Sakshandsamar: Grete Haugan Vår dato Vår referanse
Telefon: 57643148 04.02.2015 2010/14368 - 470
E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse
Sunde Resirk AS Postboks 193
6882 ØVRE ÅRDAL
Sunde Resirk AS, Årdal - endringar i utsleppsløyve. Varsel om gebyr.
Fylkesmannen gjer følgjande endringar i utsleppsløyve etter ureiningslova datert 22.02.2011:
• Vindauge og impregnert materiale kan lagrast ved anlegget i inntil eit år.
• Innkjøpt maskin kan brukast for å skilje isolasjon frå aluminiums- og koparkablar
• Sunde Resirk AS får løyve til mottak av inntil 5 kasserte store kjøretøy pr. år ved anlegget i Årdal.
Sunde Resirk AS sitt anlegg i Årdal har utsleppsløyve frå Fylkesmannen datert 22.02.2011.
Løyvet omfattar handtering av ordinært og farleg avfall frå næring. Under tilsyn ved anlegget hausten 2013 vart det gitt nokre avvik for praksis ved anlegget som ikkje var i samsvar med løyvet. Som ein del av oppfølginga etter tilsynet, og for å gjere dagens praksis lovleg, har Sunde Resirk AS søkt om følgjande endringar i utsleppsløyvet:
• Auke i maksimal lagringstid for vindauge og impregnert trevirke frå ½ til 1 år
• Løyve til bruk av granuleringsmaskin for å skilje isolasjon frå aluminiums- og koparkablar
• Løyve til mottak av einskilde store kjøretøy for sanering ved anlegget i Årdal
Konklusjon
På bakgrunn av søknaden og etter ei heilskapleg vurdering av miljømessige, tekniske og økonomiske forhold vurderer Fylkesmannen at dei endringane i utsleppsløyvet som de søkjer om kan gjevast. Fylkesmannen vurderer dette som mindre endringar i løyvet som ikkje medfører særlege endringar i drifta ved anlegget, og som ikkje vil ha effekt for naboar eller andre. Søknaden er difor ikkje sendt på høyring, men kopi av dette brevet vert sendt naboar og kommune til orientering.
Vedlagte løyvedokumentet (utsleppskonsesjonen) er oppdatert med endringar, og erstattar tidlegare løyve. Oversendingsbrev datert 22.02.2011 gjeld som tidlegare saman med dei endringane som vert omtalt i dette brevet.
Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post:
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected]
Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett:
Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj
Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/3
Fylkesmannen si vurdering:
Auke i maksimal lagringstid for vindauge og impregnert trevirke frå ½ til 1 år
Vindauge og impregnert materiale vert sendt til vidare behandling i eigne containarar. For å unngå å sende halvfulle containarar ønskjer verksemda å kunne lagre dette avfallet på anlegget til ein container er fylt opp. Sunde Resirk AS sitt utsleppsløyve set krav om at motteke farleg avfall til vanleg skal leverast vidare til godkjent mottak innan 6 månader. Det vert søkt om å få utvida lagringstida til 1 år for vindauge og for impregnert materiale.
Fylkesmannen meiner at verksemda ikkje vil ha problem med forsvarleg lagring av desse avfallsfraksjonane i inntil 1 år. Av miljøomsyn vil det vere ønskeleg å kunne fylle opp containarar før transport. Fylkesmannen gir difor løyve til utvida lagringstid inntil 1 år for vindauge og impregnert materiale ved anlegget i Årdal.
Løyve til bruk av granuleringsmaskin for å skilje isolasjon frå aluminiums- og koparkablar
Verksemda har ei eiga granuleringsmaskin som skil ut kopar frå elektriske leidningar.
Plastmaterialet rundt leidningane vert granulert, og sendt vidare til forbrenning. Leidningar er å rekne som ee-avfall og verksemda treng løyve frå Fylkesmannen for å kunne gjere dette.
Fylkesmannen gir Sunde Resirk AS løyve til slik behandling av elektriske leidningar før vidarelevering til godkjent mottak. Dersom granulert isolasjon skal sendast til forbrenning, må det dokumenterast at dette ikkje er farleg avfall.
Løyve til mottak av einskilde store kjøretøy for sanering ved anlegget i Årdal
Sunde Resirk AS har i dag løyve til mottak og behandling av bilar på anlegget i Kaupanger.
Sunde Resirk AS i Årdal handterer kasserte kjøretøy for Hydro. Desse vert til vanleg lasta opp på Hydro sitt område og kjørt direkte til mottakar. Men av og til kan det vere behov for å ta store kjøretøy inn på anlegget i Årdal for tapping og klargjering før vidare transport. Det har hittil vore snakk om maksimalt 1 – 3 kjøretøy pr. år. Verksemda treng løyve frå
Fylkesmannen for å kunne gjere dette. Fylkesmannen meiner at bedrifta har både
kompetanse og anlegg for å kunne gjere ein slik jobb forsvarleg i så avgrensa omfang som det her er snakk om. Fylkesmannen gir Sunde Resirk AS løyve til mottak av inntil 5 kasserte store kjøretøy pr. år ved anlegget i Årdal.
Varsel om gebyr for sakshandsaming
Fylkesmannen si handsaming av søknader om endring av utsleppsløyve er omfatta av ei gebyrordning, jf. kap. 39 i ureiningsforskrifta.
Vi varslar med dette at Sunde Resirk AS skal betale eit gebyr på gebyrsats 3 - kr. 5500,- Dersom de har merknad til dette varselet, må denne sendast til Fylkesmannen innan tre veker. Gebyret vert deretter fastsett i eige vedtak.
Klagerett
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker etter melding om vedtak er kome fram eller frå vedkommande fekk eller burde skaffa seg kjennskap til vedtaket. Ein eventuell klage skal oppgje nærare kva det vert klaga på og den eller dei endringane som ein ønskjer. Klagen bør grunngjevast, og andre opplysningar som har noko å seie for saka bør nemnast. Klagen skal sendes til Fylkesmannen.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/3
Ein eventuell klage fører ikkje automatisk til at gjennomføringa av vedtaket vert utsett.
Fylkesmannen eller Miljødirektoratet kan etter oppmoding eller av eige tiltak avgjere at vedtaket ikkje skal gjennomførast før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Avgjerda av spørsmålet om gjennomføring kan ikkje påklagast.
Med helsing
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi: Årdal kommune Tronteigen grendelag
Gøsta Hagenlund Grete Haugan
assisterande fylkesmiljøvernsjef senioringeniør
Sakshandsamar: Gøsta Hagenlund Vår dato Vår referanse
Telefon: 57 65 51 44 22.02.2011 2010/14368 - 470
E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse
Sunde resirk as P.b. 193
6882 ØVRE ÅRDAL
Årdal - Sunde resirk as - oversending utsleppsløyve etter ureiningslova - avfallsmottak
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vedtatt å gje Sunde resirk as løyve etter ureiningslova til handtering av avfall på omsøkt stad i Utladalen. Løyvet omhandlar etablering og nærare vilkår for handtering av ordinært og farleg avfall. Løyvet med vilkår vert send saman med dette brevet og dokumenta må sjåast i saman.
Vi viser til søknad frå Sunde resirk as dagsett 9.9.2010 og 28.9.2010 og seinare tillegg om løyve til verksemd etter ureiningslova.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Sunde resirk as utsleppsløyve etter ureiningslova for handtering av avfall i Utladalen i Årdal kommune. Utsleppsløyvet med vilkår følgjer vedlagt. Merk også at vedlegga til løyvet er ein del av dei juridiske krava til verksemda.
Oppfølging av vilkåra må sjåast saman med dei forklaringane og utdjupingane ein finn i dette oversendingsbrevet.
Fylkesmannen har ved avgjerda av om løyve skal gjevast og ved fastsetjinga av vilkåra lagt vekt på dei ureiningsmessige ulemper ved tiltaket samanhalde med dei fordelane og
ulempene som tiltaket elles vil føre med seg. Ved fastsetjinga av vilkåra har Fylkesmannen vidare lagt til grunn kva ein kan nå med beste tilgjengelege teknikkar.
Dei utsleppskomponentane frå verksemda som vi meiner har mest å seie for miljøet, er regulert gjennom dei spesifikke vilkåra i løyvet. Utslepp som ikkje er regulert på denne måten, er likevel omfatta av løyvet så langt opplysningar om slike utslepp vart lagt fram i samband med saksbehandlinga, eller må reknast som kjende på anna måte då vedtaket vart gjort. Dette gjeld likevel ikkje utslepp av prioriterte stoff oppført i vedlegg 1. Utslepp av slike stoff er berre omfatta av løyvet dersom dette går uttrykkeleg fram av vilkåra løyvet, eller utsleppa er så små at dei er vurdert å vere uvesentlege for miljøet.
Bakgrunn og saksframstilling
Anlegget er ei vidareføring av aktiviteten som den konkursråka verksemda Sunde gjenvinning as har hatt på staden. Verksemda driv ein aktivitet som stettar dei sentrale prinsippa i avfallshierarkiet: Avfall skal søkast minimert, før ombruk, materialgjenvinning eller energiutnytting vert vurdert. Berre restavfall som etter føregåande behandling ikkje lett eller på samfunnsøkonomisk måte kan nyttast, kan vurderast sluttdisponert . Verksemda tek vare på restverdiar i avfall slik at mest mogleg er tilgjengeleg for materialgjenvinning eller
energiutnytting.
Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post:
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected]
Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett:
Telefaks: 57 65 50 05 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj
Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/6
Verksemda handterer også farleg avfall, som er den viktigaste avfallsfraksjonen som på grunn av fare for skade på helse og miljø må takast særskild hand om. Det er svært viktig at Sunde resirk as kan ta i mot alt farleg avfall som verksemda er eigna til å ta imot, og at dei bidreg til å få sortert ut og teke forsvarleg hand om slikt avfall frå alle kundane sine.
Aktiviteten på anlegget er omfatta av ulike delar av ureiningsregelverket. Det har tidlegare vore vanleg å gje separate løyve for kvar av aktivitetane farleg avfall og ordinært avfall. Vi har no vald å samle løyvekrava i eitt dokument, og såleis søke å gje ei betre samla oversikt over ureiningskrav til drifta. Der krav til handtering av farleg avfall og ordinært avfall er ulike, er det tydeleg markert i løyvedokumentet.
Søknaden har vore førehandsvarsla og lagt ut til offentleg gjennomsyn, jf. § 36-7 i ureinings- forskrifta. Det har kome 1 merknad til framlegget frå Tronteigen grendelag. Uttalen omtalar behov for å setje krav til å redusere utslepp av støv og støy. Søkjar er gjort kjend med uttalen.
Miljøpåverknad frå aktivitetane
Ramme for aktivitet, omsetting og lagring av avfall er gitt i vilkår 1 i vedlagte løyve. Dersom ramma varig vert overskrede, må det søkast om ny ramme. Det same gjeld ved andre nødvendige driftsendringar som kan føre til auka utslepp eller ulempe.
Avfallshandtering kan gje fleire ulike miljøpåverknader. Samstundes er denne type anlegg avgjerande for å i vare ta næringslivet sine behov for tiltak etter ureiningslova, redusere samla avfalls-/forsøplingstilhøve i kommunane det gjeld, og for å unngå unødvendig frakt av usortert avfall.
Anlegget tar i mot, sorterer, omemballerer og mellomlagrar for å få gunstige transport- mengder eller tilstrekkeleg reine fraksjonar til at fråsortert avfall får høgast mogleg restverdi.
Handteringa vil vere støyande, men det er ikkje venta at støygrensene i løyvet vil brytast ved nemnde bygningstypar. Transport m.m. kan føre til støving eller at noko avfall flyg vekk med vind. Verksemda må difor ha rutinar for å dempe støv og rydde ved behov. Ved handtering av avfall kan det skje at maskinar har uhell frå oljeutslepp, eller at tilgrisa (med olje) avfall kan lekke oljehaldig vatn. Slikt vatn skal førast til oljeutskiljar. Av di avfall kan verke skjemmande er det krav om innbygging / inngjerding av delar av anlegget. Krav om fråsortering innan ei veke vil dekke alle normalsituasjonar, og er viktig for å sikre verdiane best mogeleg i fråsortert avfall. Kravet må forståast slik at i spesielle situasjonar kan avfallet verte liggande noko lenger.
Fylkesmannen sine vurderingar og grunngjeving for fastsette vilkår
Fylkesmannen har ved fastsetjinga av vilkår for løyvet lagt vekt på dei ureiningsmessige ulempene og vurdert dei mot fordelar og ulemper som aktiviteten elles vil føre med seg. Ved fastsetjinga av vilkåra har Fylkesmannen vidare lagt til grunn kva ein kan nå med beste tilgjengelege teknikkar.
Aktiviteten er vurdert i høve til § 12 i vassforskrifta. Etter vår vurdering er det ikkje noko som tyder på at aktiviteten vil føre til endring av tilstandsklassa i vassførekomsten. Vi kan ikkje sjå at aktiviteten kjem i konflikt med reglane i naturmangfaldlova.
Løyvet omfattar både ordinært avfall og farleg avfall som kan handterast i samsvar med vilkåra i løyvet. Løyvedokumentet presiserer ein rad krav. Verksemda pliktar å halde alle utslepp på eit lågast mogleg nivå, og pliktar å rydde opp i ev. ureining eller forsøpling så snart som råd, jf. §§ 7 og 28 i ureiningslova.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/6
Vi gjer spesielt merksam på at mange lovkrav går direkte fram av lov/forskrift og er ikkje gjenteke i dette løyvet. Når enkelte lovkrav er spesielt nemnd, er det delvis for å kunne omtale dei mest sentrale krava, dels for å informere verksemda og ålmenta om viktige krav, og delvis for å kunne ytterlegare presisere og tilpasse generelle reglar til verksemda. Ved tvil om tolking, gjeld likevel krav i lovverket over vedtak i løyvet, dersom lovtekst ikkje gir
styresmakta heimel til særskild unntak eller skjerping. Nettstaden www.regelhjelp.no gir oversikt over dei viktigaste ureinings- og avfallshandteringskrav til ein lang rad verksemder i Norge.
Krav til internkontroll går fram av eigen forskrift og plikta er presisert i vilkåra. Kravet føreset ein rad tiltak, der omfang vil gå fram etter eigen risikokartlegging. Mellom anna må brot på løyvet eller andre reglar etter ureinings- og avfallsregelverket handsamast internt som avvik. Mottak/forsøk på levering av avfall om ikkje er omfatta av løyvet eller på annan måte ikkje er tillate å ta i mot, må også handsamast som avvik. Slikt avfall må snarast råd leverast til godkjent mottak og rett tilsynsstyresmakt bør ha særskild melding.
Løyvet inneheld fleire særskilde krav til informasjon. Generelt skal verksemda informere tilsynsstyresmakta om drift m.v., men skal også informere ålmenta årleg om miljø-
påverknadar. Kvar kunde skal ha skriftleg informasjon om kva for avfallstypar som kan leverast og kva for sorteringsordningar som bør gjennomførast. Spesielt må det informerast om særskilde krav til levering av farleg avfall, og om sorteringskrava for bygg- og
anleggsavfall for dei det gjeld.
Sikring av nærmiljøet vil m.a. vere tilstrekkeleg inngjerding og låst port, innebygging, container eller tett lagertank. Løyvehavar pliktar alltid å halde sorteringsanlegget og områda omkring, inkludert nærmaste tilførslesvegar fri for forsøpling. Ryddeaksjonar må
gjennomførast etter behov. M.a. bør ein ha skriftleg rutine for umiddelbar/løpande opprydding. Ulike skadedyr kan bruke avfallet som skjul og vil finne næring i delar av
avfallet. Verksemda skal difor ha eit program for å følge med på om skadedyr kan finnast og gjere tiltak for å minimere ulempe.
Krav til maksimal konsentrasjon av olje i vatn etter oljeutskiljar, er sett likt med tidlegare krav då det er eit eksisterande anlegg som vil verte nytta. Verksemda bør særskild vurdere om anlegget bør bytast ut for å tilfredsstille nyare krav. For oppfølging (dokumentasjon, analyse, tøming osb.) bør verksemda følge dei generelle krava i ureiningsforskrifta.
Drifta ved anlegget vil føre med seg støy. Krava har nyare utforming av måleeining i høve til utsleppsløyve som gald for tidlegare anlegg. Grenseverdiane er sette i samsvar med vanleg avgrensing av støy som vert oppfatta problemfylt. Unødig støyutslepp skal avgrensast mest mogleg. Til dømes er sleping av container over fast dekke særleg støyande og bør unngåast utanom dagtid.
Merk at avfall som kan ha farlege eigenskapar og som skal sluttdisponerast på deponi, må vere testa i samsvar med kap. 9 i avfallsforskrifta.
Verksemda skal ha system som sikrar at fråsortert avfall tilfredsstiller krav som følger av etablerte ordningar for materialgjenvinning av avfall. Dersom det vert oppdaga ulovleg avfall inn til anlegget, må dette sorterast frå og gjevast ei lovleg handtering. Avfallet kan anten returnerast leverandør eller så raskt som mogleg sendast til godkjent mottak i samsvar med ADR-reglane. Leverandøren skal varslast om feilleveringa, hendinga skal loggførast og gjerast tilgjengeleg for Fylkesmannen.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
4/6
Mellomlagring av avfall bør så langt råd berre lagrast på tett flate og som hovudregel under tak. Mottak av større einingar eller større mengd einsarta avfall – som kreosot- eller CCA- impregnert materiale, metall m.m. kan ein av praktiske grunnar likevel mellomlagre ute. Det vert venta at slik mellomlagring skal vere så kort som praktisk råd innafor rammene i vilkåra.
Konklusjon
På bakgrunn av søknaden og etter ei heilskapleg vurdering av miljømessige, tekniske og økonomiske forhold vurderer Fylkesmannen at utsleppsløyve etter ureiningslova på nærare vilkår kan gjevast. Fylkesmannen vil føre eit risikobasert tilsyn med verksemda.
Løyvedokumentet (utsleppskonsesjon) vert sendt saman med dette skrivet. Dei juridiske krava som elles ikkje går fram av lov- og forskriftsverket - eller er presisert eller innskjerpa i høve til det generelle regelverket, er samla i løyvedokumentet.
Fristar
Tabellen nedanfor gir oversikt over nokre fristar for gjennomføring av tiltak som løyvet krev:
Tiltak Frist Tilvising til
vilkår
Journalføring Kontinuerleg 3.1 og 3.4
Informasjon til kundar Kvar nye, elles
jamleg
3.2 Mellomlagring ordinært avfall Maks. 12 månadar 3.3 Mellomlager farleg avfall Maks. 6 månadar, 12
mndr. for avfall nemnd i vedlegg 3
3.4
Mellomlager på mobilt mottak, farleg avfall Maks 24 timar 3.4
Olje i avløpsvatn Min. 4 gonger per år 4.1
Dokumentasjon på støyutslepp Innan 2 år 6
Ha etablert tilfredsstillande finansiell garanti Gjeld for motteke næringsavfall
Innan 12 mndr. frå løyvedato
8
Miljørisikoanalyse Innan 6 mndr. frå
løyvedato
9.1
Øving av beredskap Minst 1 gong per år 9.3
Rapportering til ureiningsstyresmakta Årleg 1.3 eller særskild frist det enkelte året
10 og vedlegg 4
Oversikt over miljøpåverknad frå aktiviteten Årleg til ålmenta Miljøinforma- sjonslova
Gebyr
Fylkesmannen si handsaming av søknader om endring av utsleppsløyve er omfatta av ei gebyrordning. Gebyr for kontrollar og vurdering av løyve skal betalast i samsvar med kap. 39 i ureiningsforskrifta.
I samsvar med varsel av 19.11.2010 vert søknadshandsaminga plassert i sats 3 etter § 39-4 i ureiningsforskrifta. Det vil seie at verksemda må betale kr. 49 800,- (gebyrsats for
søknadstidspunkt i 2010). Faktura vert ettersend frå Klif og må betalast innan 30 dagar frå mottaking.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
5/6
Generelle føresetnader for løyvet og informasjon om regelverket Internkontroll
Det er ein føresetnad at verksemda har ein internkontroll som tek omsyn til verksemda sine plikter for å hindre ureining av ytre miljø, og som sikrar at verksemda oppfyller dei krava som går fram av lover, forskrifter og utsleppsløyvet.
Vi vil streke under at all ureining frå verksemda isolert sett er uønskt. Jamvel om utslepp vert halde innafor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere utsleppa så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. Det same gjeld utslepp av komponentar det ikkje uttrykkelig er satt grenser for gjennom særskilte vilkår.
I tillegg til dei krava som følgjer av løyvet, pliktar verksemda å stette alle relevante krav i ureiningslova og produktkontrollova med forskrifter som er heimla i desse lovene. Nokre av mest relevante forskrifter er nemnt i løyvet. For informasjon om andre reglar som kan være aktuelle for verksemda, viser vi til www.regelhjelp.no.
Endring eller tilbakekalling av løyvet
Fylkesmannen kan gjere endringar i dette løyvet med heimel i § 18 i ureiningslova.
Endringar skal vere grunna på skriftleg saksbehandling og ei forsvarleg utgreiing av saka.
Ein eventuell endringssøknad må difor liggje føre i god tid før endring kan gjennomførast.
Tilsyn
Verksemda pliktar å la representantar for ureiningsstyresmaktene eller den som desse gjev fullmakt, få inspisere anlegget til ei kvar tid jf. ureiningslova kap. 7.
Tvangsmulkt, straff
Brot på løyvet er straffbart etter ureiningslova §§ 78 og 79. Også brot på krav som følgjer direkte av ureiningslova og produktkontrollova samt forskrifter fastsett i medhald av disse lovene, er straffbart.
Ved avvik frå løyvet eller ureiningslova kan Fylkesmannen gje pålegg om igangsetjing av tiltak for å rette opp avvik, jf. ureiningslova § 7, siste ledd. Dersom pålegget ikkje vert følgt opp kan Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt til staten jf. § 73, eller sørgje for igangsetjing av tiltak jf. ureiningslova § 74.
Erstatningsansvar
Dette løyvet fritek ikkje søkjaren for å hente inn løyve for andre sider av verksemda, som t.d. arbeidsmiljø, helse- og landbrukslovgjevinga.
At ureininga er tillete, fritek ikkje verksemda frå eventuelle erstatningsansvar for skade, ulemper eller tap som følgje av ureininga, jf. ureiningslova § 10 og kap 8 (spesielt § 56), samt grannelova §§ 6, 7 og 8.
Klagerett
Vedtaket - også plasseringa i gebyrklasse, kan klagast på til Klima og forureinings- direktoratet (Klif) av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker etter melding om vedtak er kome fram eller frå vedkommande fekk eller burde skaffa seg kjennskap til vedtaket. Ein eventuell klage skal oppgje nærare kva det vert klaga på og den eller dei endringane som ein ønskjer. Klagen bør grunngjevast, og andre opplysningar som har noko å seie for saka bør nemnast. Klagen skal sendes til Fylkesmannen.
Ein eventuell klage fører ikkje automatisk til at gjennomføringa av vedtaket vert utsett.
Fylkesmannen eller Klif kan etter oppmoding eller av eige tiltak avgjere at vedtaket ikkje
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
6/6
skal gjennomføres før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Avgjerda av spørsmålet om gjennomføring kan ikkje påklagast.
Med visse avgrensingar har partane rett til å sjå sakens dokumenter. Nærare opplysningar om dette kan ein få ved å vende seg til Fylkesmannen. Andre opplysningar om
saksbehandlingsregler og andre regler som har noko å seie for saka vil Fylkesmannen også kunne gje på førespurnad.
Offentleggjering av løyvet
Vedtaket skal gjerast offentleg kjent, jf. § 36-11 i ”forskrift om begrensning av ureining (forurensningsforskriften)”; kapittel 36 ”Behandling av tillatelser etter forurensninsloven”. Den som har fått løyvet skal så snart som råd kunngjere dette i dagspressa. Kunngjeringa skal innehalde ei kort orientering om løyvet, kvar ein kan vende seg for å få innsyn i
saksdokumenta, og opplysningar om klageinstans og frist for ev. klage på vedtaket. Kopi av kunngjering skal sendast til Fylkesmannen.
Med helsing
Vedlegg: Utsleppsløyvet med vilkår Kopi til: Årdal kommune, via epost
Tronteigen grendelag, ved Odd Hagen, Volldalsvegen 17, 6884 Øvre Årdal
Gøsta Hagenlund Bjarne Nes
ass. fylkesmiljøvernsjef senioringeniør
Løyve etter ureiningslova til Sunde resirk AS for handtering av avfall i Utladalen i Årdal kommune
Løyvet er gitt i medhald av Lov om vern mot forurensninger og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6, § 11 jf. § 16, § 29 og § 11-6 i Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall av 1.6.2004 (avfallsforskrifta). Med heimel i § 18 i ureiningslova er løyvet datert 22.02.2011 erstatta med dette løyvet.
Endra løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar gitt i søknad av 13.11.2013, samt opplysningar framkome under behandlinga av søknaden. Endringar datert 04.02.2015 er markert med raud farge.
Løyvet gjeld frå dags dato og på dei vilkåra som er gjevne i dette dokumentet. Forklaring til enkelte av vilkåra står i oversendingsbreva datert 22.02.2011 og 04.02.2015.
Dersom verksemda ynskjer å gjere endringar i høve til opplysningar som er gitt i søknaden eller under saksbehandlinga, og desse endringane kan ha innverknad på miljøet, må endringane avklarast skriftleg med Fylkesmannen på førehand.
Verksemddata
Verksemd: Sunde resirk AS
Stad, adresse, poststad P.b. 193, 6882 Øvre Årdal
Besøksadresse: Utladalen industrifelt Gards- og bruksnr. 11/54, 11/75
Kommune og fylke Årdal i Sogn og Fjordane
Org. nummer (føretak) 995 772 604 Org.nr. (verksemd) 972 220 248 NACE-kode 38.11 Innsamling av ikkje-farleg avfall
38.210 Behandling og disponering av ikkje-farleg avfall 38.220 Behandling og disponering av farleg avfall Fylkesmannen sine referansar
Arkivkode Anleggsnummer Løyvenummer Fagområde Risikoklasse1 10/14368 1424.0015.02
(farleg avfall) 1424.0007.01 (ordinært avfall)
2011.068.T 2011.069.T
avfall – mottak,
mellomlagring og sortering farlig avfall – mottak og mellomlagring
3
Løyve gitt: 22.02.2011 Endringsnummer: 1 Denne endringa: 04.02.2015
Gøsta Hagenlund Ass. fylkesmiljøvernsjef
Grete Haugan Senioringeniør Kopiadressatar: Sjå liste i oversendingsbrevet.
1 Jf. ureiningsforskrifta kap. 39 om gebyr til statskassen for arbeid med tillatelser og kontroll etter ureiningslova
Side 2 av 15
Innhald
Løyve etter ureiningslova til Sunde resirk AS for handtering av avfall i Utladalen i Årdal
kommune 1
1. Produksjonsforhold og rammer 3
2. Generelle krav 3
2.1. Utsleppsavgrensingar ... 3
2.2. Plikt til å redusere ureining så langt som mogleg ... 3
2.3. Tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold ... 3
2.4. Internkontroll ... 4
2.5. Nærmiljø ... 4
3. Om handtering av avfall 4 3.1. Mottak og journalføring ... 4
3.2. Informasjon til kundar ... 4
3.3. Ordinært avfall ... 5
3.4. Farleg avfall ... 5
3.5. Kompetansekrav ... 6
3.6. Eige avfall ... 6
4. Utslepp til grunn og vatn 6 4.1. Utsleppsavgrensingar ... 7
4.2. Utsleppstad for prosessavløp ... 7
4.3. Overflatevatn ... 7
5. Utslepp til luft 7 5.1. Utslepp av lukt ... 7
5.2. Utslepp av støv m.m. ... 7
6. Støy 7 7. Testing og substitusjon av kjemikal og råstoff 8 8. Økonomisk sikkerheit 9 9. Førebyggande og beredskapsmessige tiltak mot akutt ureining 9 9.1. Miljørisikoanalyse ... 9
9.2. Førebyggande tiltak ... 9
9.3. Etablering av beredskap ... 9
9.4. Varsling av akutt ureining eller unormale driftstilhøve ... 9
10. Måling og utrekning av utslepp. Rapportering til Fylkesmannen 10 10.1. Måling og utrekning av utslepp ... 10
10.2. Rapportering til Fylkesmannen ... 10
11. Utskifting av utstyr 10
12. Eigarskifte 11
13. Nedlegging eller lengre driftsstans 11
VEDLEGG 1 - Liste over prioriterte stoff, jf. punkt 2.1. 12
VEDLEGG 2 - Definisjonar 13
VEDLEGG 3 – Avfallstypar som kan lagrast i inntil 1 år 14
VEDLEGG 4 – Innhald i årsrapport 15
Side 3 av 15
1. Produksjonsforhold og rammer
Løyvet gjeld handtering2 av ordinært og farleg avfall frå næring. Løyvet gjeld for ei årleg mengd avfall som det går fram av tabellen:
Ordinært avfall Farleg avfall
Årleg mengd avfall 15 000 tonn 1 000 tonn
Maksimalt mellomlagra på anlegget, fast avfall
5 000 tonn 250 tonn
Maksimalt mellomlagra på anlegget, flytande avfall
50 m3
I tillegg vert det også gitt løyve til mottak av inntil 5 kasserte, store kjøretøy pr. år ved
anlegget i Årdal, og det vert gitt løyve til bruk av granuleringsmaskin for som skil isolasjon frå metall(Cu og Al) i elektriske leidningar.
Løyvet omfattar også handtering av ordinært avfall frå hushald etter skriftleg avtale med vedkomande kommune.
Handteringa av ordinært avfall omfattar: inn- og uttransport, mottak, sortering, kverning, ned- klipping/skjering, omemballering, omlasting og mellomlagring av avfall. Handteringa omfattar ikkje anna behandling (t.d. biologisk eller termisk), sluttdisponering eller nyttiggjøring.
Handteringa av farleg avfall omfattar: inntransport, mottak, sortering, omemballering, mellomlagring inkludert samlagring, omlasting og transport til godkjent mottak. Handteringa omfattar ikkje anna behandling, disponering av, nyttiggjøring, innsamling av farleg avfall eller handtering av ADR-klassa avfall nemnd i vilkår 3.4.
2. Generelle krav
2.1. Utsleppsavgrensingar
Utslepp av prioriterte stoff oppført i vedlegg 1 er berre tillate dersom dette går tydeleg fram av vilkåra i løyvet, eller dei er så små at dei må sjåast på som uvesentlege for miljøet.
2.2. Plikt til å redusere ureining så langt som mogleg
Jamvel om utsleppa vert haldne innafor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere sine utslepp, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. Plikta omfattar også utslepp av komponentar det ikkje er sett spesifikke grenser for.
2.3. Tiltak ved auka ureiningsfare eller unormale driftsforhold
Dersom det som følgje av unormale driftsforhold eller av andre grunner oppstår fare for auka ureining, skjemmande aktivitetar eller liknande pliktar verksemda å setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å fjerne eller redusere den auka faren, også om nødvendig å redusere eller innstille drifta.
Verksemda skal så snart som mogleg informere Fylkesmannen om unormale tilhøve som har eller kan få uføresette følgjer. Akutt ureining skal varslast i høve til vilkår 9.4.
2 Sjå definisjon i vedlegg 2
Side 4 av 15
2.4. Internkontroll
Verksemda pliktar å etablere internkontroll som gjeld for ytre miljø i høve til gjeldande forskrift om dette3. Den skriftlege dokumentasjonen på internkontroll skal blant anna sikre at verksemda held krava i dette løyvet, ureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert.
Verksemda pliktar til ei kvar tid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til ureining og skjemmande tilhøve og kunne gjere greie for risikoforhold.
2.5. Nærmiljø
Den ansvarlege skal utarbeide driftsrutinar som sikrar at nærmiljøulempene som følgje av drifta vert redusert til eit minimum.
Alt råstoff, produksjonseiningar, avfall, produkt m.m. som kan utgjere ein ureiningsfare eller på annan måte vere ein fare eller ulempe for miljøet skal vere sikra mot tilgjenge frå
uvedkomande. Utanom arbeidstid skal anlegget vere heilt avstengd med låst port.
Alle lagertankar for flytande råstoff, tilsatsstoff, innsatskjemikal eller avfall som kan utgjere ein ureiningsfare eller på annan måte vere ein fare eller ulempe for miljøet, skal sikrast mot overfylling og lekkasje. Dersom tankvolumet har større kapasitet enn 3 000 liter, skal sikringa minst ha oppsamlingsvolum tilsvarande kapasiteten på tanken pluss maksimal vekesnedbør.
Handtering av metall og andre særleg støyutsette aktivitetar skal om mogleg skje innandørs.
Utandørs handtering skal vere omgitt av minst 2 meter høgt, tett gjerde, Det skal utarbeidast eige program for å hindre skadedyr.
Brenning eller nedgraving av avfall er ikkje tillate.
3. Om handtering av avfall
3.1. Mottak og journalføring
For alt motteke avfall skal mengd av ulike avfallstypar førast nøyaktig etter registrering på godkjent vekt. Alle nødvendige opplysningar om avfallet skal journalførast. Kvar post skal ha sitt eige løpenummer (lagernummer).
Av journalen skal minst framgå: Dato for mottak, avfallsprodusent, lagerplass/tank, mengd avfall, EAL-kode og tal kolli. Det skal og noterast i journalen når avfallet forlet plassen og kor det vert levert (dato og namn). Nødvendige opplysningar om avfallet skal vere lett
tilgjengelege ved kontroll. Fylkesmannen kan påleggje mottaksanlegget å sende kopi eller samandrag av alle journalar til Fylkesmannen eller andre.
3.2. Informasjon til kundar
Verksemda skal gi kundane ein nødvendig informasjon med omsyn til kva for typar avfall som kan takast i mot ved anlegget. Det skal leggast særskilt vekt på informasjon som fører til auka innsamling av farleg avfall, EE-avfall og andre prioriterte avfallstypar. Mellom anna må
3 Jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder av 06.12.1996 nr. 1127 – eller seinare utgåve (internkontrollforskrifta)
Side 5 av 15 det gjevast særskilt informasjon til abonnentar og næringskundar som har bygg-, anleggs- eller rivingsavfall.
Informasjonsomfanget skal også bidra til å sikre best moglege sorteringsordningar hos kundane.
3.3. Ordinært avfall
Verksemda kan handtere ordinært avfall etter den inndelinga som til ei kvar tid gir best høve til materialutnytting eller gjenbruk av avfallstype eller avfallsstoff. Avfall som ikkje gir høve til materialutnytting eller gjenbruk skal handterast for å gi grunnlag for best mogleg energi- utnytting. Tilsvarande skal verksemda syte for at føremålstenlege sorteringssystem vert tilbode kundane.
Berre fråsortert restavfall som ikkje kan gjenbrukast, materialgjenvinnast eller energiutnyttast kan leverast til godkjent sluttdisponering.
Ordinære avfallstypar skal i tillegg til krava i vilkår 3.1 vere spesifisert i samsvar med NS 9431.
Blanda/ikkje sortert avfall skal fråsorterast så snart som råd og seinast innan ei arbeidsveke.
Fråsortert, ordinært avfall kan mellomlagrast ved anlegget i inntil 12 månader, før vidare- levering til godkjente mottak.
3.4. Farleg avfall
For farleg avfall må ein i tillegg til journalkrava i vilkår 3.1 registrere: deklarasjonsnummer, avfallstoffnummer og ved samdeklarering - overført samdeklarasjonsnr.
Ved mottak av farleg avfall frå verksemder skal løyvehavar sjå til at avfallet er deklarert.
Dersom ein leveranse inneheld fleire avfallstypar, må det vere minst ein deklarasjon for kvar avfallstype. Verksemda som leverer farleg avfall er sjølv ansvarleg for at deklareringa er utført korrekt. Dersom dette ikkje er gjort må løyvehavar gi tilstrekkeleg informasjon.
Særskild liste skal førast over verksemder som ikkje deklarerer korrekt.
Ved mottak av farleg avfall frå husstandar er kommunen ansvarleg for deklarering.
Verksemda kan utføre den praktiske registreringa av farleg avfall etter skriftleg avtale med kommunen. Kommunen skal så raskt som mogleg motta og kunne oppbevare all
dokumentasjon om eige avfall.
Løyvet omfattar ikkje handtering av avfall som høyrer inn under følgjande klasser etter ADR4: Klasse 1: Eksplosive stoff o.l.
Klasse 4.2 Sjølvtennande stoff Klasse 5.2: Organiske peroksid Klasse 7: Radioaktive stoff
Området for handtering av farleg avfall skal vere fysisk skild frå annan aktivitet ved
verksemda. Motteke farleg avfall skal ikkje handterast saman med eller blandast med anna avfall.
Mellomlagring av farleg avfall skal skje slik at ulike typar ikkje kan blandast eller gir utslepp frå uhell eller lekkasje. Lagring skal skje på særskild avsett område. Avfallet skal vere
4 ADR: Europeisk avtale om internasjonal vegtransport av farleg gods. Verksemda må ha ADR- godkjent transportmateriell.
Side 6 av 15 skjerma mot nedbør. Lagring skal skje på ugjennomtrengeleg fast dekke eller i container med dobbel botn. Emballasjen skal vere varig merkt med avfallsstoffnummer og avfallstype.
Stoff som ikkje kan samlastast i høve ADR-reglane skal lagrast på fysisk skilde område.
Alt farleg avfall som forlet anlegget skal vere deklarert. Motteke farleg avfall skal til vanleg leverast vidare til godkjent mottak innan 6 månader. Vindauge og trykkimpregnert materiale kan lagrast på anlegget til ein container er fylt opp for vidaresending, maksimal lagringstid inntil 1 år. For dei nærare spesifiserte avfallstypane i vedlegg 3, er mellomlagertida inntil eitt år dersom samla mengd av desse typane ikkje overstig 500 kg. Ved mobilt mottak skal avfallet innan 24 timar vere frakta til verksemda sitt stasjonære anlegg eller anna godkjent mottak.
Miljøsanering av kasserte kjøretøy skal skje minst i samsvar med krava i vedlegg 1 til
«Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kap. 4 – kasserte kjøretøy. Miljøsanering skal skje på område med fast, gjennomtrengeleg dekke som er tilknytt oljeutskiljar. Etter tapping av væske skal vraket korttidslagrast på tappeplassen, slik at all væske kan renne av.
3.5. Kompetansekrav
Handtering av farleg avfall skal gjerast av personar med nødvendig kunnskap og kompetanse om farleg avfall. Personane skal ha gjennomgått særskild opplæring av
anerkjend nasjonalt kompetansemiljø eller tilsvarande, eller etter Fylkesmannen sine nærare krav. Det skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg minst ein person med tilstrekkeleg kompetanse ved verksemda.
Verksemda skal ha ein plan for korleis kompetansen skal aukast og haldast vedlike.
Personar som handterer farleg avfall skal halde seg oppdatert i høve til gjeldande reglar og normer og utvikle eigen kompetanse om stoff/avfall som kan takast i mot på anlegget.
3.6. Eige avfall
Verksemda pliktar så langt det er mogleg utan urimelege kostnader eller ulemper å unngå at det vert danna restavfall som følgje av drifta.
4. Utslepp til grunn og vatn
Verksemda skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen eller vatn som kan medføre nemneverdige skader eller ulemper for miljøet. Anlegget skal ha fast dekke med kontrollert fall mot oppsamlingspunkt. Alt vatn som kan innehalde olje skal leiast via oljeutskiljar.
Verksemda pliktar å halde oversikt over eventuell eksisterande ureina grunn på eige område.
Ein skal til ei kvar tid ha oversikt over faren for spreiing, samt vurdere behovet for undersøkingar og tiltak. Er det grunn til å tru at undersøkingar eller andre tiltak vil vere nødvendig, skal ureiningsstyresmakta varslast om dette.
Graving, mudring eller andre tiltak som kan påverke ureina grunn eller ureina sediment, treng løyve etter ureiningslova, evt. godkjenning frå kommunen.5
5 Jf ureiningsforskrifta kapittel 2 om opprydning i ureina grunn ved bygge- og gravearbeider og ureiningsforskrifta kapittel 21.
Side 7 av 15
4.1. Utsleppsavgrensingar
Oljehaldig avløpsvatn frå avfall eller drift av anlegget (verkstad, bilvask, uteområde m.m.) skal leiast via sandfang til oljeutskiljar som er dimensjonert etter største belastning.
Nedanfor oljeutskiljaren skal det vere ein inspeksjons- og kontrollkum som gir høve til å ta prøvar av avløpsvatnet utan at det er nødvendig å stige ned.
Følgjande utsleppsgrenser gjeld:
Utslepps- komponent
Utslepps- kjelde
Utsleppsgrenser Prøvetakingsfrekvens Konsentrasjonsgrense
Olje i avløpsvatn Oljeutskiljar 50 mg/L min. 4 gonger per år
Fortynning for å oppnå krav til utsleppsavgrensing er ikkje tillate.
4.2. Utsleppstad for prosessavløp
Verksemda kan føre sitt prosessavløp inn på offentleg avløpsnett i høve til dei krava som vert stilt for slikt påslepp.
4.3. Overflatevatn
Avrenning av overflatevatn frå verksemda sine uteareal skal handterast slik at det ikkje medfører skade eller ulempe for miljøet.
5. Utslepp til luft
5.1. Utslepp av lukt
Utsleppsgrensa for lukt vert sett til maksimalt 15 LE/m36 målt/utrekna luktimmisjons-
konsentrasjon ved næraste eller mest utsette bygning (sjå omtale i vilkår 6). Verksemda har uavhengig av denne grensa plikt til å avgrense luktutslepp frå anlegget i størst mogleg grad.
Dersom det er særleg grunn til å tru at verksemda slepp ut lukt, skal det gjennomførast utsleppsmålingar.
5.2. Utslepp av støv m.m.
Aktivitetane må vere lagt opp på ein slik måte at støv ikkje slepp ut av produksjons-, lagrings- og transportsystema. All aktivitet som kan medføre utslepp av støv utanfor eige område skal skje innandørs.
Utandørs handtering skal til vanleg skje på fast dekke som må reingjerast jamleg.
6. Støy
Verksemda sine bidrag til utandørs støy ved omkringliggande og eksisterande bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader, utdanningsinstitusjonar, barnehagar og rekreasjonsområde skal ikkje overskride følgjande grenser, målt eller utrekna som frittfeltverdi ved mest støyutsette fasade:
6 Sjå definisjon i vedlegg 2
Side 8 av 15
Tidsintervall Utrekningsmåte6 Måndag-fredag Laurdag Sundag/
heilagdag Dag (kl. 07-19) LpAekv12h 55 dB(A) 50 dB(A) 45 dB(A) Kveld (kl.19-23) LpAekv4h 50 dB(A) 45 dB(A) 45 dB(A) Natt (kl. 23-07) LpAekv8h*
LA1
45 dB(A) 60 dB(A)
45 dB(A) 60 dB(A)
45 dB(A) 60 dB(A) Dersom impulslyd førekjem meir enn 10 hendingar per time er grenseverdien 5 dB lågare enn dei oppgitte grenseverdiane i tabellen over.
Dokumentasjon av støyutslepp skal vere send til Fylkesmannen seinast innan 12 månader frå løyveskrivet er motteke. Målingar og utrekningar må gjennomførast av uavhengig firma med dokumentert kompetanse på slikt arbeid. Måling må skje i tidsrom det er vanleg aktivitet med maksimalt ekvivalent støyutslepp. Tidsrommet skal vere føremeld til representantar for naboane, kommunen og Fylkesmannen.
Dersom målt/utrekna støynivå som skuldast utslepp frå verksemda ligg nærare grenseverdiane enn 3 dB (A), skal ny, tilsvarande gransking gjennomførast innan 12 månader. Gransking skal elles skje ved endring av drifta som kan ha noko å seie for støyutslepp eller etter krav frå Fylkesmannen.
Støygrensene gjelder all støy frå verksemda sine ordinære aktivitetar, inkludert intern transport på verksemdområdet og lossing/lasting av råvarer og produkt. Støy frå bygg- og anleggsaktivitet og frå ordinær persontransport av verksemda sine tilsette er likevel ikkje omfatta av grensene.
Jamvel om verksemda held seg innafor grenseverdiane, har ein likevel plikt til å redusere støy mest mogleg. Dette gjeld mellom anna skjerming av vifter.
7. Testing og substitusjon av kjemikal og råstoff
Kjemikal7 som vert nytta på ein slik måte at det kan medføre fare for ureining, skal vere testa med omsyn til nedbrytbarheit, toksisitet og bioakkumulerbarheit. Berre laboratorium som er godkjent i høve til Good Laboratory Practice (GLP) og/eller akkreditert i høve til NS-EN/IEC 17025:1999, kan nyttast til uttesting.
Verksemda pliktar å etablere eit system for substitusjon av kjemikal og råstoff. Det skal gjennomførast jamlege vurderingar av faren for skadelege effektar på helse og miljø som kan skuldast dei kjemikal og råstoff som vert nytta, og av om det finst alternativ. Skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produktet, skal vurderast. Der det finst meir miljøvenlege alternativ, pliktar verksemda å nytte desse så langt dette kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe8.
Stoff aleine, i stoffblandingar og/eller i produkt, kan berre framstillast, omsettast, eller brukast når dei er i samsvar med krava i REACH-regelverket.9
7 Sjå definisjon i vedlegg 2
8 Jf. produktkontrollova av 11.06.1979 nr. 79 § 3a
9 Jf Produktkontrolloven av 11.06.1979 nr. 79 § 3a
Side 9 av 15
8. Økonomisk sikkerheit
Verksemda skal stille økonomisk sikkerheit for å sikre at mottatt avfall vert forsvarleg handtert og behandla vidare dersom verksemda legg ned sin aktivitet eller på annen måte ikkje er i stand til sjølv å behandle avfallet. Denne sikkerheita skal omfatte alt avfall som til ei kvar tid er lagra hos eller av verksemda. Type garanti og beløp må konkretiserast.
Verksemda skal oversende til Fylkesmannen dokumentasjon som viser at økonomisk sikkerheit er tilfredsstillande. Garantien må vere sikra mot kreditorar ved ev. konkurs.
9. Førebyggande og beredskapsmessige tiltak mot akutt ureining
9.1. Miljørisikoanalyse
Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse10 av sin aktivitet. Verksemda skal vurdere resultata i forhold til akseptabel miljørisiko. Potensielle kjelder til akutt ureining av vatn, grunn og luft skal òg kartleggast. Miljørisikoanalysen skal dokumenterast og skal omfatte alle forhold ved verksemda som kan medføre ureining av ytre miljø, uakseptabel avfallshandtering eller akutt ureining med fare for helse- og/eller miljøskadar. Ved
modifikasjonar og endra produksjonsforhold skal miljørisikoanalysen oppdaterast.
Verksemda skal ha oversikt over dei miljøressursane som kan verte truga av akutt ureining og dei helse- og miljøkonsekvensane slik ureining kan føre med seg.
9.2. Førebyggande tiltak
På grunnlag av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Både sannsynlegheitsreduserande og konsekvensreduserande tiltak skal vurderast. Verksemda skal ha ei oppdatert oversikt over dei førebyggande tiltaka.
9.3. Etablering av beredskap
Verksemda skal, på bakgrunn av ein miljørisikoanalyse og dei risikoreduserande tiltaka som er sett i verk, etablere og vedlikehalde ein beredskap for å hindre, oppdage eller stanse akutt ureining. Beredskapen skal vere tilpassa den miljørisikoen som verksemda til ei kvar tid representerer, og skal også omfatte utstyr til å fjerne og avgrense omfanget og skadane og ulempene som kan skje.
Beredskapen mot akutt ureining skal øvast minimum ein gong pr. år. Øvinga skal leggast opp i forhold til dei fastsette måla for beredskapen.
9.4. Varsling av akutt ureining eller unormale driftstilhøve
Akutt ureining eller fare for akutt ureining skal varslast i høve til gjeldande forskrift11. Verksemda skal også så snart som mogleg og seinast nærast følgande arbeidsdag, gje melding til Fylkesmannen.
Unormale driftstilhøve elles som ikkje vert omfatta av definisjon av akutt ureining, skal varslast til Fylkesmannen så snart som mogleg og seinast nærast følgande arbeidsdag.
Fylkesmannen skal haldast skriftleg orientert om årsak til hendinga og tiltak som er sett i verk eller som er planlagt for å motverke og avgrense verknadar og hindre gjentaking.
10 Framgangsmåten bør følge NS 5814:2008 Krav til risikovurdering (eller seinare utgåve)
11 Forskrift om varsling av akutt ureining eller fare for akutt ureining av 09.07.1992, nr. 1269
Side 10 av 15
10. Måling og utrekning av utslepp. Rapportering til Fylkesmannen
10.1. Måling og utrekning av utslepp
Verksemda skal gjennomføre nødvendige målingar og utrekningar av utslepp til luft og vatn, samt støy i omgjevnadane.
Målingar og utrekningar skal utførast slik at dei blir representative for verksemda sine faktiske utslepp. Dei skal omfatte både dei komponentane som er uttrykkeleg regulert gjennom grenseverdiar og andre komponentar som er omfatta av rapporteringsplikta eller særskild førespurnad.
Målingar og utrekningar skal gjennomførast etter eit program som skal inngå i verksemda sin dokumenterte internkontroll. Måle- og utrekningsprogrammet skal mellom anna skildre fastlegging av målemetode og prøvetakingsmetode, utvelging av måleperiodar, samt utrekningsmodellar og utsleppsfaktorar som vert nytta.
Verksemda skal i samband med utarbeiding og revidering av måle- og utreknings- programmet vurdere usikkerheita i målingane, og søke å redusere denne mest mogleg.
Prøvetaking og analyse skal utførast etter CEN-standard eller Norsk Standard (NS). Dersom dette ikkje finst, kan annen internasjonal standard nyttast. Fylkesmannen kan akseptere at annan metode vert brukt også der standard finst, dersom det kan dokumenterast
tilfredsstillende at den er minst like føremålstenleg. Verksemda er ansvarleg for at metodar og utføring er forsvarleg kvalitetssikra, og at prøvetakingspunkt vert etablert på stader som gjer det mogleg å ta prøver av utsleppa i høve til aktuelle standardar.
Akkrediterte tenester for prøvetaking og analyse skal nyttast der er mogleg. Eigen prøvetaking og innsending for analyse til akkreditert laboratorium, kan berre skje etter opplæring og skriftleg avtale med akkreditert tenesteytar.
10.2. Rapportering til Fylkesmannen
Verksemda skal rapportere årleg innan 1.mars til Fylkesmannen nøkkeldata om drifta;
omfang og tiltak for å etterleve vilkår i løyvet og generelle miljølovkrav, sjå omtale i vedlegg 4. For tida kan rapporteringa vere verbal med nøkkeltal i tabellform, på WORD- eller EXCEL-lesbart format.
For rapportering av farleg avfall skal EAL-kodar nyttast, for anna avfall skal NS 9431 nyttast12.
11. Utskifting av utstyr
Dersom det skal gjerast utskifting av utstyr i verksemda som gjer det teknisk mogleg å motverke ureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal Fylkesmannen på førehand ha melding om dette.
All utskifting av utstyr skal vere grunna på at dei beste tilgjengelege teknikkane med sikte på å motverke ureining skal nyttast.
12 Denne inndelinga er i samsvar med strukturen i databasen Forurensning.
Side 11 av 15
12. Eigarskifte
Dersom verksemda vert overdrage til ny eigar, skal Fylkesmannen ha melding så snart som mogleg og seinast 1 månad etter eigarskiftet.
13. Nedlegging eller lengre driftsstans
Dersom anlegget vert nedlagt eller stansar for ein lengre periode, skal eigaren eller brukaren gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motverke fare for ureining. Dersom noko ved anlegget kan medføre ureining eller det er avfall som kan verke skjemmande etter ned- legginga eller driftsstansen, skal det i rimeleg tid på førehand gjevast melding til Fylkes- mannen. Tilsvarande skal Fylkesmannen ha melding dersom anlegg, anleggskomponentar, innsats- eller råstoff, ferdigvarar, m.m. kan medføre fare for ureining etter nedlegging eller kunne verke skjemmande som avfall.
Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva for tiltak som er nødvendig for å motverke ureining og rydde opp i avfall. Fylkesmannen kan pålegge eigaren eller brukaren å stille garanti for dekking av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar.
Ved nedlegging eller stans skal verksemda sørgje for at råvarer, hjelpestoff, halvfabrikat eller ferdig vare, produksjonsutstyr og avfall vert teke hand om på forsvarleg måte, mellom anna skal farleg avfall handterast i høve til gjeldande forskrift13. Dei tiltaka som vert gjennomført i slike høve, skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegginga eller stans.
Rapporten skal også innehalde dokumentasjon av disponeringa av kjemikalierestar og ubrukte kjemikal og namn på eventuell kjøpar/ar.
Dersom den ansvarlege ønskjer å starte på nytt, skal det gjevast melding til Fylkesmannen i god tid før start er planlagt. Ved oppstart skal den ansvarlege sørgje for at driftsstaden settast i miljømessig tilfredsstillende stand før ny aktivitet kan starte opp.
13 Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall
Side 12 av 15
VEDLEGG 1 - Liste over prioriterte stoff, jf. punkt 2.1.
Utslepp av desse komponentane er berre omfatta av løyvet dersom dette går tydeleg fram av vilkåra eller dei er så små at dei må sjåast på som uvesentlege for miljøet.
Metall og metallsambindingar:
Forkortingar
Arsen og arsensambindingar As og As-sambindingar
Bly og blysambindingar Pb og Pb-sambindingar
Kadmium og kadmiumsambindingar Cd og Cd-sambindingar Koppar og kopparsambindingar Cu og Cu-sambindingar Krom og kromsambindingar Cr og Cr-sambindingar Kvikksølv og kvikksølvsambindingar Hg og Hg-sambindingar Organiske sambindingar:
Vanlege Forkortingar Bromerte flammehemmarar:
Penta-bromdifenyleter (difenyleter, pentabromderivat) Penta-BDE
Okta-bromdifenyleter (defenyleter, oktabromderivat) Okta-BDE, octa-BDE Deka-bromdifenyleter (bis(pentabromfenyl)eter) Deka-BDE, deca-
BDE
Heksabromcyclododekan HBCDD
Tetrabrombisfenol A (2.2`,6,6`-tetrabromo-4,4`isopropyliden difenol)
TBBPA Dietylheksylftalat (bis(2-etylheksyl)ftalat) DEHP Klorhaldige organiske sambindingar
1,2-Dikloretan EDC
Klorerte dioksin og furanar dioksin, PCDD/PCDF
Heksaklorbenzen HCB
Kortkjeda klorparafinar C10 - C13 (kloralkan C10 - C13) SCCP
Klorerte alkylbenzen KAB
Mellomkjeda klorparafinar C14 - C17 (kloralkan C14 - C17) MCCP
Pentaklorfenol PCF, PCP
Polyklorerte bifenyl PCB
Tetrakloreten PER
Tensida:
Ditalg-dimetylammoniumklorid DTDMAC Dimetyldioktadekylammoniumklorid DSDMAC Di(hydrogenert talg)dimetylammoniumklorid DHTMAC
Triklorbenzen TCB
Trikloreten TRI
Muskxylen (nitromusksambindingar):
Muskxylen Muskketon
Nonylfenol og nonylfenoletoksilatar NF, NP, NFE, NPE Oktylfenol og oktylfenoletoksilatar OF, OP, OFE, OPE Perfluor oktylsulfonat og andre perfluorerte alkylsulfonatar PFOS, PFAS
Polysykliske aromatiske hydrokarbon PAH
Tinnorganiske sambindingar:
Tributyltinn TBT
Trifenyltinn TFT, TPT
Side 13 av 15
VEDLEGG 2 - Definisjonar
LE/m3: luktekvivalentar i luft, luktkonsentrasjon. Definert som den mengd av eit luktande stoff eller stoffblanding som fordelt på 1 m3 luft over ei midlingstid på 1 min. som framkallar ei lukt tilsvarande luktterskelverdien (jf. Vejledning frå Miljøstyrelsen nr. 4 1985, ”Begrænsning af lugtgener frå virksomheder”). 15 LE/m3 vil sei at ein prøve må fortynnast 15 gonger før den er fortynna til lukterskelverdien.
LpAekvT: det gjennomsnittlege ekvivalente støynivået for varierande støy over ein bestemt tidsperiode T.
Impulslyd: kortvarig, støytvis lydtrykk som varar mindre enn 1 sekund og der impulslyden er av typen ”highly impulsive sound” som definert i T-1442 kapittel 6.
Med tett dekke meiner ein frostsikkert dekke med permeabilitet mindre enn K=1x10-6 m/s målt i vassmetta tilstand.
Definisjonar av avfall følgjer så langt det er aktuelt §§ 9-3 og 11-3 i avfallsforskrifta. Nokre sentrale definisjonar er omtalt her:
avfall: kasserte løsøregjenstandar eller stoff. Som avfall reknar ein også overflødige
løsøregjenstandar og stoff frå tenesteyting, produksjon og reinseanlegg m.v. Avløpsvatn og avgassar reknar ein ikkje som avfall,
farlig avfall: avfall som ikkje hensiktsmessig kan handterast saman med ordinært avfall fordi det kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr,
smittefarleg avfall: avfall som inneheld levedyktige mikroorganismar eller toksin herfrå som er kjent for eller er antatt å kunne vere årsak til sjukdom på menneske eller andre levande organismar,
ordinært avfall: eitkvart avfall som ikkje er omfatta av andre avfallsdefinisjonar,
behandling: dei fysiske, termiske, kjemiske eller biologiske prosessane, som endrar det farlege avfallet sine eigenskapar og som er nødvendig eller hensiktsmessig for disponering av avfallet,
flytande avfall: avfall i væskeform,
sluttbehandling: deponering eller forbrenning utan energiutnytting av ordinært avfall, disponering: endeleg plassering av farleg avfall t.d. i form av forbrenning, gjenvinning eller kontrollert deponering,
innsamling: henting av farleg avfall hos ein eller fleire avfallshavarar
Handtering: ei fellesnemning for mottak, mellomlagring, behandling og anna vidarelevering av avfall til godkjent anlegg eller mottakar.
Mottak: eit tilbod, stasjonært eller mobilt, der avfallshavar eller innsamlar kan levere farlig avfall.
Behandling: fysiske/kjemiske/biologiske prosesser som endrar avfallet sine eigenskapar med formål å redusere volumet av avfallet eller den faren det representerer, gjere det lettare å handtere eller enklere å gjenvinne, og som er nødvendig eller hensiktsmessig for vidare levering av avfallet til godkjent anlegg eller mottakar.
Med kjemikal meiner ein her kjemiske stoff og stoffblandingar som brukast i verksemda, slik som hjelpekjemikal som vaskemiddel, hydraulikkvæsker, brannhindrande middel m.m.
Side 14 av 15
VEDLEGG 3 – Avfallstypar som kan lagrast i inntil 1 år
Følgande avfallstypar vert til vanleg berre teke i mot i mindre mengder. Dersom samla mengd av desse typane ikkje overstig 500 kg, kan avfallet verte lagra i inntil eitt år ved behov.
Stoff nr.:
7081 Kvikksølvholdig avfall 7082 Kvikksølvholdige batteri 7083 Kadmiumholdig avfall 7084 Kadmiumholdige batteri 7085 Amalgam
7093 Småbatteri 7094 Litiumbatteri
7095 Metallhydroksidslam
7111 Bekjempningsmidler uten kvikksølv 7112 Bekjempningsmidler med kvikksølv 7121 Polymeriserende stoff, isocyanater 7122 Sterkt reaktivt stoff
7131 Syrer, uorganiske 7132 Baser, uorganiske 7133 Rengjøringsmidler 7134 Surt organisk avfall 7135 Basisk organisk avfall 7152 Organisk avfall uten halogen 7154 Kreosotimpregnert trevirke 7210 PCB- og PCT-holdig avfall 7220 Fotokjemikalier
7230 Halon 7240 KFK-gass 7250 Asbest
Side 15 av 15
VEDLEGG 4 – Innhald i årsrapport
Føremål: Å informere tilsynet om aktiviteten ved anlegget siste året. Rapporteringa skal generelt gje opplysningar om verksemda som tilsynet har behov for i utøving av
tilsynsoppgåvene etter kapitel 7 i ureiningslova (tilsyn med forurensninger og avfall).
Opplysningane er offentleg tilgjengeleg så framt dei ikkje vert råka av unntaks- eller teiepliktreglane i forvaltningslova, offentlegheitslova eller miljøinformasjonslova.
Rapporteringsform: verbal og tabell/figur levert elektronisk til miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen på WORD og/eller EXCEL-lesbart format.
Innhald
1. Totalmengd avfall som er motteke førre år, og delt etter type. Avfallsmengdene skal grupperast under kvar avfallstype i høve til NS 9431. EAL-kode skal spesifiserast så langt råd og farleg avfall bør grupperast under avfallsstoffnummer.
2. Mellomlagra avfall pr. 31.12, gruppert som under punkt 1.
3. Resultat av målingar av utslepp (t.d. støy, lukt, støv, olje- og/eller feittutskiljar).
4. Verbal omtale av drifta og førebyggande tiltak
5. Verksemda si vurdering om utslepp til luft (støy, støv, lukt m.m.) eller til vatn har auka, minka eller ligg på same nivå i høve til førre år.
6. Omtale av ev. unormale hendingar, spesielle problem o.l. Her også om tiltak ved ev.
stans i avfallsmottaket, påverknadar av miljøet rundt anlegget og om moglege eller faktiske utslepp til grunn eller vatn.
7. Omtale av alle skriftlege eller muntlege klagar eller merknader til drifta frå andre, og om eigen oppfølging.
8. Omtale av visuelle tilhøve som kan verke skjemmande.
9. Om informasjonstiltak, verksemda si vurdering av om informasjonstiltak er
tilstrekkelege (gjerne supplert med resultat av del feilsortert/manglande sortering av avfall av kundane, forsøk på feillevering, osv.).
10. Energieffektiviseringstiltak.
11. Oversikt over eigne, genererte avfallsmengder.
12. Ev. andre utslepps- eller avfallsreduserande tiltak.