• No results found

Lokalmat frå Valdres

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Lokalmat frå Valdres"

Copied!
23
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Lokalmat frå Valdres

Spørjeundersøking mellom lokalmatprodusentar i Valdres 2014

Februar 2015

(2)

2

Lokalmat frå Valdres.

Samanstilling av svar frå spørjeundersøkinga 2014.

1. Innleiing

Valdres Kvalitet SA, Valdres Natur- og Kulturpark og Fylkesmannen i Oppland samarbeider om ei satsing for å fremme lokalmaten frå Valdres. Måla for satsinga er:

 Oppnå auka verdiskaping frå produksjon og sal av lokalmat frå Valdres

 Lokalmat frå Valdres skal bidra til å bygge merkevaren Valdres.

Satsinga føregår i perioden 2014 – 2016 og omfattar tiltak innan organisering, marknadsføring og synleggjering, lager og distribusjon, kompetanse og mobilisering.

Det er trong for meir kunnskap om produksjon av lokalmat i Valdres. Difor har

samarbeidspartane gjennomført ei spørjeundersøking mellom lokalmatprodusentane.

2. Metode

Hausten 2014 er det gjennomført ei spørjeundersøking mellom lokalmatprodusentane i Valdres.

Spørjeskjemaet er utarbeida av dei ansvarlege for lokalmatsinga i Valdres. Svara er anonyme og er sendt på E-post. I samanstillinga av svara kjem det ikkje fram kven som har svara kva, dvs. svara vert sjølvsagt ikkje offentlege. Spørjeskjemaet har 36 spørsmål og er inndelt i 7 kategoriar:

 Kontaktinformasjon

 Informasjon om verksemda til den enkelte

 Kunnskap

 Omsetting

 Distribusjon

 Marknadsføring og synleggjering

 Valdres Kvalitet SA

(3)

3

3. Resultat

Spørjeskjemaet vart sendt elektronisk til 59 produsentar av lokalmat i Valdres – 32 har svara.

Dette gjev ein svarprosent på 54,2.

Svara i spørjeundersøkinga gjev viktig informasjon om produsentane og verksemda deira, kva framtidsplaner dei har, kva behov dei har for tiltak innan marknadsføring, synleggjering og kurs/kompetanse og korleis lokalmaten frå Valdres vert omsett og distribuert. Valdres Kvalitet SA har fått viktig tilbakemelding på kva område produsentane ønskjer at

organisasjonen skal jobbe og fleire spørsmål kring finansiering av organisasjonen, bl.a. kring innføring av medlemskontingent.

Svara i undersøkinga gjev difor eit viktig og godt grunnlag for det vidare arbeidet med lokalmat i Valdres.

Ved lesing av spørjeundersøkinga, er det viktig å merke seg dette:

 Enkelte respondentar svara fleire gonger for å forsikre seg om at svaret vart sendt.

Til saman kom det inn totalt 36 svar.

 Enkelte kryssa av i fleire rubrikkar på det same spørsmålet der det var naturleg å krysse ved kun det eine svaralternativet, t.d. kryssa nokon av både ja og nei på spørsmål om dei treng meir kunnskap i drifta si.

 Enkelte respondentar svara kun på nokon av spørsmåla i spørjeundersøkinga.

(4)

4 4.

Presentasjon av resultata

Nedanfor presenterer vi resultata frå undersøkinga.

4.1 Kontaktinformasjon

Respondentane har oppgjeve namn, namn på verksemd, vegadresse, postnummer, stad, E- post adresse, mobilnummer og heimeside. Vi har fått oppdatert kontaktinformasjon på om lag halvparten av produsentane av lokalmat i Valdres.

Kommentar:

Svara frå den enkelte respondent er sjølvsagt ikkje offentlege, jmf. pkt. 2.

4.2 Informasjon om verksemda di Vi ønskte å få meir kunnskap om verksemdene innan lokalmat og stilte følgjande spørsmål som vi fekk desse svara på:

Spørsmål 9: Kva produserer du?

Dei fleste respondentane produserer og vidareforedlar mjølk og kjøtt; 23 produserer kjøttvarer, sju mjølkeprodukt. Dei produserer elles eit spekter av lokalmat:

 Ost og andre mjølkeprodukt, bl.a. lagringsostar, pultost, pressost. Produsert av kyr- og geitmjølk (bl.a. av økologisk geitmjølk)

 Kurv (også økologisk kurv)

 Kjøtt. Produkt av gris, sau, hjort, lam, fjellokse, høylandsfe og viltkjøtt. Det vert produsert ulike kjøttprodukt, bl.a. spekeskinker, fenalår, pinnekjøtt, karbonadar, burgarar, medisterkaker, pølser, pålegg, sylte, ribbe, leverpostei.

 Fisk (abbor og sik)

 Potet

 Gulrot

 Rakfisk

 Honning og produkt av honning, t.d. honningnougat

 Egg

 Solbær

 Te. Peppermynte- og eplemyntete

 Krydder

 Einebærprodukt, bl.a. treak, einebærgele og –sirup

 Fløyteis og sorbetar

 Bakst, bl.a. kvitkako

 Rummegraut

 Skinn

Vi finn også EU-godkjent slakteri, pølsemakeri og viltmottak. Enkelte driv nedskjering av kjøtt.

Nokon har gardsutsal, serveringslokal, møterom og tilbyr omvisingar.

(5)

5 Spørsmål 10: Oppgje volum (liter/tonn mm)

Kurv:

11 av respondentane produserer til saman om lag 80 tonn kurv. Fleirtalet er små og

produserer opp mot 1 tonn kvar. Dei to som er relativt store produserer samla over 70 tonn kurv som er merka med «Kurv frå Valdres».

Ost:

Dei seks respondentane som produserer ost, produserer til saman 36 tonn. Ein stor produsent produserer 30 tonn, resten er små med ein produksjon på eit halvt tonn til 3,5 tonn kvar.

Kjøttproduksjon:

Når det gjeld kjøttproduksjonen, ser vi at det er nokre store som vidareforedlar over 400 tonn spekemat og kjøtprodukt.

Kommentar:

Ein større osteprodusent i Valdres er ikkje med i undersøkinga. Når det gjeld rakfisk, deltek to av rakfiskprodusentane i undersøkinga. Vi veit at rakfiskproduksjonen i regionen er viktig og tilsaman produserer dei seks oppdrettarane i organisasjonen «Rakfisk frå Valdres» årleg 145 tonn. Til samanlikning er det ein større rakfiskprodusent i regionen med ein årleg produksjon på 170 tonn.

Spørsmål 11: Korleis fordeler produksjonen seg gjennom året?

Heilårsproduksjon 16 44 %

Sesongproduksjon 19 53 %

Kommentar:

Vi ser at 44% av respondentane har heilårsproduksjon, medan fleirtalet (53%) har sesongproduksjon. Nokre av repondentane oppgjev at dei har både heilårs- og sesongproduksjon.

(6)

6 Spørsmål 12. Kva tenkjer du om framtida for lokalmatproduksjonen din?

Halde fram omlag som idag 11 31 %

Vidareutvikle drifta 25 69 %

Avvikle drifta 0 0 %

Andre 2 6 %

Kommentar:

Det store fleirtalet – nesten 70% av repondentane ønskjer å vidareutvikle drifta si. Ingen har planer om å avvikle. Dette resultatet stemmer med rapportar om utviklinga i marknaden for lokalmat. Dei siste åra har lokalmaten vokse tre gonger så raskt som det totale matkonsumet. Det siste året har omsetningsveksten av lokalmat i butikk vore på 6,5 prosent. Det utgjør ein halv milliard i reine kroner. Norsk lokalmat set med dette omsetningsrekord for fjerde år på rad. Omsetning på Bondens marknad, matfestivalar, matmarknadar og restaurantar kjem i tillegg.

(7)

7 Spørsmål 13. For deg som vil vidareutvikle drifta, kva tiltak vil du gjennomføre?

(Her var det mogleg å setja kryss i fleira av svaralternativa)

Auke produksjonen 20 56 %

Auke varesortiment 17 47 %

Endre omsetning og sal 11 31 % Inngå strategisk samarbeid 10 28 % Gå inn i nye marknadar 14 39 %

Andre 3 8 %

Kommentar:

Dei som ønskjer å vidareutvikle drifta, ønskjer å gjera endringar på mange område; særleg i høve til volum og varespekter. Ein større andel (39%) vurderer også endringar innan kva marknad dei er på.

Omkring ein tredjedel av respondentane vil endre omsetning og sal og ønskjer å inngå strategisk

samarbeid.

(8)

8 4.3 Kunnskap

Vi stilte to spørsmål om kunnskap, dvs. om behov for og eventuelt kva type kunnskap som trengst.

Nedanfor vert svara presentert:

Spørsmål 14. Har du behov for meir kunnskap i drifta di?

Ja 20 56 %

Nei 14 39 %

Kommentar:

Vi ser at over halvparten (20 stk.) svarar at dei har trong for meir kunnskap i verksemda si.

Spørsmål 15. Om ja, kva type kunnskapshevande tiltak ønskjer du?

Under har vi samanfatta kva tiltak som er etterspurt:

 Økonomi

 Data

 Handel, sal og marknadsføring, omsetning (bl.a. netthandel)

 Fagbrev til tilsette.

 Fagkurs innan skjering av slakt og foredling, m.a. spekematproduksjon.

 Ei oversikt over kven som produserer kva i Valdres og kven som produserer for vidaresal.

 Husdyrkontrollen, Mattilsynet og Matmerk (for eksempel kurs kring sensorikk, matutvikling osb. ). Forskrifter for matmerking, samt godkjenningar og hjelp til produktmerking osv.

 Merkevarebygging, form og design

 Nettverk og samarbeid med andre type bedrifter - utvikle pakkeløsninger

 Emballasje, pakking og slakting

 Produktutvikling

 HACCP-kurs (identifisere og kontrollere farer og risiko i handtering av næringsmiddel).

 Ølbryggarkurs, alkohol-løyving og tilverknad av alkohol

(9)

9 2.4 Omsetting

Vi var opptekne av å få meir kunnskap om kvar produsentane sel varene sine, salskanalar, kor mykje som vert omsett i Valdres og utanfor regionen og total omsetting. Vi stilte også spørsmål for å finne ut om interessa for å delta på Bondens Marknad og på felles Valdres-stand på ulike arrangement.

Netthandel vert stadig viktigare og vi stilte spørsmål for å finne ut korleis produsentane forheld seg til dette. Det siste året har fleire vore interessert i å etablere eit utsal for lokalmat på Fagernes. Vi stilte også spørsmål om dette. Nedanfor er spørsmål og svar samanfatta.

Spørsmål 16. Omsetting. Kvar sel du varene dine?

(Her kunne ein setja kryss ved fleire svaralternativ)

Gardsbutikk - eigen eller andres 21 58 %

Matbutikk/daglegvarehandel 19 53 %

Torghandel 20 56 % Hotell, restaurant, catering 15 42 % Bondens marknad 9 25 % Netthandel 5 14 % Andre 12 33 %

Kommentar:

Respondentane sel i hovudsak gjennom gardsbutikk, torghandel og matbutikk/daglegvarehandel. Ein større del (42 %) er også inne på hotell, restaurant og cateringsegmenta. Fem produsentar driv netthandel. Kvar tredje av respondentane omset også varene sine på andre måtar, sjå spørsmål 17 under.

(10)

10 Spørsmål 17. Har du andre salskanalar?

Under har vi samanfatta svara på dette spørsmålet

 Samarbeid med seljar i Oslo

 Samarbeider med Tante Pose as som selger våre produkter under sitt varemerke.

 Gjennom spesialbutikkar/ delikatessebutikkar/ gardsmatbutikker, fiskeforretningar

 "Stand" på lokale marknader

 Sal til vener og familie, vener og kjenningar frå kjøkkendøra.

 Nortura

 Nettverkssal - gjennom kontaktar og kundar nådd gjennom vareprøver og aktiv nettverksbygging. Marknadsføring gjennom FB og eiga nettside og media.

 Eget fabrikkutsalg.

 Eige utsalg på campingplass

Spørsmål 18. Kor stor prosentandel (anslag) av produksjonen din vert omsett i Valdres?

Det var 27 produsentar som svara på dette spørsmålet.

Andel omsett i Valdres

Antall

90–100% 12

80-90% 0

70-80% 1

60-70% 3

50-60% 0

40-50% 4

30-40% 1

20-30% 2

10-20% 2

< 10% 2

Til saman 27

For hovudtyngda av respondentane tyder marknaden i Valdres svært mykje. Vi ser at 12 produsentar (44 %) omsette 90-100 % av produksjonen sin i Valdres. Det er grunn til å tru at mykje av dette salet går til utanbygdsbuande, hytteeigarar og gjester i Valdres. I den andre enden av skalen finn vi to produsentar som omsette under 10% i regionen. Elles fordeler respondentane seg over heile skalaen.

(11)

11 Spørsmål 19. Omsetting utanfor Valdres.

Nedanfor har vi samanfatta svara vi har fått om omsetting utanfor Valdres. Vi ser at lokalmaten frå Valdres vert selt i delikatessebutikkar, lokalmatbutikkar, matvarebutikkar, fiskeforretningar i Oslo og på Austlandet og Vestlandet. Lokalmaten vår vert også selt på gardsbutikkar, marknadar og ulike standar. Ein del vert også sendt direkte til kundar eller gjennom privatleveringar over store delar av Sør-Norge:

 Bama (Gol) og Eugen Johansen (Økern)

 Delikatessebutikkar, lokalmatbutikkar, matvarebutikkar, fiskeforretningar og torghandel i Oslo, Akershus, Buskerud, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Telemark, Sogn og Fjordane og Hordaland og Minneapolis (USA)

 Gardsbutikkar i Oslo området.

 Torgsal bl.a. Bondens Marknad, Lærdalsmarknaden og stand ulike stader i Hallingdal

 Restaurantar

 Sender til folk som bestiller pr. telefon til ulike stader i landet, bl.a. Vestfold og Nord-Møre

 Strømmen storsenter.

 Andelslandbruk Bærum

 Privatleveringar i Oslo, Østfold, Vestfold, Hedmark Oppland, Agderfylka, Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør Trøndelag og Nord - Trøndelag.

(12)

12

Spørsmål 20. Kva var den totale omsettinga di i 2013?

Dei 26 respondentane som svara på dette spørsmålet, hadde samla kr 60 mill. i omsetning i 2013. 11 hadde ei omsetting over 1 million kr. Det er store individuelle forskjellar i omsetting mellom dei ulike respondentane, jmf. tabellen under:

Tabellen under viser omsetting for bedriftene med under ein mill. kr i omsetting – tilsaman 15 bedrifter:

0 5 10 15

0 10 20 30

Mill kr

Antall

Total omsetting i 2013 per bedrift, mill. kr

Total omsetting i 2013 per bedrift, mill. kr

0 200000 400000 600000 800000 1000000

0 5 10 15 20

Total omsetting i 2013 per bedrift for bedrifter med omsetting under ein

million kr

Total omsetting i 2013 per bedrift

(13)

13 Spørsmål 21. Kunne du tenkje deg å vera med på eit samarbeid om deltaking på Bondens

Marknad?

Ja 16 44 % Nei 9 25 % Veit ikkje 10 28 %

Kommentar:

Vi ser at nesten halvparten av respondentane (16 stk.) kan tenkje seg å vera med på eit samarbeid om deltaking på Bondens Marknad, medan 28% har svara «veit ikkje».

Spørsmål 22. Er du interessert i å delta på felles Valdres-stand på t.d. Hyttemessa og Valdres-dag i Oslo?

Ja 20 56%

Nei 6 17%

Veit ikkje 9 25%

Kommentar:

Vi ser at interessa er større for å delta felles Valdres-stand på t.d. Hyttemessa og Valdres-dag i Oslo enn interessa for å delta på Bondens Marked. 20 respondentar (56 %) er positiv er positive til dette.

(14)

14 Spørsmål 23. Kunne du tenkje deg å delta i eit samarbeid om netthandel (lager, pakking,

distribusjon, vareutlevering, fakturering mm)?

Ja 9 25 % Nei 11 31 % Veit ikkje 14 39 %

Kommentar:

Vi ser at ein relativt stor andel av respondentane – 25 stk. (70 %) – er negative eller ikkje veit korleis dei skal stille seg til å delta i eit samarbeid om netthandel.

Spørsmål 24. Kommentarar om eventuelt samarbeid om netthandel

Vi fekk relativt få kommentarar til eit eventuelt samarbeid om netthandel og presenterer dei difor under:

 Veldig mange premisser som må ligge til grunn før vi kan svare på et slikt spørsmål

 Vår utfordring er at vi har kun frysevare.

 Viktig med effektiv distribusjon og klare kvalitetskrav til produktene.

 Er interessert i ei bestillingsløysing for proffmarked for HORECA, samt felles utkjøring til desse kundane. Privatmarknad trur eg ikkje vil fungere like bra som felles bestillingsløysing

 Ein person må ha oversikt på varesortiment og leveranse til ei kvar tid

(15)

15 Spørsmål 25. Er det ein god idé å jobbe for å etablere eit felles utsal av lokalmat på Fagernes?

Ja 14 39 % Nei 9 25 % Veit ikkje 10 28%

Kommentar:

Interessa er til stades for at det vert jobba med felles utsal av lokalmat på Fagernes; 39 % ser positivt på dette. Men over halvparten – 19 stk. (53 %) er anten negative eller usikre på om ideen er god.

Spørsmål 26. Kommentarar til eit eventuelt felles utsal av lokalmat på Fagernes Under er kommentarane samla og sortert:

Interesse for å vera med på dette:

o Det kjem an på kostnaden med å vera med på noko slikt, om eg er interessert i å vera med

o Tida er inne for å gjere eit nytt forsøk. Mykje har endra seg på få år vedr. folks bevisstheit og interesse for småskala- og lokalprodusert mat.

o Det må vera nokon som blir tilsett for å drive utsalet, og som kanskje kan reise rundt og hente varer hjå produsentane.

o Eit felles utsal kan vera interessant, men er skeptisk til kostnaden.

o Et slikt utsalg må komme som initiativ fra matprodusentene. Det er de som må føle et behov.

(16)

16 Fleire meiner at eit felles utsal bør vera i samband med anna handel/utsal:

o Jeg tror at et felles utsalg bør være i forbindelse med en matvarebutikk, eller et veletablert utsalg. Vi har flere eksempel på butikker som har kun lokalmat i sortementet sitt, som ikke klarer seg. Vi har levert varer til 4 forskjellige utsalg de siste årene, i forskjellige varianter og beliggenheter, og ingen av de har klart seg.

o Me trur dette bør skje i samband med eksisterande butikkar. Leggje vekt på å utvide lokalmatutval og profil – kan hende ein del av butikken er berre lokalmat - eller ulike hyller i kvar matkategori. Vidare har me ikkje tru på å låse dette til Fagernes - all den tid Leira og Beitostølen er fine utsal og. Bagn, Vaset, Ulnes og andre stader i Valdres er også flinke på å få vist fram varer.

o Kan være en fordel at det foregår en slags produksjon i lokalene, slik at en kan ha fordel av at personer er til stede ikke bare for å selge, men også for å produsere.

o Tror det må skje som en integrert del av en eksisterende butikk, ellers vi det bli for lav omsetning i perioder av året.

Enkelte har konkrete innspel på krav til plassering:

o Eg meiner Valdres Folkemuseum ville vera ein naturleg plass

o Et lett tilgjengelig lokal for kunder og komme til. Som lokalmatprodusentene drifter selv (Med daglig leder og ansatte)

o At det ikkje foregår inne i eit kjøpesenter.

o Må være på gateplan. Av de som er med kan vi bytte på å ha ansvaret i butikken.

Alternativ 2; en kan være ansatt i butikken

Motforestillingar til ideen:

o Det har vel vært prøvd før, mykje arbeid, fellesutgifter etc.

o Det er prøvd tidligere. Vanskelig å få stor nok omsetning når det ikke er produksjon og annet arbeid i samme lokale. Har mere tro på å satse på de som allerede driver gardsmatutsalg, og kan drive utsalg som et supplement til produksjon. Det gir også kunden et nærvær til produksjon og tillit til produkt.

o God ide, men det har vel vist seg at lokalmatbutikker ofte sliter med å få det til å gå rundt. Mye lokalmat allerede i dagligvarebutikkene i området.

o Det har vi prøvd. Med Mat frå Valdres.

o Har vært prøvd før. Og problematikken låg i at de små produsentene har begrenset leveringsdyktighet året igjennom. De største aktørene må dra lasset.

o Det er nok av utsal i Valdres.

(17)

17 4.5 Distribusjon

Spørsmål 27. Korleis transporterer du varene dine til utsalsstad?

Eigen bil 23 64 %

TINE 0 0 %

BAMA 0 0 %

Eugen Johansen 1 3 %

ASKO 0 0 %

I samarbeid med andre lokalmatprodusentar 2 6 %

Andre 5 14 %

Kommentar:

Den store andelen (64 %) transporterer varene med eigen bil. Vi veit at lokalmatprodusentar i andre dalføre, m.a. Gudbrandsdalsmat og Hallingkost har etablert samarbeid med TINE eller BAMA om transport. To av respondentane våre har opplyst om eit slikt samarbeid (desse har opplyst om det i kommentarfeltet).

(18)

18 Spørsmål 28. Dersom du ikkje samarbeider med nokon om transport, trur du at du kunne ha

nytte av å bli med på det?

Respondentane fordeler seg ganske likt mellom dei som trur dei har nytte av å inngå samarbeid om transport og dei som ikkje gjer det, med ei lita overvekt på fyrstnemnde. Nedanfor er kommentarane samanstilt og gruppert:

Nokon trur at dei kan ha noko nytte av dette:

 Ja, det gjeld som sagt HORECA. + evt daglegvare.

 Noe, men i liten grad. Kort, intensiv sesong - som regel full bil. Mye levering til privatpersoner.

 Med så små kvanta som eg har er ikkje det ei aktuell problemstilling, men det vil vere interessant dersom her skal satsast på t.d. kjøt frå eigen produksjon (sau)

 Absolutt!!!

 Ja (2 stk.)

 Kanskje.

Andre har liten tru på nytteverdien av å bli med på eit slik samarbeid:

 Nei (to stk. har svara dette)

 Eg har så liten produksjon, og innteningsmarginane er så små, at eg har svært lite å gå på i forhold til ekstra utgifter i samband med marknadsføring, transport og andre fellesutgifter.

 I liten grad, våre produkter er spredd litt overalt, vanskelig og dyrt å samarbeide med en andre frakt alternativ.

 Ikke, fordi alt selges av oss sjøl

 Vi selger hele produksjonen i eget utsalg.

Enkelte opplyser at dei har eit samarbeid om transport:

 Vi kjører ut saman med Valdres Gardsbryggeri. Ellers hentar Bama og Eugen Johansen direkte hjå oss

 Transporterer i dag hovedsakelig med TINE og Eugen Johansen, litt sporadisk egen transport

(19)

19 4.6 Marknadsføring og synleggjering

Vi stilte fire spørsmål knytt til marknadsføring og synleggjering; kva type materiell ein hadde bruk for, behov for messeutstyr, betalingsvilje på marknadsutstyr og samarbeid om marknadsføring. Under vert svara presentert:

Spørsmål 29. Kva type materiell har du bruk for?

Foto 4 11 % Trykksaker 6 17 % Hjelp til heimeside 2 6 % Messeutstyr 1 3 % Film 0 0 % Produktmerking 6 17 % Andre 8 22 %

Kommentarar:

Den største andelen av respondentane kryssa av på «andre». Elles er trykksaker og produktmerking kryssa av for 17% av respondentane. Ingen var interessert i film.

Spørsmål 30. Dersom du har behov for messeutstyr, kva er dette?

Respondentane ønskjer dette messeutstyret:

 Roll up/plakat

 Banner og Rollups

 Bord, lodd til telt

 Bannere og plakater

 Utstillingsbord til å slå i saman. Telt osv.

 Telt

(20)

20 Vi fekk også desse kommentarane:

 Har allerede mye materiell, fornyer selv ved behov. Har ikke behov for flere merker.

 Har behov for foto, trykksaker, hjelp til heimeside, film og produktmerking!!

 Me er ikkje sikre på at med forstår spørsmålet riktig - sett ut frå neste spørsmål. Dette er det ikkje interessant å samarbeide om, me har ikkje tru på felles annonsering e.l. Kan hende innkjøp av forbruksmateriell (plastposar, vakuum osb.) til produksjon kunne vore nyttig - samt avtale med evt trykkeri osv.

 Fikk ikke valgt flere alternativ over. Nyttig med Foto, Trykksaker, profilert messeutstyr, telt, banner, klær. Profilering og merking av produktene. Heimeside.

 Trykksaker

Spørsmål 31. Kor mykje er du villig til å betale for aktuelt marknadsutstyr?

Inntil kr 5 000 11 31 % Inntil kr 10 000 3 8 % Andre 10 28 %

Kommentar:

Det er ei betalingsvilje for marknadsutstyr. Den største gruppa (31%) er villig til å betale inntil kr 5000. Nesten like mange (28%) har kryssa av på andre. Avkryssingsboksane er ordna i stigande rekkefølgje. Kryss på “andre”, kan difor tyde på ei betalingsvilje over kr 10.000.

(21)

21 Spørsmål 32. Kunne du tenkje deg å delta i eit samarbeid om marknadsføring?

Ja 14 39 % Nei 6 17 % Veit ikkje 15 42%

Kommentar:

14 respondentar (nesten 40%) er positive til å samarbeide om marknadsføring, om lag like mange (15 stk.) veit ikkje. Ei mindre gruppe (6 stk.) ønskjer ikkje å samarbeide på dette feltet.

4.7 Valdres Kvalitet SA

Valdres Kvalitet SA vart etablert våren 2014 om ønskte å få tilbakemelding frå lokalmatprodusentane på fleire spørsmål kring kva som er viktige arbeidsoppgåver for organisasjonen, medlemskontingent og finansiering av verksemda. Desse svara kom inn:

Spørsmål 33. På kva område meiner du det er viktig at Valdres Kvalitet SA jobbar?

Under er svara samanfatta:

Fleire var opptekne av kvalitet:

 Å sikre kvalitet. At dei varene som får merket leverer.

 Til å beholde kvaliteten av Valdresvaren høyt.

 Viktig at alle leverer høy kvalitet. Evt. felles utsalg (torg/butikk, ikke i Valdres, men i Oslo- området)

 Klare, forståelige kvalitetskrav som knytter produktene til Valdres og det naturgrunnlaget vi har her.

 Satse på lokalmat som er 100% rein for tilsetning og anna matsminke Reine norske dyr . Det er så lite vits i å fôre kjøtfe på kraftfor og beite innmark og kalle det valdreskvalitet

(22)

22 Merkevarebygging og marknadsføring:

 Merkevarebygging. Marknadsføre "Valdreskvalitet" som eit godt merkevaresymbol

 Valdres som merkevare på mat.

 Markedsføring og distribusjon

 Markedsføring. Rekruttering

 Merkevarebygging. Marknadsføre "Valdreskvalitet" som eit godt merkevaresymbol. Felles samlingar, med t.d. ideutveksling Marknadsføring

 Markedsføre hele Valdres som en mat rute.

 Felles markedsføring og salg av lokalmat fra Valdres.

 Jeg mener de bør jobbe med markedsføring .

 Felles markedsføring i samband med torgdager.

 Felles merkevarebygging, bruk av Valdreskvalitetmerke på varene

 Valdres som verkevare på mat.

Øvige kommentarar:

 Bli flinkere til å informere medlemmene Løfte bøndene frem få litt mer stolthet over det vi driver med

 Meir målretta for å oppnå felles mål. Konkrete mål

 Samarbeid og mot felles mål SALG AV VALDRES MAT

 Få frem mangfoldet av Valdresmat.

 Dei bør jobbe med felles tiltak. Slik som handleposer (papir). Arbeide fram lokalmatdisker i butikker.

 Mine behov skil seg nok ein del frå tradisjonelle produsentar, då eg i hovudsak driv eit utsal.

Men eg trur eg er ein viktig salskanal for fleire produsentar. Kanskje kunne eg selt meir lokalmat dersom eg berre hadde visst kven som produserte kva.

 Alt begynner med prosjekt og visjoner og ender ut som.. Mathallen er et eksempel.

 Tett oppfølging av medlemane/produsentane. Få igang butikk. Innhente informasjon om produkt, lage heimeside med presentasjon av produsentar og produkt, tilsetje 1 - 2 lønna person(ar) for å jobbe aktivt og praktisk med varehenting og distribusjon samt betjene butikken m.m. Kompetanseheving og distibusjon.

 Bindeledd mellom produsenter av lokale råvarer og lokalmatprodusenter og øvrige næringsliv. Bør være en samarbeidspart i et felles salg og markedsføring av lokalmat fra Valdres.

 Faglig møtested for produsenter. Viktig med et miljø og treffsted for å utveksle erfaringer og få nye ideer - samarbeid. Skal vi ha egen transport mener jeg det bør være i samarbeid med gudbrandsdalen/ hallingdal.

 Rekruttering

(23)

23 Spørsmål 34. Korleis stiller du deg til å innføre medlemskontingent i Valdres Kvalitet SA?

Eg er villig til å betale medlemskontingent 25 69 % Eg er ikkje villig til å betale medlemskontingent 5 14 %

Kommentar:

Nesten 70 % av respondentane er villig til å betale medlemskontingent. Eit mindretal (14%) er negative til dette.

Spørsmål 35. Dersom du er villig til å betale medlemskontingent, kva meiner du vil vera ein passande storleik på kontingenten?

Fleire seier at dei ikkje veit og at det er umogleg å svare på spørsmålet før dei har fått meir

informasjon om kva Valdres Kvalitet vil jobbe med og ser kva nytte vil kunne få av medlemskapet og av medlemsfordelar. Nokon (10 stk.) har foreslått kva kontingenten bør vera. Framlegga varierer frå kr 200 – 5000, med eit gjennomsnitt på kr 1400. Enkelte meiner at kontingenten bør avhenge av produksjons- og salsvolum. Fleire peikar på kontingenten må vera låg og at det er mange

kontingentar å betale (Hanen, Valdres Kvalitet, gards- og stølsnettverket, seterkultur, tine, Nortura ++)

Spørsmål 36. Dersom du ikkje er villig til å betale medlemskontingent, korleis meiner du drifta av Valdres Kvalitet skal verta finansiert?

Respondentane som ikkje vil betale medlemskontingent, meiner organisasjonen bør verta finansiert gjennom støtte frå Valdres Natur- og Kulturpark, kommunane, andre offentlege middel.

Vi har også fått følgjande innspel:

 Næringshagen og Innovasjon Norge har vore til stor hjelp, medan region Valdres har gjort veldig lite.

 Medlemene må matche kommunale tilskott, t.d. 50/50.

 Valdresmat må sjølvsagt delfinansierast av et medlemskap men det føyer seg inn i rekken av andre prosjekt som har vært prøvd før og ikkje lykkast, trur dei som har vært med på alle reisene begynner å bli lei og venter seg noe nytenkning.

 Skal på lang sikt finansierast av medlemmer - og ikkje av det offentlege eller tilskot frå slike.

 (bod 3m, rakefisk 5000,00) kanskje de kan være sponsor!

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER