• No results found

RAPPORT UEMS-EBDV 2019

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "RAPPORT UEMS-EBDV 2019"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

RAPPORT UEMS-EBDV 2019

UEMS (Union Européenne Dés Médecins Spécialites - European Union of Medical Specialists) EBDV European Board of Dermato-Venereology

UEMS representerer dei nasjonale medisinske foreiningane i Europa og har 34 medlemsland.

Kvar spesialitet har sin eigen underforeining, 43 i talet. Kvart medlemsland vel to delegatar frå kvar av dei dei nasjonale spesialistforeiningane. Dei norske representantane i EBDV er Øystein Grimstad og Turid Thune.

UEMS-EBDV arrangerer to årlege møte, eitt vårmøte over to dagar og eit kort haustmøte under EADV. Turid Thune deltok på vårmøtet på Malta 05.-06.04.19. Øystein Grimstad møtte på haustmøtet i Madrid 11.10.19.

UEMS arbeider for å harmonisere spesialistutdanninga i Europa slik at spesialistane fritt kan få arbeid på tvers av landegrensene. UEMS-EBDV har utarbeidd ein mal for

spesialistutdanninga som er føreslått innført i alle land. UEMS kan tilrå at denne malen blir innført, men har ingen mynde til overfor dei nasjonale helsemyndigheitene.

EBDV har fleire sub-kommisjonar (Board Examination and Training Requirements, Telemedicine and E-health, STI, Guidelines, Wound Healing, Allergology). Noreg er ikkje representert i nokon av dei.

UEMS-EBDV arrangerer Europeisk spesialisteksamen ein gong i året. Eksamen er elektronisk, går over to dagar og blir arrangert i august i Frankfurt. Eksamen kostar 550 Euro for

kandidatar frå land som er medlem i UEMS, 750 Euro for andre. I 2019 var det 107

kandidatar, 64 frå land utanfor Europa, dei fleste frå ulike land i Midt-Austen. Sveits hadde innført eksamen som obligatorisk for spesialistkandidatane, men har no laga sein eigen eksamen i staden. EBDV ynskjer fleire europeiske deltakarar og ynskjer at dei nasjonale foreiningane skal tilrå spesialistkandidatane å ta eksamen. Det har komme ein del kritikk mot forma eksamen har i dag, og det har komme inn forslag til modernisering og forbetring.

Poolen av spørsmål er heller ikkje stor nok, og medlemslanda blir oppmoda om å sende inn oppgåver (MCQ).

Turid Thune

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

stagnasjon over de'. Uran e1 sterk utby�mg av vegnettet for a berra kommunikaSJOnane er dette sikkert ogsa riktig. Der vil imidlertid skje så mykje med vegnettet dei nærasce 10 åra,

Vidare er den teoretiske tilnærminga i denne oppgåva henta frå mellom anna Judith Butler og då ynskjer eg ikkje å operera med fleire ulike forståingar av menn som

Fordi det er ein mannleg og ein kvinneleg part i denne typen porno, betyr det at ein ikkje berre kan ta omsyn til kva den mannlege sjåaren ynskjer å sjå, men også må ta omsyn til

Ein ynskjer å kombinere kritikk med forklaring og handling (Fairclough, 2015, s. Ei viktig forståing for korleis diskursar fungerer er at dei ikkje automatisk er med

Vestland fylkeskommune ynskjer at partnarskapen skal legge til rette for at næringa i fylket har god kjennskap til dei nasjonale midlane og at dei vert oppmuntra til å søkje.

Det er lagt ned veldig mange dugnadstimar for at stadig fleire skal få gleda av å oppleva kvalitetane med vatnet og området rundt, og det ville vore veldig synd dersom ein ikkje

Det skal også være en klinisk eksamen (del II), hvor studentene trekkes til å komme opp muntlig i ett av de tre kliniske fagene (nevrologi, ØNH, Øye). Det må etableres en vekting

Det skal også være en klinisk eksamen (del II), hvor studentene trekkes til å komme opp muntlig i ett av de tre kliniske fagene (nevrologi, ØNH, Øye). Det må etableres en vekting