held eit slikt nivå. Det skjer altfor sjeldan.

Formidlinga av forskningsresultat skjer best gjennom dialog, der forskaren nyanserer, utdjupar og drøftar i kva grad forskinga er til å stole på. Difor bør dialog, meir enn lesing, vere nøkkelordet når ein diskuterer bistandsforskinga sitt potensial for å betre politikken.

Forskingsinstitusjonane må i samarbeid med bistandsforvaltninga finne fram til gode arenaer for dialog. Like viktig er det å skape ein kultur der forsking og kunnskap vert ein sentral premiss i utforming av politikk og konkrete bistandsprosjekt. Dersom forvaltninga – og politikarane – ikkje er interesserte i kva forskarane har å seie, har vi ei alvorleg utfordring.

Ut av kontoret!

Forskingsinstitusjonane må ta sin del av ansvaret. Nokre forskarar oppfattar

forskingskommunikasjon som ein tidstjuv som hindrar forskinga. Vi er overbevist om at det er motsett; forskingskommunikasjon aukar produktiviteten i forskinga. Ved å bryne

forskingsresultat mot praktiske erfaringar vert forskarane betre i stand til å formulere gode hypotesar, dei vert meir relevante og meir nyttige.

Å skape ein kultur for forskingskommunikasjon er først og fremst eit ansvar for

forskingsinstitusjonane. Men med eit nasjonalt avlønningssystem der akademisk publisering er den einaste forma for forskingsformidling som tel, vert denne oppgåva meir krevjande enn den burde. Å setje av øyremerka ressursar til forskingskommunikasjon vil vere eit godt grep for å skape betre balanse her.

Tett samhandling nødvendig

Evalueringa av norsk bistandsforsking tek til orde for auka satsing på uavhengig

bistandsforsking – med fokus på verknadane av bistanden. Å dokumentere verknaden av Bistanden (med stor B) er ei svært krevjande øving. Dei metodologiske utfordringane er enorme; kven kan vel seie korleis utviklinga hadde vorte dersom bistand ikkje fanst?

Det er meir å hente ved å undersøkje verknadene av konkrete bistandsprosjekt. Slik forsking kan lære oss mykje - meir enn den gjer i dag - om kva som er meir og mindre effektiv bistand.

Det fleste forsøk på å måle verknadene av bistand skjer i dag gjennom evalueringar som vert gjennomførte etter at bistandsprosjekta er godt i gang eller avslutta. Dermed kjem forskarane

(2)

halsande etter, utan god nok kunnskap om korleis tilhøva var før prosjektet vart sett i gang, eller om sjølve implementeringsprosessen.

Vi kan lære meir ved å involvere forskarane på eit tidlegare stadium. Dette vert no gjennomført i fleire nye prosjekt, blant anna i ei stor satsing på resultatbasert finansiering innan barne- og mødrehelse. Slik forsking krev i praksis nærare samhandling mellom forskarar og forvaltning, ikkje større distanse. Denne typen forsking treng vi meir av.

Utvikling viktigare enn bistand

Vi bør også auke den forskingsbaserte kunnskapen om sjølve bistandssystemet; om korleis bistanden er organisert, korleis ulike aktørar samhandlar og korleis barrierer i dette systemet hindrar oss i å nå dei måla vi har sett oss. Til dette trengs det imidlertid ikkje dei store summane.

Der vi må setje inn hovudsatsinga er på utviklingsforsking, ikkje på den den frie

bistandsforskinga. Ein grunnleggjande føresetnad for god bistandspolitikk er djuptpløyande kunnskap om dei samfunna vi rettar bistanden mot. Denne kompetansen må byggjast gjennom langsiktig forsking i land som er store bistandsmottakarar, gjennom forskingsprogram som utforskar grunnleggjande samfunnsforhold, og der det vert lagt til rette for lengre uteopphald for norske forskarar ved samarbeidsinstitusjonar i desse landa.

Når denne forskingskompetansen får spele saman med erfaring og innsikt i forvaltning og politikk – i ein dialog – kan vi ha håp om å utvikle ein meir kunnskapsbasert bistandspolitikk.

Lat oss finne fram til og gjennomføre dei tiltaka som skal til – no.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Der den institusjonelle sosiologien i Norge har vært opptatt av å innhegne og verne om de særegent sosiologiske i forhold til andre fag, har Sosiologi i dag operert som om

For at ein regissør skal kunne formidle den kunstnariske visjonen sin i arbeidet med eit spel må han/ho vere budd på ein del utfordringar som ein ikkje naudsynt finn i

Dette er kompetanse som er viktig også i dag, men vi trur det blir enda viktigere i årene som kommer.. Vi trur også at roller som er meir i retning coaching, psykologi og

Men de e kan ikke bare omfa e bistand til dem som er fa ige i dag uten samtidig å bidra til overføring av ny kompetanse til land som Etiopia. Tenker vi fremover, er det

Det er svært sannsynleg at det på utbyggingsstrekninga blir mykje meir islegging enn i dag, med dei konsekvensane det kan få i dette viktige området for fossekall.. Det som i

Avhandlingen Koleraen i Christiania i 1853 av Lizzie Knarberg Hansen (1929–1998) ble i 1986 forsvart for den medisinske doktorgrad ved Uni- versitetet i Oslo.. Det er flere grunner

Hvis ikke de hadde gjort det, så – man skal ikke drive kontrafaktisk historieskriving – he he- , men ingen vet hva som da hadde skjedd med dette, men etter hvert ble det en

I teorikapittelet såg vi at Hogan (2010) skil mellom det som skjer i det opne rom på sosiale media, som er alt det ein legg ut på meir eller mindre opne profilar, og det som