• No results found

Det er 5. året på rad at

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Det er 5. året på rad at"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

VELKOMEN TIL KELTISK RETREAT!

Det er 5. året på rad at Holmely arrangerar keltisk retreat. Her i nordvest er våre røter keltiske. Holmely ligg ein time reise frå Selja der Bjørgvin Bispedømme feira 950 år i fjor på Seljumannamesse.

Øystein Frivold. Tidlegare prest i Svelgen og Hornindal. Han var kretssekretær i Sogn og Fjordane i Sjømannskyrkja, og etter det prest på Ringerike, m.a.

som sjukehusprest. Arbeider no med song og musikk på ein

sjukeheim i Modum. Han har vore tilknytt den keltiske rørsla i meir enn 15 år og er medvandrar gjennom «Anamcara». Driv som trubadur og skriv tonar til andre sine dikt.

Brit Lundby Hilde er retreat-leiar, frivilleg ressursperson for Holmely og bur i Innvik i Stryn.

"Pilgrimsrørsla er styrka i Noreg dei siste åra, og det er viktig at tradisjonane rundt St. Sunniva vert utvikla vidare,” sa statsråden ved utdelinga av eit stipend Brit fekk for nokre år sidan for å gå i St.

Sunniva sine fotspor på Selja. Ho har delteke på keltisk retreat på

Lindisfarne, i Nord-England, og vil knytte linjer til Sunniva-legenda.

FRÅ

DAGSPROGRAMMET PÅ HOLMELY.

Desse er det frivilleg å ta del i:

Musikk til måltidene

Faste tidebøner i kapellet:

Morgon-, middag- og kveldsbøner.

Jesusmeditasjon over ein bibeltekst.

Keltisk tema og song.

Stille andakt i kapellet.

Kveldssamling med delestund.

KVA ER RETREAT?

På delvis taus retreat er dagsrytmen lagt opp for å gje oss sjansen til å lytte “innover” og “oppover”. Vi ønskjer å gje den einskilde høve til å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. Vi har stille tid frå kveldsbøn over til neste dag med morgonbøn, frukost med musikk og Jesusmeditasjon.

Torsdag og laurdag vert vi på Holmely.

Nokre avtalar for fellesskapet vil hjelpe oss til dette:

Vere på fornavn.

Gje kvarandre fred.

Vere fri frå media og mobiltelefon.

Ha faste plassar ved matbordet og i kapellet.

Ha høve til personleg samtale med ein av leiarane.

Ha tid til tur i nærområdet og/eller kvile på anna vis.

(2)

Vi samlast onsdag ettermiddag 3. juli til kveldsmat kl 18.30.

Torsdag og laurdag er rolege dagar på Holmely.

Fredag vert turen til Selja hovudprogram: Vi reiser med båt frå Selje sentrum over til Bø. På øya vert det leia pilegrimsvandring fram til klosterruinane med stasjonar til bøn og ettertanke.

Vi avsluttar i Sunnivahola med nattverd. Ta med godt fottøy og kle for allslags ver, dagstursekk og gjerne termos til varm drikke (og gåstaver).

Det tar ca 25 min å gå på god sti fra båten, og vi skal klatre opp vel 70 trappetrinn i naturstein til Sunnivahola,

Søndag 7. juli deltek retreatgruppa på Seljumannamesse.

Prisar:

Opphald for 4 døgn: 3750,- per pers enkeltrom,

3250,- for dobbelrom, m/oppreidd seng og full pensjon og pilegrimsvandring til Selja.

Betalast over giro 3000 14 72204.

Seljumannamesse (Båttransporten) er ikkje inkludert.

www.seljumannamesse.no

Påmelding til retreaten seinast ei veke før retreaten startar til:

Holmely

Holmevegen 26 6711 Bryggja

Tlf: 57 85 34 25 / 93 42 33 00 e-post: holmely@normisjon.no

Medarrangør: Bjørgvin bispedømme.

Forsidefoto: Siri Kolset

HOLMELY ligg på Bryggja i Nordfjord og har gode buss/båtsamband frå/til Bergen og buss frå/til Oslo, Trondheim og Ålesund. Velkomstbrev vert sendt ut etter påmelding med meir opplysningar.

Interesserte kan også få informasjon hos Brit på mobil 91109933 eller bluhilde@enivest.net

KELTISK RETREAT

PÅ HOLMELY 3. – 7. JULI 2019

MED PILEGRIMSVANDRING PÅ SELJA OG DELTAKING PÅ

SELJUMANNAMESSE

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

 Velge testregime for barn og unge tilpasset lokal situasjon (test for karantene, enten etter eksponering eller jevnlig testing). Risikobasert smittesporing: Alternative måter for

Når det kjem til stykke, er det so lite som skal til | Tidsskrift for Den norske legeforening... Å lese samlede dikt gir også muligheten til å følge hvordan dikteren over år

Hjort var oppta av at det ikke bare var viktig å fastslå hvor nivået for ulikhet i Norge ligger, men heller gå videre til å studere mekanismer bak forskjellene: Hvordan blir

I min søken etter optimale tiltak, er det argumentert for at denne gruppen kan over- behandles noe, slik at FT4-nivået blir lett forhøyet, og TSH < 0,5 mIE/l, og at dette

Konjugert pneumokokkvaksine er et viktig fremskritt, men det er foreløpig uklart hvor utbredt bruken bør bli.. Pneumokokken er årsak til et bredt spektrum av infek- sjoner

For oss som ikke tar prøver så ofte, kan det være greit med en oppfrisk- ning og oppdatering på dette området også, slik at svarene vi får blir best mulig.. Marit Tveito

Oversikt over totalt jordbruksareal registrert på kart og areal som det ikkje vert søkt arealtilskot på fordelt

Eit vedtak om fiskeforbod vil vere midlertidig, og berre gjelde så lenge vassdraget ikkje er ope for ordinært fiske etter laks. Lova opnar ikkje for å frita grunneigarar