• No results found

Vegetasjon og beite i Svennes Sameie. Rapport frå vegetasjonskartlegging.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Vegetasjon og beite i Svennes Sameie. Rapport frå vegetasjonskartlegging."

Copied!
53
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vegetasjon og beite i Svennes sameie

Yngve Rekdal

Michael Angeloff

(2)

VEGETASJON OG BEITE I SVENNES SAMEIE

Rapport frå vegetasjonskartlegging

Yngve Rekdal Michael Angeloff

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, Ås NIJOS-rapport 5/02

ISBN 82-7464-294-5

(3)

Tittel: Vegetasjon og beite i Svennes sameie NIJOS-rap. nr 5/02

Forfattar: Yngve Rekdal og Michael Angeloff ISBN nummer:

82-7464-294-5 Oppdrags-

gjevar:

Svennes sameie Dato:

05.02.2001

Fagområde: Vegetasjonskartlegging Sidetal: 47

Utdrag:

I Svennes sameie er det vegetasjonskartlagt eit areal på 83 km². Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men større areal av snaufjell finst. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beitetilhøve. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området.

Det er gjeve spesiell omtale av beitetilhøva for husdyr og tiltak for skjøtsel av utmarksbeite.

Abstract:

The vegetation types over a total area of 83 km2 of Svennes sameie have been mapped according to the NIJOS methodology for vegetation mapping (scale 1:50 000). Most of the mapped area is in the subalpine zone, whereas others extend to the open mountain areas. A vegetation map has been produced, from which 2 different thematic maps have been derived. This report describes the methodology and gives a detailed description of the registered vegetation types and their distribution in the area. Further, information with emphasis on grazing conditions for domestic animals and range management of outlying pastures is provided.

Andre NIJOS publikasjonar frå prosjektet:

· Vegetasjonskart Svennes sameie

· Avleia temakart

· Beite for sau

· Beite for storfe Emneord:

Vegetasjonskartlegging Arealforvaltning Utmarksbeite

Keywords:

Vegetation mapping Land use management Outfield grazing

Ansvarleg underskrift:

Pris kr.:

Rapport: kr.183,- Kart: 270,- pr. eks Utgjevar: Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

Postboks 115, 1430 Ås Tlf.: 64949700 Faks: 64949786

e-mail: [email protected]

(4)

FORORD

Svennes sameie (83 km²) vart vegetasjonskartlagt i 1986 i samband med ei hovedoppgåve ved Telemark distriktshøgskole (Angeloff m.fl. 1988). Feltarbeidet vart utført av Michael Angeloff, Hanne Lykkja, Stein Rosten og Solveig Viste. Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000 frå 1987, og arbeidet foregjekk med rettleiing frå NIJOS.

Hausten 2000 fekk NIJOS i oppdrag frå Svennes sameie å framstille vegetasjonskartet på digital form saman med avleia temakart for beite. Michael Angeloff og underteikna bruka 6 dagsverk i juli 2001 på kontroll av dei gamle registreringane. I tillegg til vegetasjons- kartet er det utarbeidd 2 avleidde temakart kring beitetilhøve. Kartkonstruksjon er utført av Anbjørg Andersen og kartpresentasjon av Roar Lågbu. Foto er tekne av underteikna med mindre anna er nemnt.

Ås, februar 2002 Yngve Rekdal

(5)

SAMANDRAG

Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon om variasjonen i økologiske tilhøve (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar

vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.).

NIJOS har vegetasjonskartlagt 83 km² i Svennes sameie. Kartlegginga er gjort etter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring husdyrbeite. Kartleggingsområdet ligg frå 750-1125 m o.h. Området har eit typisk innlandsklima med kald vinter og varm sommar sett i høve til høgda. Årsnedbøren ligg på vel 600 mm. Fyllitt dominerer berggrunnen og området har tjukt morenedekke.

Området kan delast i ulike delar etter særpreg i terreng, vegetasjon og arealbruk. Sentralt i området ligg Flæin. Dette er eit flatt, myrdominert snaufjellsplatå kring 1000 m o.h.

Terrenget søkk på begge sider av Flæin. Breiset, med store dyrka areal, ligg straks ovafor skogen i nord. I sør hallar terrenget mot Tisleia med fleire store stølslag frå Ølsjøbakkadn i aust til Fløten i vest. Store jordbruksareal ligg kring stølane. Ned mot Tisleia finn vi eit småhaugut terreng med ulike kvartærgeologiske former. Granskog dominerer sidene mot Tisleia, men store areal kring stølane er utan tresetting. På dei grove avsetningane langs Tisleia finst furuskog, og mot Tisleidammen dominerer bjørka.

Beitekartet viser store variasjonar i beitekvalitet innan Svennes sameie. Lisida frå Liaset til Ølsjøbakkadn har dei største areala med god beitemark. Området elles er dominert av skog av blåbærtype, risheier og myr. Slike areal gjev berre moderat beiteverdi. Samla er

området gjeve karakteristikken godt beite for sau. For storfe vil området ha litt bedre kvalitet. Svennes sameie har liten høgdevarisjon. Snøleievegetasjon er ikkje registrert.

Dette gjer at beitekvaliteten vil falle ut over i august dersom ikkje god avbeiting foregår som gjev nygroe i beitet. Området har stadvis preg av attgroing. Ut frå observert

artssamansetting i vegetasjonen og avbeitingsgrad, synest beitetrykket i utmarka å vera lågt kring Breiset og på Flæin. I sør, frå Fløten til Ølsjøbakkadn, ser beitetrykket ut til å vera høgt på dei rike areala slik at undervegetasjonen er svært beiteprega. Attveksing av skog og einer greier beitinga heller ikkje her å rå med.

Svennes sameie har 73 km² som er nyttbart beite for storfe og 53 km² som er nyttbart for sau. Dei store areala av grasmyr som sau i liten grad vil beite på, utgjer denne store forskjellen i beiteareal. Dersom området blir jamt utnytta berre av sau kan eit dyretal på 3000 sau vera høveleg. For storfe vil tilsvarande tal vera 1000 storfe. Dei utrekna dyretala er grove anslag. Fasiten finn ein ved å følgje med i bruken av området og vektene på dyr frå beitet. Særleg vil ettersommaren og hausten vera ei kritisk tid der ein bør sjå godt på avbeitingsgraden i vegetasjonen.

Skjøtselstiltak som krattknusing og tynning av skog, kan auke beitetilgangen i området og ta vare på biologisk mangfald og eit variert og opplevingsrikt landskap.

(6)

INNHALD

1. INNLEIING... 1

2. VEGETASJONSKARTLEGGING, GENERELL DEL... 2

2.1 Mål ... 2

2.2 Kva er eit vegetasjonskart? ... 2

2.3 Korleis blir kartet laga? ... 3

2.4 Bruk av vegetasjonskart ... 5

2.4.1 Temakart ... 5

2.4.2 Brukargrupper... 6

2.4.3 Ymse... 7

3. OMTALE AV KARTLEGGINGSOMRÅDET ... 8

3.1 Oversikt... 8

3.2 Klima... ... 9

3.3 Berggrunn og lausmassar ... 10

4. ARBEIDSMETODE ... 11

4.1 Feltarbeid og kartframstilling... 11

4.2 Farge og symbolbruk... 11

4.3 Feilkjelder... 12

5. VEGETASJON OG BEITE I SVENNES SAMEIE... 13

5.1 Vegetasjonssoner... 13

5.2 Oversikt over vegetasjonstypar og andre arealtypar... 15

5.3 Omtale av kartlagte vegetasjonstypar ... 18

5.4 Vegetasjon og beite i ulike delar av Svennes sameie ... 31

6. BEITEVERDI OG BEITEKAPASITET ... 35

6.1 Beiteverdi... 35

6.2 Beite for ulike dyreslag ... 36

6.3 Beiteareal... 38

6.4 Beitekapasitet ... 39

7. BEITESKJØTSEL ... 41

7.1 Beiting påverkar vegetasjonen ... 41

7.2 Tiltak for skjøtsel av utmarksbeite ... 43

7.3 Viktige areal for tiltak ... 45

LITTERATUR... 47

(7)

1. INNLEIING

Landbruket sin bruk av utmark har gått sterkt ned etter krigen. Dette har ført til sterk attgroing. Det som før var lysopne beiteskogar eller artsrike beite-/slåttevollar, får ein tett ungskog. Undervegetasjonen endrar seg frå gras og beitetolande urtar til dominans av vier- og høgvaksne urtar på rik mark, og meir lyng og dvergbjørk på fattig mark. Tett tresjikt fører til at redusert lysmengde når undervegetasjonen som igjen fører til sterkt redusert produksjon av beiteplanter. Ved sida av reduksjon i beitekvalitet fører attgroing til redusert biologisk mangfald, terrenget blir vanskeleg å ferdast i og landskapsbiletet blir mindre variert og opplevingsrikt.

Fjellskogen er av dei naturtypane der attgroinga har størst omfang. Denne skogen har, særleg i Sør-Noreg, hatt eit sterkt kulturpreg. Husdyrbeiting, slått, hogst, lauving, rising og anna utmarksbruk som stølsdrift og anna fôrhausting har ført med seg, har skapt eit ope, tilgjengeleg og visuelt attraktivt landskap med høg produksjon av beiteplanter og særeige artsmangfald. Stadvis har dette ført til fullstendig avverking av tresjiktet med påfølgjande senking av skoggrensa med fleire hundre meter.

Fleire sterke arealbruksinteresser er knytt til fjellskogen. Tradisjonelt har mykje av norsk seterbruk foregått her. Husdyrbeiting i utmark blir fortsatt drive i stort omfang og dette foregår mykje på fjellbeite. Fjellskogen er viktig også for fleire ville dyr og fuglar som lever i overgangssona mellom snaufjell og skog. Mykje av reiseliv knytt til fjellet har basis i fjellskogen der det meste av faste anlegg er lokalisert. Det same gjeld privat hyttebygging og andre anlegg knytt til friluftsliv og rekreasjon.

Ei langsiktig forvaltning og pleie av landskap og beite i fjellskogen er avhengig av eit verdiskapande landbruk og ei levande beitenæring. Det ligg òg eit næringspotensiale i dette landskapet knytt til rekreasjon, landskapsoppleving og kulturformidling. For langsiktig forvaltning og berekraftig næringsverksemd treng ein kunnskap om natur- grunnlaget. Vegetasjonskartet er i dag den karttypen som gjev mest allsidig informasjon om naturgrunnlaget. Det er det næraste vi har kome eit økologisk kartverk. Kartet gjev informasjon som generelt aukar kunnskapen og forståinga for kva naturressursar som finst og kva som skal forvaltast. Kartet gjev eit felles informasjonssystem for mange ulike brukarar og dannar ei felles, partsnøytral "plattform" som eventuelle motstridande interesser kan diskuterast over.

Informasjonen i vegetasjonskartet kan vera tungt tilgjengeleg utan botanisk og økologisk kunnskap. Målsettinga med denne rapporten er å gje ein nærare omtale av kva

vegetasjonskartlegging er, kva informasjon som ligg i kartet og korleis denne kan nyttast i høve til vurdering av beiteverdi og skjøtsel av beiteområde. Utgangspunktet for dette er vegetasjonskartet over Svennes sameie. Kapittel 2 tek for seg vegetasjonskartlegging generelt, kapittel 3 gjev ein omtale av naturgrunnlaget i kartleggingsområdet og kapittel 4 beskriv metode for arbeidet som er utført. Vegetasjonstypane og beitetilhøva i

Svennes sameie er nærare omtala i kapittel 5, saman med ei områdevis skildring av vegetasjon og beite. I kapittel 6 er det sett nærare på beiteverdi og -kapasitet. Kapittel 7 tek opp nokre tiltak kring skjøtsel av beite.

(8)

2. VEGETASJONSKARTLEGGING, GENERELL DEL 2.1 Mål

Vegetasjonskartlegging skal skaffe informasjon for bedre forvaltning og bruk av natur- grunnlaget. Kartlegginga skal skape grunnlag for å forstå samanhengar i naturen og ta vare på og utnytte biologiske ressursar, kulturverdiar og naturen som kjelde til oppleving og rekreasjon.

2.2 Kva er eit vegetasjonskart?

Ville planter lever i konkurranse med kvarandre om vatn, næring og lys. Dei som er best tilpassa miljøet på veksestaden vil vinne. I område som har fått utvikle seg gjennom lengre tid er det derfor langt frå tilfeldig kva planter som veks kvar. Veksemiljøet til plantene er samansett av ei rekkje naturgjevne og menneskeskapte tilhøve. Dei viktigaste av desse såkalla økologiske faktorane er vist i figuren nedafor.

Fig. 1. Viktige faktorar som avgjer veksemiljøet til plantene.

Planter som har nokolunde same krav til miljøet vil vekse på same stad. Dei dannar det vi kallar eit plantesamfunn eller ein vegetasjonstype. Ein vegetasjonstype er altså ei karak- teristisk samling av artar som vil finnast att på stader med like veksevilkår.

Mange artar vil opptre i fleire vegetasjonstypar. Desse har eit vidt økologisk leveområde, men mengdeforholdet vil oftast variere frå kanskje dominerande art i ein type til spreitt forekomst i ein annan. Andre artar kan ha snevre toleransegrenser for ein eller fleire miljøfaktorar. Desse kallar vi karakterartar fordi dei fortel oss noko heilt bestemt om

(9)

tilhøva på veksestaden og om plantesamfunnet dei veks i. Når vi kartlegg utbreiinga av vegetasjonstypar, brukar vi dominerande artar og karakterartar som kjenneteikn.

Plantesosiologi er ei grein innafor botanikken som har arbeidd med å definere kva

artskombinasjonar vi skal kalle plantesamfunn, og kva økologiske tilhøve desse indikerer.

Ut frå denne forskninga er det forma system for praktisk vegetasjonskartlegging. Det er i dag i bruk to system som er nokolunde landsdekkande; eitt for detaljert kartlegging (M 1:5 000-20 000) (Fremstad og Elven 1991) og eitt for oversiktskartlegging

(M 1:50 000) (Larsson og Rekdal 1997). Einingar frå det detaljerte systemet kan slåast saman til oversiktsnivå.

Det detaljerte systemet er bygd opp på tre nivå kalla grupper, einingar og typar. Det er 23 grupper som står for hovedtypar av vegetasjon som fattig skog, rik skog, sumpskog, kyst- lyngheier, lesamfunn i fjellet osv. Einingar er overordna kartleggingseiningar og tilsvarar vanlegvis ei plantesosiologisk eining på forbunds- eller assosiasjonsnivå. Systemet inne- held 113 slike einingar. Dei fleste einingane er igjen delt opp i typar som er underordna kartleggingseiningar på lågare nivå (assosiasjon, subassosiasjon). Regionale utformingar eller spesielle lokale økologisk vikarierande samfunn blir vanlegvis rekna som typar.

Omlag 80 av einingane har definert til saman 220 typar.

Kartleggingssystemet for oversiktskartlegging er tilpassa eit langt mindre intensivt feltarbeid. Identifikasjon av typane byggjer meir på utsjånaden (fysiognomisk utforming) av vegetasjonen slik den blir prega av dominerande artar eller artsgrupper. Systemet deler vegetasjonstypane i 10 grupper. Under desse er det definert 45 vegetasjonstypar og 9 andre arealtypar. I begge systema blir det bruka ei rekkje tilleggssymbol for å få fram viktig informasjon som ikkje ligg i typedefinisjonen som dekning av lav, vier, bart fjell, grasrik utforming mm.

Eit vegetasjonskart er eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som utgjer plantedekket i eit område. Ved å utnytte den informasjonen som plantene gjev oss om veksetilhøva blir dette likevel langt meir enn ein botanisk oversikt. Forskning og erfaring har gjort at vi kan trekkje ut ei rekkje opplysningar om miljøforhold innafor kvar

vegetasjonstype. På same måte kan ulike eigenskapar med omsyn til ressursutnytting og arealbruk knytast til typane.

Grovt skissert kan vi dele informasjonen frå vegetasjonskartet i 3 grupper:

1. Botanisk informasjon 2. Økologisk informasjon

3. Eigenskapar med omsyn til ressursutnytting og anna naturbruk.

2.3 Korleis blir kartet laga?

Feltarbeid: Mykje av innsatsen bak eit vegetasjonskart ligg i feltarbeidet. Kartlegginga foregår som ein kombinasjon av synfaring i felt og tolking av flybilete ut frå nyansar i farge og struktur i biletet og økologisk kunnskap. Kartleggaren ser på bileta gjennom eit stereoskop og får da landskapet fram tredimensjonalt. Ute i terrenget blir vegetasjonen klassifisert i typar og grenser tegna mellom desse. Oversiktskartlegging vil i langt større grad enn detaljert kartlegging, vera basert på tolking og kikkertbruk. Ved oversikts-

(10)

kartlegging vil kvar inventør greie rundt 3 km²/dagsverk i skog og 5 km² i fjellet, ved detaljert kartlegging 0,5-1 km²/dagsverk.

Kartframstilling: Framstilling av kart ved NIJOS skjer ved bruk av digital kartteknikk.

Alle kartdata blir lagt inn på digital eller datalesbar form. For vegetasjonskart startar dette ved at vegetasjonsgrensene blir digitalisert frå flyfoto i eit analytisk stereoinstrument som korrigerer for feil som vil oppstå på bileta på grunn av forskjellige fotograferingsvinklar og flyhøgder.

Dei kartriktige digitale data blir lese over i ei datamaskin som har eit program for behandling av kartdata, eit såkalla geografisk informasjonssystem (GIS). Her finst modular for lagring, bearbeiding og presentasjon av data. Signaturar for vegetasjonstypane blir lagt inn for kvar vegetasjonsfigur og kontroll og rettingar utført til vi har ein ferdig kartdatabase. Denne databasen er utgangspunktet for det vidare reproduksjonsarbeidet fram mot presentasjon i form av plott eller trykt kart.

Fig. 2. Produksjon av vegetasjonsdata ved NIJOS.

Avleia produkt: Behandling av vegetasjonsdata i GIS gjev høve til å lage ei rekkje avleia produkt både av grafisk og numerisk art, meir om dette under pkt. 2.4.1.

(11)

2.4 Bruk av vegetasjonskart

2.4.1 Temakart

Informasjonen som ligg i vegetasjonskartet kan vera tungt tilgjengeleg utan botanisk og økologisk kunnskap. Behandling av data i eit geografisk informasjonssystem gjev mulegheiter til å sortere dei ulike eigenskapane som kan knytast til vegetasjonstypane.

Dette kan da presenterast tilpassa den enkelte brukar sine behov framstilt som temakart eller arealstatistikkar. Kopling mot databasar for andre kartleggingstema vil bli muleg etter kvart som dette ligg føre digitalt. Figur 3 viser kopling av eitt sett av eigenskapsdata for vegetasjonstypane (beitekvalitet for sau), med geografiske data (vegetasjonsgrenser og signaturar) til avleia beitekart for sau.

Fig. 3. Prinsipp for avleiing av temakart frå vegetasjonskart.

Figur 4 viser ei oversikt over tema som kan avleiast frå vegetasjonskartet. Presisjonen i informasjonen vil sjølsagt vera forskjellig etter om det er kartlagt etter system for over- sikts- eller detaljert kartlegging.

Botanisk informasjon: Ulike planteartar vil vekse innafor ein eller fleire vegetasjons- typar. Ut frå vegetasjonskartet, kan det derfor avleiast informasjon om forekomst av mange enkeltartar eller artsgrupper. Døme på avleia tema kan vera kart over treslagsfor- deling, artsmangfald eller ei forenkling av vegetasjonskartet til hovedtrekk i vegetasjonen.

Økologisk informasjon: Med kunnskap om forekomst av artar i dei ulike vegetasjons- typane og deira krav til veksemiljøet, kan vi avleie ei rekkje tema kring veksetilhøva.

Dette gjeld t.d. nærings- og vasstilhøve i jordsmonnet, grad av kulturpåverknad og kor varig og tjukt snødekket er i fjellet. Ulik klimatisk informasjon kan òg tolkast ut.

(12)

Fig. 4. Avleia informasjon frå vegetasjonskart

Eigenskapar for ressursutnytting og anna arealbruk: Ut frå botanisk og økologisk informasjon samt kunnskap om ulike bruksområde, kan vi avleie fleire tema kring

naturgrunnlaget sine eigenskapar med omsyn til ressursutnytting og anna arealbruk. Døme på dette kan vera kart over planteproduksjon, bær- og soppforekomstar, vegetasjonen sin slitestyrke, marka si bereevne for ferdsel, beiteverdiar for husdyr, rein og viltartar m.m.

Brukartilpassa kart: Ut frå informasjon som vegetasjonskartet gjev, kan vi trekkje ut opplysningar den enkelte brukar er interessert i og stille desse saman til spesielle brukar- tilpassa produkt. Dette kan gjelde bruk i planlegging og forvaltning eller som

dokumentasjon av næringar eller andre brukargrupper sine interesser i utmarka. Kopla saman med informasjon frå andre databasar opnar dette for svært mange mulegheiter.

2.4.2 Brukargrupper

Næringar eller andre brukarinteresser i utmark som vil kunne hente informasjon frå vegetasjonskart:

A. Planlegging og forvaltning

· Gode kart over naturgrunnlaget gjev bedre beslutningsgrunnlag og større effektivitet i planlegging og forvaltning. Kart gjev innsyn og mulegheiter til brei medverknad i planprosessen.

· Vegetasjonskartet vil kunne brukast til å vurdere kor eigna areal er til ulike formål, dokumentere ei rekkje arealbruksinteresser og avdekke brukskonfliktar.

(13)

· Plantene er primærprodusentar og legg grunnlag for "maten" og det fysiske miljøet for andre artar. Registrering av plantelivet gjev derfor nøkkelen til informasjon om biologisk mangfald.

B. Næringsutvikling

· Vegetasjonskartet gjev skogbruksnæringa ein reiskap for planlegging av fleirsidig skogbruk og skogskjøtsel tilpassa veksestaden.

· Vegetasjonskartlegging er einaste systematiske reiskapen vi har for vurdering av beite- kvalitet i utmark. Kartet kan brukast til dokumentasjon av beiteinteresser og

planlegging av beitebruk.

· Reindrifta vil kunne nytte vegetasjonsdata til bedre tilpassing av drifta til naturgrunnlaget.

· Basisressursen for grønt reiseliv er landskap. Vegetasjonen er ein viktig del av landskapet. Eit vegetasjonskart vil kunne bidra til dokumentasjon av reiselivet sine arealinteresser. Kartet vil òg kunne brukast i planlegging av naturbaserte aktivitetar og til marknadsføring av naturen som reiselivsprodukt.

C. Forskning og undervisning

Vegetasjonskartet viser samanhengar, årsakstilhøve og mangfald i naturen og kan brukast i naturfagundervisning og informasjonsverksemd. Kartet er vel eigna som

referansegrunnlag for ulik naturfagleg forskning. Dette er òg eit historisk dokument som kan vise utvikling over tid.

D. Friluftsliv

Turgåarar vil kunne nytte kartet for å gjera turen meir opplevingsrik, finne

bærforekomstar, sopp og andre nyttevekstar. Med kunnskap om ulike dyreartar sine miljøkrav kan kartet gje rettleiing om kvar desse helst forekjem.

E. Forsvaret

Vegetasjonskartet gjev informasjon som kan nyttast i taktisk- og konflikt-/skadefore- byggande planlegging. Dette kan vera framkomelegheit, marka si bereevne, høve til å finne skjul, sårbare naturtypar m.m.

2.4.3 Ymse

Kartbrukaren må alltid vera klar over at eit vegetasjonskart vil vera ei sterkt forenkla og skjematisk framstilling av naturen. Dette har samanheng med fleire tilhøve. På kartet er grensene mellom vegetasjonstypane sett med ein strek. I naturen er det som regel gradvise overgangar. Vegetasjonen kan ofte danne innfløkte mosaikkmønster som det er umuleg å kartfeste. Kartleggaren må derfor forenkle.

Minste figurareal er vanlegvis 1-2 dekar i M 1:10 000. I målestokk 1:50 000 er minsteareal 20 dekar, men ein kan gå ned til 10 dekar på viktige areal.

(14)

3. OMTALE AV KARTLEGGINGSOMRÅDET 3.1 Oversikt

Svennes sameie er 83 km² og ligg vest i Nord-Aurdal kommune i Oppland fylke. Tisleia er sørgrensa for området frå Tisleidammen i vest til Hovda i aust. Her svingar grensa opp frå dalen og til Høgåsen. I nord følgjer grensa om lag i skogbandet frå Høgåsen til

Breisetstølen og til Seleggen som er nordlegaste punktet. I vest går grensa over Flæin frå Seleggen om Brattåshaugen, Storstølhaugen, Fløtahovda og til Tisleidammen. Høgaste punktet er Seleggen i nord om lag 1125 m o.h, og lågast er Tisleia ved Hovda på 750 m.

Fig. 5. Lokalisering av Svennes sameie (Statens kartverk N-250, avt.nr 71003-R44426).

Området kan delast i ulike delar etter særpreg i terreng, vegetasjon og arealbruk. Sentralt i området ligg Flæin. Dette er eit flatt, myrdominert snaufjellsplatå kring 1000 m o.h.

Platået smalnar av mot aust og endar ved Gribbe (1057 m o.h.). Vidare austover ligg eit parti med myr og bjørkeskog frå Kinnehallidn til Høgåsen (972 m) om lag i same høgda.

Terrenget søkk på begge sider av Flæin. Sameiegrensa følgjer om lag skoggrensa i nord, og ligg akkurat på brotet før det hallar ned mot Strøndafjorden. Breiset, med store dyrka areal, ligg straks ovafor skogen. I sør hallar terrenget mot Tisleia. To elver skjer seg inn frå Tisleia mot vest, Gjølma og Herkja. Mot Herkja søkk terrenget slakt, medan lisidene mot Gjølma og ut mot Tisleidalen ved Hovda er brattare. Langs Gjølma ligg stølslaga Liaset, Gjølmyr og Ølsjøbakkadn. Brattstølen og Hermannstølen ligg i kanten av Hermannstøl- hovda (950 m). Alle stølslaga har store areal med jord som er fulldyrka. Ein del hytter finst i austkanten av sameige. På sørsida av Herkja stig terrenget slakt til Fløtahovda (965 m o.h.). På sørsida av denne høgda ligg stølslaget Fløten med store jordbruksareal. Ned mot Tisleia finn vi eit småhaugut terreng med ulike kvartærgeologiske former. Granskog

(15)

dominerer sidene mot Tisleia, men store areal kring stølane er utan tresetting. På dei grove avsetningane langs Tisleia finst furuskog, og mot Tisleidammen dominerer bjørka.

3.2 Klima

Næraste målestasjon som har samanliknbar temperatur er Beitostølen (822 m o.h). Mål- ingar her viser at området har eit typisk innlandsklima med låg vintertemperatur og høg sommartemperatur i høve til høgda over havet. Januar vil ha lågast temperatur med ÷9,9°C og juli høgast med 11,1°. Årsmiddel ligg på 0,2°C. Delar av Svennes sameie ligg høgare enn målestasjonen. For å få ein peikepinn på temperatur i ulike høgdelag, kan ein rekne med ein gjennomsnittleg nedgang med 0.6 grader for kvar 100 m stigning. I kalde vinternetter med ekstremt låge temperaturar er det kaldast i dalbotnar og søkk.

-9,8 -9 -6,2

-1,5 4,5

9,8 11,1 9,9

5 1,3

-4,8 -8

-14 -10 -6 -2 2 6 10 14

jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des

°C

Beitostølen

Fig 6. Middeltemperatur for månadar på Beitostølen (Aune 1993).

Nedbørmålingar ved Tisleidammen (835 m o.h.) skulle vera godt samanliknbare med det ein kan vente i kartleggingsområdet. Målingane viser ein moderat årsnedbør på vel 600

Bilde 1. Flæin frå Gribbe mot vest (Foto M. Angeloff).

(16)

mm. Mest nedbør fell frå juni og ut oktober, medan perioden frå desember til og med april har låg nedbør.

37 27

34 27

50 68

75 70

66 66 52

38 47

31 38

31 57

74

81 78 75 77

60 44

0 10 20 30 40 50 60 70 80 90

jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des mm

Tisleidammen Lykkja

Fig. 7. Midlare nedbør for månadar ved Tisleidammen (årsmiddel 610 mm) og Lykkja i Hemsedal (årsmiddel 693 mm) (Førland 1993).

3.3 Berggrunn og lausmassar

I følgje berggrunnskart "Hamar" i M 1:250 000 (Nordgulen 1999), er kartleggingsområdet dekt av bergarten fyllitt frå Synnfjelldekket. Dette er ein omdanna sedimentær bergart som er lett vitterleg og gjev god tilgang på næring. Utslag i plantedekket ser ein likevel først og fremst der det er god vassforsyning.

Området er dekt av eit tjukt morenedekket med til dels grovt, lettdrenert materiale. Nokre ryggar kan vera grunnlendte, men innslag av bart fjell er lite. På Flæin er det store

myrareal med organisk jord. Spesielt for dette området er forekomst av Rogenmorene langs Tisleia (Sollid og Trollvik 1991). Dei viser seg som 5-20 meter høge moreneryggar liggjande etter kvarandre som korte ribber i terrenget på tvers av retninga som innlandsisen ein gong bevega seg. Rogenmorenene vart danna ein gong i løpet av siste istida, og finst berre i nærheita av isskiljet. Denne morena har god drenering og gjev dårleg vassforsyning for plantevokster.

(17)

4. ARBEIDSMETODE

4.1 Feltarbeid og kartframstilling

Feltarbeidet vart gjort som ei hovedoppgåve av fire studentar ved Telemark distriktshøg- skole i 1986 (Angeloff m.fl. 1987). Arbeidet foregjekk med rettleiing frå NIJOS og etter metode skissert i Larsson (1987). Under kartlegginga vart det bruka svart/kvite flybilete frå Norsk luftfoto og fjernmåling, oppgåve 7924 i M 1:30 000, fotografert i 1983.

Fig. 8. Flyfoto med vegetasjonsregistreringar over Hermannstølen.

I framstillinga av kart over Svennes sameie vart det bruka 6 dagsverk i felt til kontroll av registreringane frå 1987 samt nykartlegging av 2 km² ved Høgåsen. Feltregistrering- ane vart tegna over på flyfoto frå 1991 (oppgåve 11245), og digitalisert frå foto ved hjelp av eit analytisk stereoinstrument (AP 190). Dette instrumentet har program for transformasjon av data frå bildekoordinatar til kartkoordinatar. Den endelege

vegetasjonsdatabasen er gjort ferdig i GIS-programmet ArcInfo. All analyse og presen- tasjon av kart, er også utført med denne programpakka. Topografisk kartgrunnlag er frå Statens kartverk sin kartserie N 50.

4.2 Farge og symbolbruk

Hovedfargene på kartet er delt etter grupper av vegetasjonstypar som representerer viktige utsjånadsmessige (fysiognomiske) trekk i landskapet. Det meste av fjellvegetasjonen har til dømes nyansar av brunt mot raudt, og skog går i farger frå grønt mot blått etter treslag.

Innafor kvar hovedgruppe er typane attgjevne ved ulike fargetonar frå lyst til mørkt etter

(18)

ein fattig-rik gradient. Tilleggssymbol er bruka for å få fram viktige trekk i vegetasjonen som ikkje går ut frå typedefinisjonen. Desse er nemnt i pkt. 5.2. Her står også omtale av bruk av mosaikkfigurar.

4.3 Feilkjelder

Kartleggingssystemet i M 1:50 000 er eit kompromiss mellom kva informasjon vi ønskjer at kartet skal vise, kor mykje kartlegginga skal koste og kva som er kartografisk muleg å framstille. Kartet skal best muleg avspegle økologiske tilhøve og eigenskapar for ulik bruk av naturgrunnlaget, men samtidig må kartlegginga foregå i eit tempo som gjer dette øko- nomisk forsvarleg. Kartografisk set denne målestokken begrensingar i detaljeringsgrad.

Det er begrensa kor mykje av kartleggingsarealet som kan oppsøkjast i felt. Vegetasjons- typane blir derfor i stor grad identifisert ut frå kriterie kring utsjånad som er lett kjennbare på foto eller med kikkert. Vegetasjonsgrenser er som regel gradvise overgangar og

vegetasjonen kan danne innfløkte mosaikkmønster som er umuleg å kartfeste. Alle dei problem kartleggaren støyter på kan det ikkje lagast reglar for og må derfor løysast ved subjektivt skjønn. Vegetasjonskartleggaren si oppgåve blir av dette å dra ut hovedtrekka i vegetasjonsfordelinga og tegne dette ned som fornuftige figurar som det kan lagast kart av.

Detaljert kontroll av grenser utan tanke på hovedtrekk, vil kunne vise mange "feil".

Kartframstillingsmetoden er i seg sjøl komplisert og inneber overføring av liner og figursignaturar fleire gonger. For eit så innhaldsrikt kart vil dette gje risiko for feil og set store krav til rutiner for lesing av korrektur. Nokre vegetasjonstypar kan by på problem ved klassifisering. Dette er kommentert under omtalen av typane. Arbeidet som vart utført i 1986 er på eit litt grovare detaljeringsnivå enn slik kartlegginga foregår no. Synfaring av registreringane viste og at det kan vera ein del feilklassifiseringar som må tilskrivast manglande typeforståing og øving i figurering hos inventørane. I kartleggingsområdet forekjem mange rikareal i smale renner i djup morene. Desse rennene er ikkje godt fanga opp og området kan framstå som litt fattigare enn det eigentleg er.

(19)

5. VEGETASJON OG BEITE I SVENNES SAMEIE 5.1 Vegetasjonssoner

Når vi går frå fjord til fjell endrar veksetilhøva seg mykje, særleg da dei klimatiske fakt- orane. Vegetasjonen endrar seg med veksetilhøva og i visse høgdelag skjer ei meir markert endring enn i andre. Dette gjev grunnlag for inndeling av vegetasjonen i høgdesoner. Den tydelegaste grensa mellom sonene er skoggrensa. Skoggrensa på vegetasjonskartet er sett der kronedekninga av tre som er eller kan bli større enn 2,5 meter, er mindre enn 25% av arealet. For å få ei heilheitleg oversikt over vegetasjonstypar og veksetilhøve i

kartleggingsområdet, er det nedafor gjeve ein omtale av dei ulike sonene vi møter her.

VEGETASJONSSONER VEGETASJONSTYPAR

Figur 9. Vegetasjonssoner i kartleggingsområdet

Barskogbeltet: Karakteristisk sonering av skogen i dei indre dalføra på Austlandet er ei barskogsone frå låglandet opp til eit band av bjørkeskog som utgjer skoggrensa mot snaufjellet. I barskogen finn vi gran på dei beste vekseplassane, medan furu veks på den skrinnaste marka. Opp mot fjellskogen endrar barskogen karakter. Vi får innslag av fjellplanter i feltsjiktet, meir blandingsskog med bjørk og trea blir småvaksne.

I Svennes sameie består barskogen mest av granskog.

Noko furuskog er registrert ved Tisleia. Barskogen går opp til omlag 1000 m o.h. ved Gjølmyr, men grana er i ferd med å etablere seg på areal høgare enn dette.

Fastmarksareal av blåbærbjørkeskog, rishei og typar som

er rikare enn desse, er potensiell granskogsmark opp til vel 1000 m. Fattigare

fastmarksareal vil vera potensiell furuskogsmark. Gran vil finnast også over denne høgda, men desse trea er låge av vekst, spreier seg vegetativt og er truleg ikkje skogdannande.

Mykje av skogarealet under 1000 m er i dag likevel ikkje barskog. Dette kan ha sin årsak i at det meste av kartleggingsområdet har ung tresetting, og bjørk har vore det første

treslaget som har kome inn på snaumarka der beitetrykket har vore lågt.

Bjørkeskogen

Lavhei Grasmyr Rishei Rismyr Høgstaudeeng

Lav-og lyngrik bjørkeskog Blåbærbjørkeskog

Engbjørkeskog Myr Lågfjellet

Skoggrense 1100 m

Barskoggrense Vel 1000m Barskogen

Lav-og lyngrik furuskog Blåbærgranskog

Enggranskog Myr

Botnsjikt: Mosar og lav Feltsjikt: Gras, urtar og lyng Busksjikt: Busker og mindre tre Tresjikt: Tre og store busker

(20)

Bjørkeskogbeltet (subalpin sone): Over barskogen finn vi oftast ei bjørkesone, også kalla det subalpine bjørkeskogbeltet. Overgangen frå barskogen er gradvis med aukande innblanding av bjørk. Undervegetasjonen kan vera svært variert frå frodig høgstaudebotn til skrinn lav- og lyngdominert vegetasjon. Typisk for denne skogen er eit innslag av artar som vi òg finn over skoggrensa.

I kartleggingsområdet ligg den klimatiske bjørkeskoggrensa truleg kring 1100 m. Denne grensa er imidlertid ikkje realisert i området, først og fremst pga. tidlegare hogst og langvarig beiting knytt til seterdrift og anna utmarksbruk. Under Seleggen er det registrert skog opp til 1060 m. Ved Synet like ved går skogen over 1100 m. Stort sett alt

fastmarksareal i kartleggingsområdet er derfor potensiell skogsmark.

Lågfjellet (lågalpin sone): Eigentleg lågfjell finst ikkje i området da så å seie alt areal ligg under den klimatiske skoggrensa, men det meste av arealet over 1000 m o.h. har i dag lågfjellspreg. Her endrar vegetasjonen totalt utsjånad i og med at tresjiktet fell bort.

I busk- og feltsjikt rår likevel mange av dei same artane som i bjørkeskogen. Øvre grense for denne sona blir sett der blåbær opphører som samfunnsdannande plante. I kartleggingsområdet er berre nedre del av lågfjellet representert. Rishei er her dominer- ande vegetasjonstype på fastmark. Langs bekkar, elver og i myrkantar er høgstaudeeng med vierkratt vanleg. Store myrareal er karakteristisk for denne sona i Svennes sameie.

Bilde 2. Vegetasjonen i Svennes sameie er sterkt prega av den svært omfattande stølsdrifta som tidlegare har vore drive i området. Her frå Hermannstølen (Foto M. Angeloff).

(21)

5.2 Oversikt over vegetasjonstypar og andre arealtypar

Nedafor følgjer ei oversikt over kartleggingseiningar og tilleggssymbol i NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000 (Larsson og Rekdal 1997). Typar eller

tilleggssymbol merka med stjerne er ikkje registrert i kartleggingsområdet.

SNØLEIE * 1a Mosesnøleie * 1b Grassnøleie * 1c Frostmark, letype HEISAMFUNN I FJELLET *2a Frostmark, rabbetype * 2b Tørrgrashei

2c Lavhei * 2d Reinrosehei

2e Rishei *2f Alpin røsslynghei *2g Alpin fukthei

ENGSAMFUNN I FJELLET * 3a Lågurteng

3b Høgstaudeeng

LAUVSKOG

4a Lav- og lyngrik bjørkeskog 4b Blåbærbjørkeskog

4c Engbjørkeskog *4d Kalkbjørkeskog

*4e Oreskog 4f Flommarkkratt * 4g Hagemarkskog

VARMEKJÆR LAUVSKOG *5a Eikeskog

*5b Bøkeskog *5c Edellauvskog FURUSKOG

6a Lav- og Lyngrik furuskog 6b Blåbærfuruskog

*6c Engfuruskog *6d Kalkfuruskog

GRANSKOG

7a Lav- og lyngrik granskog 7b Blåbærgranskog

7c Enggranskog FUKT- OG SUMPSKOG *8a Fuktskog

*8b Myrskog * 8c Fattig sumpskog * 8d Rik sumpskog MYR

9a Rismyr

9b Bjønnskjeggmyr 9c Grasmyr 9d Blautmyr

9e Storr- og takrørsump OPEN MARK I LÅGLANDET *10a Kystlynghei

*10b Røsslynghei *10c Fukthei

*10d Knausar og kratt *10e Fukt- og strandenger *10f Sanddyner og grusstrender *10g Elveører og grusvifter JORDBRUKSAREAL 11a Dyrka mark

11b Beitevoll

UPRODUKTIVE AREAL *12a Jord og grus

* 12b Ur og blokkmark *12c Bart fjell

* 12d Bebygd areal, tett 12e Bebygd areal, ope 12f Anna nytta impediment *12g Varig is og snø

* Typar som ikkje er funne i kartleggingsområdet

(22)

TILLEGGSOPPLYSNINGAR

Symbol Tilleggsinformasjon

Stein og blokkar

Areal med 50-75% stein og blokk Bart fjell

Areal med 50-75% bart fjell

v x

Lav

Areal med 25-50% lavdekning Areal med meir enn 50% lavdekning s

Vier

Areal med meir enn 25% dekning av vier j

Einer

Areal med meir enn 50 % dekning av einer n

Finnskjegg

Areal med meir enn 75% dekning av finnskjegg k

Kalkmyr

Kalkkrevande myrvegetasjon. Blir ikkje kartlagt systematisk g

Grasrik vegetasjon

Beitepåverka vegetasjon med meir enn 50% grasdekning

* + o)

Treslag Gran Furu Lauv

Tilleggssymbol for treslag blir bruka i vegetasjonsfigurar der det i tillegg til hovedtreslaget finst minst 25% kronedekning av anna treslag. For skogtypar der treslaget ikkje ligg i typenamnet, viser første tilleggssymbol hovedtreslaget. Dette gjeld hagemarkskog og fukt- og sumpskog. Open mark får symbol for treslag når kronedekninga er mellom 5-25% av arealet.

]

Skogtettheit

Skogareal med 25-50% kronedekning

Mosaikksignatur blir bruka der to vegetasjonstypar opptrer i mosaikk. Dominerande vegetasjonstype blir ført først og type nr. 2 blir ført på dersom denne utgjer meir enn 25%

av arealet innafor figuren. Dersom hovedtype og type nr. 2 har same talkode, blir talet sløyfa i signaturen bak skråstreken.

Eks.: 6a/9c = Lav- og lyngrik furuskog i mosaikk med grasmyr 9c/a = Grasmyr i mosaikk med rismyr

(23)

AREALFORDELING

Tabell 1. Arealfordeling av ulike vegetasjons- og arealtypar i kartleggingsområdet.

Vegetasjonstype Dekar %

2c Lavhei 24 0,0

2e Rishei 26739 32,1

3b Høgstaudeeng 6165 7,4

4a Lav- og lyngrik bjørkeskog 161 0,2

4b Blåbærbjørkeskog 7204 8,6

4c Engbjørkeskog 1329 1,6

4f Flommarkkratt 31 0,0

6a Lav- og lyngrik furuskog 529 0,6

6b Blåbærfuruskog 415 0,5

7a Lav- og lyngrik granskog 339 0,4

7b Blåbærgranskog 8720 10,5

7c Enggranskog 1471 1,8

9a Rismyr 2902 3,5

9b Bjønnskjeggmyr 34 0,0

9c Grasmyr 20576 24,7

9d Blautmyr 262 0,3

9e Storr- og takrørsump 448 0,5

11a Dyrka mark 3388 4,1

11b Beitevoll 1942 2,3

12e Bebygd areal, ope 21 0,0

12f Anna nytta impediment 45 0,1

Sum landareal 82745

Vatn 656 0,8

SUM TOTALT AREAL 83402

(24)

5.3 Omtale av kartlagte vegetasjonstypar

Nedafor følgjer ein omtale av vegetasjonstypar registrert under vegetasjonskartlegging av Svennes sameie. Vegetasjonstypane er gjevne beiteverdi etter ein tre-delt skala som er nærare omtala i kapittel 6.

HEISAMFUNN I FJELLET

2c Lavhei

Økologi: Lavheia finn vi på rabbar eller andre opplendte stader som har tynt eller heilt manglar snødekke om vinteren. Jordsmonnet er tynt og næringsfattigt.

Artar: Planter som skal kunne leva på ein slik utsett vekseplass må kunne tåle vindslit, tørke og frost. Dette er stort sett krypande busker og lyngartar, samt ulike lavartar. Urtar og gras er det lite av. Viktige artar er fjellkrekling, greplyng, mjølbær, blokkebær, tyttebær, rypebær, rabbesiv, sauesvingel og krypande dvergbjørk. Lavdekninga er oftast høg med artar som gulskinn, rabbeskjegg, kvitkrull, lys- og grå reinlav.

Forekomst: Berre små areal finst av lavhei da det er lite av utprega rabbar i det flat- lendte terrenget. Mindre areal finst her og der, men desse er ofte for små til å figurere ut.

Berre eitt areal er registrert på kartet langs Tisleia.

Beiteverdi: Her finn vi svært lite av beiteplanter slik at typen er mindre godt beite. I eit beiteområde vil innslag av rabbar likevel ha betydning som “trivselsland”, da sauen likar å streife og gjerne brukar rabbane til kvileplass. Lavdekket kan vera påverka av

reinbeiting i området.

Bilde 3. Lavhei på rabbe ovafor Breiset med utsikt innover Flæin.

(25)

2e Rishei

Økologi: Risheia finn vi i lågfjellet og på skoglause eller avskoga stader i fjellskogsona.

Vekseplassen krev bedre snødekke enn lavheia, men heller ikkje meir langvarig enn at det meste av snøen er smelta i juni. Næringstilgangen kan variere frå moderat til dårleg, medan vasstilgangen er moderat.

Bilde 5. Rishei med høg lavdekning. Bilde 6. Beita areal av rishei kan vera grasrike, men mykje av dette er ofte finnskjegg.

Artar: Fleire utformingar av rishei vil forekoma. Vanlegast er typen dominert av dvergbjørk, blåbær, smyle og fjellkrekling. Einer har ofte høg dekning nær stølsgrender.

Andre vanlege artar er skogstjerne, gullris og fugletelg. I botnsjiktet finn vi oftast eit dekke av husmosar. Ein del sterkt beita areal av rishei finst. Desse er oftast grasrike med smyle og sauesvingel, men innslaget av det lite attraktive beitegraset finnskjegg er ofte høgt.

Areal med dominans av finnskjegg er gjeve tilleggssymbolet n på vegetasjonskartet, medan einerdominans er merkt j og grasdominans g. På eksponerte areal med lite snødekke opptrer ei lavrik utforming av risheia. Til forskjell frå lavheia så manglar her

Bilde 4. Vanlegaste utforming av rishei er dominert av dvergbjørk, blåbær og smyle, og ofte med godt innslag av einer kring stølane.

(26)

vindherdige lav, dvergbjørka har opprett vekst og blåbær finst spreitt. Friske utformingar kan ha innslag av vierartar. Mykje risheiareal har begynnande tresetting mest med gran.

Forekomst: Rishei er dominerande vegetasjonstype på fastmark i heile snaufjellsområdet.

Store areal forekjem òg i lågare lende ned mot Tisleia. Til saman dekkjer risheia 32% av kartleggingsarealet.

Beiteverdi: Risheia vil vanlegvis utgjera godt beite både for sau og storfe, men innhaldet av beiteplanter vil ha ein del variasjonar. I Svennes sameie vil dei største areala av typen ha godt innhald av blåbær og smyle og utgjera godt beite for både sau og storfe. På opplendte høgder kan lavinnslag redusere beiteverdien. Der lav har over 50% arealdekning (2ex) er beiteverdien på beitekartet sett til mindre godt beite. Det same gjeld figurar som er gjevne tilleggssymbol for høg finnskjeggdekning. Grasrike utformingar har også oftast høgt innhald av finnskjegg. Beiteverdien her hevar seg derfor ikkje så mykje utover den normale utforminga.

ENGSAMFUNN I FJELLET

3b Høgstaudeeng

Økologi: Høgstaudeeng opptrer på stader med god tilgang på oksygenrikt sigevatn, som i lisider og dråg eller langs elver, bekkar og myrkantar. Næringstilgangen er moderat til svært god og snødekket stabilt, men kan smelte tidleg ut. Dette er den mest produktive av vegetasjonstypane i snaufjellet.

Artar: Rike og fuktige utformingar av høgstaudeeng er mest vanleg i kartleggings- området. Vi finn gjerne eit tett busksjikt av lappvier og sølvvier. Grønvier og den meir krevande ullvieren forekjem. I feltsjiktet finn ein vanlegvis tyrihjelm, skogstorkenebb, kvitbladtistel, mjødurt, engsyre, enghumleblom og grasartar som sølvbunke, engkvein, smyle og gulaks. I flatt terreng som inne på Flæin, forekjem høgstaudeeng ofte i mosaikk

Bilde 7. Høgstaudeengene er oftast artsrike og frodige med høg planteproduksjon.

Her ved Fløten.

(27)

med grasmyr. Typen vil her ha fuktig preg med innslag av myrartar og dei mest fukt- krevande høgstaudene som mjødurt og enghumleblom. Grasmyrene har ofte godt vierinnslag i området. Skillet mellom vierdekt grasmyr og høgstaudeeng med vier var derfor vanskeleg å trekkje.

Mykje av arealet av denne typen har vore viktige beiteareal i tidlegare tider, men

beitepåverknaden i dag er mange stader ikkje så stor. Areal særleg på Tisleisida er sterkt beitepåverka med høg grasdekning og tynt viersjikt.

Forekomst: Høgstaudeenger forekjem jamt i kartleggingsområdet (7,5%) langs bekkar, myrkantar og forsenkningar med godt vassig. Typen finst gjerne i mosaikk med rishei eller grasmyr. Ein finn òg opne renner med høgstaudeeng i skog.

Beiteverdi: Høg planteproduksjon og stort artsmangfald gjer at denne typen er viktig for mykje biologisk liv i fjellet. Som beite er dette viktige areal både for storfe og sau. Den potensielle beiteverdien kan settast til svært god, men aktuell beiteverdi vil vera avhen- gig av kulturpåverknad som kan variere i kartleggingsområdet. Høg kulturpåverknad og god grasdekning ser ein jamt i typen mot Tisleia. Låg påverknad gjev tett viersjikt og høgt innhald av høge urtar, særleg tyrihjelm. Dette reduserer beiteverdien. Mykje av høgstaudeengene på Flæin forekjem i myrkantar eller i mosaikk med myrparti og er da ofte så våte at sau i mindre grad vil beite her. Grasrike utformingar har fått

tilleggssymbolet g og er gjevne skravur på beitekartet for særleg høg beiteverdi.

LAUVSKOG

4a Lav- og lyngrik bjørkeskog

Økologi: Dette er den karrigaste av bjørkeskogtypane og finst på godt drenerte avsetningar eller grunnlendt mark. Snødjupna vil vera liten til moderat.

Artar: Karakteristisk for typen er lysopen tresetting med småvaksen, fleirstamma og krokut bjørk. Undervegetasjonen er dominert av lyngartar, da særleg fjellkrekling, men òg tyttebær, blokkebær og røsslyng. Av grasartar kan ein finne spreitt forekomst av smyle og finnskjegg. I kartleggingsområdet er botnsjiktet oftast dominert av mosar, men

godt innslag av lavartar forekjem.

Ein del fattige snauareal der tresjikt er under etablering er sett som 4a. Her kan vegetasjonen endrast mot blåbærbjørkeskog etter kvart som tresjiktet blir tettare.

Forekomst: Mindre areal av typen finst på grove moreneavsetningar ned mot Tisleia.

Beiteverdi: Typen har lite av beiteplanter og er mindre godt beite.

Bilde 8. Lav- og lyngrik skog er den fattigaste av skogtypane.

(28)

4b Blåbærbjørkeskog

Økologi: Blåbærbjørkeskog forekjem på stader der tilgangen på næring og vatn er bedre enn i førre type og snødekket er stabilt. Dette er vanlegaste bjørkeskogtypen i området og finst i flatt og opplendt terreng, samt i lisider med moderat vassforsyning.

Artar: Bjørk er mest einerådande i tresjiktet. I busksjiktet kan ein finne einer. Under- vegetasjonen i blåbærbjørkeskogen har mykje til felles med risheia. Dominerande artar er blåbær, smyle og fjellkrekling. Artar som fugletelg, skogstjerne, stormarimjelle, maiblom, gullris og hårfrytle forekjem vanleg. Smyledominerte utformingar som er utvikla etter bjørkemålarangrep kan finnast. Botnsjiktet har mest alltid eit samanhengande dekke av husmosar. Mykje av bjørkeskogen i kartleggingsområdet er ung og tett.

Forekomst: Blåbærbjørkeskog dekkjer 9% av arealet i Svennes sameie. Særleg høg dekning finn ein på fastmarkskjølar i myrområda ved Kinnehallidn og på sørsida av Flæin.

Store areal finst òg på nordsida av Fløtahovda.

Beiteverdi: Det meste av denne typen har høgt innslag av blåbær og smyle og kan settast til godt beite. Smylerike utformingar som kan finnast er godt-svært godt beite.

Tett tresetting kan begrense tilgangen for beitedyr.

4c Engbjørkeskog

Økologi: Dette er ein artsrik og frodig bjørkeskogtype som har mykje til felles med høgstaudeengene. Typen opptrer i lier og dråg med god tilgang på næring og oksygenrikt sigevatn.

Artar: Engbjørkeskogen består av fleire utformingar som har til felles eit tresjikt dominert av voksterleg bjørk og undervegetasjon av næringskrevande urtar, gras og bregner. Som for blåbærskogen er tresjiktet ofte tettvakse. Ei rik høgstaudeutforming av

Bilde 9. Blåbærbjørkeskog med blåbær og smyle som dominerande artar. På biletet har småbregna fugletelg også godt innslag.

(29)

typen er vanlegast med artar som tyrihjelm, skogstorkenebb, engsoleie, marikåpe, mjødurt og grasartar som sølvbunke, gulaks, engkvein og smyle.

Ei lågurtutforming forekjem sjeldnare. Denne krev næringsrik grunn og opptrer på tørrare og meir opplendte stader, ofte sørvendt. Her er feltsjiktet dominert av låge urtar, gras og småbregner, medan høgstauder berre finst sporadisk. Skogstorkenebb er

oftast dominerande med innslag av småbregner og grasartane smyle, gulaks og engkvein.

Karakteristiske artar er tågebær, skogfiol, fjellfiol, legeveronika og sveve-artar. Innslag av næringskrevande låge urtar som fjellfrøstjerne og fjelltistel er vanleg.

Engbjørkeskog er ein høgproduktiv skogtype og har derfor vore ein viktig ressurs som beitemark og utmarkslått. Engskogane i kartleggingsområdet ber preg av å ha vore jamt og til dels sterkt hausta gjennom mange generasjonar. Slik utnytting har favorisert grasartane, særleg sølvbunke og engkvein, men også gulaks og rappartar. Areal der grasdekninga er større enn 50% blir registrert med tilleggssymbolet g. Ved feltkontroll av registreringane frå 1987 var inntrykket at dette symbolet var for lite brukt.

Forekomst: I kartleggingsområdet finst areal engbjørkeskog på sørsida av Flæin og ved Kinnehallidn.

Beiteverdi: Dette er den mest produktive av bjørkeskogtypane med omsyn til

planteproduksjon. På beitekartet er typen sett som svært godt beite. Dette vil vanlegvis vera uttrykk for potensiell beiteverdi da den ”normale utforminga” vil ha høg dekning av høge urtar da særleg tyrihjelm. Engbjørkeskogen har hatt ein sentral posisjon i tidlegare tiders utmarksutnytting. Framleis ber det meste av engbjørkeskogen i Svennes sameie preg av dette og er svært grasrik i høve til normal utforming.

Bilde 10. Engbjørkeskogen kan ha mykje med tyrihjelm der han ikkje blir beita, men oftast er beitepåverknaden høg i typen.

(30)

4f Flommarkkratt

Økologi: Dette er krattvegetasjon på ustabil mark langs elvekantar eller på bankar og øyrer i elveløp. Områda blir periodevis oversvømt og vegetasjonen blir i tillegg utsett for mekanisk slitasje.

Fysiognomi: Karakteristisk for typen er mangel på tresjikt og eit meir eller mindre velutvikla busksjikt. Felt- og botnsjiktet vil ofte vera glissent avhengig av stabiliteten i substratet. I kartleggingsområdet er typen dominert av tett busksjikt av bjørk og

vierartar, mest grønnvier.

Forekomst: Areal av flommarkkratt er registrert langs Tisleia.

Beiteverdi: Typen har lite av beiteplanter og er mindre godt beite.

FURUSKOG

6a Lav- og lyngrik furuskog

Økologi: Dette er lysopen furuskog som finst på skrinne og godt drenerte avset- ningar når vi går ned i barskogregionen.

Artar: I feltsjiktet dominerer fjellkrekling, tyttebær, blokkebær og røsslyng. Smyle og blåbær forekjem spreitt. Lavartar som kvitkrull, lys- og grå reinlav og islandslav kan ha høg dekning på dei tørraste utformingane.

Forekomst: I Svennes sameige er typen vanleg på grove avsetningar langs Tisleia.

Beiteverdi: Her finst det lite av beite- planter og beiteverdien er mindre god.

6b Blåbærfuruskog

Økologi: Det meste av areal i

barskogregionen med moderat forsyning av næring og vatn vil vera dominert av gran, men på enkelte litt tørrare lokalitetar kan furu forekoma.

Artar: Furu er dominerande treslag, men innslag av gran er vanleg.

Undervegetasjonen vil i stor grad samsvare med granskogtypen, men ofte er innslaget av fjellkrekling større.

Forekomst: Noko av furuskogarealet ved Tisleia er av blåbærtype.

Beiteverdi: Innslag av smyle gjev godt- mindre godt beite.

Bilde 11. Lav- og lyngrik furuskog.

Bilde 12. Blåbærfuruskog.

(31)

GRANSKOG

7a Lav- og lyngrik granskog

Økologi: Dette er lysopen granskog som opptrer på skrinne og godt drenerte avsetningar når vi går ned i barskogregionen. Furu vil oftast dominere på slike lokalitetar, men dominans av småvaksen gran er ikkje uvanleg i dette området.

Artar: I feltsjiktet dominerer fjellkrekling, tyttebær, blokkebær og røsslyng. Smyle fore- kjem spreitt. Lavartar som kvitkrull, lys- og grå reinlav og islandslav kan ha høg dekning.

Forekomst: Berre mindre areal er registrert ved Tisleia.

Beiteverdi: Typen har lite av beiteplanter. Mindre godt beite.

7b Blåbærgranskog

Økologi: Blåbærgranskog forekjem på stader der tilgangen på næring og vatn er bedre enn i førre typen. Dette er vanlegaste granskogtypen i området og finst vanleg i flatt og opplendt terreng, samt i lisider med moderat vassforsyning.

Artar: Artsinventaret vil mykje vera likt med blåbærbjørkeskogen. Smyle inngår jamt og kan få svært høg dekning på lysopne flekkar og snauflater. Eit tjukt mosedekke av etasjehusmose, sigdmosar og furumose er vanleg.

Forekomst: Store areal er registrert i hallinga ned mot Tisleia. Mykje av denne skogen er open. Til saman utgjer typen 10,5 % av kartleggingsarealet.

Beiteverdi: Det meste av denne typen er dominert av blåbær og smyle og er godt beite.

Hogstflater kan bli totalt dominert av smyle og vil vera viktige beite særleg tidleg på sommaren før smyla blomstrar. Dei skogdekte areala vil bli viktigare ut over sommaren da mykje av smyla her er steril og bevarar ein grøn bladmasse langt ut over hausten.

Bilde 13. Lav- og lyngrik granskog ved Brattstølen. Foto M. Angeloff.

(32)

7c Enggranskog

Økologi: Enggranskog opptrer i lier og dråg med god tilgang på næring og oksygenrikt vatn. I Svennes sameie er dette som regel sterkt beitepåverka og lysopen skog.

Artar: Gran er dominerande treslag, men høgt innslag av bjørk er vanleg. Utforminga vil elles vera parallell til engbjørkeskog. Typen er oftast sterkt beitepåverka med høgt innslag av grasartar som engkvein, gulaks og sølvbunke.

Bilde 14. Blåbærgranskogen opp mot fjellet er oftast open som her på Høgåsen.

Bilde 15. Enggranskog forekjem ofte i smale renner i dei grove morenemassane ned mot Tisleia. Typen er som regel sterkt beita og svært grasrik. Her ved Fløten.

(33)

Forekomst: Store areal av enggranskog finst i lisida frå Liaset til Ølsjøbakkan. Typen er også godt representert kring Brattstølen og Hermannstølen, og opptrer ofte i mosaikk med blåbærgranskog. Mindre areal finst i renner i blåbærgranskogen mot Fløten. Innslaget er truleg større enn kartet viser da desse areala var vanskeleg å figurere ut på flyfoto.

Beiteverdi: Dette er den mest produktive av granskogtypane med omsyn til plantepro- duksjon. Som parallellen engbjørkeskog, vil typen oftast vera kulturpåverka og grasrik.

Ved beiting på hogstflater kan ein utvikle svært høgt grasinnhald. Typen er svært godt beite.

MYR

9a Rismyr

Økologi: Denne myrtypen har artsfattig og nøysam vegetasjon som klarar seg med den næringa som blir tilført med nedbøren. Dei typiske rismyrene finst i flatt eller svakt skrånande terreng og kan ha eit mektig torvlag. Meir eller mindre tuvedanning er vanleg. Over skoggrensa vil ikkje torvlaget bli så tjukt.

Artar: Vegetasjonen er artsfattig, einsarta og dominert av nøysame artar som røsslyng, krekling, dvergbjørk, blokkebær, molte, bjønnskjegg, torvull og sveltstorr. Botnsjiktet består av ei tett matte av torvmosar.

Forekomst: Typen finst over heile kartleggingsområdet. Store areal er registrert på vasskiljet på Flæin. Her finst typen ofte i mosaikk med blautmyr.

Beiteverdi: Rismyra har lite av beiteplanter. Mindre godt beite.

9b Bjønnskjeggmyr

Økologi: Dette er artsfattig myr med sterk dominans av bjønnskjegg. Forekjem oftast på flate myrareal med lite vassig.

Bilde 16. Rismyr med torvull og dvergbjørk som dominerande artar.

(34)

Artar: Bjønnskjegg er dominerande art. Andre artar både frå grasmyr og rismyr forekjem spreitt.

Forekomst: Berre eitt areal er registrert ved Høgåsen, men truleg skulle større areal vore teke ut. Typen var dårleg innarbeidd i systemet på kartleggingstidspunktet.

9c Grasmyr

Økologi: Dette er jordvassmyrer dominert av storr- og grasartar. Utforminga av vegetasjonsdekket vil vera påverka av kor høgt vatnet står, kor fort vatnet strøymer (verknad på oksygeninnhald) og mengd av næringssalt oppløyst i vatnet.

Artar: På grunnlag av forekomst av meir eller mindre næringskrevande planter, kan gras- myrene delast inn etter næringstilstand i jorda. Vanlegast i dette området er intermediære og rike myrer. Innslag av ekstremrike myrer (kalkmyrer) forekjem, men finst som regel i myrkantane i for smale soner til å figurere ut på kart. Grasmyrene er oftast dominert av flaskestorr og trådstorr under tregrensa. Over tregrensa blir myrene grunnare med vekslande dominans av duskull og flaskestorr. Artar som slåttestorr, gråstorr, blåtopp, trådsiv og bjønnskjegg kan ha høgt innslag. Rike myrer vil ha innslag av artar som fjelltistel, fjellfrøstjerne, bjønnbrodd, svarttopp, jåblom og fjellfiol. I kalkmyrene kjem i tillegg rynkevier, hårstorr, sotstorr, myrtust, trillingsiv, kastanjesiv og mange fleire. Desse myrene er av dei mest interessante vegetasjonssamfunna i fjellet fordi dei har stor

artsrikdom og inneheld mange av dei mest sjeldne fjellplantene våre. Busksjikt helst av lappvier og sølvvier forekjem jamt i grasmyrene. Botnsjiktet blir dominert av brunmosar.

Forekomst: Grasmyr utgjer store areal i kartleggingsområdet, i alt 25%. Store, ofte våte grasmyrareal finst på Flæin. Store areal forekjem òg på Kinnehallidn. Mindre areal av kalkmyr er registrert ned mot Tisleia.

Beiteverdi: Grasmyrene vil bli godt nytta av storfe og beiteverdien kan settast til godt beite. Sau vil i liten grad gå ut på våtlendte areal og beiteverdien er mindre godt beite.

Bilde 17. Grasmyrene i kartleggingsområdet har ofte høg planteproduksjon. Her ved Høgåsen.

(35)

9d Blautmyr

Økologi: Dette er ei samlenemning for djup myr med dårleg bereevne. Felles for alle utformingar er ei svært mjuk myrmatte eller naken, gjørmeaktig torv. Slik myr let seg normalt ikkje ferdast på.

Artar: Artsutvalget er begrensa til nokre få halvgras og urtar, ofte med ei tett matte av torvmosar på dei minst fuktige partia. Vanlege artar er bukkeblad, myrhatt, dystorr, frynsestorr, flaskestorr og duskull.

Forekomst: Noko areal er registrert på Flæin.

Beiteverdi: Slik myr let seg ikkje ferdast på av beitedyr og er ikkje beiteareal.

9e Storr- og takrørsump

Økologi: Vegetasjon langs breidden av innsjøar, tjønner og elver, samt høgstorrdominerte, våte myrer. På Flæin finst ein del areal av typen som delvis kan tørke opp ut over i

veksesesongen.

Artar: Feltsjiktet er dominert av store storrartar som flaskestorr og trådstorr. Desse står i vatn størstedelen av sesongen og det finst ikkje botnsjikt. Vegetasjonen er svært artsfattig, men likevel produktiv med stor betydning for våtmarksfaunaen.

Forekomst: Denne vegetasjons- typen vil ofte opptre som smale belte i kanten av tjønner og vatn og er da vanskeleg å få ut på kart.

Typen vil derfor vera underrepre- sentert. Noko areal er registrert på Flæin. Truleg skulle større areal vore teke ut av denne typen da det var svært tørt i

kartleggingåret 1986.

Beiteverdi: Typen har ingen beiteverdi for sau. Der botnen er fast kan beiteverdien vera god for storfe.

JORDBRUKSAREAL

11a Dyrka mark

Dette er fulldyrka eller overflatedyrka jord med kulturbetinga vegetasjon. Mykje dyrka jord finst i stølsgrendene, men ein del areal er også dyrka utover dette. Dyrka mark utgjer 4% av kartleggingsarealet.

11b Beitevollar

Økologi: Dette er kulturbetinga, grasdominert vegetasjon som har oppstått etter langvarig husdyrbeiting, slått eller anna kultivering. Marka er oftast ujamn og kan ha

Bilde 18. Storrsump ved Høgåsen.

(36)

oppstikkande stein og stubbar. Klassifiseringa mellom denne og forrige type kan vera vanskeleg, men beitevollar skal i utgangspunket gjelde areal som ikkje har vore pløgd.

Ein del område i utmark utanom setervollane er også sett i denne typen.

Artar: Vegetasjonen er dominert av "naturlege" grasartar og beitetolande urtar. Dette kan omfatte svært ulike utformingar etter nærings- og vasstilstand i jorda og kulturpåverknad.

Felles for alle er total dominans av grasartar og eit større eller mindre innhald av

beitetolande urtar. Sølvbunke, engkvein, gulaks, fjellrapp, raudsvingel, ryllik, kvitkløver, kattefot, blåklokke og prestekrage er typiske artar i beitevollane. I kartleggingsområdet finn ein òg vanleg litt meir næringskrevande urtar som fjellfrøstjerne, fjelltistel og flekkmure. Busksjikt av einer forekjem og er eit aukande problem i dei fleste stølsgrendene.

Forekomst: Areal av beitevoll forekjem i første rekkje i tilknytning til stølsgrendene.

Mindre areal finst på sterkt kultiverte areal i utmarka.

Beiteverdi: Beiteverdien vil her vanlegvis vera høg, men kan vera redusert på grunn av høg dekning av finnskjegg eller einer.

UPRODUKTIVE OG BEBYGDE AREAL

12e Bebygd areal, ope

Areal der 25-50% er dekt av vegar, bygningar o.l. Areal er registrert ved Hovda.

12f Anna nytta impediment

Grustak, fyllingar, anleggsområde o.l. Grustak er registrert ved Tisleia.

Bilde 19. Sterkt beita areal i utmarka med opphav i engskogar eller høgstaudeeng får beitevollpreg og er registrert som dette. Her ved Fløten.

(37)

5.4 Vegetasjon og beite i ulike delar av Svennes sameie

Nedafor følgjer ein områdevis omtale av vegetasjon og beite i Svennes sameie basert på observasjonar under vegetasjonskartlegging.

Breiset-Åkervollstølen: I hallinga på nordsida av Flæin dominerer rishei vegetasjonen på alle opplendte areal. Mot Åkervollstølen er mykje av areala tresette med

blåbærbjørkeskog. Delar av risheia ligg på ryggar og er skrinn med lavdekning. Frisk rishei med bra smyledekning finst i lesidene. Kring Breiset er store risheiareal sterkt beitepåverka. Dette har ført til høg dekning av tørkeprega grasartar som sauesvingel og finnskjegg som ikkje gjev nemnande beite. Langs bekkar og vassig finst jamt innslag av høgstaudeeng og grasmyr. Store areal er dyrka opp på Breiset.

Bilde 20. Areala rundt Breiset er sterkt beitepåverka (Foto M.Angeloff).

Bilde 21. Kjem ein litt bort frå sjølve stølsvollane på Breiset er vegetasjonen lite beiteprega. Høgstaudeengene har tette vierkratt og dvergbjørk dominerer risheia.

Høgstaudeengene utgjer viktigaste vegetasjonstypen for beite i området. Lågt beitetrykk i utmarka har ført til at vier har vokse godt til i denne vegetasjonstypen og reduserer produksjonen av beiteplanter og tilgjengelegheit til beite for beitedyra. Dei hallande grasmyrene har rikt vassig som gjev god dekning av storr og godt med vier. Dette er god

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Beiteverdi: I lavheia finst svært lite beiteplanter slik at typen er mindre godt beite for husdyr.. I eit beiteområde vil innslag av rabbar likevel ha betydning som

Beiteverdi: Her finnes det svært lite beiteplanter slik at typen er mindre godt beite.. I et beiteområde vil innslag av rabber likevel ha betydning som “trivselsland”, ettersom

Beiteverdi: I lavheia finner vi svært lite av beiteplanter, og typen utgjør mindre godt beite.. I et beiteområde kan forekomst av rabber likevel ha betydning som

Beiteverdi: I lavheia finn vi svært lite av beiteplanter slik at typen er mindre godt beite.. I eit beiteområde vil innslag av rabbar likevel ha betydning

Beiteverdi: I lavheia finn vi svært lite beiteplanter slik at typen er mindre godt beite.. I eit beiteområde vil innslag av rabbar likevel ha betydning som “trivselsland”,

Beiteverdi: I lavheia finn vi svært lite av beiteplanter, og typen utgjer mindre godt beite.. I eit beiteområde kan forekomst av rabbar likevel

Beiteverdi: Her finnes svært lite beiteplanter slik at typen er mindre godt beite.. I et beiteområde vil innslag av rabber likevel ha betydning som “trivselsland”,

Beiteverdi: I lavheia finner vi svært lite av beiteplanter, og typen utgjør mindre godt beite.. I et beiteområde kan forekomst av rabber likevel ha betydning som “trivselsland”,