1
Beitesesongen 2011 og
resultat frå spørjeundersøking
Spørjeundersøkinga er ein del av Beiteprosjektet i Hordaland.
Spørjeskjema vart sendt ut til alle beitelaga som var aktive i
organisert beitebruk i Hordaland hausten 2011.
103 beitelag i Hordaland
91 beitelag svarte på undersøkinga 88% svar
Takk for god oppslutning!
Kartet syner alle beitelaga som er registrerte i organisert beitebruk.
Mørkare farge = mest sau/km2
Beitesesongen 2011
• 102 beitelag rapporterte/fekk tilskot
• Auke i tapte dyr dette året
• Tapsauke på 800 dyr til omlag 5.200 tapte dyr
• Storparten av beitelaga meldte inn middels til under middels beitesesong
• Alveldår og stor auke i søknad om erstatning etter tap av sau
Driftstilskotet gjekk opp
2010: Kr 17 per sanka småfe, Kr 30 per sanka storfe
2011: Kr 23 per sanka sau/lam, Kr 29 per sanka geit/kje, Kr 45 per sanka storfe Auke på kr 700.000
Totalt utbetalt driftstilskott på kr 3.030.000 (stipulert)
Figuren syner utvikling i sau og lam i utmarka.
Raud linje syner tal sau og lam det er utbetalt tilskott til utmarksbeite i produksjonstilskott-systemet.
Blå linje syner tal sau og lam i organisert beitebruk for same periode.
Figuren syner utviklinga i tapsprosent
perioden 2000-2011
Tala er eit snitt for alle beitelaga som har søkt tilskott
i organisert beitebruk.
Spørjeundersøkinga vart sendt ut etter beitesesongen 2011.
Spørsmål 1: Kva reknar de som høgt/normalt tap av lam på beite?
Snitt lammetap 2011: Norge 8,3%, Hordaland 5,2%
Normalt/ok For høgt
0%
1% 16%
3% 55% 16%
5% 27% 40%
7% 1% 30%
10% 14%
17 missing på normalt/ok 11 missing på for høgt missing = tal lag ikkje svart
Snitt lammetap 2011:
Norge 8,3 Hordaland 5,2
Figuren syner spørsmål 1 delt etter region.
Figuren syner spørsmål 1 delt etter region.
Beitebrukskart
www.skogoglandskap.no
Kommentar: Her ser vi eit eksempel på kartdata vi kan ta ut frå internett.
Statistikkane frå organisert beitebruk digitaliserast i kart ved nokre tastetrykk.
Spørmål 3: Beskriv kort beitelagets rutinar for tilsyn:
Dei aller fleste svara synte gode rutinar, men svara synte også at enkelte beitelag har rutinar som ikkje er foreinlig med krav/regelverk:
- Dei fleste skreiv om gode rutinar med tilsyn kvar helg, fleire gonger i veka eller dagleg.
Her er eit knippe sitater frå svara:
- Før beitesesongen startar vert det utarbeidd ei vaktliste der to og to medlemmar har ansvar for tilsyn kvar veke i sesongen
- Kvar brukar ser til dyra kvar for seg. Ikkje organisert tilsyn.
- Kvar medlem i laget pleier å ha 2-3 turar i mnd i det området dyra hans går.
- Regelmessig tilsyn hver 14 dag
- Ingen rutinar, men folk går når ein har tid, snitt ein gong/veke.
- Tilsyn ca ein gong/veke så sant der er vær til det.
Kommentar:
For å motta tilskott frå organisert beitebruk skal beitelaget ha rutinar for samarbeid om tilsyn og sanking.
Det er krav om tilsyn minimum kvar veke på utmarksbeite.
Spørsmål 4: Har årets tap (2011) av dyr på beite vore som eit normalår for beitelaget?
Ja: 67%
Nei: 33%
Forklaringar:
• ruskever
• store elvar
• meir alveld/rome
• meir flugemakk
• men mange skriv at tapet var som normalt
Kommentar:
I 2011 var det mykje snakk om at beitelaga hadde store tap i utmarka. Svara syner heldigvis at auken i tap dette året «berre» gjeld om lag 1/3 av beitelaga.
Spørsmål 5 og 6:
Er det områder/buskaper som skil seg ut med større tap av dyr?
Kommentar:
Her ville vi sjå om beitelaga hadde ein formeining om det var buskapen eller området som var årsak til ulike tapsprosenter.
Stort sett vart skilnader i tap forklart med at det var området dyra beita i som var problemet (romeplanter, terreng, flugemakk osv).
Ein del lag svarte at buskaper skil seg ut, men at dette kjem av normale årsvaria- sjonar i buskapene.
Dessverre var det og fleire beitelag som peika på at det var enkeltbønders drift som var årsaken til større tap i buskapen, og at dette er ømtåleg/vanskeleg å ta opp med brukaren.
Eitt sitat:
«Stor flokk, lite kontroll, lite tilsyn!»
Vurdering av tapsårsaker – sjukdom og parasittar
Kommentar:
Dette er ein samlefigur for fleire tapsårsaker.
Søylene gjeld for Hordaland totalt.
Vurdering av tapsårsaker – områderelaterte hendingar
Kommentar:
Dette er ein samlefigur for fleire tapsårsaker.
Søylene gjeld for Hordaland totalt.
Kommentar:
Finn ikkje att/går igjen vil vere eit utrykk
for summen av dyra ein ikkje finn og dyra som har daua i sesongen og kadaver ikkje er funne.
Vurdering av tapsårsaker – problem med andre «dyr»
Kommentar:
2011: 5 søknader om erstatning for tap til rovvilt. Erstatning vart utbetalt for tapt 1 til gaupe, 1 til jerv og 2 til kongeørn.
Rødrev er jaktbar art og bøndene kan sjølv førebygge ved å leggje til rette for meir revejakt.
Tap til ørn er vanskeleg å dokumentera, det er viktig å ringe rovviltkontakt umiddelbart for tapsdokumentasjon på kadaver.
Ørn er lette å sjå, og vil vere tilstade der det er kadaver – dei er ikkje nødvendigvis ansvarleg for tapet.
Spørsmål 9. Kva fellestiltak gjer beitelaget for å redusere tap av dyr?
Kommentar:
Denne figuren syner kva beitelaga svarte som det aller viktigaste fellestiltaket for å redusere tap av dyr.
Tilsyn/ettersyn kom heilt klart ut som det viktigaste tiltaket.
Spørsmål 9. Kva fellestiltak gjer beitelaget for å redusere tap av dyr?
Kommentar:
Denne figuren syner summen av fellestiltaka beitelaga gjer for å redusere tap av dyr.
Tilsyn/ettersyn kom klart ut som det viktigaste tiltaket.
10. Ber beitelaget den enkelte buskaps-eigar å gjere nokre tiltak for å redusere tap av dyr? (i tillegg til tilsyn i beitet)
Kommentar:
Det var noko overraskande at så mange svarar at dei ikkje ber om at den enkelte buskaps-eigar skal gjere tiltak i tillegg til tilsyn. Vi trur dette har samanheng med at mykje av arbeidet som gjerast er så sjølvsagt, at beitelaget har svart nei på dette spørsmålet likevel. PS! Sjå dette i samanheng med neste plansje.
Spørsmål 10. Ber beitelaget den enkelte buskaps-eigar å gjere nokre tiltak for å redusere tap av dyr?
(i tillegg til tilsyn i beitet)
Mange av beitelaga svarte dette som tiltak som det er venta at den enkelte buskapseigar gjer:
• Mange svarar snyltarbehandling (både inn- og utvortes)
• Ikkje sende sjuke/svake dyr til fjells
• Ikkje sende trillingar til fjells
• God merking og bjølle
Nokre sitat:
• Beitelaget kjøper inn medisin for behandling av dyr før fjellsending
• Har hittil ikkje vore aktuelt.
• Prate om problem og ha felles strategi
Kommentar:
Strategiar med felles snyltarbehandling for alle buskaper er omdiskutert. Det vil vere hensiktsmessig å vite noko om parasittstatus på buskapen før ein behandlar ukritisk.
Spørsmål 11. Har beitelaget plakatar ved stiar/parkering med informasjon om beitedyr/kontaktpersonar?
Kommentar:
Plakatar med informasjon om kva ein skal vere obs på og kontaktpersonar er billeg. Dette er ein god måte å få folk
«som ikkje er frå bygda» til å skjøne korleis dei skal reagere ved uregelmessigheter i beitet.
Kommentar:
Plakatar kan ha mange utformingar.
Her er eit døme (med dårleg biletekvalitet..) Denne plakaten er av plast og varar nokre år.
NSG sel den i sin medlemsbutikk til kr 39/stk
Spørsmål 12:
Får beitelaget inn tilbakemelding om hendingar i beitet frå turgåarar, jegarar, andre?
Kommentar:
Alle beitelaga svarte svært positivt på dette, tilbakemeldingar er til god hjelp
Spørsmål 13:
Kva hjelpemidlar vert nytta for å betre oversikten over dyra, og kor stor er nytteverdien?
Spørsmål 13: Hjelpemidlar - radiobjelle?
Radiobjeller
Lite nyttig 2 Middels nyttig 8 Svært nyttig 5 Ca antall i bruk 54
Kommentar:
Radiobjella er ein sendar som via mobilnettet sender meldingar om søyas posisjon og bevegelse.
Berre 13 beitelag svarte på dette spørsmålet, så talmaterialet her er ikkje særleg stort.
Spørsmål 14:
Er mobildekninga god nok for bruk av radiobjelle i beitelagets område?
Spørsmål 14:
Har beitelaget planar om å kjøpe radiobjeller?
Kommentar:
Sum beitelag som svarte ja = 18 stk