• No results found

Selja kloster og helgenanlegg

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Selja kloster og helgenanlegg"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Øya Selja ligg verhardt til sør for Stad, heilt ut mot havgapet. På 1000-talet, då Selja kloster vart grunnlagt, var dette midt mellom dei to største og mektigaste byane i Noreg, Bergen og Trondheim. Skipa måtte ofte ligge og vente på betre ver for å kunne gå forbi Stad, og Selja hadde gode hamner. Klosteret hadde med andre ord ei sentral og strategisk viktig plassering i ei tid då båttrafikken var den viktigaste transportåra, både innanlands langs kysten og mot utlandet.

Historikk

Segna seier at den fromme Sunniva og Seljemennene kom frå Irland til Vest-landet i båtar utan segl eller årar. Sunniva rømde frå ein framand heidningkonge som ville true henne til å gifte seg med han. Sunniva og følgjet hennar rak i land på Selja. Det var ikkje busetnad på øya, men folk på fastlandet brukte å ha buskapen på beite der.

Følgjet var skulda for å stele av sauene, og Håkon Ladejarl vart bodsend. Sunniva og følgjet hennar rømde inn i ei hole i fjellet. Dei bad til Gud om å verne dei frå å falle i hendene på jarlens menn. Dei vart bønhøyrde, fjellet rasa ned over Sunniva og Seljemennene.

Noko seinare rodde nokre handelsmenn i land og fann ein hovudskalle som dei tok med seg til Olav Trygvasson i Trondheim. Kongen og biskop Sigurd drog til øya og fann velluktande menneskebein og den uskadde lekamen til Sunniva. På staden vart det bygd ei kyrkje som blei vigsla til Seljemennene og St. Sunniva.

Kyrkja som Olav Trygvason let byggje, var truleg av tre. Seinare kom det fleire stein- kyrkjer på Selja. Olav Kyrre valde Selja til eitt av dei tre bispeseta i landet i 1068, og let reise ei bispekyrkje. Ei anna var Sunnivakyrkja oppe på terrassen framfor hola, der Sunnivaskrinet stod på høgalteret. Samtidig, eller like etter, kom benediktinermunkar til Selja, truleg frå England. I 1170 vart bispesetet flytta til Bergen. Sunnivaskrinet vart plassert i den nybygde Kristkyrkja på Holmen i Bergen.

Då biskopen flytta til Bergen, vart munkane einerådande på Selja. Dei bygde ut klosteret, dyrka jorda på øya og la etter kvart under seg mykje jordegods. Mot slutten av 1200-talet sette dei i gang med ei stor utbygging av anlegget. Først vart

Albanuskyrkja (klosterkyrkja) forlenga, deretter vart dei andre fløyane bygde.

Arkeologiske undersøkingar og konservering

Det har vore mange periodar med arkeologiske undersøkingar og konservering på klosteranlegget. Dei fleste av dei kjende norske arkeologane har vore involverte på ein eller annan måte. Den første kjende utgravinga vart gjort i 1811-12 under leiing av ein ung dansk flotiljesjef. Arbeidet var prega av skattejakt utan mål og meining.

Peter Blix og Johan Meyer leia omfattande restaureringsarbeid på klosteranlegget på 1890-talet. Eit stort oppryddingsarbeid vart dessutan sett i gang i byrjinga av 1900- talet med direkte løyvingar frå Stortinget. I perioden 1930-35 stod Cato Enger for oppbygging av terrassane, konservering og restaurering av klosteranlegget og utgrav- ing av stiar og murar. Enger restaurerte også Sunnivakyrkja på nytt i 1966-67. Siste arbeid til no vart utført i 1990-92 gjennom arkeologiske undersøkingar. På same tid vart det gjort konservering av tårnet, gravd fram prosesjonsgangar og stien mellom Bø og klosteret vart rydda.

Selja kloster og helgenanlegg

Tårnet i Albanuskyrkja under restaurering, 1912.

Foto: Riksantikvaren

Utsym over klosteret, 1959.

Foto: Håkon Christie©Riksantikvaren

Mot Sunnivahola.

Foto: Håvard Christiansen©Riksantikvaren

Foto: Håvard Christiansen©Riksantikvaren

DMT Kommunikasjon AS www.dmt.no

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Utmerkingsleddet er tolka i NG12 som dyrenamnet sel m., av norrønt selr, men det vert nemnt at Selvik som namn på andre stader også kan vere trenamnet selje, norrønt selja, men

Departementet kan fastsette forskrifter om sleping og, stengsetting av fisk i sjøen, herunder oppbevaring av fisk og åpning av steng, for å hindre at fisken blir

Også her vil det i noen tilfeller ha vært behov for en viss tukting av steinen, men hovedregelen er at slik stein er ubearbeidet, eller at man ikke lett kan skimte spor

Lokaliteten viser i dag levninger etter en klosterkirke på Rein samt eldre rester etter en privatkirke tilknyttet Hertug Skule Bårdsson og hans ætt, som ifølge skriftlige

Gjerde i Etne var største garden i Hordaland og truleg krungods då det vart overgjeve til klosteret.. Ved inngangen til reformasjonen hadde Halsnøy Kloster det største

Dårlig drenert jord kan gi ujevne vokse- forhold som favoriserer ugras, og utvikling av et grunt rotsystem som gir et dårlig næringsgrunnlag og økt risiko for

På spørsmål om dei har valt denne utdanninga for å gå inn i eit bestemt yrke, svarar 48 prosent at påstanden passar svært godt eller godt (1 eller 2 på 5-delt skala).. Har

Skulpturen av Sunniva kan slik sett også oppfattes som en materialisering av fortellingen og blir en påminnelse om Sunnivas nærvær for dem som ferdes gjennom Selje sentrum..