• No results found

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra"

Copied!
30
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra

Helge Sandøy, Universitetet i Bergen

1. Norsk dialektologi - omfang og framvekst

Det kan vere litt dristig å presentere perspektiv på ei vitskapsgrein der dei fleste forskarane framdeles lever og har sine eigne sterke opplevingar av disiplinen gjennom ein og to og kanskje snart tre generasjonar. Kvar enkelt har truleg sin eigen versjon av korleis disiplinen og virkelegheita har utvikla seg. For å bøte litt på dette nødvendigvis subjektive i perspektivet og for å skape ein liten avstand til stoffet skal eg utover i artikkelen bruke nokre statistiske oversyn, som er basert på Oddvar Nes: Norsk dialektbibliografi (1985) og på ein base over hovudoppgåver innlevert i tida 1985-2007 bygd på den annoterte katalo- gen Geirr Wiggen laga over hovudoppgåver i nordisk (2011). Dette blir data- grunnlaget for det vi her kjem til å kalle norsk dialektologi eller norsk talemåls- forsking. Det einaste som blir utelate frå begrepet talemålsforsking, er norma- tive arbeid, altså slikt som skal gjelde berre standardtalemål.1

Norsk dialektbibliografi omfattar 2 633 titlar på publiserte arbeid for tids- rommet 1646-1984.2 Avisartiklar er ikkje med i denne bibliografien, men elles er alle andre typar skrifter med- tekne, mest bøker og tidsskrift sjølv- sagt. Titlane er registrert etter publise- ringsår, og dermed er eldste norske ar- beidet ordboka åt sunnfjordspresten Kristen Jensson, altså Christen Iensøn:

Den Norske Dictionarium Eller Glose- bog, Kiøbenhaffh 1646.

DICTIONARIUM 7

®bfgufkfentøfce(albtømatt>

& ytortft ©lofcr / o t t>a$liat<Zcile/

$mn hoffar/ font i 3?org, faOis PC tatbu SfmriBonftmfteipcwertfcKaffnianaA/"

forn fafbia Primfiafbm mib fuu cha- raderibus ot for{larm$.

Mt Um ut)i ©anmarrf ot florae/

prnSatiuttyftatmbetttSiorfteUnit <Xht tt$fltoi/nl m \0j$ tfbs, førbnft ot Æunb*

fM/ColiigefltøtfbrfåtM.

C. I. S. P. A.

Ecdcfi: cap. i.

Nihil novi fub folt^.

gggp'ccrintet??i?tun&cr®ofm.

- $Knttt t ^l»j«tt&flf n/ 2tar i tf4f.

Pflo }>cO(r anD«(3ffns 6<fopning , 9i pneis Eta jianntm ni jfiebe.

1 Oddvar Nes skal ha takk for konkrete innspel til denne artikelen.

2 To publikasjonar frå 1984 er ikkje raedkomne i bibliografien, men blir rekna inn i dei statistiske framstillingane nedafor, og samtidig er publika- sjonane frå 1985 (åtte i alt) trekt frå i same fram- stillingane ettersom dette året ikkje er fullstendig registrert. Dei aktuelle tala er korrigert også der utgangspunkt er tabellane hennar Jorunn Aske

(2)

1751- I 1801- i 1851- : 1901- i 1951- 1750 j 1800 J__1830_| 1900 • 1950 : 1984

" 10 16 23 75 773 . 1664 Figur I. Talet på norske dialektpublikasjonar i femtiårsbolkar (etter Norsk dialektbibliografi).

Dette var ikkje første arbeidet om norske dialektar, for dét var nokre sider som presten Jørgen Tomasson laga om egdemålet sirka 1625. Men denne teksten blei først trykt i 1911 som Maallære og ordtøke tråa Vest-Agder fraa fyrste helvti av 1600-talet (v/Torleiv Hannaas) og blir dermed registrert på året 1911.

Statistisk sett gir dette sjølvsagt ein ørliten feil, men slikt får ingen merkande konsekvensar for framstillinga nedafor.

Desse arbeida er previtskaplege. Verken Jørgen Tomasson (jf. Skjekke- land 2011) eller Kristen Jensson arbeidde dialektologisk; å tolke det slik, ville vere ein anakronisme. Hovudmålet for dei to var å presentere norsk språk - og vi kan vel då tolke det slik at dei fokuserte på avvika frå det sjel- landske maktspråket i samtida. Slik var dei første hundreåra av denne sakpro- sahistoria (jf. Sandøy 2006). Men vi prøver i dag å bruke opplysningane i dei gamle bøkene dialektologisk, og derfor omfattar Norsk dialektbibliografi både kjelder og faglege avhandlingar. Mange publikasjonar tilhøyrer begge desse kategoriane.

Hovudoppgåvene som er tilføydd etter Wiggen (2011), dvs. frå og med 1985, er 144 i talet. Det er ikkje laga samlande bibliografi over andre talemåls- publikasjonar etter 1985, men vi kan nok rekne med eit høgt tal. Den samla fag- lege produksjonen innafor denne disiplinen er imponerande stor. Den historis- ke utviklinga i tal viser ei nær på eksponensiell kurve for talet på talemåls- publikasjonar, som vist i figur 1. Publikasjonane frå den førvitskaplege perio- den, dvs. før Ivar Aasen sine arbeid, utgjer berre 2 % av alt (nemleg 52 publikasjonar). Etterpå er fordelinga slik: Dei hundre åra frå 1851 til 1950 har 33 % (848), og dei 34 åra i perioden 1951-1984 har 65 % (1664) av totalpro- duksjonen (Aske 1997 s. 84).

Eit anna drag ved denne faggreina er at mykje av litteraturen er produsert av lekfolk, dvs. slike som ikkje har filologisk utdanning. Det har sjølvsagt saman-

(3)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 81

Diverse; 10

_ . i 1 Å 1

W

Diverse; 15

Lekmannsarbeid K

Figur 2. Fordelinga av arbeid M fagfolk og lekfolk for åra 1850-1940 og 1941-1984/

heng med den kulturpolitiske rolla som dialektane har fått i Norge, først som nasjonalt symbol, seinare som symbol for regional og sosial politikk i opposi- sjon mot sentralistisk utvikling og dominans. Dette har Jorunn Aske vore inne på i hovudoppgåva si, og ho har analysert Norsk dialektbibliografi etter kven som har skrive publikasjonane. Fagfolk er her definert som forfattarar med

«universitetsutdanning i filologiske fag» (Aske 1997 s. 27). Forholdstala mellom ymse typar forfattarar kjem fram i figur 2. I kor stor grad skrivande ikkje-fagfollc er eit norsk særdrag, kunne ha vore eit interessant kulturhistorisk og vitskapssosiologisk emne å få undersøkt. (I figur 2 lét vi faghistoria begynne kring 1850, det vil i praksis seie med Ivar Aasen.)

Når ein i internasjonale sosiolingvistiske samanhengar ser på mengda av relevant litteratur, slår det ein at vi i Norge er godt forspent, og at produksjo- nen er god kvart år, som ein lett ser f.eks. av den årlege bibliografien i årboka Sociolinguistica. Eg kan ikkje vise til jamførande tal større Is ar, men det kan godt vere eit særdrag i den norske akademiske tradisjonen at så stor del av hovudoppgåvene (og etter 2007: masteroppgåvene) i faget nordisk har tale- mål som tema. Av Wiggen (2011) går det fram at 13,2 % av alle hovudopp- gåvene i tida 1906-2007 er dialektologiske, dvs. 558 av i alt 4 226 oppgåver i nordisk.

I figur 2 kjem delen av hovudoppgåver som ein eigen kategori, men han kunne med god grunn reknast saman med arbeid frå etablerte forskarar. Det er klårt at hovudoppgåvene utgjer ein svært viktig del av norsk talemålsforsking ved at dei representerer større beskrivingar og systematiske prosjekt under vit- skapleg rettleiing.

3 Bearbeidd etter Aske (1997: s. 43 og 84).

(4)

2. Den «systematiske Dialektforskning». Junggramma- tikk og dialektgeografi

Opphavet til den vitskaplege dialektforskinga må seiast å vere arbeida hans Ivar Aasen (1813-1896) og innsamlingsferdene hans frå 1842. Han gjennom- fører systematisk innsamling, og dataa er nokså pålitelege. Dei blir behandla i grammatiske jamføringar, og det gjer arbeida hans frå 1848, 1850, 1853, 1864 og 1873 til svært viktige oppslagsverk den dag i dag. Dei representerte sjølvsagt eit kvantesprang i si tid i fagleg innsikt i norsk talemål. Men hovud- formålet hans Aasen var å fa oversikt nok til å kunne utforme det nye lands- målet gjennom ein grammatikk og ei ordbok. Han hadde ikkje som mål å gra- ve seg ned i detaljar i enkeltdialektar og å stille språkvitskaplege spørsmål knytt til utbreiing, historikk eller struktur i talemålet. Når junggrammatikken veks fram i Europa frå sirka 1880 og påverkar norsk språkvitskap, ser Johan Storm (1836-1920) at det må komme eit nytt forskingsprogram. I tidsskriftet Norvegia skreiv han (1884a s. 7):

Hans [= hans Ivar Aasen] Synspunkt er det samme som den reisendes, naar han fra en høi Klippetinde betragter Landets Udseende; de største Bjergtoppe og Søer, de store Skove, vide Sletter og brede Elve træde frem for hans Syn, kortsagt: Landets store Træk. Det mindre, Enkelthederne, svinde eller flyde sammen for hans Blik [...]

Det, som altsaa for Sprogforskningen nu staar paa Dagsordenen, er den systematiske Dialektforskning (Dialektologi).

Dette var jo sympatisk formulert; Storm beundra Aasen, men følte nok at han og landsmålsinteressa stod i vegen. Vi ser ein snev av kritikk i ei formulering litt lenger framme i det forskingsprogrammet Storm skisserer (s. 8):

Det gjælder ikke blot at udfinde, hvor meget der i hver Dialekt er bevaret af det gam- le, men ogsaa at udforske, hvorledes det nye har udviklet sig.

Junggrammatikken i vid forstand blei eit sterkt nordisk paradigme i språkfors- kinga, og særleg innafor dialektologien. Den førte språkvitskapen mange steg framover, og i den tidlege fasen må han ha fasinert unge forskarar. Men viss vi knyter junggrammatikken til berre «unntakslause lydlover» (ein påstand pre- sentert først av August Leskien i 1876) og lineær historisk utvikling, må vi pre- sisere at junggrammatikken hadde ikkje noko langt liv, for alt kring 1880 ut- vikla det seg nye greiner i europeisk språkvitskap, fonetikk og dialektgeografi, som kritiserte junggrammatikken (Malmberg 1959 s. 70 ff). Desse greinene sprengte perspektivet åt junggrammatikarane og oppdaga variasjon som ikkje alltid var «unntakslaus». Derfor kan det vere rettare å seie at Storm og særleg eleven Amund B. Larsen (1849-1928) utvikla den norske dialektgeografien.

Perspektivet «slektskapsforhold» fokuserer Larsen allereie i 1886 med Over- sigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold, og det blei eit nokså fast innslag i norske dialektavhandlingar. Seinare voks Didrik Arup Seip (1884-1963) inn i dette vitskapssynet, og vi kan nok sjå på hovudoppgåva hans frå 1911 som eit godt uttrykk for kva dialektologien stod for. Seip gjekk på se-

(5)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 83

1. Historisk-geografisk innledning

2. Åsdølmålet sammenlignet med målførene omkring 3. Fonetisk oversigt

4. Aksent 5. Kvantitet 6. Kvalitet 7. Målprøver 6. Kvalitet

A. Konsonantene

1. Regressiv virkning fra vokal på konsonant 2. Progressiv virkning fra vokal på konsonant 3. Regressiv assimilation mellom konsonanter 4. Progressiv assimilation mellom konsonanter 5. Reciprok assimilation mellem konsonanter

6. Vestnorsk og østnorsk konsonantforbindelser i åsdølsk 7. Vokalisering av konsonant

8. Konsonantbortfall 9. Konsonant-tillegg

50. Forskjellige konsonantovergange B. Vokalene

1. Progressiv virkning fra konsonant på vokal 2. Regressiv virkning fra konsonant på vokal 3. Tiljevning mellem vokaler

4. Svarabhaktivokalen 5. Vokalbortfall 6. De enkelte vokaler

a. Vokaler i trykksterke stavelser 1. De gammelnorske lange vokaler 2. De gammelnorske tvelyd 3. De gammelnorske korte vokaler b. Vokaler i stavelser med bitrykk c. Vokaler under svakeste trykk

Illustrasjon I, Hovuddisposisjon og underdisposisjon i Seip: Lydverket i åsdølmålet, 1915.

minar hos Amund B. Larsen, og der gjekk dei igjennom arbeidet hans. Dermed kan vi seie at disposisjonen for hovudoppgåva om åsdølmålet (Seip 1915) er så nær eit autentisk uttrykk for det dialektgeografiske (eller ev. junggrammatiske) idealverket som vi kan komme, jf. illustrasjon 1.

Vi kan her legge merke til at slektskapsforholda blir drøfta i kap. 2, og så kjem dei typiske lydlovene i kap. 6. Dette er emne som blir gjengangarar i den norske dialektinteressa, og mange av desse punkta går att i hovudfagsoppgåve- ne som blei skrivne i dei neste generasjonane. Om vi ser på oppgåva hans Rei- dar Myhre frå 1942, som rettnok gjeld berre vokalismen, ser vi noko av same

(6)

1. Innledning

A. Historisk-geografisk oversikt B. Iddemålets slektskapsforhold 2. Fonetisk oversikt

3. Vokalkvantitet

A. I trykksterk stavelse

B. Vokalkvantitet i trykksvak stavelse 4. Kvantitet av vokaler

A. I hovedstavelse

B. Vokalkvalitet utenfor hovedstavelse 1. Innledning

2. Bøyningsendelser

3. Vokalen i avledningsendelser 4. Bindevokalen i sammensetninger 5. E-mål og jamning

5. Målprøver

Illustrasjon 2. Innhaldslista i Reidar Myhre: Vokalismen i Iddemålet, trykt i 1952.

systematikken i perspektiva slektskap og lydovergangar - altså 41 år etter. Ar- beidsmåten er den same som hos Seip - og hos Storm og Larsen - å beskrive dei systematiske lydovergangane frå norrøn tid og systematisere dei rette fono- logiske omgivnadane som gav vilkåra for endringane, eller sagt annleis: be- stemme dei lydlovene som var aktuelle for dialekten.

Fleire av punkta i disposisjonen hos Myhre er identiske med dei Seip har i sin, nemleg historikk og geografisk slektskap. Myhre har ikkje overskrifter som viser direkte til «lydlover», men teksten hans dreiar seg om eksempel or- ganisert etter lydovergangar i gitte omgivnader - som hos Seip (1915). (Men som perspektiv er faktisk ikkje dette med omgivnadar fremmendt i moderne fo- nologi heller, men no heiter det reglar, formalismen er viktig, og ein opererer med eit abstrakt begrep som liknar fonembegrepet.)

3. Innsamlingsprogrammet (induksjonismen)

Johan Storm hadde store vyar for den nye vitskapsgreina, som skulle sjå etter

«Enkelthederne». Han ønskte seg monografiar med opplysningar om enkelt- dialektar. Den arbeidsmåten hadde forresten Ivar Aasen og, som laga seg mange geografisk avgrensa ord- og målsamlingar (no utgitt i skriftserien frå Ivar Aasen-selskapet). Men Storm ønskte seg endå betre systematikk i innsam- linga. Derfor laga han i 1884 ei Kortere Ordliste med tanke at feltarbeidaren skulle sikre belegg på ord som gir materiale på ei mengd fenomen som Storm såg kunne vere interessange i studiet av norske dialektar. Det meste dreiar seg om historisk-fonotaktiske fenomen. Denne Kortere Ordliste (KO) er blitt

(7)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 85 mykje brukt opp til vår tid. Den første som samla inn etter KO og i tillegg laga ein monografi på grunnlag av materialet, var Karl Bjørset (1854-1912) med

«Syd-Lesje- og Nord-Dovremålets lyd- og formlære. Fremstillet i sine hoved- træk paa grundlag af Joh. Storms 'Kortere ordliste'» i 1900. Bjørset fekk sti- pend frå universitetet til å drive innsamling nokre somrar. To år etter publiserte han tilsvarande oversikt trå Nord-Rollag. Ein av dei riktig produktive i faget, Olai Skulerud (1881-1963), gav i åra 1920-1927 ut fleire bøker som og eigent- leg var oppskrifter etter KO frå søraustlandske dialektar (1924,1926,1927). Så høgt var altså detaljane verdsett at dei kunne publiserast på denne måten i «rå- dataform». Karakteristisk for vitskapsperspektivet er det HotY (1950 s. 418) si- terer etter Johan Storm: «Die eigentliche Sprache ist die gesprochene Sprache, und diese besteht aus Lauten.»

Amund B. Larsen var som nemnt elev av Storm. Han følgte opp med store innsamlingar, med eit revidert program i 1910 og med kritikk av landsmålsdo- minansen. Han viste til at nabolanda var komne langt i dialektforskinga, men i Norge hadde storverket og syntesen hans Aasen skapt ei forestilling om at det grøvste var allereie utført. Om målet med detalj innsamlingar seier han (Larsen

1910s. 110):

Man bryr sig slet ikke saa meget om blot at kunne detalj erne; men man maa jo ha detalj erne for at komme ind i sprogets særegne biologi, den som sammen med kul- turens indhold og kulturens veier vil lede dets fremtidige utvikling.

Uttrykket «sprogets særegne biologi» viser junggrammatikaren Larsen, som hentar metaforar frå realfaga, slik termen lydlov skulle alludere til naturlov.

Det kan forresten nemnast at Larsen hadde ein bror som var biolog. Amund B.

konkretiserte programmet sitt nærare med at ein trong ein synopsis over «hver enkelt av sprogets fenomener», dvs. samling «av aldeles objektive vidnes- byrd», som skulle gi språkleg og kulturhistorisk innsikt. Her ser vi altså og det vi i dag har lyst å omtale som positivisten. Planen var vidare at Amund B. Lar- sen sjølv skulle vere redaktør for synopsisen, og så skulle han disponere over ei rekkje medarbeidarar. Dessverre fekk han ikkje midlar til å realisere dette, men han sjølv leverte eit eksemplarisk bidrag til datainnsamlinga, nemleg Sognemålene, som kom i 1926. Materialet hadde han samla inn på eksisplassar frå vernepliktige frå dei ymse sokna i heile Sogn. Det var ein velkjent måte å drive feltarbeid på den tida. Dessutan hadde han utvida innsamlingsmalen i for- hold til KO. Den synoptiske oppstillinga demonstrerer han i den omfattande boka frå 1926, jf. illustrasjon 3.

I innleiinga til boka skriv han (s. XVII) at

skriftet [har] fat den særegenhet ved fremlæggelsen av sit materiale både for lydlæ- ren og formlæren, at det for den aller v)æsentligste del er overlatt til eksemplene selv alene at uttrykke de regler deres form beror på.

Han overvurderer nok lesarane sine, og desse 514 sidene kan neppe kallast eit vitskapleg framsteg; dei fortel om eit vitskapssyn der dataa stod så sentralt.

(8)

;

:

i

Pm inform.

Ubestemt:

Sing norn b5k Plar norn bSkr

Bestemt:

Sing nom bokfn dat b6kinn!

PIOT nom b«crn*r d&t feSkunum

Ubestemt:

Sing nom mOs Plar nom mysa Bestemt:

St«f norn mOsIn dat mQsinni Pl nr nom mySSnar dat mOsunum

Ubestemt:

13 Sinij Bom hgnd 14 Plar nora hendr

Bestemt:

15 Sing notn hgndin 16 dat hendinni IT Pint- eom h*x#rn*r 18

«

dat h'pjndimum Ubestemt:

Sing nom *yw Plar nom tennr '

Bestemt:

Sing nom tgnnin dat JpnnJnnt Plur nora tennrnar dat T^onunum

Jostedalen

:

[8 Wndn

3.

mysu'a

^ .

. * .

1

hxrtfadn

Z',

UN

:

• * *

mys'odn

%

z.

A *

: ;

hqnttedn

z.

tenn'edn

r

a

mtiFSåm

AfMfff

z.

ttnn'ivin

Aurland

neWyp

%

&

Illustrasjon 3. Side 528 i Sognemålene av Amund B. Larsen (1926).

Derimot utgjer innleiinga på vel 70 sider eit høgdepunkt i dei innsiktene Larsen hadde tileigna seg i språkhistorie gjennom eit langt fagleg liv.

Ein sentral person i nordistikken i fleire tiår var Sigurd Kolsrud (1888—

1957), som var professor frå 1923. Han var ansvarleg for bokserien Norske maalføre frå 1906, ein serie av bøker med nokså skiftande kvalitet. Ei av bøke-

(9)

Perspektiv på norsk talemål sforsking siste 100 åra 87 a — djup og lang: lamb gar'a; høg og open: hatt'a ufsa é — trong, høg, på lag som i: éi

e — open (på lag som trong æ): near hes é —breid, millom æ og a) :verje nés

3 og e •— ljodlinne, i endingar og til hjelpeljod: vise granne;

bry f 3 dkr'9 ' æ — millom e og é: sætr skræme; open æ som é; hevd i — trong, høg: HV? rim

I — open, på lag som é: grind vike fri(d) å — trong: sål otte

å — open, på lag som å: kona rdnd skrott

d — låg d-ljod, på lag som 6; står her mest for gno. å: båt',}

o — hreid, millom ø og å, men med liti lipperunding: mgse ggte fglk

å — trong: bå tånn'3

å — open, på lag som 6: mur f» mun land's V (y) — trong, høg: gråte d$gd

y — open, på lag som ø; klyv myrk'a

$ — trong, på lag som y: pløgje mjøl; vyrter hyore 6 - open, her skriven p, breid, med liti lipperunding serleg

i indre Nordfjord: gks bjg'nn'9 au eller pu; hauk gugnesyn

ei (æi) eller ai: heid

øy — ogso utan lipperunding, som æi (æy).

Konsonantteikni er dei vanlege.

II og nn er i dømi her alltid palatale (i-fengne).

9J — 991 — *J — kki — °g ti l i k e c m s- skj som s + kj, ulikt sy.

'// og hil er klanglaus palatal /: katte fahlle. (I dømi vanleg skrive etter upphavet ti sl dsl).

S — spirantisk 5: seiS's hiignaå.

lj — med tydeleg 1.

Illustrasjon 4. Lars Søreide: Nordfjord- målet, 1930, s. 4.

ne som kan pryde serien, var Romsdalsmaalet (Tresfjorden). Formlæra (1929), som eg sjølv bør vere i stand å vurdere ekstra kritisk. I denne boka er faktisk lite åfått. Forfattaren Hans Rypdal (1884-1923) har her gjort eit solid synkront arbeid. (Han døydde altså seks år før boka kom ut.) Lydskrifta er konsistent og så nær fonemisk vi kan vente oss før fonemet var eit kjent begrep her til lands.

Året etter kom i same serien boka Nordfjordmålet av Lars Søreide (1874- 1963), og her ser vi det reine rotihop av fortid og notid i lydskrifta, dvs. ei blan- ding av etymologisk skrivemåte og av referanse til samtidsuttalen. Illustrasjon 4 viser presentasjonen hans av vokalane i nordfjordsk. Denne framstillinga skulle antyde vokalfonemsystemet vi ser nedafor, og det er sjølvsagt fullsten- dig utenkjeleg i norsk samanheng:

'V

A

å

I skriftserien Norske målføre er det altså svært skiftande kvalitet. Men vi kan ikkje underslå at det er samla inn svært mykje materiale, og mykje er til stor

(10)

Illustrasjon 5. Ei side frå synopsisen for Møre og Romsdal (her sokna i Romsdal).

Innsamlingsarbeida var altså svært detalj orientert. Den som gjekk lengst i den leia, var ikkje A. B. Larsen, for han skreiv både oversikts verk og nyska- pande monografiar. Truleg må Olai Skulerud (1881-1963) fa den tvilsame æra av å ha konsentrert seg mest om «Enkelthederne». Han var flittig som ein maur, samla inn og publiserte. Oppskriftene hans er overleste av detaljar og ikkje lette for andre å bruke (jf. Sandøy 1988). Største verket hans er Tele- maal og tinnsmaal (1918-1938), og om det skriv Einar Haugen nokså ironisk (1948 s. 71):

786 tightly packed pages [...] but for all its vast materials, recorded with infinite pa- tience and accuracy, the effective phonological system of the present-day dialect re- mains undescribed.

Kolsrud skipa Norsk målførearkiv (NMA) i 1936, og han sette i 1951 i gang største systematiske innsamlingsarbeidet i Norge under prosjektnamnet Norsk dialektatlas. Det var lagt opp svært vidt, men relativt enkelt: Det blei laga ein

(11)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 89 synopsis med utgangspunkt i KO (og altså ikkje lista hans A. B. Larsen) der alle sokna i landet fekk ei linje loddrett i ein protokoll, og i kolonnane utover til høgre kom kvart enkeltord frå KO med referanse til paragraf der. I kolonnane på kvar linje skreiv ein så inn uttalen av ordet eller ordforma eller setninga på dialekten frå det aktuelle soknet. Kvart fylke fekk sin protokoll. Hovudfagsstu- dentar som skreiv dialektoppgåver, og andre innsamlarar betalt av Målførear- kivet førte materialet sitt inn i synopsisen, og dermed kunne ein få ei effektiv oversikt over geografisk variasjon i norske dialektar. Ikkje alle sokn er utfylt enno, men det er mykje som står der. Sjølv om lydskrifta er av ymsande kvali- tet, er det svært mykje å hente for den som arbeider med norsk dialektgeografi.

Norsk dialektatlas var eit prosjekt med store vyar og med vengesus. I hovud- prosjektet var målet - som namnet antydar - å bruke opplysningane til å lage kart etter (Hoff 1960). Dei skulle etter planen komme ut i bokform, men arbei- det blei for omfattande til at det kunne realiserast. Johan Anthon Schulze (1924-2012) teikna svært mange kart, og dei fekk han kopiert opp og delt ut til alle dei fire universitetsinstitutta i nordisk som fanst sommaren 1991, då han slutta i stillinga si ved NMA. I dag er sjølve protokollane (synopsisen) digita- 1950-åra var ei god tid for dialektgeografisk arbeid. I Bergen og fekk Mål- føresamlinga i åra 1954-1958 tilskott frå Forskingsrådet til ei større innsamling på Vestlandet, og Hallfrid Christiansen lage den svært omfattande Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre (1954) til formålet, for KO bar preg av å fokusere drag som var mest interessange for austnorsk. I Bergen og blei det laga opplegg for ein synopsis, men han nådde aldri langt i utviklinga. Derimot blei det samla inn mykje materiale etter leisten frå Spørjeliste, og det er lagra systematisk i store oppskriftsbøker. Her blei det og ofte brukt lydband ved inn- samlinga.

I ein periode (1969-73) var Gunnvor Rundhovde (1918-1987) engasjert i Worter und Sachen-forsking, slik at ho begynte å byggje opp ei systematisk samling av tematiserte opplysningar. Det arbeidet kom ikkje langt. Det finst ei handfull hovudoppgåver over tematiske ordstudiar i kombinasjon med tradisjons studiar i Norge, men elles må ein undre seg over kor svak denne forskingsretninga blei her til lands jamført med tilstanden i nabolanda våre.

Men Norsk målførearkiv hadde eit godt utbygd heimelsmannsnett som det sendte spørjelister til med ujamne mellomrom. Dei nesten 400 spørjelistene i eine serien gjeld ord og sak (mange forresten tilknytt Atlas Linguarum Europae-prosjektet). Serien med grammatiske spørjelister har berre 22 nummer. Det meste av dette materialet er no brukt i Norsk Ordbok, men lite i enkeltmonografiar.

http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=145&tabid=2165.

(12)

4. Strukturalismen i norsk dialektforsking

Det tok lang tid før dialektologane såg fagleg nytte i den strukturalistiske til- nærminga og bruken av fonembegrepet. Det var ein uvitskapleg abstraksjon for somme. Det faglege kravet var at ein skulle gjenspegle realitetane best muleg, og det vil seie uttalen, det «aldeles objektive vidnesbyrd», som Amund B. Lar- sen formulerte det i 1910. «Det virkelege» var derfor dei innsamla dataa, det feltarbeidaren faktisk hadde høyrt. Det var språket. Slik var det frå Storm til Skulerud og Kolsrud. Ofte blir kritikken mot den tradisjonelle dialektologien formulert med at han hang for lenge att i junggrammatikken. Men både for dei tre nemnte her og for mange andre var det meir slik at dei hang fast i dei litt nyare retningane, nemleg klassisk og eksperimentell fonetikk. Lydskrift og lydnyansar fortalte om virkelegheita, og den skulle vitskapen fange inn. Typisk var det slik sett at Skulerud studerte fonetikk i 1927 i Frankrike.

Dei strukturelle relasjonane mellom uttalane var utafor interessa. Det hadde dels si årsak i synet på kva studieobjektet språk var, og for mange var også det historiske perspektivet så sjølvsagt at synkronien var uinteressang så lenge han stod aleine. Då Sigurd Kolsrud opponerte mot Hallfrid Christiansen, som i 1932 tok doktorgraden på Gimsøy-målet (1933), kritiserte han resonemanga hennar med at ho ikkje kunne bevise påstandane om av kvantitet var vilkår for nokre endringar ho hadde drøfta. Han føydde til (1952 s. 405):

Og eg forstår ikkje kva nytte det karm vera å gå ut ifrå notidsmålet og rekna upp alle døme som finst på ein viss vokal i visse stodor [...] når ein ikkje samstundes freistar ordna dømi historisk og derved kann få klarlagt tendensen.

For Kolsrud var altså ikkje språket eit synkront fenomen. Alle meiningsfulle linjer og jamføringar måtte ta utgangspunkt i norrønt. I eit historisk perspektiv var det naturlege målet å berge flest muleg opplysningar om fenomen som viste linjer bakover. Dette er litt underleg for oss i dag, for vi har sett kor stor hjelp den historiske språkvitskapen har av å tenkje diakronien som ei rekkje av syn- krone strukturar. Men slik var det altså ikkje for f.eks. Kolsrud. Han meinte slik teoretisk abstraksjon førte på avvegar. Berre det observerbare faktumet var vit- skap. Han avviste ideen om at studieobjektet språk ligg bakom sjølve dataa.

Han kalla det for «den teoretiske arbeidsmåten» (s. 407) og «teleologisk mål- gransking» (s. 411). «Mi meining er», seier han vidare s. 411, «at slike kon- klusjonar er uvitskaplege».

Vi skal ikkje skulde etterfølgjaren hans Kolsrud, nemleg Olav T. Beito (1901- 1989), for å vere prestrukturalist eller noko liknande, men han utgjorde heller ikkje noko klårt brott. I førsteforelesinga si frå 1957 sa han f.eks. (1957/79 s. 29):

Meir enn nokon gong hastar det no med å berge for vitskapen mest mogleg av det språklege tilfanget som held på å kverve or målføra våre.

Ein kan heller ikkje skimte nokon distanse eller ironi i det han sa i minnetalen over Skulerud i 1963 (1963 s. 268):

(13)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 91

% av alle vitsk. 5,882411,864 2.173912,766 8,737313,36918.487 21,196 4,54552,8571

% av alle h.oppg. 28 69,38868,354 75,556

Figur 3. Bruk av fonetisk og av fonemisk skrivemåte i alle typar vitskaplege arbeid og i hovud- oppgåver (med grunnlag i Norsk dialektbibliografi).

Det som oftast vert foraldra etter kvart som vitskapen gjer framsteg, det er metodar og teoriar; men eit pålitande tilfang vil alltid ha sitt verd. Skulerud fortapte seg ikkje i spekulasjonar og teoriar; han konsentrerte seg i staden om å syne det faktiske mål- tilstandet med å leggja fram eit så heilsleg og pålitande tilfang som mogeleg.

Vi kan legge merke til dei to gongene også Beito snakkar om «pålitande» og siktar til dei subjektive fonetiske oppskriftene.

Ein brukar gjerne å vise til Gimsøy-målet (Christiansen 1933) som første strukturalistiske arbeidet i norsk nordistikk. Det hadde nok sine grunnar i at Christiansen hade god kontakt med allmennlingvistane i Oslo, og ho hadde eit kapittel om «fonemets funksjon», men avhandlinga er eigentleg svært tradisjo- nell og historisk orientert, og det aktuelle kapittelet heiter i fullform «Deskrip- tiv fremstilling av fonemenes funksjon og historie». Men vi skal heller ikkje gløyme det eg nemnte om Rypdal (1929), at han praktiserte ei fonemisk lyd- skrift nåme nær perfekt utan å bruke termen i drøftinga. Men dei unge etter andre verdenskrigen viser nye takter. Vi kan nemne at Ingeborg Hoff (1911- 1993) tok inn i boka si om Skjetvemålet (1947) eit kapittel om fonemsaman- fall. Dette var same året som Magne Oftedal leverte inn Ordstrukturen i Gjestalmålet (1947), ei avhandling Kolsrud kanskje skal ha avvist på Nordisk institutt, men som allmennlingvistane godkjente på sitt institutt (jf. Hovdhau- gen 2000 s. 332, men Venås 1998 s. 76 tvilar). Ivar Skre brukte termen fonem i hovudoppgåva som han leverte i nordisk i Oslo i 1952 (jf. s. 17 i trykt ver- sjon frå 1957). Gunnvor Rundhovde gjorde det same i doktoravhandlinga Målet i Hamre (1962). Ingeborg Hoff kom i 1967 med ein artikkel om «His- torisch-phonematische Mundartkarten». Ho blei seinare styrar av Norsk mål- førearkiv, og Rundhovde av Målføresamlinga i Bergen. Vi skal elles legge merke til at slike som Hoff og Rundhovde gjerne unngår ordet fonem og talar i staden om «ljodsystemet» og «relevante ljodar» når dei drøftar strukturelle

(14)

analysar. I artikkelen Hoff skreiv om A. B. Larsen i 1950, ser vi endåtil at Larsen alt i 1886-arbeidet sitt tenkte som ein strukturalist, og fonembegrepet var nesten til stades utan å vere nemnt med ein term. Ein finn ord som «lyd- system» og «lydenhed» i skriftene hans. Faghistorisk er dette innsiktsgivande og fortel at skifte i perspektiv ikkje nødvendigvis er så bråe.

Vi kan sjå av tittelen på hovudoppgåva hans Willy Westgaard at struktura- lismen var på veg til å bli meir allmenn i 1970: Substantivene i Romedal. En synkronisk-diakronisk morfemanalyse (1970). I dialektologien kan ein seie at frå same året har fonemet vore eit ufråvikeleg standardbegrep i norsk dialekto- logi. Vi ser i figur 3 at det dette året kom tre avhandlingar med nettopp fonem- analyse som tema: Jostein Rykkvin: Fonemikken i malvikmålet, Kjell M.

Øksendal: Fonemikken i Vefnsmålet og Helge Omdal: Fonemsystemet i Stavanger-målet.

Dette blir normalopplegget i avhandlingane frå og med 1970, altså synkron analyse for å etablere fonema, og så eigne kapittel som viser allofoniar av kvart fonem og ev. om distribusjonsmønster. I figur 3 ser vi klårt denne nye tenden- sen frå 1970 med å utnytte kodane i Norsk dialektbibliografi som viser om pub- likasjonane bruker fonemisk eller fonetisk lydskrift.

5. Generativ fonologi

Det gjekk raskare med å introdusere generativ fonologi enn strukturalistisk i norsk talemålsforsking. Den generative fonologien blei først presentert på norsk i læreboka hans Even Hovdhaugen, Transformasjonell generativ gram- matikk (1970), der han gir ein generativ analyse av sentralaustlandsk fonologi, dvs. berre to år etter hovudverket The Sound Pattern of English (Chomsky &

Halle 1968) kom ut. Neste mann ut var Rolf Theil Endresen, som skreiv magis- teravhandlinga si i 1976 om Handsaminga av trykk og tonem i generativ fono- logi. Kritikk og framlegg. Med tillemping på grensk. Gjert Kristoffersen tok ut- gangspunkt i generativ fonologi i variabeldefinisjonane i hovudfagsoppgåva si om Dialektutvikling hos skolebarn (arendalsmalet) i 1980, og Vidar Antonesen leverte i 1988 ei hovudoppgåve om Fonologien i Øygards-dialekten, som var ein gjennomført generativ analyse. Det har ikkje blitt så mange slike avhand- lingar, for sosiolingvistikken kom no med full tyngd og blei fullstendig domi- nerande. Men eit lett generativt preg på den fonologiske presentasjonen finn ein i somme av desse avhandlingane. Læreboka Norsk dialektkunnskap frå 1985 av Helge Sandøy la og opp til generative analysar av fonologien i dialek- tane. I 1996 leverte Jan K. Hognestad hovudoppgåva Tonemer i en høytone- dialekt. En undersøkelse med utgangspunkt i Egersund bymål (1997), som byggjer på em nyare versjon av generativ fonologi kalla autosegmental fonolo- gi. Ein kan nok trygt hevde at talemåls forskinga er blitt mykje opnare og meir mottakeleg for internasjonal teoriutvikling siste tiåra.

Dei generative arbeida fokuserer mykje på det som i strukturalismen blei

(15)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 93

8.2: De fonologiske omgivelsene

8.2.1: Regel (19), eR- vokalisering 8.2.2: Regel (9), e-senking 8.2.3: Regel (11), a-fremraing 8.2.4: Regel (24), Retrofleksering 8.2.5: Regel (13), R-vokalisering 8.2.6: Regel (14), R-delesjon 8.2.7: Regei (16), R-stryking 8.2.8: Regel (20), R-bortfaU

Illustrasjon 6. Frå disposisjonen i Kristoffersen 1980, s. VII.

kalla allofoni (som igjen har sine likskapar med lydlovene), og er prega av oppsett av presise reglar, der sjølve rekkjefølgja på dei ofte er viktig. Eine ka- pittelet hos Kristoffersen f.eks. presenterer dei statistiske sosiolingvistiske re- sultata i illustrasjon 6.

6. Sosiolingvistikken

Det sosiale perspektivet kom tidleg inn i norsk talemålsforsking. Interessa for sosial lagdeling i bymåla viser at dialektologien ikkje har berre vore prega av nasjonalromantisk og historisk orientering, som lett gjer bygdemåla til dei mest interessange. A. B. Larsen stod sentralt og var (med-)ansvarleg i tre viktige mo- nografiar: Kristiania bymål. Vulgærsproget med henblik på den utvungne dag- ligtale (1907), Bergens bymål (1911-12, saman med Stoltz) og Stavanger by- mål (1925, saman med Berntsen). Larsen var elles interessert i sosiale vilkår for språk allereie i det tidlege arbeidet «Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold» i 1886. Der brukar han fleire gonger begrepet «nabooppo- sition» - det begrepet som ofte blir utnytta og vist til i moderne sosiolingvis- Men her er og mange andre som tidleg interesserte seg for sosial språkvaria- sjon og omtalte den. Magnus Olsen trykte tekstar «fra de laveste samfundslag i Kristiania» i Maal og Minne i 1914. Ivar Hoel kom med Kristiansundsmaalet (1915), Ragnvald Iversen med Syntaksen i Tromsø bymål (1918), Trygve Knudsen med Om Tønsberg bymål (1924). For å dokumentere den presosio- lingvistiske sosiale språkinteressa kan vi og ramse opp fleire: Jørgen Reitan:

Rørosmålet (1932), Fridtjof Voss: Arendals bymål (1940), Arnulf Johnsen:

Kristiansands bymål (1942) og Odd Nordland: Språknormer hos oslobarn (1954). Bymålsstudiane legg hovudvekta på «vulgærsproget», men omtalar meir eller mindre også «det høgare talemålet».

Vi bør her og ta med ein sjanger som blei dyrka i Bergen etter 1970, nem- leg orddaudestudiar. Helge Omdal fekk i gang nokre studentar til å under- søkje kor mange av orda heimfesta i ordbøkene åt Ivar Aasen og Hans Ross frå andre halvdel av 1800-talet som framdeles var kjent. Det blei studiar av

(16)

ein tidsforskjell på 3^4 generasjonar, og dette var såleis ei diakron un- dersøking. Metodisk og teoretisk gjorde John André Nergaard (1996) mykje ut av denne sjangeren i sosiolingvistisk retning. Desse orddaudestudiane er vel sterkaste leksikologiske tradisjonen i norsk talemålsforsking utanom rein ordbokskriving.

Anders Steinsholt brukar vi gjerne nemne som ein viktig forløpar for sosio- lingvistikken med Målbryting i Hedrum (1964), som han leverte som hovud- oppgåve i 1940, og med ein ny forskingsrapport i 1972: Målbryting i Hedrum 30 år etter. Tilsvarande generasjonsundersøkingar gjennomførte Andreas Bjør- kum i Årdal i Sogn (1968, 1974). Det er eit ekstrapoeng med å nemne dei her, for opplegget deira har visse likskapar med undersøkingar vi er i gang med i dag under formuleringa «språkendringar i virkeleg tid», der ein jamfører syste- matiske datainnsamlingar med ein generasjons mellomrom, jf. prosjekta Dia- lektendringsprosessar og Språkutvikling på industristader. Forskjellen er at Steinsholt heldt seg til oppskrifter etter spørjelister, Bjørkum til spørjelister og lydopptak, og vi i dag held oss til samtaleopptak og tilfeldig utvalte informan- Første større norske sosiolingvistiske prosjektet blei sett i gang allereie før Steinsholt trykte siste Hedrum-boka si, for Talemålsundersøkelsen i Oslo (TAUS) begynte i 1971 og avslutta arbeidet i 1976. Dette blei startskottet, og herifrå kom mange arbeid både frå etablerte forskarar og frå hovudfagsstuden- tar. Prosjektet hadde som mål «å granske lydforhold, bøyning og syntaks med henblikk på sosiale variasjoner i et talespråksmateriale». Det hadde dg større framtidsvyar: «Det [...] burde bygges opp et nytt prosjekt: Norsk talemålssyn- taks, med parallelle undersøkinger i andre by- og bygdemål.» (Hanssen o.fl.

1978 s. 1.)

Dette prosjektet blei raskt etterfølgt av endå eit forskingsråds finansiert stor- prosjekt: Talemål hos ungdom i Bergen (TUB) (1977-1984), som samla inn eit enormt materiale og etter ein nokså raffinert sosiolingvistisk metode (jf. Tale- mål i Bergen 1983 s. 1 f.). Eit svært tidstypisk sosiolingvistisk prosjekt er og det Knut Fintoft og Per Egil Mjaavatn presenterer på eksepsjonell god pedago- giske måte i Språksosiologiske forhold i Trondheim bymål (1980).

Eit særdrag ved norsk talemålsgransking er at det ikkje blei eit klårt brott mellom tradisjonell dialektologi og den framstormande sosiolingvistikken. Ein ser sjølvsagt tydeleg forskjell på innretningane både i dei konkrete arbeida og hos enkeltforskarar, men somme arbeidde innafor begge «paradigma». Likeins som i Danmark kan ein seie at det i Norge var det same miljøet som flytta tyng- depunktet, sjølv om Målførearkivet aldri fokuserte på sosiale språkforskjellar.

På Blindern var det eit konkret etasjeskilje mellom NMA og dei som sat på Nordisk institutt og arbeidde sosiolingvistisk, men på Nordisk arbeidde også fleire nokså tradisjonelt, så vi skal ikkje overdrive skiljet. På hine universiteta var det verken etasje- eller instituttskilje.

Dei sosiolingvistiske arbeida er talmessig svært prega av monografiar, og gjerne hovudoppgåver, som tar for seg eit lokalsamfunn. Ofte er det tale om

(17)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 95 språkendring i dette lokalsamfunnet, slik at aldersvariabelen er sentral. Dermed kan vi seie at diakroni er sterkt inne i bildet framdeles. Men ein har og fatt inn andre sosiale variablar som kjønn, sosial klasse, sosial situasjon, sosial identi- fikasjon, interessefelt, nettverk, etnisitet osv. Her må det nemnast at ein god del arbeid har fokusert på sosial interaksjon, og dermed blir individa meir sentrale, for ein har ikkje der som mål å beskrive og forklare tendensar i heile språksam- funn, men ein ønskjer å forstå språkval og språkendring som enkeltpersonar gjer. Først ute i denne sjangeren var Olaug Rekdal med Modifisert dialekt. En undersøkelse av to språkvarianter hos innflyttere i Oslo (1971), og Brit Mæhlum heldt fram i 1984 med eit parallelt granskingsopplegg. Fleire har komme etter. Her var innfallsvinkelen kva språklege konsekvensar det hadde at folk flytta frå eitt samfunn til eit anna, og det dreiar seg då konkret om indi- viduelle konsekvensar av sentraliseringsbølga a i samfunnet.

Til slutt må vi og ta med at det har vore nokre, om ikkje så mange, språkso- siologiske arbeid som ikkje ser på den konkrete språkbruken, men som er opp- tekne av meiningar og forestillingar om språk og av språkholdningar, både be- visste og underbevisste. Dette området blir av og til omtalt som språksosiologi i motsetning til sosiolingvistikk. Psykologane Åge Steinset og Jo Kleiven inspirerte nok ein del med boka Språk og identitet (1975). Enkle holdningsstu- diar ved hjelp av spørjegranskingar blei det gjennomført fleire av. Olaf Husby arrangsjerte allereie i 1979 ein avansert masketest i Sandnessjøen i samband med hovudoppgåva si (1985). 12005 disputerte Rune Røsstad på ei avhandling der språkoppfatningar (forestillingar) var ein sentral del - i jamføring med fak- tisk språkbruk. Her utnytta han innfallsvinklar frå folkelingvi stikken.

7. Talemålsprosjekt etter tusenårsskiftet

Norsk talemålsforsking er frå slutten av 1900-talet prega av sterkt nasjonalt samarbeid. Det begynte med Talemålsendring i Noreg (TEIN), som frå 1998 fekk støtte frå Forskingsrådet til å drive samarbeidstiltak (Sandøy 1999, Mæhlum & Røyneland 2011). Etablerte forskarar og hovudfagsstudentar had- de årlege konferansar, inviterte utalandske gjesteforelesarar på turné, hadde fellesmøte for stipendiatar, starta skriftserien Målbryting osv. Det gav ein god skuv til interessa for å skrive hovudoppgåver og doktoravhandlingar, og under TEIN-paraplyen blei det skrivne seks doktoravhandlingar og eit svært høgt tal på hovudoppgåver fram til 2006. Etter desse paraply-pengane tok slutt, blei samarbeidet omdefinert til det meir varige Sosiolingvistisk nettverk (SONE), som ei tid var dominert av eit felles UPUS-prosjekt (= Utviklingsprosessar i ur- bane språkmiljø) i tida 2005-2010.

TEIN hadde regionalisering som viktigaste studieobjekt, altså dialektut- viklinga i større område. UPUS fekk eit sterkt fokus på bymål og etnolektar i Oslo. For tida er det ikkje noko spesielt tema i det nasjonale samarbeidet un- der SONE. Men i Bergen er det to større prosjekt med forskingsråds støtte,

(18)

nemleg Dialektendringsprosessar (2008-)5 og Språkutvikling på industrista- der (2010-),6 som begge legg vekt på «endring i virkeleg tid», ein innfallsvin- kel som byggjer på jamførbart lydbandmateriale frå to tidsperiodar (i motset- ning til «endring i tilsynelatande tid», som tolkar samtidige generasjonsfor- skjellar som endring over tid). Denne innfallsvinkelen er i dag blitt muleg pga.

at dei eldste sosiolingvistisk^ prosjekta med systematisk lydinnsamling til variasjons studiar no er ein generasjon gamle. Dette «forskingsparadigmet» har eit forbilde særleg i det danske Sprogforandringscentret ved Københavns Uni- versitet. Dei to nemnte Bergens-prosjekta har etablert Talebanken ved Univer- sitetet i Bergen,7 som er ein digital databank innretta til sosiolingvistisk ana- Ved Universitetet i Oslo har Tekstlaboratoriet oppretta ein nordisk taledata- base, Nordisk dialektkorpus,8 som er meir innretta på syntaktiske og geografis- ke analysar. Denne basen har utgangspunkt i eit stort nordisk samarbeid i Scan- dinavian Dialect Syntax (ScanDiaSyn, i perioden 2005-2010). 1 dette prosjek- tet er det blitt skrivne mange analysar av syntaktiske mønster i dialektane, og dét er verkeleg radikalt nytt i talemålsforskinga.

Frå alle desse siste prosjekta kan ein rekne med at det kjem mange pub- likasjonar dei næraste åra. Vi har for tida nemleg svært aktive forskingsmiljø.

8. Norsk dialektforsking i perspektiv

Litt impresjonistisk kan ein oppsummere hovudinteressene i norsk talemåls- forsking med desse «skoleretningene» - som delvis fortel om ein kronologi:

I: Innsamling for å reise eit norsk skriftmål: Aasen, Ross osv.

II: Historisk språkutvikling: Storm, Larsen, Kolsrud, Skulerud, Seip osv.

III: Synkron systematikk: Oftedal, Rundhovde, Westgaard, Omdal, Hovdhau- gen, osv.

IV: Synkrone sosiale motsetningar. Larsen, Iversen, TAUS, TUB, Fintoft &

Maavatn, osv.

V: Interaksjonen, individorientert forståing: Rekdal, Mæhlum, UPUS osv.

VI: Dialektendring/generasjonsforskjellar; Steinsholt, Bjørkum, TEIN, Dia- lektendringsprosessar, Språkutvikling på industristader.

VII: Språkkultur (holdningar og forestillingar): Husby, Røsstad osv.

Den siste bolken er kanskje ikkje ei skoleretning, meir eit «smalare» parallell- spor, der somme har dyrka interessa for det sosiale i holdningar og forestilling- ar - gjerne jamført med variasjonen i faktisk språkbruk.

5 http://folk.uib.no/hnohs/DEP/.

6 http://folk.uib.no/hnohs/IP/.

7 http://gandalf.uib.no/talebanken/talebanken.

* http://www.hf.uio.no/iln/tjenester/kunnskap/sprak/korpus/talesprakskorpus/nordisk-dialekt/.

(19)

Perspektiv på norsk tal&målsforsking siste 100 åra 97 Det er interessangt i denne samanhengen og å tenkje over kva som ikkje har fatt stor plass i den norske talemålsforskinga. Eg kan nemne fire punkt:

• samtaleanalyse

• diskurs

• sctningsintonasjon

• tekst/syntaks i ulike situasjonar

Det har berre vore antydningar til at desse emna har vore dregne inn i talemåls- publikasjonar.

Elles kan ein vel føye til at den sterke sosiolingvistiske interessa har gått ut over dei strukturelle analysane siste generasjonen. Det er eit tap både ved at strukturelle tema ikkje når så ofte fram, og ved at ein av og til kan sjå eit sva- kare kvalitetsnivå i ein del språklege beskrivingar, som trass i alt er nødvendige for å etablere språkvariablar og å tolke resultata.

9. Talemålsforskinga i den kulturpolitiske utviklinga

Første vitskaplege perioden fall under målreisinga, som vi f.eks. kan seie starta med Det norske Folkesprogs Grammatik (Aasen 1848). Sjølv om det er in- teressangt å sjå personen Aasen som eit produkt av opplysningstida, kjem ar- beidet hans i den nasjonalromantiske perioden. Å vise fram den «norske grei- na» på språktreet fekk ein klår politisk funksjon i arbeidet med å skape innhald i ideane om ein sjølvstendig norsk nasjon, men ikkje mindre viktig kulturpoli- tisk var det at vi fekk ei tydeleg motsetning mellom bygd og by og mellom overklasse og bondeklasse. Overklassen - som og var den førande politiske eli- ten - kom i eit dilemma ved at han ikkje kunne representere det retteleg nasjo- nale kulturelt og språkleg sett. Norsken fann ein på bygdene. Det perspektivet gjeld både hos Aasen og hos landsmålsmotstandaren Johan Storm. Det gav bygdedialektane ein svært sterk status kulturpolitisk sett.

Ein ny historisk periode startar i Norge med unionsoppløysinga i 1905, og då blir vi prega av ei nasjonal modernisering fram til andre verdenskrigen. No blir byane inkludert. Forskinga er optimistisk og satsar på store kartleggingar gjennom monografiar over enkeltdialektar. Det nye nasjonale fellesskapet skal byggjast på dei regionale særdraga, som det er stor interesse for. Språkpolitisk er det sterke regionale interesse i mellomkrigstida. At det fulle politiske sjølv- stendet kom så seint som i 1905, har kanskje gitt oss nordmenn ei relativt sein nasjonsbygging, og det hindra oss i den faglege oppdateringa.

Gjenreisingstida etter 1945 fokuserte einsidig på økonomisk modernise- ring og effektivisering og gav oss dei mest sentralistiske tiåra i norsk historie.

Det er kanskje litt typisk at det var relativt liten vekst i det totale talet på dialektpublikasjonar i perioden 1950-70, berre frå 30 til 32,6 per år, som vi ser av figur 4. Idéhistorisk er det og typisk at Norge i denne perioden dyrka sterkt eit normaltalemål, som no til dags blir omtalt som standardtalemål.

(20)

70-

:

: 2 0 -

^

/

Figur 4. Årsgjennomsnitt i totaltal på dialektpublikasjo- nar av alle forfattarkatego- riar. (Etter Norsk dialektbib- liografi, her bearbeidd etter Aske 1997.)

NRK var sjølvsagt den naturlege foregangsinstitusjonen, og det blei «nor- malt» for enkeltpersonar å kodeskifte til bokmål eller nynorsk standardtale- mål. Det var på nippet til at den språkpolitiske Vogt-komitéen (1964-66) fo- reslo standardspråksopplæring i skoleverket. Norge var altså på full veg inn i «normaliteten».

Men kring 1970 er gjenreisinga over, vi kjem til ein fase som blir kalla sein- moderniteten. Det oppstår skepsis til og motstand mot all sentralisme, både økonomisk og kulturelt, og etter kvart kjem og nedrivinga av autoritetane, som gjerne er mest typisk i det internasjonale bildet av perioden. Den avstandardi- seringstendensen europeiske land oppdagar ved slutten av 1990-talet, tok i Norge til med full kraft allereie på 1970-talet, og den allmenne språkintcressa blei svært sterk. Denne nye tendensen avspegla seg i produksjonen av publi- kasjonar om talemål, som vi ser av figur 4.

Vi kan og lese ut ei tidsånd ved å sjå på emna som hovudfagsstudentane har interessert seg for. Her skal vi gå over til relative tal, dvs. å sjå på kor stor del av hovudfagsstudentane i nordisk som skreiv oppgåver om talemål. Jamfør fi- gur 5. Absolutt aukar talet på hovudoppgåver om talemål frå 44 i perioden 1930-40 til 137 i 1960-70.

Figur 5. Talet på hovudopp- gåver i talemål som prosent- del av alle hovudoppgåver i nordisk. (Bygd på Wiggen

!l906-|1911-i1921-!l931-[l941-il951-1961-1971-;i981-il991-J2001- j_50 i 60_Lj 80 90 2000 07 20 i 30 . 40

25 129,03:27,671 30 j 20,8 111,48! 11,37 11,08} 9,33 ; 12,1 -Seriel 126,67

(21)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 99

Hon "153)4

•Mor) 123,8

0 1915,1920:1323 37,gf 36 I 37

193O 133511 04O^194b,19S0 1355:1900 lOuL 5a,4|37.7132,3|34,/|33,aT 4 1 I 95""|S%4|3W

1969 ID/4 1979 1384 36,6 [3&,2J 33^2! 32,j»

23,g;2£t.3"26.c>J24,6 31 |27^2S,J 37,3iJ4,8,2.i.li 25 O \ 27 |32,S!31,1:19,9

- :

'. — .••. — O r d fe 4,8 5,2 ! 7,2 I 13 10.Q.1S.S 36,9 Jl/JilO,3[ 7,4 i 11 8 , 1 , 8 , 9 17,9 6,2 112,9.14,8

1,3 O 0,6

• Diai-eecj: 19 -Sos.ling ! O

2,9 j 1,5 I 4,2 22,1 23 .58,4 1.4 i O I D i O I O I 1,2

25,/ I 27,7 j 17,9 123,4 115,7 17,4

° I O.7 I 3.1 | 5,1 [ 5,2_

Figur 6. Emnefordeling i publikasjonane åt etablerte fagfolk i tida 1900-1984. (Bearbeidd etter Aske 1997 s. 54, 67, 91, 92.)

I figur 5 ser vi tydeleg korleis nasjonsbyggingstida før andre verdskrigen skil seg ut. Krigen og aller mest gjenreisingstida var «ein katastrofe» i dette per- spektivet. Prosentdelen av dialektologiske oppgåver var dobbelt så høg før and- re verdskrigen som etter. Kulturhistorisk er det interessangt, for det fortel nok kor viktig dialektinteressa var som del av den nasjonale reisinga etter unions- oppløysinga i 1905. Det perspektivet blei endra etter krigen, og gjenreisingsti- da fram til slutten av 1960-talet representerte ei sterk sentralisering både øko- nomisk, demografisk og kulturelt. Det relative talet på hovudfagsoppgåver om talemål sluttar brått å søkke kring 1970 og stabiliserte seg på vel 10 %. Dette er tida for dialektbølgja, for grasrotopposisjon, og det er perioden då sosioling- vistikken blomstrar, og den fokuserer nettopp variasjon og avvik, ikkje det eine sanne og autoritative. Dialektgeografien dovnar bort, for idealiseringane der kan problematiserast som tildekkingar av faktisk variasjon.

Interessa for dei meir spesifikke forskingsemna svingar og ofte innafor eit fors- karsamfunn, og slikt kan ha si vitskapssosiologiske forklaring. Men av figur 6 går det fram at dét ikkje er noko tydeleg mønster i talemålsforskinga - utanom at fo- nologien har «mist terreng», og det er blitt jamnare fordeling i siste tidbolken.

At fonologi og morfologi dominerer, er neppe overraskande. Vi ser at ord- forrådsstudiar hadde høgast kurs i mellomkrigstida. Ein viss auke er det i dia- lektgeografiske arbeid etter andre verdskrigen, utan at eg kan forklare det på nokon måte. (Kategoriseringane her følgjer kodane som er lagt inn i Norsk dialektbibl iografi.)

Kor skiftande har så emnefordelinga i hovudoppgåvene vore? Eigentleg er dei relative tala her og nokså stabile. At syntaksen ikkje er eit sentralt emne, er ikkje uventa, men det kan undre oss litt at talet låg så høgt som 15 før krigen, og at det brått gjer eit hopp i slutten av 1970-talet. Nytt etter krigen er at vi får arbeid som blir klassifisert som sosiolingvistiske i aukande omfang. Dét kan vi

(22)

1 qTi? lfiBO

zo,G : 31,3

3 I

Figur 7. Emnefordelinga i hovudoppgåver i talemål for perioden 1907-1984. (Bearbeidd etter Aske 1997s. 68, 93.)

sjå av figur 7, som viser emnefordelinga på hovudfagsoppgåvene skrivne i pe- rioden 1985-2007.

Frå midten av 1970-talet har vi fått ei fullstendig omlegging. Det går fram av figur 7 og 8. Sjølv om ein risikerer at kategoriseringane i Norsk dialektbib- liografi (altså figur 7) og dei eg har gjort etter Wiggen (2011) i figur 8, ikkje er utført fullstendig likt, stadfestar desse tala inntrykket vi har frå arbeidet i desse tiåra. (I materialet frå etter 1984 er oppgåver som gjeld nyare endringar (altså aldersvariasjon) automatisk registrert som sosiolingvistikk.) Den typen er det blitt svært mange av, og dei er produkt av kvantitative studiar slik sosiolingvis- tikken føreskriv. Slikt var temmeleg ukjent før 1970.

Figur 8. Emnefordelinga i hovudoppgåver i talemål 1985-2007. (Byggjer på Wiggen 2011.)

(23)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 101 Vi kan dermed sjå at forskingsgreina vår ber preg av samtida, som naturleg er.

Det gjeld både den samla interessa for talemål og fordelinga av temaa i hovud- oppgåvene. Vi kan her og spørje om det kan vere ein samanheng på regionalt nivå slik at ein kan sjå at ulike tendensar mellom f.eks. fylka. Jorunn Aske (1997 s.

118-124) tok opp det spørsmålet, og ho laga ei fylkesvis oversikt over produk- sjonen som er dokumentert i Norsk dialektbibliografi. Resultatet er i tabell 1:

Tabell 1. Geografisk fordeling av publikasjonane i Norsk dialektbibliografi (Aske 1997 s. 119).

% av publikasjonane %ov/b&B6zbf Forholdstal Hordaland

Møre og Romsdal Oppland Sør-Trøndelag Nordland Sogn og Fjordane Buskerud Hedmark Rogaland Nord-Trandelag Telemark Aust-Agder Vest-Agder Vestfold Østfold Akershus Finnmark

Forholdstala kan stillast opp slik i rangorden:

J

• Seriel 0.26 0,44 0,55 0.67 0,69 0,7 0,88 1 1,06 1,1 1,14 1,21 1,23 1,36 1,61 1.64 1,7 2.12

Figur 9. Geografisk fordeling av publikasjonane i Norsk dialektbibliografi.

9 Rekna etter folketalet per 1.1.1987.

(24)

Ser vi på fylka som har høgaste søylene, ser vi tydeleg spora av Nynorsk- Norge. Det kan neppe vere dristig å seie at ein her truleg har ein samanheng mellom den kulturpolitiske rolla som nynorsken har spela, og interessa for dia- lektar som kjem til uttrykk i talet på publikasjonar. Igjen ser vi at faget vårt av- speglar tida og samfunnet rundt oss.

10. Motsetningar i språkvitskapen

Eit siste perspektiv vi skal legge på stoffet vårt, er korleis talemålsforskinga har vore ein del av motsetningane innafor norsk språkvitskap. Vi såg ovafor at Storm og Larsen følte at dei kom for mykje i skuggen av Ivar Aasen. Men det gjaldt ikkje forskarmiljøet, for Aasen hadde neppe større vitskaplege interesser enn å lage god grammatikk i Grimms ånd. Storm var professor i engelsk og fransk og samtidig var han norsk dialektolog. Det viser at språkvitskapen på den tida i stor grad var dialektologi. Det er først på 1930-talet at allmenn språkvitskap veks fram som eige fag i Norge, og første strukturalistiske avhandlinga der kjem først med Borgstrøm (1938). Norge var altså sjenerelt ein etternølar, og det var då Borgstrøm gav ut innføringsboka si i 1958 at det kom ei større omlegging av norsk språkvitskap (Venås 2001 s. 240). Då Norsk forening for sprogvidenskap blei til i 1923, stod nordistane Kolsrud og Seip saman med Alf Sommerfelt og ymse allmennlingvistar om å invitere til skipingsmøte (Meddelelser 1925 s. 2).

Men med tida blei det motsetningar, for Kolsrud førte vidare den gamle tradisjo- nen, og den allmenne språkvitskapen med Sommerfelt og andre tok opp nye teo- riar. Med ein viss rett blei dialektologien og nordistikken lenge skulda for å vere junggrammatisk - men meir presist ville det vore å seie dialektgeografisk, fone-

tisk og historisk orientert. Talemålsforskinga tapte ein del på å ikkje henge med i dei teoretiske utviklingane innafor strukturlingvistikken, og mange tema har dermed falle utafor granskingsfeltet. Samtidig har den allmenne språkvitskapen i Norge i etterkrigstida lite teke inn over seg at språket er meir enn ein struktur, at det er og eit samfunnsfenomen, eit sosialt fenomen som viser kulturelle og so- siale motsetningar. Der har den allmenne disiplinen mist eit perspektiv som kun- ne gitt mange teoretiske utfordringar.

Som eit apropos kan vi og nemne den påfallande tendensen til at engasjerte nynorskfolk helst har trekt til nordistikken og talemålsforsking, mens riksmåls- folk heller har halde seg til allmenn språkvitskap. Det er ikkje så søkt å kople dette til desse dominerande innfallsvinklane med engasjemanget i språk og samfunn hos nordistane og interessa for det isolerte «språket i seg sjølv» hos allmennlingvistane, der skriftmål kan (og skal?) prinsipielt vere uavhengig av talemål.

Dei to forskingskulturane ser den aller siste tida ut til å gå meir over grense- ne åt kvarandre. Det er interessangt at prosjektet Scandinavian Dialect Syntax10 10 http://www.tekstlab.uio.no/nota/scandiasyn/-

(25)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 103 har sitt utgangspunkt i allmennlingvistmiljøet og i generativ grammatikk, og her ser vi nye takter til fruktbart samarbeid, og miljøa møtest oftare enn før.

Den motsetninga vi har sett mellom forskingsmiljøa, er tematisert i den språkvitskaplege historieskrivinga som allmennlingvisten Even Hovdhaugen har levert til The History of Linguistics in the Nordic countries (Hovdhaugen o.fl. 2000). Der gir han (s. 332) for så vidt med rette denne kritiske beskrivinga av nordistikken:

But there were few if any traces of structural linguistics in the work of Seip and Knud- sen. [—] The first serious conflict arose in 1931 when Hallfhd Christiansen (1886- 1964) submitted a doctoral thesis on the phonological analysis of a Norwegian dialect.

Men han kan ikkje vise til noko før i norsk allmennlingvistikk heller! Hovdhau- gen (s. 428) har for så vidt rett og i at

It [Nynorsken i sine målføre, 1951] is a monument of a method (or lack of method) that failed.

Men han overdriv rolla Kolsrud hadde i språkpolitikken når han (s. 339) kom- menterer eine verket slik:

This publication [Maal og maalgransking, 1922] had a certain influence in the nynorsk camp and played a role in reinforcing linguistic prejudices of his time. One of the author's favorite terms is organic, and he espouses an almost mystical view of language, its origin, its use, and its biological status, intertwined with a clearly ex- pressed racial theory woven with mysterious elements of folk psychology.

Eg har vanskeleg for å tru at mange i nynorskrørsla las denne boka; dei hadde neppe interesse for slike abstraksjonar. Ut frå det eg kommenterte lenger opp, vil eg hevde at mystifi seringa av ein organisk og sjølvstendig struktur pregar meir riksmåls synet på språk. Nynorskfolk har vore dei mest lojale til og dei mest velsigna av den offentlege språkpolitikken som nettopp avviste synet på språk som ein sjølvstendig levande organisme.

Hovdhaugen er og urettvis overfor Ingeborg Hoff når han (s. 429) om henne Just as the opposition to structuralism had been fierce, the same was true of the op- position to the new discipline of sociolinguistics.

Variation, both interindividual and intraindividual, was considered as uninterest- ing as terms such as 'phoneme' (Jahr 1996:96). Nevertheless, Ingeborg Hoff did not close the doors to linguistics [...] she participated with an open mind in linguistic seminars and in discussions with linguists.

Her vil eg protestere. Eg gjekk på seminar hos henne, og ho var faktisk ein god fonematikar, og ho tenkte strukturelt i historisk analyse. Men skriftene hennar ber nok mest preg av interessa for geografisk variasjon. Eg er glad Hovdhaugen har fatt med seg den formildande sistesetninga i sitatet ovafor, for det gir eit sant bilde av Hoff.

Det skeptiske utgangspunktet far Hovdhaugen (s. 429) til og å gi eit fullsten- dig gale bilde av Bergens-miljøet, som han sjølvsagt ikkje kunne kontrollere så godt frå posisjonen sin på Blindern:

(26)

But this institution [Norsk Målførearkiv], as well as a similar section of the Depart- ment of Scandinavian Philology in Bergen, set up in 1954, was dominated by the neogrammarian tradition and by Kolsrud.

For det første er Målføresamlinga ved Universitetet i Bergen frå 1921, då kalla Folkeminnesamlingi. Dessutan kan ein ikkje oversjå at Gunnvor Rundhovde (1918-1987), som var samlingsstyrar 1956-1973, faktisk var sterkt inspirert av Uriel Weinreich (1954), og ho var godt orientert i fonemteori, slik at det er slett ikkje rett å seie at Kolsrud dominerte med junggrammatikkcn i Bergen. Det er ikkje på annan måte enn mykje av junggrammatikken og er akseptert som ein kjerne i all strukturell lingvistikk. Men som i dialektologien elles stod geogra- fiske studiar sterkt i Bergen, og der fekk Målføresamlinga i 1954-1958 ei løy- ving frå Forskingsrådet til det vestlandske målføreprosjektet, og i samband med det kom Christiansen (1954). (Men derimot kan ein nok seie at Skulerud - som styrte Målføresamlinga i perioden 1944-1951, altså før 1954-arbeidde i same ånda som Kolsrud.)

Historikken Hovdhaugen har skrive om norsk språkvitskap (2000), ber preg av at forfattaren sjølv er engasjert i konfliktane. Både feil og skeivheiter i fram- stillinga er grundig korrigert i Venås (2001).

11. Oppsummering

Ei faghistorisk utvikling viser litt tendens til pendelrørsler. Etter ei tid kan ein sjå noko verdi att i det som var gjort før. Vi skal heller ikkje gløyme at historia er forutsetninga for at vi i dag er der vi er. Det er samla inn svært mykje mate- riale i norsk talemålsforsking. Mykje av det er dessverre av tvilsam kvalitet pga. trua på at ein skulle skrive «det ein høyrte». Men data som er stilt opp synoptisk for å lage store jamføringar, har vi framdeles stor glede av, og dei geografiske kartleggingane har vi nytte av i lang tid framover. Sjølv dei som ironiserer mest over idealiseringane på karta, kjem ikkje unna desse karta som hjelpemiddel når dei både skal tenkje og framstille. Derfor er dei stortenkte vyane bak f.eks. Norsk dialektatlas og synopsisen (og dermed er Storm i 1884 og Larsen i 1910 inkludert) noko av det mest verdifulle produktet i norsk tale- målsforsking. Det representerer heilskap og systematikk.

Meir verdifullt etter kvart blir nok det innsamla lydmaterialet frå tida etter krigen, og det same gjeld dei mange grundige analysane som finst i den store dialektlitteraturen. Dei blir gull verde når dei kan gi oss bakgrunn og jam- føringsgrunnlag for endrings studiar. Ulempa med det vi har utført siste tida, kan vere at det er for sporadisk og tilfeldig, og for lite stortenkt. I vår tid treng vi og overordna visjonar om systematikk og komparasjon skal faget vinne sik- rare innsikt.

(27)

Perspektiv på norsk talemålsforsking siste 100 åra 105

Litteratur

Antonesen, Vidar, 1988: Fonologien i Øygards-dialekten. Upubl. hovudoppgåve. Ber- Aske, Jorunn, 1997: Norsk dialektforsking. Historia om ein forskingsdisiplin. Upubl.

hovudoppgåve. Bergen.

Beito, Olav T., 1957/79: Nynorsk Målgransking. Fyrsteførelesing 2. nov. 1957.1: Beito, Olav T., Artiklar og taler i utval. Oslo. (Skrifter frå Norsk målførearkiv 34.) S. 7-34.

— 1963/1979: Minnetale over professor dr. Olai Skulerud. I: Det Norske Videnskaps- akademi i Oslo. Årbok. Trykt oppatt i: Beito, Olav T., Artiklar og taler i utval. Oslo.

(Skrifter från Norsk målførearkiv 34.) S. 261-270.

Berntsen, M. & Larsen, Amund B., 1925: Stavanger bymål. Oslo.

Bjørkum, Andreas, 1968: Årdalsmål hjå eldre og yngre. Ei utgreiing om formverket med eit tillegg om generasjonsskilnad i lydverk, ordbruk og formverk. Oslo. (Skrif- ter frå Norsk målførearkiv 20.)

— 1974: Generasjonsskilnad i indresognsmål. Talemålet i industribygd; Årdal og dei fire næraste jordbruksbygdene. Oslo. (Skrifter frå Norsk målførearkiv 30.)

Bjørsct, Karl, 1900: Syd-Lesje- og Nord-Dovremålets lyd- og formlære. Fremstillet i sine hovedtræk paa grundlag af Joh. Storms «Kortere ordliste». I: Tillæg til Dram- mens offentlige skoles aarsberetning for 1899-1900. Drammen.

— 1902: Nord-Rollag-målets lyd- og formlære i kort omrids tilligemed målfører fra Nu- medal og Dovre. I: Tillæg til Drammens offentlige høiere almenskoles årsberetning for 1901-1902. Drammen.

Borgstrøm, C. Hj., 1958: Innføring i sprogvidenskap. Oslo.

Christiansen, Hallfrid, 1933: Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse. Oslo.

- 1954: Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre. Bergen.

Endresen, Rolf Theil, 1976: Handsaminga av trykk og tonem i generativ fonologi. Kri- tikk og framlegg. Med tillemping på grensk. Upubl. magisteravhandling. Oslo.

Fintofl, Knut & Mjaavatn, Per Egil, 1980: Språksosiologiske forhold i Trondheim by- mål. Trondheim.

Hanssen, Eskil, Hoel, Thomas, Jahr, Ernst Håkon, Rekdal, Olaug & Wiggen, Geirr, 1978: Oslomål. Prosjektbeskrivelse og syntaktisk analyse av oslomål med henblikk på sosiale skilnader. Oslo.

Haugen, Einar, 1948: Norwegian Dialect Studies Since 1930.1: Journal of English and Germanic Philology. S. 68-79.

Hoel, Ivar, 1915: Kristiansundsmaalet. I: Maal og Minne. S. 1-63.

Hoff, Ingeborg, 1947: Skjetvemålet. Utsyn over lydvoksteren i målet i Skiptvet i Øst- fold i jamføring med andre østfoldske mål. Oslo. (Skrifter utg. av Det Norske Viden- skaps-Akademi i Oslo. 2. Hist.-Filos. Klasse 1946:1.)

— 1950: Amund B. Larsen. Eit hundrad-årsminne. I: Svenska landsmål och svenskt folkliv. S. W 0 .

— 1960: Norsk dialektatlas. I: Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap. S. 595-622.

— 1967: Historisch-phonematische Mundartkarten. I: Zeitschrift fur Mundartfor- schung. Beihefte, Neue Folge 3. S. 373-387.

Hognestad, Jan K., 1996: Tonemer i en høytonedialekt. En undersøkelse med utgangs- punkt i Egersund bymål. Bergen.

Hovdhaugen, Even, 1970: Transformasjonell generativ grammatikk. Oslo.

Hovdhaugen, Even, Karlsson, Fred, Henriksen, Carol & Sigurd, Bengt, 2000: The His- tory of Linguistics in the Nordic Countries. Helsinki.

Husby, Olaf, 1985: Inntrykk av språkbrukarar. Ei undersøking av tillagte personteg- domsdrag ut frå munnleg språkføring. Sosialt distinktive drag i talemålet i Sandnes- sjøen. Upubl. hovudoppgåve. Trondheim.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER