Vedlegg 3 – Brev til leiinga ved aktuelle dagtilbod
Til ………….
Førespurnad i samband med eit forskingsprosjekt
Mitt navn er Sølvi Nygård og eg er student ved Høgskolen i Harstad, kor eg tek master i Funksjonshemming og deltakelse. I samband med masterstudiet skal eg til med eit
forskningsprosjekt, der eg har valt dagtilbod til vaksne med utviklingshemming som tema. I dette prosjektet ønskjer eg kontakt med dagsenter som skil seg positivt ut, der brukarane sine individuelle ønskjer og behov står i fokus. Dagtilbodet treng ikkje til ei kvar tid å gå føre seg på dagsenteret, om det vert organisert derifrå.
For å komme i kontakt med aktuelle dagsenter, har eg tatt kontakt med brukarorganisasjonar og personar som har drive forsking innan feltet arbeid/aktivitet, for å få tips. Har òg fått råd om dagsenter via høgskulen.
……… er eit av dagsentra som eg fekk tilbakemelding om i denne samanhengen. Vender meg til deg som avdelingsleiar, i von om at du stiller deg positiv, og kan sette meg i kontakt med ein av dei tilsette ved dagsenteret, som kan tenke seg å delta. Viser til vedlagte
informasjonsskriv, der du finn meir informasjon.
Med venleg helsing, Sølvi Nygård
Tlf:
E-post: [email protected]