• No results found

Stavanger-dialekten 30 år etter

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Stavanger-dialekten 30 år etter"

Copied!
170
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Stavanger-dialekten 30 år etter

Ei sosiolingvistisk oppfølgingsgransking av talemålet i Stavanger

Kristine Nymark Aasen

Mastergradsoppgåve i nordisk språk

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen

Våren 2011

(2)

I

(3)

I

Forord

Arbeidet med denne avhandlinga har vore hektisk, men lærerikt. Det er mange som fortener takk:

- Først og fremst vil eg takke professor Helge Sandøy for god rettleiing, og for at du alltid har tid til ein prat eller er tilgjengelig på e-post. Eg vil òg takke for at eg har fått vere ein del av Dialektendringsprosessar, som har gitt meg både stønad og mulegheit til å skrive denne avhandlinga.

- Dei andre i prosjektet, som har kome med faglege innspel og diskusjonar, og for kjekke turar. Ei spesiell takk må gå til Marie Fossheim, som har vore til uvurderleg hjelp i innspurten. Bente Selback fortener òg ei stor takk for hjelp til stort og smått under prosessen.

- Alle informantane som har stilt velvillige opp til intervju. Utan dykk ville det aldri ha blitt noko av denne avhandlinga. Ei særleg takk fortener ein av panelinformantane mine, som hjelpte meg å spore opp andre panelinformantar.

- Krister Vasshus, som har vore ein god intervjuar, og for gode tips og råd frå ein ekte siddis. Takk for jordbæroppmuntring i innspurten!

- Øystein Reigem og Paul Meurer for hjelp med talebanken. De har vore tilgjengelege omtrent døgnet rundt, til og med i feriar og helgar.

- Hæge Nyrnes, for at du var med og gjorde “påskeferien” til ei fin tid på HF. Elles takk til andre medstudentar på nordisk. Det har vore eit kjekt år. Ikkje minst vil eg rette ei stor takk til Marianne Valeberg Nornes, for hjelp til mellom anna det datatekniske. Det har vore godt å ha nokon å støtte seg til i arbeidet. Eg set stor pris deg!

- Familien min, som har støtta meg i året som har gått. Ei spesiell takk må gå til Synnøve Nymark Aasen, som har laga teikningane til bilettesten (sjølv om han ikkje vart brukt), og for å ha vist stor interesse for prosjektet mitt.

- Trond Minde for grundig korrekturlesing.

- Linn S. Gunnerød for hjelp med engelsken.

- Edit Bugge for hjelp med signifikanstesting.

- Tusen takk til Torstein Nygård, som eg trur må vere den mest tolmodige personen eg kjenner. Takk for hjelp med prosentrekning, korrekturlesing av tabellar, og for

oppmuntringar gjennom prosessen. Takk for at du har hatt trua på prosjektet mitt heile tida!

Bergen, 16.05.11 Kristine Nymark Aasen

(4)

II

Innhald

Forord ... I Innhald ... II Oversikt over tabellar og figurar ... V

1 Innleiing ... 1

1.1 Målet med arbeidet ... 1

1.2 Presentasjon av Dialektendringsprosessar ... 1

1.3 Problemstilling ... 3

1.4 Strukturen i avhandlinga ... 4

2 Stavanger ... 5

2.1 Tidlegare forsking... 5

2.2 Gabrielsen si gransking ... 5

2.3 Stavanger ... 7

2.3.1 Kort historisk framstilling ... 8

2.3.2 Demografi ... 9

2.3.3 Bumønster ... 11

2.3.4 Sysselsetjing og næringsliv ... 12

2.3.5 Skule og utdanning ... 13

2.3.6 Kulturliv ... 14

2.4 Språket i Stavanger ... 14

2.4.1 Grammatikkskisse ... 15

2.4.1.1 Lydverket ... 15

2.4.1.2 Morfologi ... 18

2.4.2 Språklege variablar ... 20

3 Teori ... 25

3.1 Innleiing ... 25

3.2 Sosiolingvistikk ... 25

3.3 Språk og identitet ... 27

3.4 Normer og haldningar i språksamfunnet ... 28

3.5 Språksamfunn ... 29

3.6 Diakron variasjon ... 32

3.6.1 Indre faktorar ... 32

3.6.2 Ytre faktorar ... 34

3.7 Synkron variasjon ... 35

3.7.1 Geografisk tilhøyrsle ... 35

3.7.2 Alder ... 36

3.7.2.1 Livsfaseendring og livsløpsendring ... 36

3.7.3 Kjønn ... 36

3.7.4 Sosial variasjon ... 37

3.8 Språkendring ... 38

3.8.1 Spreiing av språkdrag ... 39

3.8.2 Tilpassingsteorien ... 39

3.8.3 Regionalisering ... 41

3.9 Hypotesar ... 42

3.9.1 Språk og lokalitet ... 43

3.9.2 Språk og alder ... 43

3.9.3 Språk og kjønn ... 43

3.9.4 Språk og sosial tilhøyrsle ... 44

4 Metode ... 45

(5)

III

4.1 Kvalitativ og kvantitativ metode ... 45

4.2 Denne undersøkinga ... 46

4.2.1 Verkeleg versus tilsynelatande tid ... 46

4.2.2 Panel- og trendstudie ... 47

4.3 Informantane i det gamle materialet ... 48

4.4 Informantane i det nye materialet ... 49

4.4.1 Dei unge informantane ... 50

4.4.1.1 Litt om skulane ... 51

4.4.2 Dei midaldra informantane ... 51

4.4.3 Dei eldste informantane ... 52

4.4.4 Livsfasar og årsklassar ... 53

4.5 Intervju ... 54

4.6 Intervjusituasjonen ... 55

4.7 Min metode jamført med dei gamle opptaka ... 56

4.8 Behandlinga av materialet ... 57

4.9 Reliabilitet og validitet ... 58

5 Presentasjon av resultata frå trendgranskinga ... 59

5.1 Innleiing ... 59

5.1.1 Feilkjelder ... 59

5.1.2 Signifikans ... 59

5.2 Variablane etter opptaksår ... 61

5.2.1 Variabel 1: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykklett ... 61

5.2.2 Variabel 2: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykktung ... 62

5.2.3 Variabel 3: Nektingsadverbet ... 63

5.2.4 Variabel 4: Infinitivsmorfemet ... 63

5.2.5 Variabel 5: Blaut konsonant etter lang vokal ... 64

5.2.6 Variabel 6: Uttalen av den historiske kj-lyden ... 64

5.2.7 Variabel 7: Uttalen av den historiske sj-lyden... 65

5.2.8 Fonemsamanfall? ... 66

5.2.9 Språket på dei to ungdomsskulane ... 66

5.2.10 Oppsummering ... 68

5.3 Livsfasar, livsløpendring og årsklassar ... 68

5.3.1 Variabel 1: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykklett ... 69

5.3.2 Variabel 2: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykktung ... 70

5.3.3 Variabel 3: Nektingsadverbet ... 72

5.3.4 Variabel 4: Infinitivsmorfemet ... 73

5.3.5 Variabel 5: Blaut konsonant etter lang vokal ... 75

5.3.6 Variabel 6: Uttalen av den historiske kj-lyden ... 76

5.3.7 Variabel 7: Uttalen av den historiske sj-lyden... 78

5.3.8 Fonemsamanfall? ... 79

5.3.9 Oppsummering ... 80

5.4 Kjønn og språk ... 81

5.4.1 Variabel 1: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykklett ... 81

5.4.2 Variabel 2: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykktung ... 82

5.4.3 Variabel 3: Nektingsadverbet ... 83

5.4.4 Variabel 4: Infinitivsmorfemet ... 84

5.4.5 Variabel 5: Blaut konsonant etter lang vokal ... 85

5.4.6 Variabel 6: Uttalen av den historiske kj-lyden ... 86

5.4.7 Variabel 7: Uttalen av den historiske sj-lyden... 87

5.4.8 Fonemsamanfall? ... 88

5.4.9 Oppsummering ... 89

5.5 Overlever det høgare talemålet? ... 90

5.6 Årsklasseinndeling og dei tradisjonelle variablane ... 92

5.7 Språk og sosial tilhøyrsle ... 95

(6)

IV

6 Drøfting av resultat ... 97

6.1 Innleiing ... 97

6.2 Hypotesane ... 97

6.3 Kor kjem endringane frå? ... 98

6.3.1 Kva rolle spelar skriftspråket? ... 99

6.3.2 Sosial prestisje ... 101

6.3.3 Geografiske tilhøve... 101

6.3.4 Identitet og endring av synet på dialekt ... 103

6.3.5 Indrespråklege faktorar ... 105

6.4 Kven formidlar endringane? ... 105

6.4.1 Kvinnene i midt-gruppa ... 107

6.5 Svar på problemstillingane ... 108

6.5.1 Regionalt eller nasjonalt mønster? ... 110

6.6 Retning på utviklinga ... 112

7 Resultata frå panelgranskinga ... 113

7.1 Panelinformant 1 (5M) ... 113

7.2 Panelinformant 2 (5K) ... 115

7.3 Panelinformant 3 (7M) ... 117

7.4 Panelinformant 4 (7K) ... 119

7.5 Oppsummering frå panelgranskinga ... 121

8 Avslutning ... 122

8.1 Oppsummering og avslutning ... 122

8.2 Vidare arbeid ... 122

Litteraturliste ... 124

Vedlegg 1: Skjema for eiga vurdering av dialektbakgrunn ... 130

Vedlegg 2: Informasjonsskriv til potensielle informantar ... 131

Vedlegg 3: Samtalegaid for intervju og bakgrunnsopplysningar ... 137

Vedlegg 4: Oversikt over belegg på individnivå ... 144

Vedlegg 5: Nummer på informantane i talebanken ... 159

Samandrag ... 160

Abstract ... 161

(7)

V

Oversikt over tabellar og figurar

Tabellar

Tabell 1: Oversikt over innflyttarar til Stavanger. Tal og (prosent) ... 10

Tabell 2: Oversikt over busetjingstettleik i 2010... 11

Tabell 3: Oversikt over busetjingsstrukturen i 2010 ... 12

Tabell 4: Pendling i 2009 ... 13

Tabell 5: Vokalfonema ... 15

Tabell 6: Konsonantfonema... 16

Tabell 7: Bøying av sterke og svake hannkjønnsord i Stavanger bymål ... 18

Tabell 8: Bøying av svake og sterke hokjønnsord i Stavanger bymål... 18

Tabell 9: Bøying av svake og sterke felleskjønn i det høgare talemålet ... 19

Tabell 10: Bøying av svake og sterke nøytrumsord. ... 19

Tabell 11: Bøying av a- og e-verb ... 19

Tabell 12: Bøying av sterke verb ... 20

Tabell 13: Personlege pronomen i Stbm... 20

Tabell 14: Personlege pronomen i dht. ... 20

Tabell 15: Stbm.-/dht.-variantar av tradisjonelle variablar. ... 22

Tabell 16: Gamle/nye former av dei moderne variablane ... 24

Tabell 17: Oversikt over elevinformantane ... 51

Tabell 18: Inndeling i årsklassar ... 53

Tabell 19: Informantane fordelte på årsklassar og livsfasar ... 53

Tabell 20: Jamføring av metoden på gammalt og nytt materiale ... 57

Tabell 21: Signifikansgrenser ... 60

Tabell 22: Inndeling av variantar etter moderne/ tradisjonelle variablar ... 60

Tabell 23: Variabel 1, etter opptaksår. Skåre i prosent ... 61

Tabell 24: Variabel 2, etter opptaksår. Skåre i prosent ... 62

Tabell 25: Variabel 3, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 63

Tabell 26: Variabel 4, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 63

Tabell 27: Variabel 5, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 64

Tabell 28: Variabel 6, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 65

Tabell 29: Variabel 7, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 65

Tabell 30: Fonemsamanfall av kj-lyden , etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 66

Tabell 31: Alle variablar, yngre-gruppa, 2010. Skåre i prosent. ... 67

Tabell 32: Variabel 1, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 69

Tabell 33: Variabel 1, livsløpsendring i årsklasse III i 1981 og 2010. Skåre i prosent. ... 70

Tabell 34: Variabel 2, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 70

Tabell 35: Variabel 2, livsløpsendring i årsklasse III, i 1981 og i 2010. Skåre i prosent. ... 71

Tabell 36: Variabel 3, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 72

Tabell 37: Variabel 3, livsløpsendring i årsklasse III i 1981 og i 2010. Skåre i prosent. .... 73

Tabell 38: Variabel 4, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 73

Tabell 39: Variabel 4, livsløpsendring i årsklasse III, i 1981 og i 2010. Skåre i prosent. ... 74

Tabell 40: Variabel 5, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 75

Tabell 41: Variabel 5, livsløpsendring i årsklasse III, i 1981 og i 2010. Skåre i prosent. .. 76

Tabell 42: Variabel 6, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 76

Tabell 43: Variabel 6, livsløpsendring i årsklasse III, i 1981 og i 2010. Skåre i prosent. .. 77

Tabell 44: Variabel 7, endring i livsfasemønster, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 78

Tabell 45: Variabel 7, livsløpsendring i årsklasse III, i 1981 og 2010. Skåre i prosent. .... 79

(8)

VI

Tabell 46: Samanfall av kj-lyden, etter alder og opptaksår. Skåre i prosent. ... 79

Tabell 47: Variabel 1, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 81

Tabell 48: Variabel 1, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 81

Tabell 49: Variabel 2, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 82

Tabell 50: Variabel 2, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 82

Tabell 51: Variabel 3, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 83

Tabell 52: Variabel 3, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 83

Tabell 53: Variabel 4, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 84

Tabell 54: Variabel 4, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 84

Tabell 55: Variabel 5, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 85

Tabell 56: Variabel 5, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 85

Tabell 57: Variabel 6, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 86

Tabell 58: Variabel 6, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 86

Tabell 59: Variabel 7, etter kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 87

Tabell 60: Variabel 7, etter kjønn, alder i 2010. Skåre i prosent. ... 87

Tabell 61: Fonemsamanfall av kj-lyden, etter kjønn i 2010. ... 88

Tabell 62: Fonemsamanfall av kj-lyden, etter kjønn og opptaksår. Skåre i prosent ... 88

Tabell 63: Stbm.-/dht.-former av dei tradisjonelle variablane. ... 90

Tabell 64: Stbm./dht.-former, etter alder og kjønn i 2010. Skåre i prosent. ... 90

Tabell 65: Stbm- og Dht-former etter årsklasse. Skåre i prosent. ... 92

Tabell 66: Stbm- og dht-former etter årsklasse og kjønn. Skåre i prosent. ... 93

Tabell 67: Stbm./dht.-former etter sosialgruppe og opptaksår. Skåre i prosent. ... 95

Tabell 68: Bruk av Stbm./dht.-former etter sosialgruppe. Skåre i prosent. ... 96

Tabell 69: Skåring på mulege påverknadskjelder ... 98

Tabell 70: Årsklasse III, etter sosial tilhøyrsle. ... 108

Tabell 71: Alle variablar, panelinformant 5M, begge opptaksår. ... 114

Tabell 72: Alle variablar, panelinformant 5K, begge opptaksår. ... 116

Tabell 73: Alle variablar, panelinformant 7M, begge opptaksår. ... 118

Tabell 74: Alle variablar, panelinformant 7K, begge opptaksår. ... 120

(9)

VII Figurar

Figur 1: Folketilvekst i Stavanger ... 9

Figur 2: Oversikt over innenlandsk tilflytting til Stavanger i 2009. ... 11

Figur 3: Oversikt over næringane i 1980 og 2009 ... 13

Figur 4: Tradisjonelle variablar, etter opptaksår. Skåre i prosent. ... 64

Figur 5: Moderne variablar, etter opptaksår. ... 66

Figur 6: Variabel 1, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 69

Figur 7: Variabel 2, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 71

Figur 8: Variabel 3, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 72

Figur 9: Variabel 4, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 74

Figur 10: Variabel 5, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 75

Figur 11: Variabel 6, endring i livsfasemønster, begge opptaksår og alder. ... 77

Figur 12: Variabel 7, endring i livsfasemønster, begge opptaksår. ... 78

Figur 13: Stbm./dht.-former, etter alder og kjønn i 2010. ... 91

Figur 14: Bruk av Stbm- og dht-former etter årsklasse. ... 92

Figur 15: Stbm- og Dht-former etter årsklassar og kjønn. ... 93

Figur 16: Stbm./dht.-former etter sosialgruppe og opptaksår. ... 95

Figur 17: Stbm./dht.former etter sosialgruppe og opptaksår. Skåre i prosent ... 96

Kart Kart 1: Rogaland fylke, Stavanger-statistikken, og bydelsinndelinga i Stavanger kommune, Geodataavdelinga ... 7

(10)

1

1 Innleiing

1.1 Målet med arbeidet

Eg skal gjere ei oppfølgingsgransking av talemålet i Stavanger. Målet er å studere språkleg variasjon og endring i både eit diakront og synkront perspektiv. Eg skal samle inn nytt materiale frå tre aldersgrupper i 2010. Det gamle materialet eg nyttar er Finn Gabrielsen si hovudoppgåve Eg eller je? Ei sosiolingvistisk gransking av yngre mål i Stavanger frå 1983. Avhandlinga går inn i prosjektet Dialektendringsprosessar (som vert presentert i 1.2). Ved å gjere om att undersøkingane som Gabrielsen gjorde i avhandlinga si, men med fleire aldersgrupper, kan eg studere språkendring i verkeleg tid (jf. 4.2.1). Eg skal studere sju språklege variablar i Stavanger-talemålet. Det språklege materialet som er utgangspunktet, er intervjua som Gabrielsen gjorde i 1981, opptak som prosjektet har fått tak i frå Stavanger Byarkiv frå 1982 i tillegg til at eg har samla inn nytt materiale frå 24 informantar i 2010. Informantane fordeler seg inn i tre ulike aldersgrupper og er fordelt på begge kjønn. Granskinga mi er såleis både synkron og diakron ved at eg kan studere språkleg variasjon i dag, samstundes som eg kan sjå på den historiske

språkendringa frå tidleg på 1980-talet og fram til i dag.

1.2 Presentasjon av Dialektendringsprosessar

Hausten 2009 vart eg med i prosjektet Dialektendringsprosessar, som masteroppgåva mi er eit delprosjekt i. Dialektendringsprosessar har som mål ”å utvikle innsikt i moderne dialektendringsprosessar og forholdet mellom samfunnsendring og språkendring”

(Dialektendringsprosessar). Prosjektet skal studere dialektendring i Noreg, og resultata vil gå inn i ei større, internasjonal fagleg drøfting. Det blir samla inn nytt språkleg materiale frå fem stader på Vestlandet som det alt eksisterer lydopptak frå, slik at ein kan jamføre dei nyinnsamla opptaka med det gamle materialet. Dette gjer det muleg å studere språkendring i verkeleg tid (jf. 4.2.1). Dei fem stadene som er utvalte, er Midøya, Øygarden, Bergen, Stavanger og Hå. Dette er ulike samfunn som har vore gjennom samfunnsmessige omleggingar. Difor er det interessant å sjå på desse samfunna på nytt for å finne ut kva dei sosiale samfunnsendringane har å seie for språket på staden. For å beskrive endringane på dei utvalte stadene byggjer prosjektet på denne modellen:

(11)

2

1) Språkbruk (struktur og variasjon)

2) Førestellingar 3) underbevisste haldningar

Gjennom å nytte denne modellen får prosjektet tilgang til ulike datatypar:

1) Språkbruksdata - innsamla ved hjelp av intervju

2) (Bevisste) førestellingar om språk og dialektar - innsamla ved hjelp av intervju 3) Underbevisste haldningar til språk - innsamla ved hjelp av masketestar

Dialektendringsprosessar skal i tillegg til språkendringar studere språkhaldningar: ”Det er av teoretisk interesse å forstå om kultur og medvit har påverknad på språksituasjonen og språkendringane” (Dialektendringsprosessar). Bevisste språkhaldningar kan ein studere gjennom metodar utvikla innafor folkelingvistikken. Det kan til dømes vere å stille informantar ulike spørsmål om språk. Ein ofte brukt metode innan

folkelingvistikken er å nytte kart eller teikningar under intervjua for å få fram

oppfatningar om språk. Slike studiar kan utfyllast med undersøkingar om underbevisste haldningar, som kan studerast ved hjelp av masketestar (verbal guise technique).

Masketestar vert utførte utan at informantane kjenner føremålet. Testen går føre seg slik at deltakarane får høyre ulike dialektvarietetar på eit lydband, og deretter skal dei vurdere dei talande ut ifrå ulike personlegdomstrekk og eigenskapar.

For at dei ulike delprosjekta skal kunne jamførast med kvarandre, er det i Dialektendringsprosessar bestemt at ein felles metode skal brukast på alle

undersøkingsstadene. Det skal vere 24 informantar frå kvar stad. Ideelt sett skal om lag halvparten av dei vaksne informantane i det nyinnsamla materialet vere dei same personane som deltok i dei gamle opptaka. Desse skal vere jamt fordelt på begge kjønn og på ulike aldersgrupper. Det er viktig for at vi skal kunne samle inn data frå folk som er i ulike livsfasar. Den yngste informantgruppa er ungdom som går i ungdomsskulen. Vi vil òg intervjue personar som er midt i yrkesaktiv alder, og dei som er i slutten av yrkeslivet eller pensjonistar. I Dialektendringsprosessar skal aldersgruppene sjå slik ut:

(12)

3 I: 14 - 16 år

II: 35 - 50 år III: 65 - 80 år

I tilfeller der det ikkje let seg gjere å finne informantar som er innafor akkurat desse aldersspenna, kan vi tillate avvik opp og ned i alder slik:

II: 30 - 59 år III: 60 - 80 år

Dei informantane som vert trekte ut, må ha vakse opp og budd i Stavanger frå 6- årsalderen. Dei må òg ut frå eiga vurdering snakke ei form for vestnorsk dialekt.

Alle delprosjekt innafor Dialektendringsprosessar nyttar både panel- og trendstudiar (meir om dette i 4.2.2). Ein panelstudie vil gå føre seg ved at ein finn tilbake til dei same informantane som vart brukte i den tidlegare studien. Målet med panelstudien er å få innsikt i individuelle mønster for språkendring. I tillegg skal dette òg vere ein trendstudie, det vil seie at vi skal beskrive ”gjennomsnittsspråket” i det aktuelle språksamfunnet.

Gabrielsen brukte elevar i vidaregåande skule som informantar og hadde dermed eit avgrensa grunnlag. Eg (og dei andre i prosjektet) vil ha heile befolkninga representert, dvs. fleire aldersgrupper. Som yngste gruppe har eg likeeins som dei andre delprosjekta, nytta elevar i ungdomsskulen.

1.3 Problemstilling

Når eg skal gjere ei oppfølgingsgransking som dette, er det sentralt å samanlikne sosiale variablar og jamføre dei med utvalte språklege variablar, som eg vil kome inn på seinare.

Eg vil arbeide ut ifrå ei overordna hovudproblemstilling som er:

1) Er omfanget og retninga i dialektendringane i Stavanger del av eit nasjonalt eller regionalt mønster?

I tillegg har Dialektendringsprosessar interesse av å finne ut i kva grad samfunnsutviklinga er med på å påverke språket, og kva dette har å seie for språkutviklinga:

(13)

4

2) I kva grad fører samfunnsutviklinga og store omleggingar i samfunnet til endringar i språket?

Det vil nok vere nyttig å formulere fleire underordna problemstillingar for å freiste å kartleggje eventuelle språkendringar. Ei av Gabrielsen sine problemformuleringar gjaldt kva for endringar som er under utvikling i stavangersk talemål, og korleis dei kan forklarast. Denne kan òg vere relevant for mi oppgåve:

3) Kva endringar er under utvikling i stavangersk talemål, og korleis kan dei forklarast?

Ei problemstilling Gabrielsen har med i hovudoppgåva si, er om det framleis var mest rimeleg å seie at der eksisterer to ulike og sjølvstendige talemål i Stavanger. Eg kan omformulere denne, og tilpasse ho til mi oppgåve:

4) Er det tenleg å rekne med to ulike talemål i Stavanger?

1.4 Strukturen i avhandlinga

I det følgjande kapittelet skal eg først sjå på granskingsstaden Stavanger, og kva tilhøve som er særskilde for byen. Det vil mellom anna vere ei kort historisk framstilling, demografiske tilhøve, sysselsetjing og næringsliv. Eg vil òg vise til tidlegare forsking og freiste å gi ei skildring av språket i byen. I kapittel 3 gjer eg kort greie for faghistoria til sosiolingvistikken, og deretter freistar eg å gi eit innblikk i relevant teori for språkleg variasjon og endring. Til slutt i teorikapittelet gjer eg greie for dei hypotesane eg vil teste.

Vidare i kapittel 4 skriv eg om kva metode som har vorte brukt, både når det gjeld

innsamlinga og informantutval. I kapittel 5 presenterer eg resultata frå trendgranskinga og kommenterer dei ulike funna. I kapittel 6 freistar eg å forklare resultata og deretter seie noko om kva eg trur retninga på utviklinga vil ha framover. I kapittel 7 presenterer eg resultata frå panelgranskinga og kommenterer utviklinga i språket til fire

panelinformantar. Til slutt skal eg summere opp og avslutte i kapittel 8.

(14)

5

2 Stavanger

2.1 Tidlegare forsking

Bymålsgranskinga i Noreg gått føre seg eit hundreår og vel så det. Det første norske bymålet som vart systematisk undersøkt, var Oslo-dialekten, av Amund B. Larsen. I Kristiania bymål (1907) nytta Larsen informantar som bakgrunn for arbeidet, medan han i Bergen (1911-1912) fekk hjelp av Gerhard Stoltz, og i Stavanger (1925) fekk hjelp av Mandius Berntsen. Trass i at Larsen gjorde sine arbeid med bymål tidleg på 1900-talet, var det likevel først og fremst bygdemåla i Noreg som vart mest undersøkte innafor fagfeltet. Dette gjaldt fram til 1970-talet då òg bymåla vart interessante studieobjekt i språkforskinga. Frå 1960-talet og utover vart det meir interessant å studere språkleg variasjon enn å sjå på dialektane som homogene storleikar. Som ei følgje av dette kom bydialektane meir i fokus enn før. Sosiolingvistikken, slik han utvikla seg i Noreg, fokuserte på at folk i ulike klassar snakka forskjellig frå kvarandre, og at dette kunne målast og setjast opp statistisk.

Det har tidlegare vore gjort fleire arbeid om talemålet i Stavanger. Både Ivar Aasen og Hans Ross gjorde innsamlingar i Stavanger. Men det første store verket som vart skrive om bymålet i Stavanger, var det Mandius Berntsen og Amund B. Larsen som stod for i 1925. I Stavanger Bymål vart både lydlære, formlære og ordforråd studert. I 1931 vart òg talemålssyntaksen granska av Martin Svendsen i Syntaksen i Stavanger bymål.

Seinare har Helge Omdal skrive ein artikkel om det høgare talemålet i Stavanger og arbeidd med ei magisteravhandling om fonemsystemet i Stavanger-målet. I artikkelen frå 1967 tek Omdal føre seg karakteristiske trekk i det høgare talemålet og jamfører det med folkemålet og med skriftspråka, særleg bokmål. Olav Hetland Sandvik har skrive ei dialektgeografisk oversikt over språka i Rogaland, Talemål i Rogaland - i går, i dag og i morgon (1979). I 1983 kom Gabrielsen si hovudoppgåve om yngre språk i byen ut. Karen Margrethe Hegland skreiv i 1996 hovudfagsavhandlinga Sjempesjekt!, der ho undersøkte fonemsamanfall mellom kj- og sj-lyden i talemålet. I 2008 skreiv Evy Nodland ei

mastergradsoppgåve der ho undersøkte spreiinga av samanfallet frå Stavanger til Egersund.

2.2 Gabrielsen si gransking

Avhandlinga mi vil som nemnt vere ei oppfølgingsgransking, og det gamle materialet eg nyttar i oppgåva mi, er Finn Gabrielsen si hovudoppgåve Eg eller je? Ei sosiolingvistisk

(15)

6

gransking av yngre mål i Stavanger (1983). Gabrielsen gjorde innsamlinga av materiale hausten 19811. Han intervjua totalt 30 informantar som då var elevar ved vidaregåande skule. Informantane var mellom 16 og 19 år gamle og måtte ha budd samanhengande i Stavanger sidan dei var fem år gamle. I tillegg til alder og kjønn var òg sosioøkonomisk status ein sosial variabel som Gabrielsen hadde med. Han gjekk då ut ifrå kva sosial posisjon hovudforsørgjaren for kvar informant hadde. Gabrielsen nytta ein marxistisk modell for inndelinga i sosialgrupper, og tok utgangspunkt i forholdet til

produksjonsmidla. Sosialklassane vart inndelte i tre grupper, borgarskapen,

småborgarskapen og arbeidarklasse. Slik som Gabrielsen peikar på i avhandlinga si, har Stavanger tradisjonelt vore ein by der det har vore ei skarp sosial lagdeling i talemålet (Gabrielsen, 1983, s. 1). Gabrielsen ville finne ut om det var skilnad mellom språket til informantane i formell og uformell situasjon, og om språket vart påverka av kva ideal informantane ønskte å identifisere seg med. Han sette difor informantane i både ein uformell og ein formell intervjusituasjon. I formell situasjon vart elevane intervjua ein og ein av ein austlending som snakka det Gabrielsen kallar eit norsk normaltalemål

(Gabrielsen, 1983, s. 62). For å betre fange opp kjønnsskilnader intervjua ein kvinneleg intervjuar jentene, medan gutane blei intervjua av ein mannleg. Desse personane skulle representere eigenskapar som intellektuell og sjølvsikker utan å vere arrogante, men kvinna skulle i tillegg vere pen og velkledd (Gabrielsen, 1983, s. 63). Tema som vart tekne opp i samtalen, var ”intellektuelle” samtaleemne som yrkesplanar, skattetrykk, statsstøtte til svake bedrifter, u-hjelp, innvandrarstopp, likestilling, krig og så vidare. I uformell situasjon var Gabrielsen sjølv intervjuar, og informantane fekk delta i par.

Temaa for desse samtalane var litt meir kvardagslege og meir relaterte til elevane sine interesser. Det viste seg at dei to ulike intervjusituasjonane ikkje gav så store utslag på språket til dei unge. I analysen min vil det vere dei uformelle intervjua eg vil nytte, sidan dei liknar mest på intervjua som vart gjorde i 2010 i det nye prosjektet.

Før Gabrielsen gjekk i gang med intervjua, informerte han berre administrasjonen og lærarar ved skulen om kva det eigentlege granskingsobjektet var. Før og under

innsamlinga sa han til informantane at han heldt på med ”eit større sosiologisk forskingsprosjekt” (Gabrielsen, 1983, s. 61). Dette gjorde han mellom anna fordi han ville finne ut om det var kontekstbunden variasjon. Han gjekk ut ifrå at det var lettare å

1 Gabrielsen gjorde innsamlinga i 1981, og avhandlinga kom ut i 1983. Difor nyttar eg frå no ulike årstal avhengig av om eg refererer til innsamlinga eller til då avhandlinga kom ut.

(16)

7

avdekke eventuell variasjon mellom situasjonane dersom informantane ikkje kjende føremålet.

2.3 Stavanger

Stavanger ligg i Rogaland fylke, som er det fjerde største fylket i landet. Stavanger er administrasjonssenter for Rogaland.

Kart 1: Rogaland fylke, Stavanger-statistikken, og bydelsinndelinga i Stavanger kommune, Geodataavdelinga

Stavanger er ein by og kommune som ligg på ei halvøy nord på Jæren. Kommunen grensar til Randaberg mot nord og til Sandnes og Sola i sør. I 1965 vart Madla og Hetland slått saman med Stavanger kommune. Stavanger er den fjerde mest folkerike kommunen i landet, og tettstaden Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i landet (Thorsnæs, 2010). I seinare tid har det vore diskutert om ein skal slå saman Stavanger, Sola og Sandnes. Nokon ønskjer å danne eit større, administrativt

styringsområde, medan andre vil oppretthalde kommuneinndelingane slik som dei er.

(17)

8

Stavanger består i dag av sju bydelar: Hundvåg, Tasta, Eiganes og Våland, Madla, Storhaug, Hillevåg og Hinna. Storhaug bydel har tettast befolkning, etterfølgd av Eiganes og Våland (Levekår i Stavanger, 2010).

2.3.1 Kort historisk framstilling

Ein reknar grunnlegginga av byen til omkring år 1125, då bispesetet vart oppretta.

Stavanger er med andre ord ein gammal by, men var gjennom heile mellomalderen ein liten by med eit lågt folketal (Gabrielsen, 1983, s. 36). Bergen til dømes var ein større by, som i tillegg hadde mykje kontakt med internasjonale handelspartnarar. I Stavanger føregjekk handelen på eit meir lokalt nivå, mellom byfolk og bønder frå Jæren og omland (s.st.). På midten av 1500-talet hadde Stavanger ein folketalsvekst, og det skjedde

tilflytting frå både inn- og utland. På slutten av 1700-talet og utover voks Stavanger- patrisiatet fram og nådde eit økonomisk, politisk og kulturelt høgdepunkt utover 1800- talet (s.st.). ”Og Stavanger-patrisiarane tenkte etter kvart ikkje bare på pengar, men i høg grad på kultur og ”dannelse”. Ikkje minst blir ”dannet sprog” ein ideologisk hjørnestein i den sosiale identiteten til borgarane” (Gabrielsen, 1983, s. 39). Ein kan difor rekne med at det høgare talemålet voks fram i denne tida.

Frå 1875 kjende ein fødestaden til over 6000 innflyttarar til Stavanger, som kom frå andre stader i Rogaland. 63 prosent kom ifrå dei ti næraste prestegjelda (Gabrielsen, 1983, s. 44). På heile 1800-talet var Stavanger ein språkleg smeltedigel, og i all hovudsak var det ein smeltedigel av Rogalands-mål (s.st.). Men det var ein smeltedigel av Rogalands- mål som var nært knytte til kvarandre. Det er kanskje ei naturleg forklaring på at bymålet i Stavanger er så likt bygdemåla i Rogaland. Ifølgje Gabrielsen har dei typiske

endringane i Stavanger bymål frå 1925 vore analogisk utjamning og leksikalsk utskifting (s.st.).

Frå 1890 til midten av 1900-talet var Stavanger ein typisk industriby, der hermetikk, grafisk industri, emballasje var viktige næringar. Etter kvart vart skipsbygging òg ein sentral næringsveg. Men frå 1950-talet og utover skjedde det ei forskyving frå industri til tenesteytande næringar. På byrjinga av 1980-talet var det slutt på hermetikkindustrien, og verksemda i Nordsjøen vert hovudnæringa i industrien (s.st.). Den 14. juni 1972 vart det på Stortinget vedteke at Stavanger skulle vere byen der oljeindustrien skulle vere

lokalisert (Austbø, 2008). Dette førte til at det vart fleire arbeidsplassar i Stavanger, og byen opplevde ei enorm tilflytting. Det vart henta inn oljeekspertar ifrå mellom anna

(18)

9

USA, Storbritannia, Frankrike og Nederland. Berre ti år etter at “olja” kom til Stavanger, hadde byen høgare nettoinntekt per skattytar enn Oslo. I løpet av dei neste tiåra hadde Stavanger ein kraftig folkeauke (sjå figur 1). I tillegg vart det reist fleire store offentlege bygg.

2.3.2 Demografi

Stavanger kommune hadde 125 635 innbyggjarar per 1. oktober 2010. I 1981 var folketalet 90 687. Det viser at byen har hatt ein folkeauke på om lag 39 prosent dei siste tretti åra (sjå figur). Det er ein så stor auke at han berre kan skje ved tilflytting.

Figur 1: Folketilvekst i Stavanger

(Statistisk sentralbyrå, 2010a)

Byen Stavanger er prega av mykje innflytting, både ifrå område rundt byen og elles ifrå heile Rogaland, i tillegg til frå utlandet. Ifølgje Gabrielsen var det 4614 utanlandske statsborgarar i byen 31. desember 1978. Tal frå Stavanger-statistikken viser at det var 10 660 den 1. januar 2008. Folketilveksten har vore jamt stigande òg for heile fylket Rogaland. Det viser at Stavanger og regionen rundt har hatt stor mobilitet. I åra mellom 1981 og 2010 har nettoinnflyttinga stort sett vore på plussida. Året 2000 var det største flyttetapet til byen i historia. Dette kan ha samanheng med bortfall av arbeidsplassar i oljesektoren på grunn av låg oljepris (Stavanger-statistikken, 2010a). Frå 2002 til 2004 hadde Stavanger stor nettoinnflytting ifrå heile landet. Frå 2005 og utover har byen hatt flyttetap og stor nettoinnflytting ifrå utlandet (s.st.). Største delen av innflyttinga er av

0 50000 100000 150000 200000 250000 300000 350000 400000 450000

1981 1991 2001 2010

Stavanger Rogaland

(19)

10

folk som er mellom 20 og 40 år, det vil seie folk som er i yrkesaktiv alder og gjerne med barn (Stavanger-statistikken, 2011b).

Tal frå Stavangerstatistikken viser at i 2010 var 42,5 personar per 1000 innbyggjar i Stavanger innflyttarar ifrå andre stader i Noreg (Stavanger-statistikken, 2011c). Ein stor del kjem flyttande frå områda rundt Stavanger: Sandnes, Sola og Randaberg. I tillegg kjem ein stor del av innflyttarane ifrå Oslo og Hordaland (s.st.).

Tabell 1: Oversikt over innflyttarar til Stavanger. Tal og (prosent)2

Innflytting frå 1986 1999 2009

Storbyområdet3 1057 1621 (34,5) 1793 (35,3)

Indre omland4 181 253 (5,4) 346 (6,9)

Ytre omland5 200 227 (4,9) 246 (4,8)

Resten av fylket6 374 359 (7,6) 472 (9,3)

Hordaland 572 (12,2) 478 (9,4)

Sogn og Fjordane 73 (1,6) 48 (0,9)

Møre og Romsdal 116 (2,5) 99 (1,9)

Resten av landet 1483 (31,5) 1599 (31,5)

(Stavanger-statistikken, 2011d).

At så mange av innflyttarane kjem ifrå område rundt Stavanger, har òg vist seg å gjelde tidlegare, jf. Gabrielsen (1983). Vi ser òg at store deler av innflyttarane som kjem til Stavanger, kjem ifrå andre stader på Vestlandet. Frå 1999 ser vi at 68 prosent av innflyttarane kom ifrå andre stader på Vestlandet. I 2009 var talet òg høgt, og innflyttarprosenten frå Vestlandet var 69. Det vil då seie at berre 31 prosent kom flyttande frå andre stader i landet, Austlandet inkludert. Dette kan ha betydning for språket og språkutviklinga i byen.

2 Eg har ikkje tal frå andre fylke enn Rogaland frå 1986, og reknar difor berre prosent i 1999 og 2009.

3 Omfattar Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.

4 Indre omland omfattar: Klepp, Time, Gjesdal og Rennesøy.

5 Ytre omland omfattar: Bjerkreim, Hå, Forsand, Strand, Finnøy og Kvitsøy.

6 Resten av fyket: Eigersund, Haugesund, Sokndal, Lund, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Bokn, Tysvær, Karmøy, Utsira og Vindafjord.

(20)

11

Figur 2: Oversikt over innenlandsk tilflytting til Stavanger i 2009.

2.3.3 Bumønster

Stavanger er byen i Noreg med tettast befolkning per areal. Per 1. januar 2010 var det 1819 innbyggjarar per kvadratkilometer i Stavanger. Samanlikna hadde Oslo berre 1375 innbyggjarar, medan Bergen har endå færre med 576 innbyggjarar per kvadratkilometer (Statistisk sentralbyrå, 2010g). Ifølgje Barlindhaug (2010) ser det ut til at det er små preferansar for om folk vil busetje seg i indre eller ytre by (Barlindhaug, 2010). Ein kan tolke det som at folk buset seg over heile kommunen. Eit unntak er innflyttarar ifrå utlandet, som ser ut til å trekkje mot indre by (s.st.). Barlindhaug viser til Juvkam, som finn at trass i at Stavanger har relativt tronge bygrenser, så buset mange seg likevel i byen framfor å flytte til omlandskommunane (Barlindhaug, 2010). Han hevdar at

samansetjinga av bustadmasse etter hustype er eit teikn på det. Men samstundes er det kort reisetid frå nabokommunane, og bustader i sokkel i nabokommunane er attraktivt blant unge (s.st.).

Tabell 2: Oversikt over busetjingstettleik i 2010

Busetjingstettleik 2009

Stavanger Rogaland Noreg

Befolkning per km² 1819 50 16

(Statistisk sentralbyrå, 2010f)

Storbyområdet

; 1793

Indre omland;

346 Ytre omland;

246 Resten av

fylket; 472 Hordaland;

478 Sogn og Fjordane; 48

Møre og Romsdal; 99

Resten av landet; 1599

(21)

12

Det bur mange unge folk i Stavanger. Ein stor del av befolkninga er i yrkesaktiv alder.

Ein av grunnane til at det bur så mange unge folk i byen, er nok at det finst nok arbeid, og at det vert henta arbeidskraft ifrå andre stader både i inn- og utland. Stavanger har eit høgare tal menn enn kvinner samanlikna med snittet for resten av landet.

Tabell 3: Oversikt over busetjingsstrukturen i 2010

Stavanger Rogaland Noreg Tal på menn per 1000 kvinner i alderen 20-39 år 107,9 107,5 104,0

Tal på barn og unge (0-17 år) 23,1 25,0 22,5

Tal på eldre (80 år og over) 3,7 2,7 2,4

(Statistisk sentralbyrå, 2010d)

2.3.4 Sysselsetjing og næringsliv

Frå om lag 1890 og fram til midten av 1900-talet var hermetikkindustri ein viktig del av næringsvegen i Stavanger. Byen var ein typisk industriby, og etter kvart fekk òg

skipsbygging betyding (Gabrielsen, 1983, s. 51). Men etter at det vart funne olje utanfor Stavanger, har oljeindustrien vore ein av dei viktigaste næringsvegane i byen og regionen.

Det skjedde ei forskyving i retning av meir tenesteytande næringar utover 1960 og 1970- talet. I 1970 utgjorde tenesteytande næringar 48 prosent av alle arbeidsplassane (s.st.). I 1980 var heile 707 prosent av sysselsetjinga representert i tertiærnæringa. Denne

utviklinga har halde fram, og i dag er tertiærnæringa heilt tydeleg den største næringa i Stavanger. 0 prosent er sysselsett i primærnæringa, medan 26 prosent arbeider i

sekundærnæringa og flest er sysselsett i tertiærnæringa med 74 prosent (Statistisk sentralbyrå, 2010e).

7 Eg nyttar prosenttal utan desimalar i teksten, medan tala står med ein desimal i tabellar. Dette kan føre til at ikkje alle prosenttal vert akkurat 100. Dette gjeld for heile avhandlinga.

(22)

13

1 %

28 %

71 %

1980

Primærnæring

Sekundærnæring

Teriærnæring

0 %

26 %

74 %

2009

Primærnæring

Sekundærnæring

Tertiærnæring Figur 3: Oversikt over næringane i 1980 og 2009

I 2009 var talet på sysselsette i regionen Stavanger 66 610. Talet på innpendlarar var 31 545 og utpendlarar var 20 423 (Statistisk sentralbyrå, 2010h). Talet på innpendlarar er høgare enn utpendlarar både i Stavanger og Sola. Men i Sandnes kommune er det fleire som pendlar ut enn som kjem inn og arbeider.

Tabell 4: Pendling i 2009

Pendling i 2009

Sysselsette i regionen Stavanger 66 610

Innpendlarar 31 545

Utpendlarar 20 423

(Statistisk sentralbyrå, 2010b) 2.3.5 Skule og utdanning

Stavanger kommune har 41 skular med om lag 14 500 elevar. Skulane fordeler seg på 26 barneskular, 10 ungdomsskular og 5 1.-10.-skular. Størrelsen på skulane varierer frå å ha i underkant av 30 elevar til den største som har over 600 elevar (Stavanger kommune, b).

På vidaregåande nivå har Stavanger om lag 16 000 elevplassar fordelte på 28 ulike offentlege skular (Rogaland fylkeskommune).

Stavanger er òg ein viktig studentby. Frå 1969 fekk Stavanger ein høgskule, og planen var at byen etter kvart òg skulle bli universitetsby. Det vart ein realitet i 2004 då det vart formelt vedteke av ein kongeleg resolusjon og formelt opna av kongen i 2005. I dag har Universitetet i Stavanger om lag 8500 studentar og 1200 tilsette (Nortvedt, 2009). Det at byen fekk høgskule og etter kvart universitet, har nok hatt ei viktig rolle for både sjølve

0,3 %

(23)

14

byen og regionen rundt. Eit universitet har ei samlande rolle for heile regionen rundt Stavanger, og det fører med seg konsekvensar for folketalet i byen.

2.3.6 Kulturliv

Kultur har ei viktig rolle i Stavanger. At byen i 2008 var kulturhovudstad - i selskap med Liverpool - har nok spelt ei viktig rolle for samhaldet i Stavanger. Gjennom heile året vart det stelt i stand både små og store kulturarrangement. “Året stimulerte til større bevissthet om utviklingen av framtidens kunst- og kulturpolitikk, som igjen påvirker hvordan byens identitet formes og oppfattes både lokalt og globalt.” (Stavanger kommune, a). Det har òg vorte satsa på kultur i byen i etterkant av 2008. Mellom anna har kommunen utarbeidd ein delplan for utviklinga av kunst og kultur i byen (s.st.). Eit døme på at kommunen satsar på kunst og kultur, er utbygginga av Bjergsted kulturhus, som skal ferdigstillast i 2012. I tillegg til bygginga av konserthus vil kommunen bidra til å gjere Stavanger til ein attraktiv studentby. Eit ofte nytta omgrep er Stavanger-bølgja om tida utover åttitalet, der fleire lokale band gjorde suksess i Noreg med norsk rock. Band som vart kjende denne tida var til dømes Stavangerensemblet, Mods og Asfalt. Dei stod for noko heilt nytt med at dei song på dialekt, og dei fekk òg merksemd andre stader i landet.

På 2000-talet kom det ei ny Stavanger-bølgje, og omgrepet vart denne gongen brukt om film. Den nye Stavanger-bølgja har blitt eit omgrep om å reindyrke det lokale

særpreget. Det har ført til mellom anna positiv merksemd og identitetsskaping i Stavanger (Handlingsplan for film 2006-2009).

2.4 Språket i Stavanger

Stavanger-målet er ein vestnorsk dialekt og eit a-mål. Nokre av dei mest typiske kjenneteikna for talemålet er skarre-r og lenisering. I tillegg har bymålet endinga /-e/ i adjektiv i ubestemt form av hannkjønn og hokjønn (Hegland, 1996).

Talemålet i Stavanger har vore mykje studert av talemålsgranskarar. Tradisjonelt har dialekten hatt to sosiolektar, eit gatespråk og eit “finare” språk. Eg vil frå no av nytte nemningane Stavanger bymål (Stbm.) om gatespråket, og det høgare talemål (dht.) om

“finspråket”. Tidlegare har eg nemnt Stavanger Bymål av Berntsen og Larsen, som gir ei grundig innføring i folkemålet i byen (Stbm.). I artikkelen frå 1967 gir Helge Omdal ei framstilling av det høgare talemålet og jamfører det med folkemålet. I 1983 ville

Gabrielsen finne ut om det framleis var ei sosial lagdeling av dei to talemåla i Stavanger.

(24)

15

Konklusjonen var at det i ein viss grad framleis kunne seiast å vere slik. Samstundes fann Gabrielsen at det ikkje var så vanleg at folk var tospråklege. I alle fall kom ikkje dette klart fram i dei to ulike intervjusituasjonane han nytta.

Den sosiale lagdelinga mellom dei to talemåla har altså ofte vore fokus i fleire av granskingane. Det folkelege bymålet kan seiast å vere ein varietet som har vakse ut av Ryfylke- og Jær-mål, medan det høgare talemålet i hovudsak byggjer på skriftspråket, dvs. konservativt bokmål. Gabrielsen fann at skiljet går mellom samfunnsklasse 1 på den eine sida og samfunnsklasse 2 og 3 på hi sida, der prosenten av dialektbruk er meir utbreidd i klasse 2 og 3 enn i klasse 1. Dei mannlege informantane snakka vesentleg meir dialekt enn jenter i alle tre samfunnsklassar (Gabrielsen, 1983, s. 143). Gabrielsen fann at det ikkje lenger eksisterte to fullstendig utbygde språksystem i Stavanger. Vidare tolka han utviklinga i den retninga at det er det moderne bymålet som spreier seg blant ungdom i alle sosialklassar.

2.4.1 Grammatikkskisse

Her vil eg gi ei kort skildring av dei to talemåla i Stavanger. Det meste av opplysningar byggjer på Norsk dialektkunnskap av Helge Sandøy (1985) og Talemål i Rogaland - i går, i dag og i morgon (1979) av Olav Hetland Sandvik. I tillegg har eg nytta Helge Omdal sin artikkel “Noen karakteristiske trekk ved det høgere talemålet i Stavanger - jamført med folkemålet” frå 1967 og Dei norske dialektane av Martin Skjekkeland (1997). Eg har òg nytta Charlotte Sol Ims si masteroppgåve Sandnes i skyggen av Stavanger frå 2010 og hovudoppgåva til Karen Margrethe Hegland Sjempesjekt! Uttaleendring av kj- og sj-lyd hos ungdommar i Stavanger frå 1996.

2.4.1.1 Lydverket Vokalar

Begge sosiolektane i Stavanger har 8 vokalfonem: (Sandøy, 1985, s. 279 og 283).

Tabell 5: Vokalfonema

Fremre Midtre Bakre

-urunda +runda

Høg i y ʉ ʊ

Mellomhøg e ø ɔ

Låg (æ)8 ɑ

8 Dette fonemet eksisterer berre i det høgare talemål (Omdal, 1967, s. 84). Men truleg kan ein i dag finne døme på at personar som snakkar gatespråk, kan nytte /æ/ i talen.

(25)

16

Stavanger bymål har tradisjonelt ikkje /æ/. Dette er likt med både ryfylkemålet og Haugesund bymål i tillegg til at det er ein tendens som gjer seg gjeldande i bymåla (Omdal, 1967, s. 84). Men det kan nok finnast enkeltord med denne lyden hos somme.

Tradisjonelt har dette fonemet eksistert i det høgare talemålet i Stavanger.

I tillegg til dei nemnde vokalane høyrer diftongane /ei/, / øy/ og / eʉ/ til Stavanger- talemålet (Sandøy, 1985, s. 279). Diftongane er i høg grad like både i Stavanger, Sandnes og i store delar av Ryfylke.

Konsonantar

Konsonantfonema i Rogalands-måla er stort sett dei same som finst i andre vestnorske dialektar. Dei to talemåla i Stavanger har dei same 17 konsonantfonema:

Tabell 6: Konsonantfonema

Labial Alveolar Palatal Velar/uvular Glottal

Plosivar p / b t / d k / ɡ

Frikativar f / v s / ç / j /

ʁ

h /

Nasalar / m / n / ŋ

Lat. approksimantar / l

Stavanger-målet høyrer til “den blaute kyststripa”. Det vil seie at /p, t, k/ blir uttalte som /b, d, g/ etter lange vokalar. Ifølgje Sandvik (1979) er dette eit drag som var på retur, særleg i nord-fylket (Sandvik, 1979, s. 62). Det er kanskje eit av dei draga som framleis er på retur i talemålet.

I talemålet i Stavanger kan ein finne sterk preaspirasjon i trykktung stilling etter kort vokal ved dei ustemde plosivane. Til dømes: [vɔ t] “vått” og kn p “knapp”. Dette er eit drag som finst i Stavanger-området og i Gudbrandsdalen. Det er diskutert om dette er eit nytt drag. Preaspirasjon finst i islandsk, men det er usemje blant forskarar kor lyden kjem ifrå. Eit argument for at det er eit nytt drag i sørvestlandsk, er at lyden ikkje er skildra i Stavanger bymål (Omdal, 1967, s. 83).

Talemålet i Stavanger har assimilasjon i ld-, nd- og ng-grupper. Denne

kontaktassimilasjonen ser vi til dømes i nd > nn: land >lann, ld> ll: kveld > kvell, sild- sill. Dette gjeld òg for mange andre stader i Noreg.

(26)

17

I Stavanger-målet kan ein òg finne døme på differensiering, som er det motsette av assimilasjon på den måten at to nabolydar vert meir ulike: rn>dn: kvern - kvedn, korn - kodn, bjørn -bjødn.

Ein kan òg finne døme på segmentasjon i talemålet i Stavanger. Segmentering vil seie at eit nytt segment vert skote inn. Segmentering av norr. ll og nn er eit sørvestlandsk drag:

fjell > fjedl, alle > adle. Gabrielsen fann ein klar tendens til at distribusjonen av

bymålsvarianten med /dl/ var redusert til nokre få høgfrekvente leksem, til dømes: /adle/, /mydlå/, /fudle/ og /vidle/ (Gabrielsen, 1983, s. 121). Dette kan kanskje forklarast med at det er frekvente ord som gjerne har typiske drag som vert knytte spesifikt til byen Stavanger.

Slik som elles i landet skjer det òg samanfall av kj- og sj-lyden i Stavanger. Det er eit ganske nytt fenomen. Berntsen og Larsen fann realisasjonen [ʂj] av sj-lyden i 1925, og Omdal meiner at lyden vart realisert med [sj]. Men Hegland finn at [sj] utviklar seg til [ʃ]

på 1980- og 1990-talet, og at eit nytt fonem dermed er på veg inn i Stavanger-dialekten (Hegland, 1996, s. 36). Men ved samanfallet med /ç/ blir et eitt fonem mindre att.

Fonologiske reglar

Foneminventaret i ein dialekt er abstrakte einingar som ikkje seier alt om korleis dei blir uttalte. Det kan finnast regelfaste skiftingar i uttalen av dei ulike fonema (Sandøy, 1996, s.

42). For å skildre dette treng vi fonologiske reglar. Dei fonologiske reglane gjeld for begge sosiolektane i Stavanger. Her er dei henta frå Norsk dialektkunnskap (Sandøy, 1985, s. 279):

F1. Kort /e/ blir uttalt [ɛ]: /vet/ [vɛt] „veit‟

F2. /e/ i trykklett utlyd blir uttalt [ə]: /flɑ:de/ [´flɑ:də]

F3. Fonemet /e/ kan bli uttalt [ɔ] framfor –r i trykklett staving: /gʉtɔ

ʁ

/ „gutar‟

F4. Fonemet /ɑ/ blir uttalt [a] når det er kort, og når det står i trykklett staving: /blɑnɑ/

[blana]. Elles er det uttalt [ɑ].

F5. Den trykklette stavinga en blir til n etter /t, d, s, n, l/ og etter vokal: /ᵛmɔd:+en/

[ᵛmɔ dn , /´by:+en/  [ by n ]

F6. / v, ʁ/ blir ustemte, dvs. / f / og [ʁ ], etter kort vokal og føre ustemt konsonant: /høʁ t/

[høʁ t], /ᵛvɑ:nlikt/  /ᵛvɑ:nlig+t/

(27)

18 2.4.1.2 Morfologi

På det morfologiske nivået finst det nok større ulikskapar mellom dei to varietetane av Stavanger-dialekten enn på det fonologiske.

I Stbm. finst svarabhaktivokalen -ə i både i sterk adjektivbøying i hann- og

hokjønnsord og i presens av sterke verb: /fi:ne sʊ:l/ vs. /fi:n sʊ:l/ og /syŋe/ vs. /syŋeʁ/.

Tabellane over morfologien i talemåla er henta frå Sandøy (1985, s.276ff.) og Hegland (1996, s. 21ff.).

Substantiv

Slik som elles er vanleg i norsk, har Stavanger bymål tre grammatiske kjønn:

maskulinum, femininum og felleskjønn. Det høgare talemålet har i likskap med bergensk og konservativt bokmål berre to kjønn: felleskjønn og nøytrum.

Hannkjønnsord

Tabell 7: Bøying av sterke og svake hannkjønnsord i Stavanger bymål

Substantiv ub.eintal b.eintal ub.fleirtal b.fleirtal

Sterke -

/´gʉt/

-en /´gʉten/

-ɑʁ

,

-eʁ

/ᵛgʉtɑʁ/,/ᵛgʉteʁ/

-ɑne /gʉtɑne/

Svake -e

/ᵛʊŋe/

-en /ᵛʊŋen/

-ɑʁ

,

-eʁ

/ᵛʊŋɑ/ eʁ

/

-ɑne /ʊŋɑne/

Hokjønnsord

Tabell 8: Bøying av svake og sterke hokjønnsord i Stavanger bymål

Substantiv ub.eintal b.eintal ub.fleirtal b.fleirtal

Sterke -

/´bygd/

-ɔ /´bygdɔ/

-eʁ

/ᵛbygdeʁ /

-ene /bygdene/

Svake -ɑ

/ᵛjentɑ/

-ɔ /ᵛjentɔ /

-eʁ /ᵛjente

ʁ

/

-ene /jentene/

(28)

19 Felleskjønn

Tabell 9: Bøying av svake og sterke felleskjønn i det høgare talemålet

Substantiv ub.eintal b.eintal ub.fleirtal b.fleirtal Sterke -

/´bygd/, /´gʉt/

-en

/´bygden/, /´gʉten/

-eʁ

/ᵛbygdeʁ /, /´gʉte

ʁ

/

-ene /bygdene/, /gʉtene/

Svake -e /ᵛjente/, /ᵛʊŋe/

-en /ᵛjenten/, /ᵛʊŋen/

-eʁ

/ᵛjente

ʁ

/,

/ᵛʊŋeʁ /

-ene

/jentene/, /ʊŋene/

Nøytrum

Tabell 10: Bøying av svake og sterke nøytrumsord.

Verb

Tabell 11: Bøying av a- og e-verb

Svake verb Infinitiv Presens Preteritum Perfektum

a-verb

(Stbm) - ɑ

/ᵛkɑsta/

-e /ᵛkɑste/

- ɑ /ᵛkɑsta/

- ɑ /ᵛkɑsta/

a-verb

(Dht) -e

/ᵛkɑste/

-e /ᵛkɑste/

-et /ᵛkɑstet/

-et /ᵛkɑstet/

e-verb

(Stbm) - ɑ

/ᵛdømɑ/

-e /ᵛdøme/

-de, -te /ᵛdømte/

-t /´dømt/

e-verb (Dht)

-e /ᵛdøme/

-e /ᵛdøme/

-de,-te /ᵛdømte/

-t /´dømt/

Substantiv ub.eintal b.eintal ub.fleirtal b.fleirtal Sterke

(Stbm) -

/´ɔ:

ʁ

/

-e /´ɔ:ʁe/

- /´ɔ:ʁ/

-ɔ /´ɔ:ʁɔ/ Sterke

(Dht) -

/´ɔ:ʁ/

-e /´ɔ:ʁe/

- /´ɔ:ʁ/

-ene /´ɔ:ʁene/

Svake

(Stbm) -e

/ᵛmeneske/

-e

/ᵛmeneske/

-eʁ

/ᵛmeneskeʁ/

-ene /meneskene/

Svake (Dht) -e

/ᵛmeneske/

-e

/ᵛmeneske/

-eʁ

/ᵛmeneskeʁ/

-ene /meneskene/

(29)

20

Tabell 12: Bøying av sterke verb

Sterke verb Infinitiv Presens Preteritum Perfektum

Stbm - ɑ

/ᵛkɔma/

-e /´kɔme/

(v.s) - /´kɔm/

(v.s) - e, -t /´kɔmt/

Dht -e

/ᵛkɔme/

-e /´kɔme/

(v.s) - /´kɔm/

(v.s) –t, -et /ᵛkɔmet/

Stbm -

/´gɔ:/

- /´gɔ:

ʁ

/

- /´jek/

- /´gɔt/

Dht -

/´gɔ:/

- /´gɔ:

ʁ

/

- /´jik/

- /´gɔt/

Pronomen

Personlege pronomen:

Tabell 13: Personlege pronomen i Stbm.

e:g dʉ: hɑn, ɑn hʉ, ʉ de: me: ᵛdoke

ʁ

di:

me:g de:g ″ ″ ᵛ(h)ene ″ ɔs ″ ″

(Sandøy, 1985, s. 280)

Tabell 14: Personlege pronomen i dht.

je: dʉ: hɑn, ɑn hʉ, ʉ de: vi: ᵛde:

ʁ

e di:

mei: dei: ″ ″ ᵛhene ″ ″ ″ ″

(Sandøy, 1985, s. 284)

2.4.2 Språklege variablar

I ei sosiolingvistisk gransking snakkar ein ofte om avhengige og uavhengige variablar. Vi reknar som uavhengige variablar dei som viser til samfunnet, som til dømes sosial klasse, alder og kjønn. Dei vert avgrensa av forskaren, medan avhengige variablar er dei som ligg i språket, og som vi reknar med kan vere påverka av dei samfunnsmessige variablane.

Det er det forskaren vil studere (Venås, 1991, s. 151).

Gabrielsen valte i si avhandling ut åtte språklege variablar. Dei var slik han såg det, frekvente sosiale markørar den gongen. Slik eg ser det, er desse avhengige variablane i stor grad framleis relevante. I utveljingsprosessen har eg måtta teke ulike omsyn. Sjølv om det kanskje hadde vore interessant å studere alle desse draga som er nemnde ovanfor, har eg måtta gjort eit utval. Grunnen er rett og slett at størrelsen på oppgåva ikkje tillèt at

(30)

21

eg kan studere alle språkdraga som kan vere interessante. Eg har først og fremst teke omsyn til frekvens ved utveljinga. For at eg skal kunne finne ut noko om endringa i heile språket, har eg valt ut både leksikalske, fonologiske og morfologiske variablar. Eg har bestemt meg for å studere sju språklege variablar. Desse har eg valt å dele inn i to kategoriar, sidan det har vist seg å vere nyttig òg i andre studiar. Den første kategorien kallar eg for tradisjonelle variablar. Med det meiner eg dei variablane som kan reknast som typisk lokale for talemålet i Stavanger. Det er former som historisk har hatt ei klar todeling i fleire generasjonar dei to sosiolektane i Stavanger. Variablane har tradisjonelt representert ein sosial motsetnad lokalt i Stavanger. På den eine sida har ein Stbm.- formene som har høyrt til gatespråket, medan på den andre sida har ein dht.-formene som tilhøyrer “finspråket”. Den andre kategorien variablar har eg valt å kalle for moderne variablar. Moderne variablar er former som kjem inn i den nye felles dialekten i byen.

Desse nye formene kan sjå ut til å vere ein del av eit nasjonalt mønster.

2.4.2.1 Nærare presentasjon av dei språklege variablane

Tradisjonelle variablar

Som eg nemner ovanfor, har dei tradisjonelle vore historiske motsetnader i dei to sosiolektane i Stavanger-talemålet. Eg deler dei tradisjonelle variablane inn i Stbm.- og dht.-former. Slik representerer dei tradisjonelle variablane motsetnader mellom Stbm. og dht.

Variabel 1 og 2: Personleg pronomen, første person eintal V1: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykklett

V2: Første pers. pron. eintal, subj. form, trykktung

Eg kallar variabel 1 og 2 for EG-variabelen. I 1925 hadde Stavanger bymål obligatorisk /e:g/. Men i det høgare talemålet (1967) var det tradisjonelt /je:/ blant jenter (Gabrielsen, 1983, s. 71). Menn som elles snakkar dht. gjer unntak og nyttar /e:g/ frå folkeleg bymål.

Men Omdal viser til at i det høgare talemålet i Stavanger Bymål fanst døme på den

“finare” forma /je:/. Gabrielsen peikar på at ein må forstå /je:/ som ei historisk kompromissform mellom /e:g / og / jei/ (s.st). Det er lite truleg at forma stammar frå austnorsk. Resultata til Gabrielsen viste at ingen av informantane har forma /je:/ som einevariant. Eg har bestemt meg for å dele opp i litt fleire variantar. Mellom anna reknar

(31)

22

eg /e:/ som ein frekvent variant av denne variabelen. Denne varianten er òg omtalt i Stavanger Bymål (Berntsen & Larsen, 1925, s. 264). Etter å ha merka EG-variabelen ei stund fann eg ut at også /ei/ er ein ganske frekvent variant i Stavanger-målet. Denne forma er ikkje omtalt i Stavanger Bymål, og eg har heller ikkje sett nokon andre som har skrive noko om det i Stavanger. Eg vil gå ut ifrå at /ei/ er ein variant av EG, der tunga ikkje heilt når velum og såleis ikkje oppnår fullstendig stenge. Kanskje kan dette vere ei mellomform mellom /je:/ og /e:g/.

Variabel 3: Nektingsadverbet

Stbm. 1925 har obligatorisk /içe/, medan dht. i 1967 har obligatorisk /ike/. Forma i dht.

samsvarar med bokmål. På same måte som i det personlege pronomenet viste det seg i Gabrielsen si undersøking at ingen har /ike/ som einaste variant. Og den lågaste prosenten av Stbm.-varianten /içe/ er på 64 prosent. Dette tyder på at forma i dht. er på veg ut. Eg vil likevel ta med denne variabelen i granskinga for å undersøke om gjennomføringa nærmar seg 100 prosent i 2010.

Variabel 4: Infinitivsmorfemet

Stbm. i 1925 har infinitiv på -a i samsvar med sørleg a-mål. Dht. i 1967 har infinitiv på -e i samsvar med bokmål. Gabrielsen fann ganske store endringar i denne variabelen, og a- endinga har vore ekspansiv. I formell situasjon har berre fire av jentene -e som

einevariant. Eg vil difor ta med denne variabelen i undersøkinga mi for å sjå om den same utviklinga har halde fram eller om det har snudd.

Slik har eg tenkt at fordelinga mellom Stbm./dht.-formene fordeler seg i dei tradisjonelle variablane:

Tabell 15: Stbm.-/dht.-variantar av tradisjonelle variablar.

Variabel Stbm.-former Dht.-former V1 + V2 /e:g/, /e:/, /ei/ /æ:g/ /je:/, /jei/

V3 /içe/ /ike/

V4 -a -e

(32)

23 Moderne variablar

Dei moderne variablane representerer at det kjem noko nytt inn i dialekten i Stavanger.

Dei nye formene kjem inn utanfrå og inn i den nye og felles dialekten i Stavanger. Dei moderne variablane blir delt inn i gamle og nye former. Dei gamle formene representerer eigenskapar som begge sosiolektane tradisjonelt har hatt, medan dei nye formene verkar som moderniseringar som kjem utanfrå.

Variabel 5: Blaut eller hard konsonant

Hovudtendensen er at /p, t, k/ vert realisert som stemde /b, d, g/ etter lang vokal. Men Gabrielsen sine resultat viste at nokre informantar brukte ustemde plosivar der det ville vore naturleg for han sjølv å bruke stemde (Gabrielsen, 1983, s. 116). Han viser at dei unge brukar fleire variantar med ustemde plosivar. Også Sandvik (1979) skreiv at blaut konsonant var på retur i nord-fylket jf. seksjon 2.4.1.1. Eg vil sjå om denne utviklinga har halde fram. Eg trur sjølv, og har gjennom samtalar med folk som har god kompetanse på talemålet, fått inntrykk av, at blaute konsonantar er på retur i Stavanger i dag. Kanskje vil det òg finnast nokre forskjellar mellom dei ulike livsfasane i bruken av dei to variantane.

Variabel 6 og 7: Uttalen av den historiske kj- og sj-lyden

Eit relativt nytt fenomen i norske dialektar er at ein ikkje skil mellom kj- og sj-lyd. Dette vart først oppdaga i TUB-undersøkinga i Bergen, men har òg vorte påvist i Oslo

(Papazian, 1994, s. 54). Det har vorte forklart som eit ungdomsfenomen, der den typiske lågprestisje-varianten av kj-lyden er den som spreier seg (Hegland, 1996, s. 2). Hegland skreiv i 1996 ei hovudfagsavhandling der ho studerte nettopp uttalen av desse to lydane hjå unge informantar. Gabrielsen skreiv ikkje noko om dette fenomenet, og Hegland skriv sjølv at ho tok kontakt med Gabrielsen i 1995 for å spørje om han hadde lagt merke til slike førekomstar. Han sa då at han trudde informantane hans hadde det tradisjonelle skiljet mellom kj- og sj-lyd, men at han ikkje kunne vere heilt sikker (Hegland, 1996, s.

3). Hegland sin konklusjon i 1996 var at yngre stavangermål var i ferd med å få eit fonemsamanfall der /ç/ og /ʃ/ vart til /ʃ/ (Hegland, 1996, s. 107). I 2008 studerte Evy Nodland spreiingsmønsteret på samanfallet frå Stavanger til Egersund. Her fann ho at spreiinga har gått frå sentrum til sentrum, og på den måten unngått dei rurale delane av Jæren (Nodland, 2008, s. 103). Sidan eg no har mulegheit til å undersøke nokre av Gabrielsen sine informantar på nytt, kan eg no prøve å finne ut om dette er eit nytt

(33)

24

språkdrag som har kome til i løpet av tida etter Gabrielsen si undersøking kom ut.

Variantar av V06 kj-lyden: /ç/, / /, /ʃ/, /ʃj/

Variantar av V07 sj-lyden: /ʃj/, /ʃ/, /sj/, /ç/

Slik reknar eg inndelinga av dei moderne variablane:

Tabell 16: Gamle/nye former av dei moderne variablane

Variabel Gamle former Nye former V5 /b, d, g/ /p, t, k/

V6 /ç/, / / /ʃ/, /ʃj/

V7 /sj/, ʃj/ /ʃ/

(34)

25

3 Teori

3.1 Innleiing

Språket er stadig i endring. Likevel varierer det kva tempo og kva retning språket endrar seg i. Ofte vert metaforen elv brukt for å forklare korleis språk endrar seg. Nokre stader renn elva som ein foss, og endringane skjer fort, medan andre stader står elva mest i ro som i ein hol, der endringane ikkje skjer så raskt (Sandøy, 1998, s. 83). Det er usemje blant norske sosiolingvistar kor i elva språkutviklinga er i dag. Og endringane skjer kanskje ikkje på same måten i heile landet. Nettopp difor er det interessant å studere korfor endringar skjer raskt nokon stader, medan det skjer lite andre stader (s.st). I

sosiolingvistisk forsking og innanfor emnet språkendring finst det svært mange teoriar og modellar for korleis variasjonen og endringane skjer. Det vil vere interessant å sjå på teoriar om språkleg variasjon og språkendring. Deretter kan ein freiste å beskrive og forklare dei eventuelle endringane. I dette kapittelet skal eg gjere greie for teori som eg meiner er relevant for målet med denne avhandlinga. Men først vil eg gi ei kort

framstilling av faghistoria.

3.2 Sosiolingvistikk

Sosiolingvistikk er ein samansett vitskap ”Når ein studerer vitskapleg korleis språk fungerer i samfunnssamanheng, eller korleis samfunnet og språket verkar saman og i høve til einannan, får studiet innslag både av språkvitskap - lingvistikk, og av

samfunnsvitskap - sosiologi” (Venås, 1982, s. 9). På denne måten er dette altså ein tverrfagleg vitskap, som ofte vert kalla språksosiologi eller sosiolingvistikk.

Sosiolingvistikk definerer ein lingvistikk som gjeld samfunnet, medan språksosiologi er ein samfunnsvitskap der språket er i sentrum for interessa (Venås, 1982, s. 9). Venås seier vidare at dette ikkje er gamle nemningar, trass i at Haugen hevdar å ha nytta nemninga sosiolingvistikk i 1950 (s.st.). Det er vanleg å rekne den moderne sosiolingvistikken sitt gjennomslag med William Labov sine studiar av talemålet i New York tidleg på 1960- talet (Akselberg, 2003b). Labov la her vekt på sosial talevariasjon. Den klassiske

dialektologien hadde tidlegare sett på dialektane som homogene einingar, og ville skildre dei einskilde dialektane som heilskaplege system. Difor såg dialektologane bort frå den språklege variasjonen (s.st.). Men den moderne sosiolingvistikken la vekt på det

heterogene ved språket, og variasjon av ulike språklege variablar vart interessant. Mange

(35)

26

sosiolingvistar har vist interesse for kvardagsspråket, som Labov kalla ”the vernacular”, og variasjonen som kjem til uttrykk i forskjellige typar formelle og uformelle situasjonar.

Amund B. Larsen er ein av dei mest kjende språkgranskarane som utførte studiar av bymålet i Oslo, Bergen og Stavanger. Det mest interessante studieobjektet hjå han var det eigentlege folkemålet, men det måtte ein ofte sjå i forhold til det høgare talemålet (Venås, 1982). I tillegg til lydlover og språklege strukturar var Larsen oppteken av psykologiske og sosiale krefter. I samband med det skapte han omgrepet nabo-opposisjon alt tidleg på 1900-talet (Venås, 1982).

Eit problem for norske sosiolingvistar var at den amerikanske klasseinndelinga, som var mykje brukt, ikkje alltid passa til dei norske tilhøva. Det vart prøvd ut ulike

alternative innfallsvinklar. Finn Gabrielsen nytta i 1983 til dømes ei marxistisk

klasseinndeling etter kva forhold foreldra til informantane hadde til produksjonstilhøva. I Talemålsundersøkinga i Oslo (TAUS) frå 1971 - 1976 vart språket til 64 informantar studert. I staden for å dele informantane inn i sosiale klassar vart dei delte inn etter kva for bydel dei budde i (Nesse, 2008). Halvparten var frå austlege delar, medan resten var frå vestlege delar av Oslo. ”Som i mange byer har øst og vest vært symboler for mange motsetningar i byen, både når det gjelder levealder, yrker, boforhold - og språk” (Nesse, 2008, s. 21). Slik vart inndelinga både geografisk og sosial. Etter TAUS følgde Bergen etter med Talemålsundersøkelsen i Bergen (TUB). I motsetnad til i TAUS nytta ein i TUB ungdomsskuleelevar som informantar, i alt 92 elevar. I tillegg vart desse samanlikna med 12 eldre informantar for å avdekke eventuelle endringar i dialekten. Desse

informantane vart delt inn i tre sosialklassar etter yrket til hovudforsørgjaren. I

Trondheim valte Fintoft og Mjaavatn på slutten av 1970-talet å gjennomføre ei gransking der dei nytta sosioøkonomiske klassifiseringsfaktorar. Informantane vart her kategoriserte sosialt etter yrkesstatus, utdanning og butilhøve, der det mellom anna vart registrert buareal og innlagt bad (Akselberg, 2003a). I sosiolingvistisk forsking har det vist seg problematisk å dele inn i sosiale klassar av fleire grunnar. Sidan begge foreldre oftast er i arbeid, er det vanskeleg å vite kven ein skal gå ut ifrå som hovudforsørgjar. På denne måten kan det vere problematisk å dele informantar inn i ulike klassar.

Sidan sosiolingvistikken har vore eit forskingsfelt i nokre tiår, kan ein i dag gjere oppfølgingsgranskingar ved å nytte gammalt materiale og jamføre med nyinnsamla materiale. På denne måten kan ein studere talemålsendringar i verkeleg tid (sjå seksjon 4.2.1). Når ein studerer språkendring i verkeleg tid framfor tilsynelatande tid, kan ein

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER