Side 1 av 1
MØTEINNKALLING
Organ: FYLKESRÅDET FOR ELDRE
Møtestad: Sola - i samband med Vestlandssamlinga
Møtedato: 26.04.2016 Tid: 17:00
Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling.
SAKLISTE
Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel
Godkjenning av møtebok frå 2. februar 2016
7/16 16/3751
Innspel til økonomiplan 2017 - 2020 - Innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan - fylkesrådet for eldre
8/16 16/3746
Oppstart av arbeidet med handlingsprogram for fylkesrådet for eldre 2016 - 2019
9/16 16/3744
Resolusjon oversendt frå pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane
10/16 16/3685
Skriv og melding 26. april 2016 - fylkesrådet for eldre
MØTE BOK
Organ Fylkesrådet for eldre
Møtestad Sola - i samband med Vestlandssamlinga
Møtedato 26.04.2016
Kl. 17:3 0
Faste medlemer til stades: Harald Ekroll, Kristoffer Skjolden, Anna Sofia Skaar, Aud Karin Netland, Henrik Oppen
Forfall til møtet:
Varamedlemer til stades:
Til stades med møte - og talerett:
Sekretariat for møtet: Anne - Kjersti Stavø Stenehjem
Ingen merknader til innkalling og sakliste.
Møtebok frå 2. februar 2016 vart godkjend utan merknader.
Møte vart halde i samband med Vestlandskonferansen på Sola Strand Hotel. Fylgjande tema var oppe til diskusjon/informert om:
Fagleg samling på Måltidets Hus
o
Forbruka rsegmentet 67+ v/Helge Bergslien, kunnskapsfasilitator, NCE Culinology/Måltidets hus
o
SESAM. Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling v/Christina Frøiland.
Rogaland som står for tur som arrangør av studietur i perioden 2015 – 2019. Det v ar ynskje om å reise til Danmark, eventuelt Irland.
Nasjonal helse - og sykehusplan - Helse Vest
oGruppa med 80+ vil auke med 112% i 2040
o
82 000 kvart år som ikkje møter opp til timane - Vestlandspasienten.no Nytt takstsystem på buss og båt i Rogaland
TT - ordninga i Rogaland
Det vart laga to uttalar om fylgjande tema:
Uttale til Regionalt brukarutval i Helse Vest vedrørande representantskap frå fylkeseldreråda
Uttale til Landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd 2016 vedrørande vegen vidare:
framt idige landskonferansar – diskusjon og forslag til retningslinjer
UTTALELSE TIL REGIONALT BRUKERUTVALG I HELSE VEST VEDR. REPRESENTANTSKAP Fylkeseldrerådene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har drøftet representantskapet i Regionalt Brukerutva lg i Helse Vest (RBU) på sin årlige Vestlandskonferanse 26. – 27. april 2016 på Sola Strand Hotel.
På denne årlige samlingen ble det diskutert ordning for fylkeseldrerådenes representantskap og måten utvalget er sammensatt.
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 2 av 9 Ulemper ved dagens ordning
- 2 år er kort tid til å komme godt inn i systemet (begynner først å fungere skikkelig etter 1 år)
- Blir ikke/ønsker ikke å bli valgt inn i prosjekt/arbeidsgruppe/nettverk - skal skiftes ut etter 2 år
- Alle andre medlemmer i RBU sitter lenger enn 2 år Vi foresl år
Fylkeseldrerådene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ser det naturlig å bli representert med en representant fra hvert fylke i utvalget og ber derfor Helse Vest om å overveie
sammensettingen i utvalget
UTTALELSE - LANDSKONFERANSEN FOR FYLKESKO MMUNALE ELDRERÅD 2016
VEDR. VEIEN VIDERE: FREMTIDIGE LANDSKONFERANSER – DISKUSJON OG FORSLAG TIL RETNINGSLINJER
Fylkeseldrerådene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har drøftet programpunktet "Veien videre: Fremtidige landskonferanser – diskusjon og forslag til retningslinjer" på sin årlige
Vestlandskonferanse 26. – 27. april 2016 på Sola Strand Hotel.
Fylkeseldrerådene i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil be om at Landskonferansen 2016 drøfte og avklare følgende 3 punkter for organiserin g av landskonferansen fremadrettet:
1. Statens Seniorråd må være administrerende og teknisk ansvarlig for landskonferansen.
2. Sammensetting av arbeidsutvalg
- Eldrerådsleder fra de 3 siste arrangementsfylker - Sekretær fra siste arrangementsfylke
3. Mandat
§1 Styringsgruppe mottar søknader/ønsker om å være arrangør for neste/kommende landskonferanse
§2 Rangerer og tildeler neste konferanse blant søknadene
Rangeringen skjer ut fra geografiske forhold, hvem av søkerne som har vært arrangør før av tidligere konferans er og kommunikasjonsmessige forhold.
§3 Bistå neste arrangementsfylke med tekniske og praktiske informasjoner
Videre forventes det at det alltid må være avklart for neste år hvor konferansen blir avholdt, så fylkene får to år for å planlegge landskonferansen .
Dvs. i 2016 må det planlegges for 2017 og 2018.
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 3 av 9 Følgjande skriv vart lagde fram til orientering:
Meldesak 1) Svar frå NAV om hjelp til å fylle ut reiserekningsskjema NAV har sendt fylgjande tilbakemelding:
« Vi er litt overraska over uttalen fordi ansvaret for pasientreiser vart overført frå NAV til HELFO i 2009, seinare vart også frikortordninga overført i 2010. Det betyr at NAV - kontora i dag verken har eller skal ha kompetanse på dette området, og såleis heller ikkje skal kunne tilby hjelp til eld re meir enn andre instansar. Vi har forståing for at enkeltpersonar har vanskar med å handtere nye løysingar, men erfaringa er at dette går smertefritt etter ein overgangsperiode for dei aller, aller fleste. Det er ingen lokale instansar som er peika på so m rådgivarar/rettleiarar for dei som måtte trenge hjelp, men vi har registrert at i nokre kommunar var det naturleg, i overgangsperioden vertfall, å søkje bistand i servicekontoret og enkelte plassar på legekontoret. Det er altså ikkje eit behov som det er naturleg å få dekka på NAV - kontoret i dag. Når desse oppgåvene blei tekne bort frå NAV var det for å frigjere ressursar til oppfølging av dei som skal i eller tilbake til jobb og som treng NAV si hjelp til det. Forvaltningsoppgåver som vi snakkar om her s kal ivaretakast av miljø som er knytt opp mot helseføretaka og helsetenesta. Slik sett har det vore ein suksess for befolkninga samla sett og for ansvarsdelinga i offentleg sektor. Vi håpar at eldre både i Luster og andre plassar i samråd med sine næraste finn greitt ut av korleis dette skal gjerast. Det dreiar seg tross alt om å fylle ut eit skjema og sende i posten. Er det spørsmål sit det folk klare på
Pasientreiser sin infotelefon 05515 som kan svare på det folk måtte lure på».
Fylkesrådet sender fylgj ande uttale til Forbrukarrådet: «Fylkeseldrerådet stiller seg undrande til svaret frå NAV, og har ynskje om at når NAV får henvending frå folk som ikkje har nokon til å hjelpe seg med utfylling av skjema, at dei får kontaktinformasjonen til Pasientreiser o g at det er høve til å få hjelp der».
Meldesak 2) Kronikk frå Eid eldreråd
Kronikken tek for seg at livskvalitet for eldre er ei samansett oppgåve Fylkesrådet tek informasjonen til vitande.
Meldesak 3) Førebyggande eldrepolitikk
Pensjonistforbundet har gjennomført forsking og erfaringsinnhenting i prosjektet «Morgendagens aktivitetssenter». Om det er ynskje om å få framlagt forskinga og resultatet frå
erfaringsinnhentinga kan fylkesrådet ta kontakt med prosjektleiar Tone Bye.
Fyl kesrådet tek dette med seg i det vidare arbeidet i møte med kommunane.
Meldesak 4) Fråsegn frå helse - og sosialutvalet i Gaular kommune
«Det er gjort ei grundig utgreiing om korleis tannhelsetenesta arbeider, og om utfordringar for tenesta vidare. Vi h ar forståing for at det kan vere vanskeleg å spare samstundes med at ein skal tilgodesjå andre forhold, m.a. fagleg nivå, samarbeid med andre helsetenester og
tilgjengelegheit.
I eit folkehelseperspektiv har tannhelsetenesta gjort eit stort og verdfullt arbeid, det er viktig at dette vert teke vare på og vidareutvikla. Utgreiinga legg også vekt på dette, og at sunn tannhelse er grunnleggande for god allmennhelse. Vidare står det i utgreiinga s. 10 at: I stortingsmelding nr. 35: Tilgjengelegheit, kompetanse og sosial utjamning – Framtidas tannhelsetjenester blir det lagt vekt på kor viktig det er med samarbeid mellom sektorane for å oppnå resultat i
Folkehelsearbeidet.
Vi meiner at det no er feil tidspunkt å gjennomføre ei så stor reform av tannhelsetenesta som utgreiinga legg opp til, med samanslåing av klinikkar. Vi er midt inne i ei kommunereform som vi enno ikkje veit resultatet av. Ein må og stille spørsmål om den samfunnsøko nomiske gevinsten ved tiltaket. Difor vil vi oppmode om at det vert utgreia andre løysingar, det kan vere meir ambulerande tenester, og/eller samarbeid med andre aktørar, meir systematisk samarbeid mellom klinikkar for fagleg utvikling, og tilbod til pasie ntar ved vakansar og feriar.
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 4 av 9 Dersom det ikkje vert ei utsetting av saka, meiner helse - og sosialutvalet i Gaular kommune at den samfunnsøkonomiske sida bør vurderast. Tannhelsetenesta bør utviklast vidare og
samordnast med dei andre primærhelsetenestene, og vere nær der folk bur og arbeider» . Fylkesrådet tek informasjonen til vitande.
Meldesak 5) Landskonferansen for eldreråd på Lillehammer 30. mai – 1. juni 2016 Harald, Kristoffer, Aud og Anna Sofia er påmeldt landskonferansen
Harald førebur kva som skal presenterast frå fylket på landskonferansen.
Meldesak 6) Regional planstrategi
Planstrategien legg langsiktige utviklingsmål i fylket og føringar for regional planlegging.
Nokre viktige drøftingar som FU ynskjer i høyringa:
Er det behov for at fylket tilpassar seg dei globale og nasjonale trendane med sentralisering, gjennom å jobbe målretta for å få til sjølvdrivande regionforstørring i Sunnfjord og rundt Sogndal?
Kva for strategiar treng vi for å løyse ut potensialet for vekst og utvikling i alle deler av fylket?
Korleis kan vi jobbe målretta med attraktivitet og mangfald i arbeidsplassar for alle, også slik at vi får fleire høgt utdanna kvinner i fylket?
Korleis kan vi styrke samarbeid mellom offentleg, privat og friv illig sektor for få fram tiltak som inkluderer innvandrarar enno betre?
Korleis kan vi saman vidareutvikle forsking og utvikling (FOU) og næringslivet for å styrke verdiskapinga?
Korleis kan vi tilpasse oss det grøne skifte og kva vil klimaomstilling in nebere for oss?
Uttalefrist 28. april
Informasjonen er teke til vitande og fylkesrådet vedtok at dei ikkje sender inn uttale.
Meldesak 7) Årsrapport 2015 – Råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Stryn
Årsrapporten frå det kommunale rådet i Stryn er sendt til orientering til fylkesrådet.
Informasjonen er teke til vitande.
Meldesak 8) Høyringskonferanse om nasjonal og regional transport
Høyringskonferansen om nasjonal transportplan og regional transportplan er på Thon Hotel Skei i Jølster. Harald møter på konferansen for fylkesrådet. Meir informasjon om høyringskonferansen finn du her: http: //www.sfj.no/vegdirektoer - til - konferanse.5864556 - 336473.html
Harald møter for fylkesrådet for eldre 29. april.
Fylkesrådet for eldre har fylgjande i nnspel til Nasjonal Transportplan 2018 – 2029 :
Det må leggast stor ve kt på universell utforming. Ha spesielt fokus på fortauskantar på busshaldeplassar i høve til innstiging på bussar, der det må vere lettast mogleg innstiging.
Der det vert planlagt veg må det også planleggast gang - og sykkelveg. Utbygging må skje samstund es. Vi meiner dette er eit godt folkehelsetiltak og i tillegg eit lite bidrag til det
«grøne skifte». Fleire kan gå eller nytte sykkel i staden for bil. Dette vert meir aktuelt då fleire tek i bruk El - syklar.
Målet må vere at det offentlege vegnettet er si kra mot ras innan 2030. Det vil krevje ei årleg løyving på 3,4 mrd. Middels og høg ramme i NTP er lagt inn med 1.9 mrd. årleg.
Med å auke ramma opp til Nasjonal rassikringsgruppe si innstilling vil naudsynte rassikringstiltak komme langt tidlegare til real isering.
Vask av tunnelar og kvitmaling av tunnelvegger er eit viktig bidrag som trafikksikringstiltak. Dette må også ha høg prioritet.
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 5 av 9 Naudnett må byggast ut i alle tunnelar over 500 m. Dette betyr mykje for tryggleiken til den enkelte bilist.
Fylkesråd et for eldre har fylgjande i nnspel til Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018 – 2 027:
Det må leggast stor vekt på universell utforming. Ha spesielt fokus på fortauskantar på busshaldeplassar i høve til innstiging på bussar, der det må vere lett ast mogleg innstiging.
Der det vert planlagt veg må det også planleggast gang - og sykkelveg. Utbygging må skje samstundes. Vi meiner dette er eit godt folkehelsetiltak og i tillegg eit lite bidrag til det
«grøne skifte». Fleire kan gå eller nytte sykkel i staden for bil. Dette vert meir aktuelt då fleire tek i bruk El - syklar.
Rassikring på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal (Naustdal – Erdal) må få høg prioritet.
Naustdal – Florø må likeeins prioriterast opp i rassikringsplanen. I tillegg rassikring av fylk esveg 609 Førde – Askvoll.
Vask av tunnelar og kvitmaling av tunnelvegger er eit viktig bidrag som trafikksikringstiltak. Dette må også ha høg prioritet.
Naudnett må byggast ut i alle tunnelar over 500 m. Dette betyr mykje for tryggleiken til den enkelte bilist.
Vedlikehald av riksvegar og gang - og sykkelvegar er for dårleg. Det gjeld dekke, lys og brøyting/strøing. Dette må få større fokus.
Meldesak 9) Fråsegn frå Gaular kommune
Fråsegn frå helse og sosialutvalet i Gaular kommune, og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne om kutt i bussrutetilbod i Gaular kommune.
Informasjonen er teke til vitande.
Meldesak 10) Møtebok frå Sogndal eldreråd
Møtebok frå 5. april frå Sogndal eldreråd er sendt til orientering til fylkesrådet.
Informasjonen er t eke til vitande.
Meldesak 11) Ymse
Fysioterapi : No er det slik at pasienten må kontakte og få ordna time hos fysioterapeut sjølv.
Fylkesrådet for eldre har fylgjande uttale til fylkeslegen:
«Fylkesrådet for eldre er gjort kjend med at pasientar som har vore handsama på sjukehus får med seg ein rekvisisjon for oppfølging hos fysioterapeut når dei reiser heim. Dei må sjølv syte for å skaffe seg plass. Vi har fått melding om at i fleire høve har dei hatt problem med å få time, av ymse årsaker, og i verste fall ikkje fått oppfølging i det heile. Dette er som oftast sårbare
pasientar, som er heilt avhengig av oppfølging og hjelp i opptreningsperioden.
Fylkeseldrerådet meiner at dette ikkje er godt nok. Vi ber fylkeslegen sjå nærmare på dette. Det bør vere behandlande lege/fastlege som har ansvar for å skaffe fysioterapeut i
o pptreningsperioden. Er det vanskar med å få behandling hos fysioterapeut, må pasienten henvisast til institusjon som driv med opptrening, td. Hauglandssenteret».
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 6 av 9
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 7 av 9
SAK 7 / 16 Innspel til økonomiplan 2017 - 2020 - Innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan - fylkesrådet for eldre
Innspel til økonomiplan vert lagt fram i møte frå medlemmene i fylkesrådet.
Endringsframlegg:
Fylkesrådet for eld re har fylgjande innspel til økonomiplan 2017 – 2020:
Om fylkeskommunen legg ned bygderuter, bør de opprette serviceskyss i desse områda.
Fylkesrådet for eldre ser at serviceskyssen kan supplere, der det vert lagt ned bygderuter, for å få tilpassa transporten.
Tannhelse - vise r til tidlegare uttale i møte 2. februar sak 6/16
Folkehelse er summen av kvar enkelt menneske si helse. Det må leggast til rette for å ta gode val og styrke folkehelsa. Kommunane har ein sentral rolle med å legge til rette for fysisk aktivitet og gode sosiale møteplassar. Eit sunt kosthald er og eit viktig moment i folkehelseperspektiv. No er det folkehelsek oordinator i nesten alle kommunane i fylket, og det er viktig at dette arbeidet fortset.
Det er viktig at fylkeskommunen fortset det viktige arbeidet med at eldre og pensjonistar skal få kulturopplevingar der dei oppheld seg, anten det er på institusjon, bueiningar eller heime. Det kan vere musikk, teater og anna underhaldning.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande VEDTAK :
Fylkesrådet for eldre har fylgjande innspel til økonomiplan 2017 – 2020:
Om fylkeskommunen legg ned bygderuter, bør de opprette serviceskyss i desse områda.
Fylkesrådet for eldre ser at serviceskyssen kan supplere, der det vert lagt ned bygderuter, for å få tilpassa transporten .
Tannhelse - vise r til tidlegare uttale i møte 2. februar sak 6/16
Folkehelse er summen av kvar enkelt menneske si helse. Det må leggast til rette for å ta gode val og styrke folkehelsa. Kommunane har ein sentral rolle med å legge til rette for fysisk aktivitet og gode sosiale møteplassar. Eit sunt kosthald er og eit viktig moment i folkehelseperspektiv. No er det folkehelsek oordinator i nesten alle kommunane i fylket, og det er viktig at dette arbeidet fortset.
Det er viktig at fylkeskommunen fortset det viktige arbeidet med at eldre og
pensjonistar skal få kulturopplevingar der dei oppheld seg, anten det er på institusjon, bueiningar eller heime. Det kan vere musikk, teater og anna underhaldning.
---
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 8 av 9
SAK 8 / 16 Oppstart av arbeidet med handlingsprogram for fylkesrådet for eldre 2016 - 2019
Vedtak om vegen vidare med handlingsprogrammet vert formulert i møte til fylkesrådet.
Endringsframlegg:
Medlemmene i fylkesrådet for eld re les gjennom handlingsplanen som var for perioden 2012 – 2015, og vurderer kva som er gjennomført, og kva ein bør jobbe vidare med. I tillegg skal medlemmene ta stilling til korleis ein kan jobbe med forslaga som er beskrive i saksframlegget til sak 8/16 . Det vert jobba vidare med handlingsprogrammet for fylkesrådet for eldre i møte 13.
september.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande VEDTAK :
Medlemmene i fylkesrådet for eldre les gjennom handlingsplanen som var for perioden 2012 – 2015, og vurderer kva som er gjennomført, og kva ein bør jobbe vidare med. I tillegg skal medlemmene ta stilling til korleis ein kan jobbe med forslaga som er beskrive i saksframlegget til sak 8/16. Det vert jobba vidare med handlingsprogrammet for fylkesrådet for eldre i møte 13.
september.
---
SAK 9 / 16 Resolusjon oversendt frå pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane
Vedtaket vert formulert i møte til fylkesrådet for eldre
Endringsframlegg:
«Livskvalitet for eldre» vert teke med som sak til møta med dei kommunale råda. Dei to andre resolusjonane er teke til informasjon.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande VEDTAK :
«Livskvalitet for eldre» vert teke med som sak til møta med dei kommunale råda. Dei to andre resolusjonane er teke til informasjon.
---
Møtebok Fylkesrådet for eldre 26.04.2016
Side 9 av 9
SAK 10 / 16 Skriv og melding 26. april 2016 - fylkesrådet for eldre
Frå sekretær låg det føre slik tilråding til vedtak:
1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande
2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande VEDTAK :
1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande
2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak
---
Side 1 av 2
Saksframlegg
Saksbehandlar: Anne-Kjersti Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16/3751-1
Innspel til økonomiplan 2017 - 2020 - Innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan - fylkesrådet for eldre
Innspel til økonomiplan vert lagt fram i møte frå medlemmene i fylkesrådet.
Vedlegg:
Økonomiplan 2017 – 2020, innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan Andre dokument som ikkje ligg ved:
Arbeidsdokument 2/16
SAKSFRAMSTILLING
Finansutvalet handsama i møte den 2.mars 2016 arbeidsdokument 2/16. Dokumentet er
tilgjengeleg på fylkeskommunen si heimeside, www.sfj.no I punkt 2.3 opplyste fylkesrådmannen at blant anna fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne skulle bli orientert om
prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan samt bli invitert til å kome eventuelle innspel/merknader.
Når det gjeld eventuelle innspel eller merknader til økonomiplan 2017-2020 kan det handsamast på to måtar:
- I arbeidsdokument 3/16 den 4. mai 2016. Frist er 20.april 2016, - I saka til fylkestinget i juni 2016. Frist er 20.mai 2016.
Når det gjeld prosess og arbeidsform vart det vedteke å nytta tilsvarande prosess og arbeidsform som våren 2015. På neste side er den fastsette prosessen, arbeidsdelinga og framdriftsplan i høve arbeidet med økonomiplan 2017-2020 fram mot fylkestinget i juni 2016 lista opp.
Side 2 av 2
Side 1 av 2
Fylkeshuset | Askedalen 2 | 6863 LEIKANGER | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000 [email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Fylkesrådmannen
Sakshandsamar:
Astrid Lernes E-post: [email protected] Tlf.: 92022176 Vår ref.
Sak nr.: 16/296-6 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Internt l.nr.
8603/16 Dykkar ref.
Dato LEIKANGER, 07.03.2016
Fylkesrådet for eldre
Økonomiplan 2017-2020,
Innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan
Finansutvalet handsama i møte den 2.mars 2016 arbeidsdokument 2/16. Dokumentet er
tilgjengeleg på fylkeskommunen si heimeside, www.sfj.no. I punkt 2.3 opplyste fylkesrådmannen at blant anna fylkesrådet for eldre skulle bli orientert om prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan samt bli invitert til å kome eventuelle innspel/merknader.
Når det gjeld eventuelle innspel eller merknader til økonomiplan 2017-2020 kan det handsamast på to måtar:
- I arbeidsdokument 3/16 den 4. mai 2016. Frist er 20.april 2016, - I saka til fylkestinget i juni 2016. Frist er 20.mai 2016.
Når det gjeld prosess og arbeidsform vart det vedteke å nytta tilsvarande prosess og arbeidsform som våren 2015. Nedanfor er den fastsette prosessen, arbeidsdelinga og framdriftsplan i høve arbeidet med økonomiplan 2017-2020 fram mot fylkestinget i juni 2016 lista opp.
Dato Arbeidsoppgåver Politisk nivå Adm. Nivå
02.03.2016 Finansutvalet godkjenner skisse til prosess og
framdrift FINU
Mars - april Administrativ utgreiingsfase FRM
04.05.2016 Framlegging av utgreiingsrapportar – utan
tilrådingar/konklusjon FINU
11.05.2016 Framlegging av kommuneproposisjonen 2017 (KMD)
12.05.2016
Orientering om administrative utgreiingar og kommuneproposisjonen for eit samla fylkesting.
Påfølgjande møte i hovudutvala.
FT HU
24.05.2016 Utsending av fylkesrådmannen sitt framlegg til
økonomiplan 2017-20 FRM
31.05.2016 Hovudutvala si handsaming HU
01.06.2016 Fylkesutvalet si handsaming FU
14/15.06 2016 Fylkestinget si slutthandsaming FT
Administrativ utgreiingsfase: I denne perioden gjennomfører fylkesrådmannen pågåande utgreiingar som finansutvalet har definert.
Politiske prioriteringar: Når utgreiingane er ferdige, vert dei først presenterte for finansutvalet. I denne presentasjonen skal ikkje fylkesrådmannen «meine noko», berre prøve å få fram kva konsekvensar utgreiingane viser (økonomiske, administrative og andre). Politisk side får så
Side 2 av 2
høve til å sjå resultatet av dei ferdigstilte utgreiingane samla og vurdere konsekvensane av utgreiingane opp mot kvarandre. Dette vil sikre det overordna perspektivet i prioriteringane.
For å sikre ei god forankring av utgreiingane vert det vidare lagt opp til ei fellesorientering for heile FT med påfølgjande møte i hovudutvala 12 mai. Det vil då vere aktuelt å presentere materialet som er lagt fram for finansutvalet, samt orientere om innhaldet i den nyleg fram- lagde kommuneproposisjonen. I etterkant av orienteringa vert det lagt opp til at hovudutvala får gjere strategiske val og interne prioriteringar på eigne sektorar. Det vert også lagt opp til at hovudutvala vil få den sektorovergripande utgreiinga knytt til folkehelse til handsaming i mai, jf. pkt. 3.3.
Utsending av fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan 2017-20: Det vert lagt opp til at fylkesrådmannen kjem med eit samla administrativt framlegg som grunnlag for den politiske handsaminga. Dette sikrar at det politiske nivået får eit samla opplegg å forhalde seg til, samstundes som fylkesrådmannen får høve til å gje uttrykk for ei samla administrativ
prioritering. Fylkesrådmannen kjem med sitt framlegg på «fritt grunnlag», men vil sjølvsagt – så langt råd er – forhalde seg til hovudutvala sine prioriteringar og finansutvalet sine ev.
merknader. Hovudutvala sine prioriteringsvedtak vil følgje det administrative saksframlegget.
Denne arbeidsmåten og dette tankesettet vart nytta i 2015, med godt resultat.
Politisk slutthandsaming: Det vert så lagt opp til ordinær politisk slutthandsaming av framlegget, der hovudutvala mv. får høve til å kome med sine tilrådingar før saka vert handsama i fylkesutval og fylkesting. Det er først no at politisk side får dei fleste sektorovergripande utgreiingane til handsaming.
Med helsing
Astrid Lernes Kst. økonomisjef
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift
Vedlegg:
Mottakar (ar)
Fylkesrådet for eldre
Kopi til:
Sekretariatet v/Anne-Kjersti Stenehjem, FRM
Saksprotokoll
Organ: Fylkesrådet for eldre Møtedato: 26.04.2016
Sak nr.: 16 / 3751 - 2 Internt l.nr. 16258 / 16
Sak: 7 / 16
Tittel: Innspel til økonomiplan 2017 - 2020 - Innspel, prosess, arbeidsdeling og framdriftsplan - fylkesrådet for eldre
Behandling:
Innspel til økonomiplan vert lagt fram i møte frå medlemmene i fylkesrådet.
Endringsframlegg:
Fylkesrådet for eldre har fylgjande innspel til økonomiplan 2017 – 2020:
Om fylkeskommunen legg ned bygderuter, bør de opprette serviceskyss i desse områda.
Fylkesrådet for eldre ser at serviceskyssen kan supplere, der det vert lagt ned bygderuter, for å få tilpassa transporten.
Tannhelse - vise r til tidlegare uttale i møte 2. februar sak 6/16
Folkehelse er summen av kvar enkelt menneske si helse . Det må leggast til rette for å ta gode val og styrke folkehelsa. Kommunane har ein sentral rolle med å legge til rette for fysisk aktivitet og gode sosiale møteplassar. Eit sunt kosthald er og eit viktig moment i folkehelseperspektiv. No er det folkehels ekoordinator i nesten alle kommunane i fylket, og det er viktig at dette arbeidet fortset.
Det er viktig at fylkeskommunen fortset det viktige arbeidet med at eldre og pensjonistar skal få kulturopplevingar der dei oppheld seg, anten det er på institusjon , bueiningar eller heime. Det kan vere musikk, teater og anna underhaldning.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande endeleg vedtak:
Fylkesrådet for eldre har fylgjande innspel til økonomiplan 2017 – 2020:
Om fylkeskommunen legg ned bygderuter, bør de opprette serviceskyss i desse områda.
Fylkesrådet for eldre ser at serviceskyssen kan supplere, der det vert lagt ned bygderuter, for å få tilpassa transporten.
Tannhelse - vise r til tidlegare uttale i møte 2. februar sak 6/16
Folkehelse er summen av kv ar enkelt menneske si helse. Det må leggast til rette for å ta gode val og styrke folkehelsa. Kommunane har ein sentral rolle med å legge til rette for fysisk aktivitet og gode sosiale møteplassar. Eit sunt kosthald er og eit viktig moment i folkehelseperspektiv. No er det folkehelsek oordinator i nesten alle kommunane i fylket, og det er viktig at dette arbeidet fortset.
Det er viktig at fylkeskommunen fortset det viktige arbeidet med at eldre og pensjonistar skal få kulturopplevingar der dei oppheld seg, anten det er på institusjon, bueiningar eller heime. Det kan vere musikk, teater og anna underhaldning.
Side 1 av 2
Saksframlegg
Saksbehandlar: Anne-Kjersti Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16/3746-1
Oppstart av arbeidet med handlingsprogram for fylkesrådet for eldre 2016 - 2019
Vedtak om vegen vidare med handlingsprogrammet vert formulert i møte til fylkesrådet.
SAKSFRAMSTILLING
For perioden 2012 – 2015 vart det sett opp eit handlingsprogram for fylkesrådet for eldre. Det bør setjast opp eit handlingsprogram for fylkesrådet for eldre for perioden 2016 – 2019.
Handlingsprogrammet bør vert konkret og kortfatta, og tiltaka bør kunne evaluerast.
Det er kome inn fylgjande innspel til tema som ein bør vektlegge i handlingsprogrammet:
Aktivitetssenter i kommunane og livskvalitet for eldre
Universell utforming i alle samanhengar
Legge til rette for fortau/gang og sykkelveg i større grad enn det som er blitt gjort så langt. Ved bygging av ny veg bør fortau/gang og sykkelveg vere ein sjølvfølge, spesielt der det bur folk. Dette gjeld både riks-, fylkes-, kommunale og ved einskilde høve private vegar.
Kontakt med kommunale eldreråd. Er det enkelte område som fylkesrådet bør prioritere?
For eksempel Hyllestad og Dalsfjordregionen?
Fylgje opp fylkeskommunale planar og budsjett
I reglementet for fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane er det oppført fylgjande oppgåver:
Eldrerådet er eit rådgivande organ for fylkeskommunen.
Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.
Eldrerådet skal i alle høve ha følgjande saker til handsaming: Årsbudsjett, langtidsbudsjett, fylkesplan, og eller sektorplanar som har særleg interesse for eldre. Plikta til medverknad vil såleis gjelde tiltak og planar i sosial- og helsesektoren, samferdslesektoren og
kommunikasjonsplanar, kulturtiltak og andre fylkeskommunale tiltak som vedkjem eldre.
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.
Eldre sin rett til medråderett er ein viktig del av demokratiet og eldreråda skal fungere som eit talerør for innbyggarane i kommunane og fylkeskommunane. Eldrerådet er eit forum for påverknad og medråderett og har mykje å gje fellesskapet. Det enkelte lokalsamfunn må heile tida verte bevisstgjort om kva som må til for å ivareta dei eldre sine rettigheiter og velferd. Blant anna må det etablerast gode rutinar og forståing av kor viktig det er at eldrerådet både er tidleg aktiv og pådrivande for å bidra til at dei andre rådsorgana har eldrerådet sitt syn med seg i si handsaming av saker.
Spørsmål til diskusjon:
Korleis skal utforminga av handlingsprogrammet vere?
Kva tema skal ein legge mest vekt på?
Side 2 av 2
Skal fylkesrådet jobbe med eit gjennomgåande tema i heile perioden? I så fall kva tema skal det vere?
Saksprotokoll
Organ: Fylkesrådet for eldre Møtedato: 26.04.2016
Sak nr.: 16 / 3746 - 2 Internt l.nr. 16259 / 16
Sak: 8 / 16
Tittel: Oppstart av arbeidet med handlingsprogram for fylkesrådet for eldre 2016 - 2019
Behandling:
Vedtak om vegen vidare med handlingsprogrammet vert formulert i møte til fylkesrådet.
Endringsframlegg:
Medlemmene i fylkesrådet for eldre les gjennom handlingsplanen som var for perioden 2012 – 2015, og vurderer kva som er gjennomført, og kva ein bør jobbe vidare med. I tillegg skal medlemmene ta stilling til korleis ein kan jobbe med forslaga som er beskri ve i saksframlegget til sak 8/16. Det vert jobba vidare med handlingsprogrammet for fylkesrådet for eldre i møte 13.
september.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande endeleg vedtak:
Medlemmene i fylkesrådet for eldre les gjennom handlingsplanen som var for perioden 2012 – 2015, og vurderer kva som er gjennomført, og kva ein bør jobbe vidare med. I tillegg skal medlemmene ta stilling til korleis ein kan jobbe med forslaga som er beskrive i saksframlegget til sak 8/16. Det vert jobba vidare med han dlingsprogrammet for fylkesrådet for eldre i møte 13.
september.
Side 1 av 1
Saksframlegg
Saksbehandlar: Anne-Kjersti Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16/3744-1
Resolusjon oversendt frå pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane
Vedtaket vert formulert i møte til fylkesrådet for eldre
Vedlegg:
Velferdsteknologi
Kronikken: «livskvalitet for eldre – ei samansett oppgåve»
Endring i landposttenesta
SAKSFRAMSTILLING
Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane vedtok seks resolusjonar på årsmøte sitt, og har
vidaresendt tre av resolusjonane til fylkesrådet, for at fylkesrådet skal ta tak i problemstillingane og arbeide vidare med dei.
Dei tre resolusjonane omfattar fylgjande tema:
Velferdsteknologi løyser ikkje dei menneskelege behova innan omsorg. Teknologiske hjelpemiddel skal setje hjelparane i stand til å bruke meir tid på personleg kontakt med dei som treng hjelp.
Livskvalitet for eldre – ei samansett oppgåve. Tilrettelegging for nærleik og høve til å vere saman med partnaren sin.
Endring i landposttenesta. Ynskje om at Posten går tilbake til den tidlegare ordninga med utlevering av pakkar same dag som sendinga kjem.
Fra: Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane [[email protected]]
Til: Postmottak Sentraladm [[email protected]]
Kopi:
Sendt: 04.04.2016 14:10:02
Emne: Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane
Vedlegg: res. Gaular.pdf; Eldre nærhet og seksualitet 2.docx; Posten.doc Hei.
Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane har hatt årsmøte og der vart det vedtatt 6 resolusjonar, og 3 av desse vil vi sende til dykk for at de skal ta tak i problemstillingen og arbeide vidare med den.
Ber om at denne mailen blir vidaresendt til den som skal behandle sakene.
MVH
Laila Hage Dagleg leiar
Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane
Livskvalitet for eldre – ei samansett oppgåve Fra Eid eldreråd
Anne-Mari Aalberg, leiar Kasper Hjelle, nestleiar Nils E. Rognes, medlem Margot Åsebø, medlem
Er livskvalitet berre avhengig av mat, drikke, medisinering og hygiene? Vi veit at kommunane ut frå sine tildelte ressursar og prioriteringar gjer sitt for å tilfredsstille alle SKAL-moment i lovverk og forskrifter som omhandlar pleie-og omsorg. Eid eldreråd meiner det er på tide å ta dei inste tankane og kjenslene til både brukarar og pårørande på alvor. Grunnleggjande behov kan variere for at livskvaliteten skal vere optimal for den einskilde.
Det finst utruleg mange BØR-moment og KAN-moment i ei rikhaldig skriftsamling frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet.
Det er tolkningar av kva ein ”bør” og kva ein ”kan” vi i Eid eldreråd ynskjer å få på dagsordenen.
”SKAL” inneber at kommunane er pålagde til å følgje lovteksten. ”KAN”
inneber skjønn og at det er opp den einskilde kommune å følgje teksten.
”BØR” er ei tilr åding og ikkje bindande.
22. januar gjekk fristen ut for høyring kring Ny Diskriminering- og likestillingslov. Eid eldreråd har gjeve eit høyringssvar i generelle
formuleringar. Det vi her tek opp, vert meir spesifikt kring eit spørsmål om eldre i institusjon og høve til nærkontakt med ektemake/sambuar/kjæraste kan vere ein del av diskrimineringsspørsmålet.
Nærleik
Vi kan tenkje oss ein mann på 90 år som ynskjer om å overnatte hjå kona ved spesielle høve. Ho er pleietrengjande på sjukeheim. Han bur heime og steller seg sjølv. Å be om overnatting saman med kona, er ein høg terskel å passere. Og ingen kjem med tilbodet.
Desse to har vore gifte i meir enn 60 år, har delt seng og vore kvarandre nærast. Teke hand om kvarandre. Heilt til kona vart pleietrengjande. Fysisk sjuk er ho, men lengtar heim.
Er det den fysiske heimen ho lengtar til? Eller er det nærleiken til mannen sin?
Det er på tide at pleie- og omsorgssektoren tek omsyn til kjensler og
tankar som brukarane ikkje sjølv har mot til å snakke om. Til dømes med
tilbod om overnatting ved ulike merkedagar som julaftan, fødselsdagar,
bryllaupsdagar og liknande. I tider der nye omsorgsinstitusjonar tek form,
må ein også tenkje nye tankar kring dette. Vel – dei som er i 90-åra er vel vande med å ta til takke med det dei får. Ikkje er dei vande med offentleg å snakke om kjensler heller. Men det kjem meir kravstore grupper.
Det Eid eldreråd ynskjer, er høve til nærleik. Liggje saman. Halde i handa før ein sovnar. Snakke saman i senga slik eit par gjerne gjer – om korleis dagen har vore eller glede over dei nye bileta av barneborn og oldeborn.
Tolking
Vi har gravd oss gjennom lovverk og forskrifter, men finn ikkj e noko ”SKAL”
i høve tilrettelegging slik at ektefelle/partnar utanfor institusjon kan overnatte.. Heller ikkje un der omgrepet ”BØR” eller ”KAN” finn vi dette nemd. I samtale med ein lege fekk vi vite at det ikkje finst noko konkret nedfelt kring dette temaet.
Føremålsparagrafen for pleie- og omsorg seier at dette skal byggjast på respekt for det einskilde mennesket og den einskilde skal ha
sjølvbestemmelsesrett. Vi tolkar det slik at utanom fysiske behov skal det takast omsyn til oppleving av livskvalitet og viktige verdiar for den
einskilde. Alle skal bli behandla med respekt og kjenne seg verdsett.
Opplevingar av livskvalitet og viktige verdiar skal ein bruke for å gje eit best mogeleg liv for kvar og ein, både i høve fysiske og sosiale behov. Innanfor kvalitetskrav ligg også etaten sin evne til å tilfredsstille både uttalte og ikkje uttalte behov. Det er lagt vekt på sjølvstende og styring av eige liv. Det skal vere høve til samvær, sosial kontakt, fellesskap og aktivitet. Der den
pleietrengjande ikkje kan uttrykkje seg, skal pårørande takast med på råd og bli høyrde.
Respekt for det einskilde mennesket er gjennomgangstonen slik vi har tolka ulike formuleringar .
Vi fann ingen tolkning i høve eldre i institusjon og overnattingsbesøk.
Truleg har det ikkje kome mange slike klager. Vi fann ei tolking av dette frå Sosial- og Helsedepartementet til Fylkesmannen i Rogaland, datert i 2009.
Sjølv om sosialtenestelova er endra og barbert noko sidan då, er hovudbodskapen i lovverket framleis intakt.
Svaret til Fylkesmannen i Rogaland gjeld bebuar i
rusbehandlingsinstitusjon, men ein kan etter vår oppfatning overføre dette til kva som helst av institusjon i pleie- og omsorgssektoren. Svaret seier mellom anna: ” I forskriften benyttes ordet ”besøk”, og en naturlig tolkning av ordet er dagsbesøk, men også overnattingsbesøk faller i og for seg inn unde r ordlyden”.
I høve bygging av nytt omsorgssenter i Eid og andre stader, oppfordrar vi
dei ansvarlege i prosessen til å ha dette i tankane under planlegging av
utforminga. Det kan vere med dobbel sovesofa i kvart pasientrom, eller eit
eige rom med dobbelseng der eit par kan vere saman av og til. Sjølvsagt vil
det gje utfordringar, men det kan også lette arbeidet for dei tilsette. Mellom anna med hjelp til mating. Sjølvsagt må den som overnattar vere i stand til å stelle seg sjølv og ikkje gje personalet ekstra arbeidsmengde i ein allereie hektisk arbeidskvardag.
Seksuell avskilting
Vi vert fødde med ein seksualitet, vi lever med det og døyr som seksuelle individ. Med ulike behov. Ei kraft som ligg der under huda så lenge vi pustar.
Er helsepersonell kvalifiserte til å snakke om seksualitet med pasientane?
Er det sjenanse som hindrar dette? Eller er det eit IKKE-tema innan helseomsorga?
Ei bacheloroppgåve frå Høgskolen i Hedmark der to sjukepleiestudentar har teke dette temaet føre seg i si hovudoppgåve, omhandlar dette. Linda Carine Svendsberget og Camilla Skeie Haukeland har sett fingeren på eit viktig tema med oppgåva ”De er for gamle til slikt – eldre og seksualitet”
Føremålet var å setje lys på eit tabubelagd men høgst aktuelt spørsmål. I rapporten kjem det fram at for eldre er seksualitet meir enn fysisk samleie.
I stor grad er nærheit, ømheit og kontakt viktig.
Studentane starta granskinga med at seksualitet hjå eldre er ”ikkje - eksisterande”, negativt å snakke om og unaturleg. Dei kom frå granskinga med ny kunnskap og innsikt. Problemstillinga for oppgåva var: ”Ivareta seksuell identitet hos mannlige sykehjems pasienter.” Studentene grunngav avgrensinga av personar med at det elles ville bli for omfattande.
Konklusjonen vart at eldre og sjukepleiarar oppgjev ulike oppfatningar når det kjem til seksualitet. Eldre ynskjer å snakke, helsepersonell opplever dette ubehageleg.
Vi les i avhandlinga av for kognitivt friske kan ”avseksualisering” vere vanskeleg. Seksualitet er fundamentalt og kan ikkje bli oversett. Det må bli inkludert på lik linje med andre aspekt i livet. Også eldre må ha høve til å ta del i og nyte eit seksuelt tilfredsstillande liv, som høve til nærleik. Det er for somme ein del av god livskvalitet og livsglede.
Snakk om det
Når vi i Eid eldreråd ynskjer fokus på dette, er det i høve vår diskusjon kring tilrettelegging for nærleik og høve til nokre netter å vere saman med partnaren sin. Dette vil vere positivt både for den som er i institusjon og for partnaren som bur heime.
Vi gav spørsmålet til ein av legane i distriktet vårt. Vedkomande kunne
fortelje at ein pasient aldri har kome med tankar og spørsmål kring
seksuelle problem. Vedkomande lege sa også at det kjenst vanskeleg på eiga hand å ta opp dette temaet då ein kjenner det problematisk å finne rett tidspunkt.
Vel, er nærleik med rom for privatliv noko vi skal setje på dagsordenen på alvor, eller rødmande berre legge vekk som fjasete tankar utan rot i det verkelege livet for eldre? Og vere nøgde med at eldre i institusjon skal bli
”avskilta” seksuelt.
Sak: Endring i landposttenesta.
Frå 1.mars 2016 vart det endring i den godt fungerande landposttenesta.
Etter at Posten, for nokre år sidan, la ned postkontora i utkantane og flytta dei til sentrumsnære stader, har landposttenesta vore ei godt fungerande teneste.
Men med den nye ordninga skaper det frustrasjon og vanskar for dei som bur langt frå postkontor. Må ein ha pakkar same dag som dei er komne fram til postkontoret, må ein køyre dit og hente den sjølv eller ta kontakt med kontoret og tinge utsending med landpostbodet og få pakken tidlegast to dagar seinare.
Får ein melding om at pakken er på postkontoret ein torsdag , vil det ta fire dagar før pakken kjem med landpostbodet, fordi det er ikkje ombering av brev og pakkar laurdagar.
Mange eldre, som bur i utkantstrok, køyrer ikkje bil, og busstilbodet er sjeldan eller fråverande, og då vert det å lite på hjelp frå familie eller ein dyr drosjetur.
Etter vår meining er dette ei dårleg omlegging og vil be Posten gå attende til den tidlegare ordninga med utlevering av pakkar same dag sendinga kjem.
Dette vil syne at Posten har omtanke for kundane og gjer sitt til at busetnaden i utkant-Noreg kan halde fram.
Ortnevik 12.03.16
Med helsing Sørsida Pensjonistlag, Gerd Brekke,
leiar
Saksprotokoll
Organ: Fylkesrådet for eldre Møtedato: 26.04.2016
Sak nr.: 16 / 3744 - 2 Internt l.nr. 16260 / 16
Sak: 9 / 16
Tittel: Resolusjon oversendt frå pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane
Behandling:
Vedtaket vert formulert i møte til fylkesrådet for eldre
Endringsframlegg:
«Livskvalitet for eldre» vert teke med som sak til møta med dei kommunale råda. Dei to andre resolusjonane er teke til informasjon.
Avrøysting:
Einstemmig
Dette gir følgjande endeleg vedtak:
«Livskvalitet for eldre» vert teke med som sak til møta med dei kommunale råda. Dei to andre resolusjonane er teke til informasjon.
Side 1 av 3
Saksframlegg
Saksbehandlar: Anne-Kjersti Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16/3685-1
Skriv og melding 26. april 2016 - fylkesrådet for eldre
1. Fylkesrådet for eldre tek skriv og meldingar til vitande
2. Fylkesrådet for eldre sine uttalar og kommentarar til kvart einskild skriv og melding vert lagt under kvar meldesak
Vedlegg:
Svar frå NAV
Kronikk frå Eid eldreråd Forebyggande eldrepolitikk Regional planstrategi Årsrapport 2015 – frå Stryn
Fråsegn om kutt i bussrutetilbod i Gaular kommune Møtebok frå Sogndal eldreråd
Regional planstrategi
Meldesak 1) Svar frå NAV om hjelp til å fylle ut reiserekningsskjema NAV har sendt fylgjande tilbakemelding:
«Vi er litt overraska over uttalen fordi ansvaret for pasientreiser vart overført frå NAV til HELFO i 2009, seinare vart også frikortordninga overført i 2010. Det betyr at NAV-kontora i dag verken har eller skal ha kompetanse på dette området, og såleis heller ikkje skal kunne tilby hjelp til eldre meir enn andre instansar. Vi har forståing for at enkeltpersonar har vanskar med å handtere nye løysingar, men erfaringa er at dette går smertefritt etter ein overgangsperiode for dei aller, aller fleste. Det er ingen lokale instansar som er peika på som rådgivarar/rettleiarar for dei som måtte trenge hjelp, men vi har registrert at i nokre kommunar var det naturleg, i overgangsperioden vertfall, å søkje bistand i servicekontoret og enkelte plassar på legekontoret. Det er altså ikkje eit behov som det er naturleg å få dekka på NAV-kontoret i dag. Når desse oppgåvene blei tekne bort frå NAV var det for å frigjere ressursar til oppfølging av dei som skal i eller tilbake til jobb og som treng NAV si hjelp til det. Forvaltningsoppgåver som vi snakkar om her skal ivaretakast av miljø som er knytt opp mot helseføretaka og helsetenesta. Slik sett har det vore ein suksess for befolkninga samla sett og for ansvarsdelinga i offentleg sektor. Vi håpar at eldre både i Luster og andre plassar i samråd med sine næraste finn greitt ut av korleis dette skal gjerast. Det dreiar seg tross alt om å fylle ut eit skjema og sende i posten. Er det spørsmål sit det folk klare på
Pasientreiser sin infotelefon 05515 som kan svare på det folk måtte lure på».
Meldesak 2) Kronikk frå Eid eldreråd
Kronikken tek for seg at livskvalitet for eldre er ei samansett oppgåve Meldesak 3) Forebyggande eldrepolitikk
Side 2 av 3
Pensjonistforbundet har gjennomført forsking og erfaringsinnhenting i prosjektet «Morgendagens aktivitetssenter». Om det er ynskje om å få framlagt forskinga og resultatet frå
erfaringsinnhentinga kan fylkesrådet ta kontakt med prosjektleiar Tone Bye.
Meldesak 4) Fråsegn frå helse- og sosialutvalet i Gaular kommune
«Det er gjort ei grundig utgreiing om korleis tannhelsetenesta arbeider, og om utfordringar for tenesta vidare. Vi har forståing for at det kan vere vanskeleg å spare samstundes med at ein skal tilgodesjå andre forhold, m.a. fagleg nivå, samarbeid med andre helsetenester og tilgjengelegheit.
I eit folkehelseperspektiv har tannhelsetenesta gjort eit stort og verdfullt arbeid, det er viktig at dette vert teke vare på og vidareutvikla. Utgreiinga legg også vekt på dette, og at sunn tannhelse er grunnleggande for god allmennhelse. Vidare står det i utgreiinga s. 10 at: I stortingsmelding nr.
35: Tilgjengelegheit, kompetanse og sosial utjamning – Framtidas tannhelsetjenester blir det lagt vekt på kor viktig det er med samarbeid mellom sektorane for å oppnå resultat i
Folkehelsearbeidet.
Vi meiner at det no er feil tidspunkt å gjennomføre ei så stor reform av tannhelsetenesta som utgreiinga legg opp til, med samanslåing av klinikkar. Vi er midt inne i ei kommunereform som vi enno ikkje veit resultatet av. Ein må og stille spørsmål om den samfunnsøkonomiske gevinsten ved tiltaket. Difor vil vi oppmode om at det vert utgreia andre løysingar, det kan vere meir
ambulerande tenester, og/eller samarbeid med andre aktørar, meir systematisk samarbeid mellom klinikkar for fagleg utvikling, og tilbod til pasientar ved vakansar og feriar.
Dersom det ikkje vert ei utsetting av saka, meiner helse- og sosialutvalet i Gaular kommune at den samfunnsøkonomiske sida bør vurderast. Tannhelsetenesta bør utviklast vidare og samordnast med dei andre primærhelsetenestene, og vere nær der folk bur og arbeider».
Meldesak 5) Landskonferansen for eldreråd på Lillehammer 30. mai – 1. juni 2016 Harald, Kristoffer, Aud og Anna Sofia er påmeldt landskonferansen
Meldesak 6) Regional planstrategi
Planstrategien legg langsiktige utviklingsmål i fylket og føringar for regional planlegging.
Nokre viktige drøftingar som FU ynskjer i høyringa:
Er det behov for at fylket tilpassar seg dei globale og nasjonale trendane med sentralisering, gjennom å jobbe målretta for å få til sjølvdrivande regionforstørring i Sunnfjord og rundt Sogndal?
Kva for strategiar treng vi for å løyse ut potensialet for vekst og utvikling i alle deler av fylket?
Korleis kan vi jobbe målretta med attraktivitet og mangfald i arbeidsplassar for alle, også slik at vi får fleire høgt utdanna kvinner i fylket?
Korleis kan vi styrke samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor for få fram tiltak som inkluderer innvandrarar enno betre?
Korleis kan vi saman vidareutvikle forsking og utvikling (FOU) og næringslivet for å styrke verdiskapinga?
Korleis kan vi tilpasse oss det grøne skifte og kva vil klimaomstilling innebere for oss?
Uttalefrist 28. april
Meldesak 7) Årsrapport 2015 – Råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Stryn
Årsrapporten frå det kommunale rådet i Stryn er sendt til orientering til fylkesrådet.
Meldesak 8) Høyringskonferanse om nasjonal og regional transport
Høyringskonferansen om nasjonal transportplan og regional transportplan er på Thon Hotel Skei i Jølster. Harald møter på konferansen for fylkesrådet. Meir informasjon om høyringskonferansen finn du her: http://www.sfj.no/vegdirektoer-til-konferanse.5864556-336473.html
Meldesak 9) Fråsegn frå Gaular kommune
Fråsegn frå helse og sosialutvalet i Gaular kommune, og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne om kutt i bussrutetilbod i Gaular kommune.
Side 3 av 3
Meldesak 10) Møtebok frå Sogndal eldreråd
Møtebok frå 5. april frå Sogndal eldreråd er sendt til orientering til fylkesrådet.
Meldesak 11) Ymse