Tysdag 11. mai, 2021
Tilstandsrapport for grunnskolen
2020/2021 - Kvalitets- og utviklingsmelding
Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har kvalitetsutvikling som siktemål.
Kryss av for kven som har vore involverte i prosessen med å utarbeide tilstandsrapporten.
Medverknad i utarbeidinga av rapporten Ja Nei
Elevar og foreldre (f.eks. dialogmøte) x
Organisasjonane x
Skolar x
Administrasjonen i kommunen/fylkeskommunen x
Politikarar i kommunen/ fylkeskommunen x
Lovkravet
Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I St.meld. nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at
styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte.
Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. av kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd. Det er fastsett i
privatskolelova § 5-2 andre ledd bokstav k at styret skal drøfte den årlege rapporten om tilstanden i desse skolene.
Desse har ansvar for å utarbeide den årlege tilstandsrapporten:
• Kommunar
• Fylkeskommunar
• Private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12
• Private skolar med rett til statstilskott
Innhald i tilstandsrapporten
Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men skoleeigaren kan omtale andre resultat og bruke andre data ut frå lokale behov. Når det blir gjerast vurderingar av tilstanden, er det viktig å synleggjere kva for målsetjingar hos skoleeigaren og skolane som danner grunnlag for vurderinga.
Tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om vaksne. Skoleeigaren skal derfor bruke andre kjelder for datainnhenting på dette området.
Tidleg innsats er vesentleg for å betre elevane sine ferdigheiter og den faglege utviklinga. Kartlegging av elevane sitt ferdigheitsnivå må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral.
Kvalitetsvurderingssystemet
Tilstandsrapporten inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Kvalitetsvurdering er å samanstille
informasjon og data som grunnlag for å drøfte kvaliteten på opplæringa internt på ein skole eller i ein kommune/fylkeskommune, og for å drøfte kvaliteten i større delar av eller i heile utdanningssektoren.
Målet er kvalitetsutvikling og læring. Kvalitetsvurderinga er ein prosess der dialogen om kva som er god kvalitet, står sentralt. Det er naturleg at det blir stilt spørsmål ved samanhengen mellom kvaliteten på opplæringa ved den enkelte skolen og mellom skolane og resultata i dialogen med skoleeigaren.
Det generelle systemkravet
Skoleeigarane si plikt til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i grunnopplæringa er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd og privatskolelova § 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll omfattar alle plikter som skoleeigaren har etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor meir omfattande enn det tilstandsrapporten sitt minimum skal dekkje.
Personvern
Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for små einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan være teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova § 13 og/eller
personopplysningar etter personopplysningslova § 2 nr. 1. Tilsvarande kan også gjelde for lokale indikatorar. Desse opplysningane må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova.
Merk: Denne versjonen av tilstandsrapporten er på nynorsk. Uttrekk av innhald frå Skoleporten, som ikkje finst på begge målformer, kan likevel vere på bokmål.
Innhald
1. Samandrag... 4
2. Hovudområder og indikatorar ... 8
2.1. Elevar og undervisningspersonale ... 8
2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk ... 8
2.1.2. Lærartettleik ... 9
2.2. Læringsmiljø ... 11
2.2.1. Elevundersøkinga ... 11
2.2.2. Mobbing på skolen (prosent) ... 14
2.3. Resultat ... 16
2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget... 16
2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg ... 20
2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk ... 24
2.3.4. Grunnskolepoeng ... 26
2.3.5. Skolebidrag 1.-4. trinn ... 27
2.3.6. Skolebidrag 5.-7. trinn ... 28
2.3.7. Skolebidrag 8.-10. trinn ... 29
2.4. Gjennomføring ... 31
2.4.1. Overgang frå grunnskole til VGO ... 31
2.5. Koronatida for skulane ... 32
2.6. Særskilte satsingsområde for skulane ... 34
2.7. Etter- og vidareutdanning for lærarar ... 34
2.8. Trafikksikker kommune ... 35
2.9. Spesialundervisning og særskilt språkopplæring ... 36
2.10. Symjekompetanse ... 37
2.11. Samarbeid mellom SUSK og Sykkylven vidaregåande skule ... 37
2.12. IKT og digitalisering i grunnskulen ... 38
3. System for oppfølging (internkontroll) ... 40
4. Konklusjon ... 42 For å oppdatere innholdsfortegnelsen, markerer du denne setningen - så klikker du F9.
1. Samandrag
Visjonen for Sykkylvsskulen er "Skaparglede og læringslyst" og hovudmålet i strategiplanen for
skuleeigar er "Sykkylvsskulen gir barn og unge skaparglede og lærelyst for framtida gjennom god kvalitet i opplæringa i eit inkluderande, trygt miljø for alle".
Viktige grunnlagsdokument for korleis Sykkylvsskulen skal vere er:
• Strategiplan for skuleeigar, vedteken av kommunestyret 08.04.2019. Gjeldande for perioden 2019-2023.
• Pedagogisk plattform
• Kompetanseutviklingsplan 2019-2021
• Slik tek vi vare på elevane våre i Sykkylvsskulen
• Grunnskulen sine rutinar for å sikre eit godt og trygt skulemiljø
• Handlingsrettleiaren for Sykkylven kommune
Alle desse dokumenta ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside.
Kvalitets- og utviklingsmeldinga for grunnskulen er den obligatoriske tilstandsrapporten som ifølgje opplæringslova § 13-10 skal utarbeidast årleg. Den skal gi lokale aktørar eit innblikk i, og vere eit grunnlag for å diskutere kvaliteten i opplæringstilbodet i den kommunale skulane i Sykkylven, og å setje utviklingsmål med bakgrunn i denne kunnskapen. Opplæringslova set som minstekrav at den årlege meldinga om skulen skal omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men andre resultat og data kan nyttast ut i frå lokale vedtak og behov. Kommunestyret har tidlegare vedteke at symjeopplæringa og samarbeid mellom Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule skal kommenterast. I fjor kom følgjande vedtak i tillegg ved behandling i kommunestyret:
Sykkylven kommunestyre ber kommunedirektøren fremje sak om Digitaliseringstrategi for grunnopplæringa i Sykkylven kommune fram mot 2025. Strategien bør fokusere på:
· Kunnskapsgrunnlag om digitalisering i skulen, med sikte på å oppnå datamaskindekning på ein til ein for elevane på ulike nivå, samt tidsplan for gjennomføring
· Personvern og informasjonstryggleik
· Deltaking i økosystem for digitale læremiddel og innkjøpsprosessar
· Kompetanse i bruk av teknologi hos elevar, lærarar og skuleeigarar
Dette er kommentert under eit eige avsnitt i rapporten.
I tillegg har vi valt å skrive om lokale satsingsområde innanfor skuleverket og/eller kommunen generelt.
Ut i frå satsingar og resultat som kjem fram gjennom ulike undersøkingar og kartleggingar, har grunnskulen i Sykkylven valt følgjande prioriteringar for neste skuleår:
• Sykkylvsskulen som felles arena for elevane våre i 1.-10. trinn
• Utvikle felles profesjonsfellesskap og kulturbygging fram mot samanslåing av fleire skular til èin
• Fagfornyinga
o implementering av nye læreplanar o bruk av digitale læremiddel
o programmering og koding på alle trinn
• Lesekompetanse i alle fag
o arbeide for å bli dysleksivenlege skular o aktiv lese- og skrivetrening i alle fag
• Trygt og godt skulemiljø – inkl. gode rutinar for dokumentasjon i alle fasar og evaluering/avslutting av aktivitetsplanar
o Bruke BTI-rettleiaren (BTI - Betre Tverrfagleg Innsats).
o Hjertesoner rundt alle skulane (Trygg Trafikk sitt tiltak for trygge trafikktilhøve rundt skulane, del av Trafikksikker kommune).
• Etter- og vidareutdanning for lærarar
• Rettferdig / likeverdig, effektiv og god ressursutnytting
Fagfornyinga med innføring av ny overordna del av læreplanane og nye læreplanar i alle fag er sjølvsagt eit viktig fokusområdet for alle skulane. Også gjennom dette noko spesielle skuleåret har skulane greidd å halde fokus på dette, sjølv om det kanskje har vore i litt mindre grad enn om pandemien ikkje vart så langvarig. Skulane har vurdert ulike nye læremiddel, både lærebøker og digitale læringsressursar, og har funne eit heilskapleg læreverk som dekker både alle fag og alle trinn, alt tilgjengeleg på nynorsk. Det er eit poeng for skulane at når elevane startar på ungdomsskulen, skal ein ikkje kunne sjå kva barneskule dei kjem frå. Alle skal ha det same kunnskapsgrunnlaget. Eit felles læreverk er også eit poeng i forhold til at tre av barneskulane skal bli til ein om to år. Dette er noko skulane ser fram mot og gler seg til.
Vi ser at i arbeidet for å skape trygge og gode skulemiljø for alle, er samarbeid med føresette og elevane avgjerande viktig. BTS-modellen (Betre Tverrfagleg Samarbeid) gir klare retningslinjer for korleis skulane og samarbeidande instansar kan og bør samarbeide med føresette og elevane. Det er svært viktig med tidleg involvering av føresette og elevar i saker som krev godt samarbeid mellom heim og skule og å oppretthalde gode relasjonar også når ting er vanskeleg. Handlingsrettleiaren (ei digital
informasjonsside tilpassa vår kommune) skal gjerast tilgjengeleg for barn og unge, innbyggarar generelt og tilsette i kommunen på heimesida i løpet av hausten 2021. Denne vil gi god og konkret rettleiing når nokon opplever å ha eigne utfordringar eller bekymringar, eller ein ser andre som ikkje har det godt.
Kven kan ein då kontakte? Sida gir oversiktleg informasjon om kommunale tenester, tiltak og kontaktpunkt.
Elevundersøkinga viser resultat vi må seie oss nøgde med. Vi ligg omtrent på nivå med nasjonen på dei fleste område, og resultata i høve mobbing viser at elevane stort sett har det greitt i forhold til dette på skulen. Det vert lagt ned mykje arbeid på alle skulane for å sikre eit godt og trygt skulemiljø. Trivsel og tryggleik er ein subjektiv følelse, og det er elevane si subjektive følelse av tryggleik og trivsel som skal bli høyrt og bli teken på alvor. Då er det viktig å bruke tid på desse sakene, slik at ein kan finne årsak og med det, riktig tiltak, for kvar elev. Aktivitetsplanar må tilpassast kvar enkelt elev.
At man, naar det i Sandhed skal lykkes En at føre et Menneske hen til et bestemt Sted, først og fremmest maa passe paa at finde ham der, hvor han er, og begynde der. Dette er Hemmeligheden i al
Hjælpekunst.(Søren Kierkegaard)
Nasjonale prøver må vi seie oss delvis fornøgde med. I engelsk og rekning viser elevane våre ganske gode resultat, medan vi nok ein gong må sjå at lesinga ligg under eit nivå vi ønsker å vere på. Skulane har i løpet av dette året kjøpt lisensar på lesetreningsprogram for alle nivå. Motivasjonen for lesing må bli høgare blant barn og unge. Rektorane er også samde i at vi må ta opp igjen tråden når det gjeld å bli godkjende som dysleksivenlege skular. Lesinga er viktig for alle teoretiske fag, så det er viktig at lesing og skriving vert noko alle lærarar i alle fag jobbar systematisk med. Det er ikkje berre norsklæraren som har ansvar for dette.
Ei anna satsing vi ønsker å ha fokus på dei komande åra, er trafikktryggleik på skulevegen og spesielt i skuleområda. Kommunen er godkjent som trafikksikker kommune (august 2020), og dette forpliktar oss til å ha fokus på trafikkforholda. Hjertesoner er ei satsing framover. Målet med denne satsinga er mindre
biltrafikk rundt i skuleområda, spesielt ved start- og slutt av skuledagen. Vi ønsker at fleire elevar skal gå eller sykle til skulen. Ullavik skule har så smått satt i gang gåbussar for elevane saman med føresette. På sikt håper vi at dette kan vere ei oppgåve eldre elevar kan vekse på å ta på seg. Det er kjekt og trygt for dei minste elevane å ha nokon å gå saman med til skulen. Altså eit godt tiltak på mange måtar: god folkehelse, sosialt inkluderande, miljømessig (foreldre treng ikkje køyre), og ikkje minst god
trafikktryggleik.
Heldigvis har Sykkylven førebels unngått store utbrot med smitte og påfølgjande stenging av skular.
Nokre enkeltelevar og lærarar og også klasser har blitt pålagt nokre dagar i karantene. Men fokuset på å overhalde smittevernreglar både i høve avstand og gruppestorleik, kohortar og hygienetiltak har
sjølvsagt vore svært krevjande for alle skulane. I periodar har det også vore stort fråvere både for elevar og tilsette grunna lågare terskel for å halde seg heime ved teikn til forkjøling. Lærarar og rektorar har måtta snu seg om på kort varsel og gjort tilpassingar og omorganiseringar i fleire omgangar. Dette har sjølvsagt vore svært krevjande for alle, og det er ein fantastisk innsats som er lagt ned av dei tilsette på skulane. I tillegg til arbeidet som følgjer av smittevernreglane, og skulane prøvd å arbeide med innføring av ny overordna læreplan og læreplanar for fag gjennom fagfornyinga. Fleire lærarar har tatt eller er i ferd med å ta etterutdanning i koding og programmering, og 5 lærarar har fått vidareutdanning med støtte frå Utdanningsdirektoratet gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet, ein av desse tek
lærarspesialistutdanning i matematikk (2-årig). Det kan sjå ut til av vi skal greie å kome i hamn når det gjeld kompetansekrava som blir gjeldande for lærarar frå 1. august 2025. Kravet vert at alle lærarar som vil undervise i faga norsk, matematikk og/eller engelsk må ha minst 30 studiepoeng (for 1.-7. trinn) og 60 studiepoeng (for 8.-10. trinn) i faget. Vi ser at påmeldingane til desse faga har blitt færre, og at det no er større ønske om vidareutdanning i til dømes spesialpedagogikk og særskilt norsk (norsk som andrespråk). Utdanningsdirektoratet har i år godkjent fleire søknadar til spesialundervisning, og det er bra for oss.
Vedtak i kommunestyremøte sak 43/21 – 21/6971, datert 21.06.2021:
1. Tilstandsrapport for grunnskulen 2020-2021 vert teken til vitande. Det vert gitt tilslutnad til konklusjon og desse tilrådde fokusområda og prioriteringane:
o
Sykkylvsskulen som felles arena for elevane våre i 1.-10. trinn
o
Utvikle felles profesjonsfellesskap og kulturbygging fram mot samanslåing av fleire skular til èin.
o
Fagfornyinga
o
Implementering av nye læreplanar
oBruk av digitale læremiddel
o
Programmering og koding på alle trinn
oLesekompetanse i alle fag
o
Arbeide for å bli dysleksivenlege skular
oAktiv lese- og skrivetrening i alle fag
o
Trygt og godt skulemiljø (nulltoleranse mobbing) – inkl. gode rutinar for dokumentasjon i alle fasar og evaluering/avslutting av aktivitetsplanar
o
Bruke BTI-rettleiaren (BTI - Betre Tverrfagleg Innsats).
o
Hjertesoner rundt alle skulane (Trygg Trafikk sitt tiltak for trygge trafikktilhøve rundt skulane, del av Trafikksikker kommune).
o
Etter- og vidareutdanning for lærarar
o
Rettferdig / likeverdig, effektiv og god ressursutnytting
oSkaparglede
o
Greie ut og vurdere deltaking i innkjøpssamarbeidet FriDa – Fri Digital Arena. FriDa er eit samvirke
av ei rekke kommunar, initiert av KS, og skal vere eit samarbeid for innkjøp og utvikling av digitalt
tilgjengelege læremiddel og tenester for grunnskulen.
2. Prioriterte område vil bli vurdert i samband med budsjettprosessen ved eventuelle behov for styrking.
3. Skulane skal innarbeide desse områda i sine utviklingsplanar.
Oversendt til administrasjonen/kontrollutvalet:
Kommunestyret ber kontrollutvalet om å komme attende med ein forvaltningsrevisjon av spesped. til
kommunestyret i løpet av 2022.
2. Hovudområder og indikatorar
2.1. Elevar og undervisningspersonale
2.1.1. Talet på elevar og lærarårsverk
Talet på elevar
Indikatoren opplyser om talet på elevar som er registrerte ved grunnskolar per 1. oktober det aktuelle skoleåret. Indikatoren omfattar barn og unge som etter opplæringslova § 2-1 har rett og plikt til grunnskoleopplæring, og som får denne opplæringa ved ein grunnskole. Tala omfattar ikkje vaksne elevar som får grunnskoleopplæring.
Årsverk for undervisningspersonale
Indikatoren viser summen av årsverk for undervisningspersonalet. Summen inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna enn undervisning. Årsverka er berekna ved å dividere årstimar på årsramma. Det er brukt 741 timar på barnesteget og 656 timar på ungdomssteget. I denne indikatoren høyrer følgjande delskår med: Årsverk til undervisning.
Del av årstimar gitt av personale med godkjend utdanning
Indikatoren viser kor stor del av årstimane som er gjennomførte av undervisningspersonale med godkjend utdanning i dei fag og trinn dei underviser i.
Lokale mål
Det er ikkje satt lokale mål for dette området.
Elevtal og årsverk
Indikator og nøkkeltall 2017-18 2018-19 2019-20
Talet på elevar
Sykkylven kommune skoleeier 882 867 850
Aure skule 129 147 144
Sykkylven ungdomsskule 300 283 289
Sørestranda skule 117 141 124
Tandstad skule (utgått) 48
Ullavik skule 158 162 158
Vik skule 130 134 135
Årsverk for undervisningspersonale
Sykkylven kommune skoleeier 94,0 83,9 90,9
Aure skule 15,3 16,8 16,2
Sykkylven ungdomsskule 32,8 29,1 32,3
Sørestranda skule 11,0 13,6 16,0
Tandstad skule (utgått) 8,7
Ullavik skule 14,9 12,4 14,7
Vik skule 11,3 12,1 11,8
Andel undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning
Sykkylven kommune skoleeier 93,9 92,7 95,8
Aure skule 86,4 82,0 94,5
Sykkylven ungdomsskule 94,6 100,0 96,4
Sørestranda skule 100,0 95,3 100,0
Tandstad skule (utgått) 100,0
Ullavik skule 86,5 82,9 88,3
Vik skule 100,0 100,0 100,0
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Antall elever og lærerårsverk, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
Merknad til tabell: Tala for 2020/2021 er ikkje komne med, då desse ikkje ligg i Skoleporten enno.
Vi ser at elevtalet er synkande, i samsvar med den demografiutviklinga som er presentert i fleire
samanhengar. Det er viktig å hugse at det minkande elevtalet fordeler seg i alle klasser og på alle skular.
Talet på lærarar vil det difor ikkje vere forsvarleg å redusere i stor grad, sjølv om vi på nokre av skulane ligg godt innanfor kravet til lærarnorm.
Tala er henta frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) pr. 1.10.2020.
Lærarar i grunnskulen, etter kjønn 2020 - i prosent
Sykkylven Møre og Romsdal K07 Landet u/Oslo
Menn 26,6 24,5 23,6 24,6
Kvinner 73,4 75,5 76,4 75,4
Det er framleis behov for fleire mannlege lærarar i grunnskulen i Sykkylven
2.1.2. Lærartettleik
Lærartettleik 1.-7. steget og 8.-10. steget
Indikatoren viser gjennomsnittleg lærartettleik på 1.- 7. steget ned på skolenivå. Lærartettleik er rekna ut med utgangspunkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir informasjon om storleiken på undervisningsgruppa. Indikatoren inkluderer timar til spesialundervisning og til andre lærartimar som blir tildelte på grunnlag av individuelle elevrettar.
Lærartettleik i ordinær undervising
Lærartettleik i ordinær undervisning er ein indikasjon på tal på elevar per lærar i ordinær undervisning, der ressursar til spesialundervisning og undervisning i særskild språkopplæring ikkje vert medrekna. I
andre samanhengar vert dette målet kalla gruppestorleik 2. Mål på lærartettleik er hefta med usikkerheit.
Dette kjem av at nokre kommunar fører lærarressursar på kommunen sentralt, mens andre kommunar fører dei på skolen i GSI. Dette kan til dømes vere timar til spesialundervisning eller til særskild
norskopplæring.
Lokale mål
Lokalt mål er å oppfylle kravet til lærarnorm på alle trinn. For skuleåret 2019/2020 er kravet til lærarnorm i gruppestorleik vere 15 elevar på 1.-4. trinn og 20 på 5.-7. trinn og det same på 8.-10.
trinn.
Lærartettleik
Indikator og nøkkeltall 2017-18 2018-19 2019-20
Lærertetthet 1.-7. trinn
Sykkylven kommune skoleeier 10,6 11,6 10,3
Kommunegruppe 07 13,6 13,5 13,2
Møre og Romsdal fylke 12,0 11,8 11,4
Nasjonalt 13,0 12,8 12,5
Lærertetthet 8.-10. trinn
Sykkylven kommune skoleeier 14,5 15,2 14,0
Kommunegruppe 07 15,3 15,3 15,1
Møre og Romsdal fylke 13,9 14,1 13,8
Nasjonalt 14,4 14,3 14,1
Lærertetthet i ordinær undervisning
Sykkylven kommune skoleeier 15,2 17,5 15,4
Kommunegruppe 07 17,3 17,1 16,6
Møre og Romsdal fylke 15,6 15,6 15,1
Nasjonalt 16,8 16,4 15,9
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Lærertetthet, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
Lærarnorma skal vere utrekna på skulenivå, og legg til grunn av skulane skal ha 1 lærar pr. 15 elevar på småskulen og 1 lærar pr. 20 elevar på mellomtrinn og ungdomstrinn til ordinær undervisning. I tillegg kjem det som skulane må bruke til tilpassa undervisning, gruppedeling, spesialundervisning, særskilt norskopplæring, utviklingsarbeid/funksjonar m.m.
For det som gjeld lærarnorma, viser GSI rapporteringa frå skulane at Sykkylven kommune samla sett pr.
1.oktober 2020 hadde 11,5 lærarstillingar meir enn krava i lærarnorma. Altså til saman
11,5 lærarårsverk meir i den ordinære undervisninga enn minstekravet. Det er ikkje meininga at
lærarnorma skal fungere som eit nivå som kommunane skal justere seg ned/opp mot, men det er å forstå som eit minstekrav for lærardekning. Staten fører årleg tilsyn med om skulane løyver nok pengar til skulane slik at lærarnorma er oppfylt. Den gode lærardekninga har samanheng med skulestrukturen, med 4 relativt små barneskular.
Lærarnorm på dei ulike skulane:
Skule Trinn Resultat lærarnormkalkulator pr.
1.10.2020 (GSI)
Årsverk i høve lærarnormkrava
Aure 1.-4. trinn 11,8 + 1,3
5.-7. trinn 13,9 + 1,4
Sørestranda 1.-4. trinn 11,1 + 1,2
5.-7. trinn 11,0 + 2,3
Ullavik 1.-4. trinn 13,7 + 0,5
5.-7. trinn 14,9 + 1,3
Vik 1.-4. trinn 13,7 + 0,4
5.-7. trinn 17,2 + 0,6
SUSK 8.-10.
trinn 17,6 + 2,5
Dette betyr at alle skulane oppfyller lærarnormkrava for skuleåret 2020/2021. Denne utrekninga bygg på skulane sine eigne rapporteringar i GSI pr. 1. oktober kvart år.
2.2. Læringsmiljø
2.2.1. Elevundersøkinga
Alle elevar og lærlingar skal inkluderes og oppleve meistring. Det er obligatorisk for skoleeigarar og skoleleiarar å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. og 10. steget og for Vg1. Ein del av spørsmåla i Elevundersøkinga er sett saman til indeksar som blir viste i Skoleporten. Resultata for alle spørsmåla i Elevundersøkinga blir viste i ein eigen rapportportal. I tilstandsrapporten er desse
læringsmiljøindeksane obligatoriske:
• Støtte frå lærarane: Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane.
• Vurdering for læring: Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring.
• Læringskultur: Indeksen viser om elevane opplever at skolearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet.
• Meistring: Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skolen.
• Elevdemokrati og medverknad: Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid.
• Andel elevar som har blitt mobba (prosent): Se eiget diagram.
Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Unntak er andel mobbet som er i prosent.
Lokale mål
Vi ønsker å oppnå resultat som ligg i området rundt gjennomsnittet for landet. Av tabellen ser vi at for 7. trinn ligg vi over landssnittet på alle områda i år.
Når det gjeld 10. trinn ser vi at vi ligg likt eller 0,2 under.
Elevundersøking 7. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Støtte fra lærerne
Sykkylven kommune skoleeier 4,4 4,4 4,4 4,5 4,6
Kommunegruppe 07 4,5 4,4 4,4 4,4
Møre og Romsdal fylke 4,4 4,4 4,5 4,5 4,4
Nasjonalt 4,4 4,4 4,4 4,4 4,4
Vurdering for læring
Sykkylven kommune skoleeier 3,9 3,8 3,8 3,8 4,0
Kommunegruppe 07 4,0 3,9 3,9 3,9
Møre og Romsdal fylke 3,9 3,8 3,9 3,8 3,8
Nasjonalt 3,9 3,9 3,9 3,9 3,8
Læringskultur
Sykkylven kommune skoleeier 4,0 3,7 4,2 4,2 4,2
Kommunegruppe 07 4,1 4,0 4,0 4,0
Møre og Romsdal fylke 4,0 4,0 4,1 4,0 3,9
Nasjonalt 4,1 4,1 4,0 4,0 4,0
Mestring
Sykkylven kommune skoleeier 4,1 4,2 4,0 4,0 4,1
Kommunegruppe 07 4,1 4,0 4,0 4,0
Møre og Romsdal fylke 4,1 4,0 4,0 4,0 4,0
Nasjonalt 4,1 4,1 4,1 4,0 4,0
Elevdemokrati og medvirkning
Sykkylven kommune skoleeier 3,5 3,8 3,8 3,7 3,9
Kommunegruppe 07 3,9 3,8 3,8 3,8
Møre og Romsdal fylke 3,7 3,7 3,8 3,7 3,6
Nasjonalt 3,8 3,8 3,8 3,8 3,7
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Elevundersøkelsen, Offentlig, Trinn 7, Begge kjønn
Elevundersøking 10. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Støtte fra lærerne
Sykkylven kommune skoleeier 4,1 3,8 3,9 3,7 4,1
Kommunegruppe 07 4,0 4,0 4,0 3,9
Møre og Romsdal fylke 4,0 4,0 4,0 4,0 4,1
Nasjonalt 4,0 4,0 4,0 4,0 4,1
Vurdering for læring
Sykkylven kommune skoleeier 3,1 2,9 3,0 3,2 3,1
Kommunegruppe 07 3,2 3,3 3,3 3,2
Møre og Romsdal fylke 3,3 3,2 3,3 3,2 3,3
Nasjonalt 3,3 3,3 3,3 3,3 3,3
Læringskultur
Sykkylven kommune skoleeier 3,9 3,7 3,8 3,7 3,9
Kommunegruppe 07 3,8 3,8 3,8 3,7
Møre og Romsdal fylke 3,8 3,7 3,8 3,8 3,9
Nasjonalt 3,8 3,8 3,8 3,8 3,9
Mestring
Sykkylven kommune skoleeier 4,0 3,9 4,0 3,8 3,7
Kommunegruppe 07 3,9 3,9 3,9 3,9
Møre og Romsdal fylke 4,0 3,9 4,0 3,9 3,9
Nasjonalt 4,0 3,9 3,9 3,9 3,9
Elevdemokrati og medvirkning
Sykkylven kommune skoleeier 2,8 2,9 3,0 3,1 3,2
Kommunegruppe 07 3,3 3,3 3,4 3,3
Møre og Romsdal fylke 3,3 3,3 3,4 3,3 3,3
Nasjonalt 3,3 3,3 3,4 3,4 3,4
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Elevundersøkelsen, Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
Resultata for både 7. trinn og 10. trinn viser at elevane i Sykkylven ligg omtrent likt med landssnittet i desse utvalde indikatorane. Det må vi seie oss nøgde med. Det vert lagt ned ein stor innsats på alle skulane for å fremje eit godt og trygt skulemiljø for alle. Mykje av det arbeidet som vert gjort, kjem aldri heilt fram i lyset, fordi lærarar og andre tilsette på skulane ikkje fortel så mykje om den innsatsen som skjer både i klasserommet og utanfor. Gode relasjonar i skulen er avgjerande viktig for kor god trivselen er, men kan ikkje alltid dokumenterast og skriftleggjerast.
Elevundersøkinga gir viktig informasjon som viser kva område skulane er gode på, og kva område ein bør ha auka fokus på både sykkylvsskulane i fellesskap, men også kvar einskild skule. På 7. trinn ser vi svært positive resultat på alle område, men spesielt gledeleg at områda "Vurdering for læring" og
"Elevdemokrati og medvverknad" har fått høgare score enn tidlegare og faktisk ligg over landssnittet.
Dette er område vi har scora noko lavt på tidlegare år.
For 10. trinn ser vi ei lita betring på "Elevdemokrati og medverknad", eit område som har betra seg jamt over fleire år no. Vi ser ein liten nedgang på "Vurdering for læring" frå i fjor. Dette er eit område det vil vere eit naturleg stort fokus på i samband med innføring av nye læreplanar i fagfornyinga.
2.2.2. Mobbing på skolen (prosent)
Mobbing på skolen viser prosentdelen elevar som svarer at dei blir mobba av medelever, mobba digitalt (på skulen) og/eller mobba av vaksne på skulen 2-3 gonger i månaden eller oftare.
Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skolen er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Prosentdelen elevar som har blitt mobba på skolen seier med andre ord ingen ting om kor ofte elevane opplever å bli mobba.
Lokale mål
Kommunen har utarbeidd eit hefte for korleis vi tek vare på elevane våre i Sykkylvsskulen: Slik tek vi vare på elevane våre i Sykkylvsskulen, i tillegg til Grunnskulen sine rutinar for å sikre eit godt og trygt skulemiljø
Kommunen arbeider mot ein nullvisjon når det gjeld krenkande åtferd og mobbing. Skulane har stort fokus på at alle elevar skal oppleve å ha det trygt og godt på skulen.
Mobbing på skulen 7. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Mobbing på skolen (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 8,5
Kommunegruppe 07 7,4 7,5 7,2 7,3
Møre og Romsdal fylke 6,0 6,7 5,5 5,8 6,7
Nasjonalt 7,1 7,2 6,9 7,0 7,5
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Mobbing på skolen (prosent), Offentlig, Trinn 7, Begge kjønn
Mobbing på skulen 10. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Mobbing på skolen (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 9,2 8,6 19,3
Kommunegruppe 07 8,1 8,5 6,7 7,6
Møre og Romsdal fylke 6,6 7,0 5,9 5,6 4,2
Nasjonalt 7,7 8,3 7,0 6,5 5,5
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Mobbing på skolen (prosent), Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn Oppfølgingsspørsmål knytt til mobbing 7. trinn
Delskår 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21
Er du blitt mobbet av andre elever på skolen de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 9,2 6,3 3,2 5,5
Kommunegruppe 07 6,2 5,8 6,0 6,0
Møre og Romsdal fylke 4,8 5,6 4,3 4,7 5,7
Nasjonalt 5,5 5,8 5,6 5,7 6,3
Er du blitt mobbet av voksne på skolen de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 7,1
Kommunegruppe 07 1,4 1,8 1,2 1,0
Møre og Romsdal fylke 1,3 1,2 0,9 0,8 0,8
Nasjonalt 1,5 1,6 1,3 1,4 1,0
Er du blitt mobbet digitalt (mobil, iPad, PC) de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 0,0
Kommunegruppe 07 2,0 2,3 2,2 2,3
Møre og Romsdal fylke 1,9 1,9 2,0 1,6 2,8
Nasjonalt 2,0 2,0 2,1 2,1 2,9
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Mobbing på skolen (prosent), Mobbing på skolen (prosent), Offentlig, Trinn 7, Begge kjønn Oppfølgingsspørsmål knytt til mobbing 10. trinn
Delskår 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21
Er du blitt mobbet av andre elever på skolen de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 4,8 5,4 11,5
Kommunegruppe 07 5,6 5,8 4,8 5,6
Møre og Romsdal fylke 4,3 4,5 3,9 3,1 2,9
Nasjonalt 5,1 5,6 4,8 4,4 3,7
Er du blitt mobbet av voksne på skolen de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 6,5 4,4 10,3 0,0
Kommunegruppe 07 2,8 3,2 2,6 2,9
Møre og Romsdal fylke 2,6 3,4 2,6 2,8 1,6
Nasjonalt 3,2 3,8 3,0 2,8 2,1
Er du blitt mobbet digitalt (mobil, iPad, PC) de siste månedene? (prosent)
Sykkylven kommune skoleeier 2,0 4,8 11,5 0,0
Kommunegruppe 07 3,1 3,1 2,3 2,4
Møre og Romsdal fylke 2,7 2,9 2,3 2,1 1,9
Nasjonalt 3,1 3,1 2,6 2,3 2,1
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Mobbing på skolen (prosent), Mobbing på skolen (prosent), Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
I fjor viste elevundersøkinga svært dårlege tal når det gjaldt kor mange elevar på 10. trinn som opplevde mobbing. Fleire tiltak er blitt gjort, og elevrådet har også vore kopla på prosessen med å finne årsaka bak desse tala. Resultatet vart teke på høgste alvor av både skulen og skuleeigar. Mellom anna er det innført nye rutinar frå skuleeigar for å sikre at skulane følgjer opp dei krava og pliktene som følgjer av kap. 9A i opplæringslova. Det skal frå hausten 2021 bli obligatorisk for alle tilsette i skulen å ta kurs og bestå test i Veilederen knytt til §§9A, 3-5. Rektor skal følgje opp at alle dei tilsette gjennomfører dette minst årleg.
I år er tala for både 7. og 10. trinn skjerma. Dette betyr at prosentdelen som oppgir at dei vert mobba er lav og dette må vi vere svært glade for.
Likevel: 7. trinn ligg ikkje heilt på 0 %, sidan 5,5 % av dei som opplever å bli mobba, oppgir at dei blir mobba av medelevar, medan prosentdelen for kor mange som opplever å bli mobba av ein vaksen på skulen er skjerma. I 10. trinn er det ein liten prosentdel som oppgir at dei har opplevd å bli mobba av medelevar.
2.3. Læringsresultat
Alle elevar som går ut av grunnskolen, skal meistre grunnleggjande ferdigheiter. Dette er ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og i arbeidslivet.
2.3.1. Nasjonale prøver 5. steget
Om lesing
Nasjonale prøver i lesing kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06. Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt. Elevane skal vise at dei kan:
1. finne informasjon
2. forstå og tolke
3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning
Nasjonale prøver i rekning skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06.
Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde:
• tal
• måling
• statistikk
Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane forstår korleis dei:
• kan løyse ei gitt utfordring
• kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar
• kan vurdere om svara er rimelege
• kan ha effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk
Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i
læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag – engelsk. Oppgåvene (på 5. steget) er knytte til desse ferdigheitene:
• finne informasjon
• forstå hovudinnhaldet i enkle tekstar
• forstå vanlege ord og uttrykk knytta til daglegliv og fritid
• forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i
• bruke vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster
Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette
gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa.
Lokale mål
Lokalt mål er at 72 % av elevane i snitt dei siste tre åra, skal ligge på meistringsnivå 2 eller 3 i lesing Dette målet er nådd med 76 % i snitt dei tre siste åra.
Nasjonale prøver 5. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Lesing
Sykkylven kommune skoleeier 50 49 49 50 48
Kommunegruppe 07 50 49 50 50
Møre og Romsdal fylke 49 49 49 49 49
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Regning
Sykkylven kommune skoleeier 49 50 51 48 53
Kommunegruppe 07 50 49 49 49
Møre og Romsdal fylke 49 50 49 50 50
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Engelsk
Sykkylven kommune skoleeier 51 50 51 50 53
Kommunegruppe 07 49 49 49 49
Møre og Romsdal fylke 49 50 50 50 50
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver 5. trinn, Offentlig, Trinn 5, Begge kjønn Nasjonale prøver, engelsk 5. trinn, fordeling på meistringsnivå
Illustrasjonen er henta frå Skoleporten
Nasjonale prøver, 5. trinn, jenter Indikator og
nøkkeltall
Sykkylven kommune skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt
Lesing 49 50 50
Regning 51 49 49
Engelsk 52 50 50
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver 5. trinn, Offentlig, 2020-2021, Trinn 5, Jenter Nasjonale prøver, 5. trinn, gutar
Indikator og nøkkeltall
Sykkylven kommune skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt
Lesing 48 49 49
Regning 54 51 51
Engelsk 54 50 50
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver 5. trinn, Offentlig, 2020-2021, Trinn 5, Gutter
Skuleeigar si eigavurdering
Oversikta over meistringsnivå for 5. trinn i lesing og rekning er skjerma. Skuleeigar kan hente fram nokre av dei skjerma resultata, og av desse ser vi at vi har fleire elevar på meistringsnivå 1 i lesing enn fylket og landet og det same på nivå 2. Dvs. at vi har færre på nivå 3, der vi ønsker å ha flest mogleg elevar.
Med tanke på at det er lesing vi har hatt som hovudfokus over fleire år m.a. med Språkkommune- prosjektet, kan vi ikkje seie oss nøgde med dette. Skulane ønsker å bli meir dysleksivennlege, og det er kjøpt inn ein del lesetreningsprogram for alle nivå for å nå alle elevane best mogleg med tilpassa lesetrening.
Når det gjeld engelsk for 5. trinn er biletet omvendt. Her har vi langt færre elevar på nivå 1 enn fylket og landet, og klart fleire på nivå 3. På nivå 2 ligg vi omtrent likt med fylket og 2,0 over landet. Altså svært gode resultat på engelsk.
Vi har også teke med tabellar som viser skilnad i resultat mellom jenter og gutar på 5. trinn. I motsetnad til tidlegare ser det ut til at jentene og gutane ligg omtrent likt i resultat i lesing, men at gutane oppnår høgare skåre i både rekning og engelsk enn jentene dette året. Dei siste åra har gutar som regel skåra lågare enn jenter spesielt på lesing, men i år kan altså sjå ut til at det er jentene som skårar dårlegare heller enn at gutane skårar betre. Uansett ser vi at lesing er eit svært viktig fokusområde for oss også framover.
2.3.2. Nasjonale prøver ungdomssteg
Om lesing
Nasjonale prøver i lesing skal kartleggje i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med måla for den grunnleggjande ferdigheita lesing, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06.
Dette inneber at nasjonale prøver i lesing ikkje er ei prøve i norskfaget.
Dei nasjonale prøvene i lesing omfattar tre aspekt ved lesing. Elevane viser at dei kan:
1. finne informasjon 2. forstå og tolke
3. reflektere over og vurdere form og innhald i teksten Om rekning
Nasjonale prøver i rekning kartlegg i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål for den grunnleggjande ferdigheita rekning, slik ho er integrert i kompetansemål i læreplanar for fag i LK06.
Dette inneber at nasjonale prøver i rekning ikkje er ei prøve i matematikk som fag. Dei nasjonale prøvene i rekning dekkjer tre innhaldsområde:
• tal
• måling
• statistikk
Prøvene i rekning tek utgangspunkt i korleis elevane bruker rekning i faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at dei:
• forstår og kan reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring
• kan løyse problemet ved hjelp av rekneoperasjonar
• kan vurdere om svara dei får er rimelege
• kan vise effektive strategiar for enkel talrekning Om engelsk
Engelsk er ikkje ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene som er integrerte i kompetansemål i
læreplanane i alle fag i LK06. Prøvene tek utgangspunkt i kompetansemål i eitt fag – engelsk. Oppgåvene for ungdomssteget er knytte til desse ferdigheitene:
• finne informasjon
• forstå og reflektere over innhaldet i tekstar av ulik lengd og forskjellige sjangrar
• rå over eit ordforråd som dekkjer daglegdagse situasjonar
• forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i
• forstå bruken av grunnleggjande reglar og mønster for grammatikk og setningstypar Diagrammet viser gjennomsnittet av elevane sine skalapoeng og usikkerheita knytt til dette
gjennomsnittet. Søylene viser intervallet på skalaen der hovuddelen (60 prosent) av elevane er. Dette er eit mål på spreiinga av resultata til elevane. På 5. og 8. trinn vert elevane plasserte på høvesvis 3 og 5 meistringsnivå, der meistringsnivå 1 er lågast. Presentasjonen viser eit oversyn over prosentvis fordeling av elevar på dei ulike meistringsnivåa.
Lokale mål
Lokalt mål er at 70 % av elevane på 8. trinn skal ligge på meistringsnivå 3, 4, eller 5 i snitt dei tre siste åra. Vi ligg på 65,5 % i snitt.
For 9. trinn er målet at 84 % av elevane skal ligge på meistringsnivå 3,4 eller 5 i snitt over dei tre siste åra. Her er snittet 81,5 %.
Eit anna lokalt mål, for å sjå på progresjon, er at prosentdelen som ligg på nivå 4 og 5 i 8. trinn i lesing, er høgare enn prosentdelen som låg på nivå 3 då dei same elevane gjekk i 5. trinn. 5. trinn i 2017/18 hadde 23,3 % av elevane på nivå 3. I 8. trinn var det 25,6 % av elevane som var på
meistringsnivå 4 eller 5. Dvs. ein liten framgang på 2,3 %-poeng. Det lokale målet for 2020/21 var ein auke på 2%-poeng, noko som vi då nådde.
Nasjonale prøver 8. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Lesing
Sykkylven kommune skoleeier 47 46 49 48 47
Kommunegruppe 07 49
Møre og Romsdal fylke 49 49 49 49 49
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Regning
Sykkylven kommune skoleeier 50 48 49 49 49
Kommunegruppe 07 49 49
Møre og Romsdal fylke 49 50 49 49 49
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Engelsk
Sykkylven kommune skoleeier 48 48 49 51 49
Kommunegruppe 07 49
Møre og Romsdal fylke 50 50 50 50 50
Nasjonalt 50 50 50 50 50
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Offentlig, Trinn 8, Begge kjønn
Nasjonale prøver, 8. trinn rekning, fordelt på meistringsnivå Delskår Sykkylven kommune
skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt Mestringsnivå
1 12,0 7,4 7,7
Mestringsnivå
2 26,1 24,9 23,5
Mestringsnivå
3 30,4 39,0 38,6
Mestringsnivå
4 21,7 19,7 20,1
Mestringsnivå
5 9,8 9,0 10,1
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Regning, Offentlig, 2020- 2021, Trinn 8, Begge kjønn Nasjonale prøver, 8. trinn, lesing, fordelt på meistringsnivå
Delskår Sykkylven kommune skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt Mestringsnivå
1 14,4 10,3 9,6
Mestringsnivå
2 26,7 18,9 17,6
Mestringsnivå
3 33,3 43,3 41,6
Mestringsnivå
4 20,0 20,2 21,9
Mestringsnivå
5 5,6 7,4 9,4
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Lesing, Offentlig, 2020- 2021, Trinn 8, Begge kjønn Nasjonale prøver, 8. trinn, engelsk, fordelt på meistringsnivå
Delskår Sykkylven kommune skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt Mestringsnivå
1 12,1 8,6 8,9
Mestringsnivå
2 13,2 18,9 17,4
Mestringsnivå
3 50,5 43,9 42,9
Mestringsnivå
4 18,7 20,3 20,5
Mestringsnivå
5 5,5 8,3 10,2
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Engelsk, Offentlig, 2020- 2021, Trinn 8, Begge kjønn Nasjonale prøver, 9. trinn
Indikator og nøkkeltall 2016-17 2017-18 2018-19 2019-20 2020-21 Lesing
Sykkylven kommune skoleeier 52 53 51 51 52
Kommunegruppe 07 53 53
Møre og Romsdal fylke 53 53 52 53 53
Nasjonalt 54 54 53 54 54
Regning
Sykkylven kommune skoleeier 50 54 52 52 52
Kommunegruppe 07 53 53 53
Møre og Romsdal fylke 53 53 53 53 53
Nasjonalt 54 54 54 53 53
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Offentlig, Trinn 9, Begge kjønn
Nasjonale prøver, 9. trinn, rekning, fordelt på meistringsnivå Delskår Sykkylven kommune
skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt Mestringsnivå
1 3,9 5,2 4,7
Mestringsnivå
2 12,6 14,6 15,5
Mestringsnivå
3 40,8 37,5 35,1
Mestringsnivå
4 30,1 25,6 25,5
Mestringsnivå
5 12,6 17,1 19,2
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Regning, Offentlig, 2020- 2021, Trinn 9, Begge kjønn
Nasjonale prøver, 9. trinn, lesing, fordelt på meistringsnivå Delskår Sykkylven kommune
skoleeier
Møre og Romsdal fylke Nasjonalt Mestringsnivå
1 2,9 5,7 5,8
Mestringsnivå
2 8,8 12,3 11,0
Mestringsnivå
3 51,0 37,4 35,3
Mestringsnivå
4 28,4 29,2 28,5
Mestringsnivå
5 8,8 15,4 19,3
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Nasjonale prøver ungdomstrinn, Lesing, Offentlig, 2020- 2021, Trinn 9, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
Vi ser at nivået på lesing i høve fylket og landssnittet held seg vidare til 8. og 9. trinn. Lesing må difor vere eitt av satsingsområda til grunnskulen også vidare. Vi må få fleire elevar opp på dei høgste meistringsnivåa i lesing.
2.3.3. Karakterar - matematikk, norsk og engelsk
Standpunktkarakterar og karakterar frå eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring utgjer sluttvurderinga. Denne vurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har oppnådd i faget.
Vurderinga skal ta utgangspunkt i måla i læreplanverket. Graderinga beskriv at karakteren:
• 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget
• 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
• 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
• 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
• 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
• 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
Karakterskalaen er 1-6. Beste karakter er 6. Karakterane er viste som gjennomsnitt.
Lokale mål
Det er ikkje sett lokale mål for dette området.
Standpunkt- og eksamenskarakterar 10. trinn
Indikator og nøkkeltall 2017-18 2018-19 2019-20
Norsk hovedmål skriftlig eksamen
Sykkylven kommune skoleeier 3,3 2,8
Kommunegruppe 07 3,3 3,3
Møre og Romsdal fylke 3,4 3,4
Nasjonalt 3,5 3,4
Norsk hovedmål standpunkt
Sykkylven kommune skoleeier 3,3 3,8 3,6
Kommunegruppe 07 3,9 3,9
Møre og Romsdal fylke 3,9 3,9 4,0
Nasjonalt 3,9 3,9 4,0
Matematikk skriftlig eksamen
Sykkylven kommune skoleeier 3,1 3,8
Kommunegruppe 07 3,6 3,6
Møre og Romsdal fylke 3,5 3,6
Nasjonalt 3,6 3,6
Matematikk standpunkt
Sykkylven kommune skoleeier 3,6 3,9 4,0
Kommunegruppe 07 3,6 3,6
Møre og Romsdal fylke 3,6 3,7 3,8
Nasjonalt 3,7 3,7 3,8
Engelsk skriftlig eksamen
Sykkylven kommune skoleeier 3,9 3,8
Kommunegruppe 07 3,6 3,6
Møre og Romsdal fylke 3,7 3,6
Nasjonalt 3,7 3,7
Engelsk skriftlig standpunkt
Sykkylven kommune skoleeier 3,7 3,7 3,7
Kommunegruppe 07 4,0 4,0
Møre og Romsdal fylke 4,0 4,0 4,1
Nasjonalt 4,0 4,0 4,1
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Karakterer - matematikk, norsk og engelsk, Offentlig, Trinn 10, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
På grunn av pandemien vart alle eksamenar avlyste i 2020.
2.3.4. Grunnskulepoeng
Grunnskolepoeng er eit mål for det samla læringsutbyttet for elevar som får sluttvurdering med
karakterar. Karakterane blir brukte som kriterium for opptak til vidaregåande skole. Grunnskolepoeng er rekna ut som summen av dei avsluttande karakterane til elevane, delt på talet på karakterar og gonga med 10.
Dersom det manglar karakterar i meir enn halvparten av faga, skal det ikkje reknast ut poeng for eleven Grunnskolepoeng er presentert som karaktergjennomsnitt med ein desimal.
Lokale mål
Det lokale målet for grunnskulepoeng i 2020/2021 var sett til over 41,0 i snitt dei siste tre åra. Snittet dei siste tre åra er på 40,9. Vi ligg altså like under målet.
Grunnskulepoeng
Illustrasjonen er henta frå Skoleporten
Skuleeigar si eigavurdering
Grunnskulepoenga for elevane i sykkylvsskulen har auka jamt dei siste åra, og vi ligg godt an i høve både fylket og landet, sjølv om vi i 2019/20 skåra litt under dei.
2.3.5. Skulebidrag 1.-4. trinn
Skolebidrag 1.-4. trinn indikerer hvor mye skolen har bidratt til elevenes læring i de grunnleggende ferdigheter/fag som testes på nasjonale prøver på 5. trinn sammenlignet med bidraget til elever med tilsvarende elevbakgrunn på landsnivå.
Skole-/kommunebidraget tilsvarer dermed forskjellen mellom det de gjennomsnittlige skalapoeng elevene faktisk oppnår på de nasjonale prøvene og det snittet de forventes å oppnå dersom skolens/kommunens bidrag er likt med landsgjennomsnittet.
Lokale mål
Det lokale målet var sett til 0,3 skalapoeng, resultatet vart 0,7. Dvs. at på 1.-4. trinn bidreg skulen positivt til elevane si læring og utvikling i høve elevane sin bakgrunn.
Skulebidragsindikator, 1.-4. trinn
Illustrasjonen er henta frå Skoleporten
Skuleeigar si eigavurdering
Dette viser at det vert gjort ein god jobb med elevane på 1.-4. trinn i Sykkylven.
2.3.6. Skulebidrag 5.-7. trinn
Skolebidrag 5.-7. trinn indikerer hvor mye skolen har bidratt til elevenes læring i de grunnleggende ferdigheter/fag som testes på nasjonale prøver på 8. trinn sammenlignet med bidraget til elever med tilsvarende elevbakgrunn på landsnivå.
Skole-/kommunebidraget tilsvarer dermed forskjellen mellom de gjennomsnittlige skalapoengene elevene faktisk oppnår på de nasjonale prøvene og det snittet de forventes å oppnå dersom skolens/kommunens bidrag var likt med landsgjennomsnittet.
Lokale mål
Lokalt mål for dette området var 0,1 skalapoeng, medan resultatet viser -1,2.
Skulebidragsindikator, 5.-7. trinn
Illustrasjonen er henta frå Skoleporten
Skuleeigar si eigavurdering
Truleg skuldast noko av dette negative resultatet dei lave skåringane vi får på lesing i Nasjonale prøver for 5. trinn.
2.3.7. Skulebidrag 8.-10. trinn
Skolebidrag 8.-10. trinn indikerer hvor mye skolen har bidratt til elevenes læring sammenlignet med bidraget til elever med tilsvarende elevbakgrunn på landsnivå.
Skole-/kommunebidraget tilsvarer dermed forskjellen mellom det karaktergjennomsnittet
(gjennomsnittlig karakterpoeng) elevene faktisk oppnår på eksamen og det snittet de forventes å oppnå dersom skolens/kommunens bidrag er likt med landsgjennomsnittet.
Lokale mål
Lokalt mål for dette området er 0,7 skalapoeng. Resultatet viser -0,1 i 2018/19. Dette er nyaste tala vi har.
Skulebidragsindikator 8.-10. trinn
Illustrasjonen er henta frå Skoleporten
Skuleeigar si eigavurdering
Tala er ikkje heilt oppdaterte, men tendensen er synkande etter eit par år med jamn auke og godt tal i denne indikatoren.
2.4. Gjennomføring
Alle elevar og lærlingar som er i stand til det, skal gjennomføre vidaregåande opplæring.
Kompetansebeviset skal sikre dei vidare studium eller deltaking i arbeidslivet. Utdanningsdirektoratet tilrår at skoleeigarane tek med denne indikatoren: Overgang frå GS til VGO
2.4.1. Overgang frå grunnskule til VGO
Prosentdelen av elevkullet som er registrert i vidaregåande opplæring hausten etter uteksaminering frå grunnskolen.
Ein feil i Skoleporten gjer at overgangar frå grunnskule til VGO ikkje blir vist i mal for tilstandsrapport for offentlege skuleeigarar. Vi jobbar med å løysa problemet, og tilrår at ein inntil vidare hentar ut tala frå rapportbyggjaren i Skoleporten.
Lokale mål
Det er ikkje sett lokale mål for dette området, men vi ønsker sjølvsagt at flest mogleg av elevane går over i vidaregåande opplæring etter grunnskulen. Resultatet, som av ein eller annan grunn ikkje kjem med i tabellen over, er 100 % i 2020.
Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
Indikator og nøkkeltall 2017 2018 2019
Elever (16 år) som er registrert i videregående opplæring samme år som avsluttet grunnskole
Sykkylven kommune skoleeier, Grunnskole, Overgangen fra grunnskole til VGO, Offentlig, Alle trinn, Begge kjønn
Skuleeigar si eigavurdering
Vi må seie oss nøgde med at 100 % av elevane gjekk over i vidaregåande utdanning etter grunnskulen i 2020.
2.5. Koronatida for skulane
Ungdomsskulen / opplæringssenteret:
12. mars vart skulen stengt, 11. mai fekk 8.-10. trinn kome tilbake til skulen. Skulen har laga planar for dei ulike smittevernnivåa: grønt, gult og raudt nivå.
Når det gjeld heimeundervisningsperioden har det kome tilbakemeldingar frå elevane om at dei sakna det sosiale og at det ikkje er det same med undervisning gjennom skjerm. Nokre elevar hadde sitt vanlege opplegg på skulen. Det var viktig å vere obs. på sårbare elevar, og kontaktlærarane hadde dagleg kontakt gjennom elevane sine faste oppmøtetidspunkt. Både skriftleg og munnleg eksamen vart avlyst for heile landet. Skulen fekk då lenger tid på å skaffe seg eit godt vurderingsgrunnlag til
halvårsvurderinga og standpunkt-vurderinga.
Opplæringssenteret hadde ein viktig funksjon i å formidle smittevernreglane til innbyggarane på ulike språk.
SUSK hadde raudt nivå fram til sommaren 2020. Det inneber at klassene er ein kohort og personalet vert fordelt på kohortane. Dette betyr at ikkje alle elevane får faglærarane sine, og lærarane må ha andre fag enn til vanleg. Raudt nivå er ei større belastning enn gult nivå, mellom anna fordi lærarar må undervise i fag som dei kanskje ikkje har formell kompetanse i og må lage undervisningsopplegg til eigne fag for andre lærarar. Kohortane har ulike friminutt og alle møter vert gjennomført digitalt.
Gjennom heile hausten fekk skulen halde gult nivå. Dette innebar at dei ulike trinna har ulike uteområde og skulen hadde rutinar for ekstra reinhald. Spesialromma vart nytta for å kunne få større avstand mellom elevane. Personalmøte vart haldne med god avstand. Kantina har vore stengt for anna enn sal, sidan trinna ikkje kunne blandast. Den tradisjonelle runden på 10. trinn med utdanningsmesse og hospitering vart avlyst, og ein måtte få ut informasjon til elevar digitalt og på andre måtar.
Etter jul måtte ungdomsskulen tilbake til raudt nivå i to veker. Skulen har prøvd å få alt til å fungere så normalt som mogleg. MOT-økter på alle trinn er gjennomført, og det er valt MOTivatorar i løpet av tidleg vårsemester. Opplegga i psykisk helse er også gjennomført på 8. trinn med god avstand mellom psykisk helseteam og elevane.
Helsesjukepleiarane har stor pågang av elevar som vil snakke med dei, og mange faste avtalar kvar veke.
Aure skule / SFO:
Skuleåret 2020/2021 har vore svært krevjande. Det har vore kontinuerleg fokus på smittevern, kohortar og avstand mellom elevane. Inndeling av eigne område ute til forskjellige kohortar, har vore med på å redusere konfliktar mellom elevar. Hausten 2020 opplevde skulen mykje fråvær relatert til Covid-19, noko som gjorde det utfordrande å skaffe vikarar. Det har betra seg etter nyttår. Dei tilsette har gjort ein formidabel jobb gjennom heile skuleåret.
Sørestranda skule / SFO:
Gjennomføring og ivaretaking av smittevernreglane har vore gjennomført på ein god måte. Elevar, føresette og tilsette har hatt og har ei felles forståing for dei tiltaka ein har måtta sette inn. Føresette følgjer svært godt med, og har stor respekt for tiltaka som vert sendt ut frå skulen / kommunen.
I nedstengingsperioden fekk barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar og barn med store hjelpebehov, tilbod om plass i tilsynsordninga. ELevar med store spes.ped.behov fekk tilbod på skulen nokre timar tre dagar i veka. Dette for at dei skulle kunne nyttiggjere seg undervisninga.
Skulen har ein stor fordel i direkte inngang til alle klasserom og SFO, slik at fellesområdet og garderobe ikkje er ei nødvendigheit å bruke. Utfordringa har primært vore å få kvalifiserte vikarar. Dette er ei generell utfordring, men ekstra vanskeleg då klassene vart delt i mindre kohortar.
Ullavik skule / SFO:
Når nedstenginga kom i mars 2020, hadde skulen dei digitale plattformene som var nødvendig for å drive heimeundervisning. Mest krevjande i småskulen fordi alt måtte gå gjennom foreldra. Ei lita gruppe elevar med føresette i samfunnskritiske funksjonar hadde dagleg tilbod på skulen.
Våren 2020 hadde skulen raudt nivå før gjenopninga i mai. I 1.-4. trinn gjekk tilbakeføring til gult nivå greitt fordi skulen har god plass til å halde eit trygt og godt smittevern. For 5.-7. trinn var det meir krevjande då skulen ikkje har nok rom til at alle kunne vere der samtidig. Det vart då lagt opp til uteskule halv dag for mellomtrinnet. Veret, med stort snøfall i mai, var også utfordrande. Dette løyste skulen med ein halv dag heimeundervisning for 5.-7. trinn.
Hausten 2020 har skulen halde gult nivå og dette har gått fint, men vore krevjande ift. å ha nok
personale på SFO då klassene skal vere delt heile dagen, også på SFO. Det har vore mykje koronarelatert fråvere i personalet, så det har vore vanskeleg å finne nok vikarar.
Vik skule / SFO:
Utfordringa har vore / er å finne ei organisering som ivaretek smittevernomsyn, elevane, personalet og føresette til elevane. Det har vi lykkast med gjennom samarbeid med alle involverte partar. Den største utfordringa i den dagleg drifta er mangel på kvalifiserte vikarar. Leiinga har undervist mkje gjennom heile koronaperioden.
Innspel frå Skolelederforbundet:
Forbundet tek rapporten til vitande. Det er ein god og grundig rapport, som viser alt det gode arbeidet som blir lagt ned i skulane i Sykkylven.
Pandemien har gjort 2020/21 ekstra krevjande på alle måtar, men vi har vore så heldige at vi har hatt lite smitte i vårt område.
Vi har derfor kunne jobba tilnærma normalt. Likevel er det ei belastning å skulle vere på gult nivå og passe på smittevernreglar og samtidig ha uvissa med pandemien hengande over seg 24/7.
Skulen skal også i denne situasjonen vere ein trygg arena for elevane, samtidig som vi har eit samfunnsansvar for å forebygge smitte.
Rapporten gir ei god skildring av situasjonen ein har vore og er i med pandemien.
Mvh
Randi Løseth Aasen Skolelederforbundet
2.6. Særskilte satsingsområde for skulane
Fagfornyinga, innføring av nye læreplanar etter Kompetanseløftet 2020
På grunn av året som har vore, har arbeidet med fagfornyinga blitt noko forsinka, men skulane har arbeidd med dette m.a. gjennom den regionale leiargruppesatsinga med støtte frå Høgskulen i Volda.
Dette er ei av satsingane i den desentraliserte kompetanseutviklinga, som har målet å utvikle ei solid leiargruppe fundamentert på gjensidig tillit blant medlemmane, og med kompetanse til å leie arbeidet med å utvikle profesjonsfellesskapet på skulane. Dei felles store samlingane har naturleg nok gått ut, men det har vore digitale samlingar og nettverkssamlingar for alle skulane på tvers av
kommunegrensene i regionen. Erfaringsdeling og utprøving har vore gjennomført, og skulane har delt lærarar inn i faggrupper som skal vurdere både lærebøker og digitale læremiddel som er oppdatert i høve dei nye læreplanane (LK20) som vart gjort gjeldande for 1.-9. trinn 1. august 2020. Dei som går ut av 10. trinn i 2021, følgjer framleis LK06. Skulane har sett av tid til å arbeide med kompetansepakkane til Utdanningsdirektoratet når dette har vore mogleg. Det har vore arbeidd med å få felles forståing av omgrep og nye termar, som t.d. tverrfaglegheit og djupnelæring. Det har vore fokus på å utarbeide gode årsplanar og malane / planleggingsverktyet til Utdanningsdirektoratet er blitt testa ut.
Programmering og koding:
13 lærarar tok 40 timar etterutdanning gjennom satsinga desentralisert kompetanseutvikling i samarbeid med NTNU i Ålesund. Vi fekk ca. 112 000,- i støtte frå den teknologiske skulesekken til innkjøp av utstyr til bruk i klasseromma med elevar. I vår 2021 begynte nokre lærarar i same etterutdanninga, men no i samarbeid med Høgskulen i Volda. Erfaringsutveksling i personalet er gjennomført på alle skulane.
Læringsmiljø, godt og trygt skulemiljø:
Skulane arbeider kontinuerleg med dette og arbeider med implementering av handlingsplanar og rutineplanar for å sikre at krava som følgjer av kap. 9A i opplæringslova vert oppfylte.
Vik skule nyttar kollegaobservasjon som metode for å utvikle gode klasseleiarar, samtidig som det er ein hensiktsmessig innfallsvinkel for å vidareutvikle / styrke profesjonsfellesskapet.
2.7. Etter- og vidareutdanning for lærarar
Kompetanseutviklingsplanen for grunnskulen i Sykkylven, som gjeld i perioden 2019 - 2021, slår fast at målet er at alle som har behov for vidareutdanning for å oppfylle krava som vert innført frå 1. august 2025, skal få tilbod og støtte i samsvar med Kompetanse For Kvalitet-ordninga til Utdanningsdirektoratet.
Komande kompetansekrav er at alle lærarar som skal undervise i faga norsk, engelsk og/eller
matematikk må ha 30 studiepoeng i faga for å undervise i 1.-7. trinn, og 60 studiepoeng for å undervise på 8.-10. trinn. No ser det ut til at det er få eller ingen lærarar som ikkje vil fylle kompetansekrava som vil gjelde frå august 2025 i dei faga dei vil undervise i. GSI-tala under viser eit større andel utan
nødvendig kompetanse enn den reelle situasjonen i skulane, m.a. fordi lærarar som nærmar seg
pensjonsalder ikkje ønsker eller har behov for slik vidareutdanning. Dermed ser det ut til at vi vil kome i mål med den nødvendige prioriteringa av vidareutdanning i faga norsk, matematikk og engelsk. Ute på
skulane er det no eit sterkt ønske med meir vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk som andrespråk og profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK).
GSI pr. 1. oktober viser talet på lærarar som fyller kompetansekrava for tilsetting, registrert på dei faga som dei underviser i dette skuleåret, fordelt på talet studiepoeng i faget:
1.-7. årstrinn 8.-10. årstrinn
Talet på lærarar (som oppfyller kompetansekrav for tilsetjing) som underviser i faga dette skuleåret, fordelt på talet studiepoeng i faget
Minst 30 stp i faget
0-29 stp i faget
Sum lærarar som underviser i faget
Minst 60 stp i faget
30-59 stp i faget
0-29 stp i faget
Sum lærarar som underviser i faget
Norsk 46 5 51 12 1 0 13
Matematikk 33 12 45 9 2 1 12
Engelsk 16 7 23 11 1 0 12
Skuleåret 2020/2021 har 5 lærarar fått vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet-ordninga. 2 lærarar har teke 30 stp matematikk 5.-10. trinn, ein har teke 30 stp. i norsk og ein har teke 30 stp. i norsk som andrespråk. I tillegg har ein lærar teke første år av ei toårig lærarspesialistutdanning i matematikk. 3 søkarar vart avvist av skuleeigar, 4 vart avslått av Utdanningsdirektoratet. Dette gjaldt først og fremst søkarar til vidareutdanning i spesialpedagogikk.
For neste skuleår har skuleeigar godkjent 10 søknadar. 4 av desse er søknadar om vidareutdanning i matematikk, 5 ønsker spesialpedagogikk og ein lærar ønsker faget profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). 3 av søkarane må, om også Udir godkjenner søknadane, reise til Sogndal for å delta på
studiesamlingar.
Utfordringa med å sende lærarar på vidareutdanning er å få kvalifiserte vikarar inn i deira stillingar, då dei får nedsett 37,5 % av stillinga til studier. I tillegg skal kommunen dekke utgifter til reise, opphald og studiemateriell.
Gjeldande kompetanseutviklingsplan som gjeld for perioden 2019-2021, skal evaluerast og oppdaterast i år.
2.8. Trafikksikker kommune
Sykkylven vart godkjent som trafikksikker kommune i august 2020. Det er difor viktig at skulane har fokus på dette med trafikktryggleik både i høve fysiske tilhøve rundt skulane, haldningar blant personalet, førebyggande innsatsar ovanfor elevane og dei føresette. Skulane har utarbeidd ein felles trafikktryggingsplan der fokusområde for kvart trinn er fastsett. Denne må skulane følgje opp. I tillegg har dei faste kampanjar som reflekskveldar/refleksteljingar. Skulen samarbeider med FAU og informerer om trafikksituasjonen på foreldremøter eller via Transponder. Føresette vert stadig oppmoda om at borna bør gå eller sykle til skulen dersom det er mogleg for å gjere trafikksituasjonen rundt skulane tryggare morgon og ettermiddag. Neste skuleår ønsker vi å arbeide for å få Hjertesoner rundt skulane. Dette betyr at det vert gjort ein innsats for å minske mest mogleg av foreldrekøyringa til og frå skulen, og å ha trygge «kyss og køyr»-soner for tilfelle der køyring er nødvendig. Vi vil, saman med elevane og deira føresette prøve å få flest mogleg til å gå eller sykle til skulen. Dette er bra for både folkehelsa, miljøet, tryggleiken til elevane og for det sosiale.