5.4 Kva tankar sitt informantane igjen med i ettertid?
5.4.2 Kontakt mellom ungdommane i dag og framtidsplanar
Informantane fortalde at faget la stor vekt på at elevane skulle verte kjende med dei andre som tok faget, og at ein skulle verte vennar med kvarandre. For å kunne oppnå det la ein stor vekt på å nyttegjere seg av arbeidsmetodar som opna opp for at elevane skulle verte kjende. Dette var også nokre av dei mange grunnane til at informantane hadde lyst til å ta faget, slik som ein ser i kapittel 5.1. Under intervjua kom det etter kvart fram at dei eldste av informantane hadde mista kontakta med kvarandre. Informant tre fortalde at:
«Det gjekk nokre år kanskje kor vi var litt i kontakt. Men så skjer der at du voks…, du mista kontakta. Vi er ikkje frå same plassen, vi ser ikkje kvarandre til dagleg. Vi har vokse, vi veks litt i ulike vegar. Vi går forskjellege vegar».
Ei anna, informant en, fortalde at:
“And the whole project is really, you know, a nice memory for me. And I think for all of my friends, so. You know that’s, I don’t know, I like it. […] I have to say, be honest, we lost contact over the years. But you know, I will always remember them.
Really».
Dei fortalde at dei hadde kontakt med kvarandre av og til via sosiale media, men at det ikkje var det same. Informant fem sa at «we are still friends on Facebook». I forklaringa på kvifor dei hadde mista kontakta fortalde dei at dei hadde byrja på ulike skular, og nokre hadde flytta for å ta vidare utdanning. Sidan dei ikkje snakka så mykje saman lenger hadde dei også vokse frå kvarandre. I forlenginga av det fortalde dei eldste informantane at det var normalt at dei mista kontakt med dei som kom i frå deira eigen heimstad etter kvart som dei vart eldre og flytta heimafrå. Difor ville dei verne om dei vennskapa som dei fekk då dei var saman «i hjarta sine», som ei formulerte det.
Fleire av dei yngste informantane fortalde at dei framleis hadde kontakt med elevar som dei tok faget CSHR saman med. Dei forklarte det ved at dei i dag gjekk på vidaregåande skule saman med fleire av dei. På grunn av det var det enklare for dei å møtast. Informant 11fortalde at: «Vi har fortsatt ein del kontakt med folk frå faget, men det er klart lettare å sjå dei som går no på skule i Vukovar. Elles så har vi kontakt med folk gjennom Facebook og». Informant sju fortalde at han gjennom faget hadde blitt kjent med han som no var hans bestevenn, som høyrde til ei anna etnisk gruppe og budde i ein annan by enn han sjølv. Han la til at det var enklare å halde kontakta med kvarandre sidan dei no gjekk saman på vidaregåande skule, og kunne gjere ting saman. Han la også til at dei av og til kunne tulle med kvarandre, kor det dei tulla om kunne skuldast at ein av dei handla slik som han gjorde på grunn av at det var vanleg innanfor hans etniske gruppe.
Uahengig av om dei hadde mista kontakt med dei andre som hadde teke faget eller framleis hadde kontakt med kvarandre spurde eg om dei kunne tenkje seg å møtast igjen, og i den samanheng kva dei ynskjer dei kunne gjere om dei fekk den moglegheita. Til dette vart det også spurt om kven som burde ha teke på seg ansvaret for å få til ei samling. Svara dei gav var at sidan dei hadde opplevd så mykje fint i faget, hadde dei veldig lyst til å kunne møtast igjen. Dei hadde så mange spørsmål dei ynskte å stille dei andre. Det store fleirtalet meinte at dei ville trenge hjelp for å kunne få til ei slik samling. Nokre meinte at dei ville trenge hjelp i frå dei lærarane som hadde undervist i faget, samt hjelp i frå NDC Osijek, til å informere alle, som tok faget, om ei slik samling. At det var nokre vaksne personar som stod for arrangementet, kanskje nokre som hadde vore knyte til faget, så ville det stå fram som ei meir seriøst samling enn om ungdommane sjølve skulle stå for det. Nokre meinte at dei sjølve ikkje ville ha klart å få til ei like bra samling og opplegg som dei vaksne hadde organisert då dei var på dei ulike klasseturane i faget. Berre nokre få meinte at dei kunne få i stand ei slik samling utan noko særleg hjelp, dei grunngav det med at det handlar om menneskeleg vilje og om tilgang på transport.
Under ei slik samling ville dei nytte seg av læringsmetodane i faget som til dømes gruppearbeid og leik. Kanskje kunne dei organisere samlinga som ein klassetur (NDN, 2011, s. 13). Dei kunne ta opp fleire tema og spørsmål som dei hadde hatt i faget, kor dei no kunne trekke inn nye erfaringar i livet, og slik utvide si forståing for det som dei hadde diskutert og gjennomført av aktivitetar i faget. Enkelte av informantane la meir vekt på kva dei hadde lyst til å stille av spørsmål til dei andre som hadde teke faget. Blant desse
spørsmåla var informant fire særs interessert i å få kjennskap til:
«Først ville eg ha spurt dei om kva dei dreiv med i livet no. Fordi det har gått veldig lang tid. Eg ville ha spurt dei om kva dei ynskjer i livet? Kva dei vil studere? Kva dei har lyst til å jobbe med? Men, eg ville også ha spurt dei om dei har forandra seg eller om dei er dei same som vi er her. Men, eg trur dei har forandra seg meir. Eg meiner, eg håpar at dei ikkje har forandre seg så mykje som eg føler at folk har her.
Altså det med å vere så oppteken av det ytre. Håpar at dei har bevart litt av, ja. Det hadde vert veldig fint å fått til eit møte».
Informant to fortalde at:
«Det hadde vore interessant å gjere faktisk det vi gjer no. Å snakke om erfaringane våre. Å snakke om inntrykka våre, å, kva vi kor vi står i forhold til kva vi gjore.
Altså, kor vi står i dag i forhold til då. Å kva vi måtte ha ta med oss vidare av dette.
Å få høyre litt av dei ulike, ja, å kunne utveksle meiningar. Litt slik som vi gjer, sitte å prata no».
Gjennom intervjua med informantane kom det tydeleg fram korleis dei opplevde
situasjonen i deira eige lokalmiljø. Det å vere lojal mot si eiga etniske gruppe er viktig. På grunn av krigen, det historiske medvitet og den sterke lojalitetskjensla forstår ein fort at det å vekse opp i slike samfunn er tøft for ungdomane. Gjennom intervjua med informantane forstår ein at desse ungdomane ynskjer å utfordre dei rådande fordommane og slik skape ei haldiningsendring i eige lokalsamfunn. Undervisninga i faget CSHR har skapt eit
fellesskap for elevane, kor dei kunne kome slik som dei var. Ved å sjå på korleis faget er lagt opp ser ein igjen dei fire første dimensjonane i multikulturell utdanning. Lærarane gjer seg nytte av eit integrert innhald gjennom om å bruke elevane si kulturelle felles og
individuelle historie i timane. Elevane lærer om korleis kunnskap vert konstruert, korleis dei sjølve kan konstruere kunnskap og slik verte kritiske tenkjarar. Dei lærer om si eiga historie, og kan sjå den i eit kritisk lys, samstundes som dei lærer om dei andre sine
historie. Ved at dei lærer om kvarandre og at dei samnhandlar i undervisninga bygger faget ein tillit og respekt mellom elevane som er med på å redusere dei rådande fordommane som ein har i samfunnet. Undervisninga skjer på nøytral grunn, noko som gjer til at
elevane kan skape sine eigne meiningar basert på eigne erfaringar. For å kunne oppnå dette har faget nytta ulike arbeidsmetodar i undervisninga, slik at alle elevane skal få dei same moglegheitene til å kunne utvikle seg.
Difor er det lett å forstå at dei har eit sterkt ynskje om å både kunne fortsetje med undervisninga, og å få i stand ei samling sidan dei kanskje i større grad kjenner på ei
tilhøyrigheit til faget. Det er lagt opp slik at det dei lærer i faget skal verte ein del av dei og som dei skal gjere seg nytte av vidare i livet. Dei får ei større forståing av korleis
kunnskapen vert konstruert, og ved bryte med dei rådande fordommane ser dei at dei er ikkje så ulike som dei kanskje først trudde. Ein av dei mannlege informantane, informant 11, fortel at han ynskjer å flytte frå området fordi han ikkje kan sjå for seg ei framtid i ein by som ikkje hadde lyst til å sjå framover, og han er ikkje aleine. Berre eit lite mindretal av informantane hadde lyst til å verte verande på grunn av familiane sine. Det er difor lett å forstå at faget har gjeve dei eit fellesskap som dei ser at dei treng, og som dei ser er heilt nødvendig skal dei kome seg vidare etter det som skjedde på 1990-talet. Den
multikulturelle utdanninga, her ved faget CSHR, gjev dei denne moglegheita, og syner elevane at dei kan leve saman til tross for ulik etnisk tilhøyrighet. Informantane ser at dei treng fag som CSHR i skulen for å få ein auka kompetanse til å møte dei multikulturelle utfordringane i dagens samfunn. Informant tre valde å oppsummere intervjuet ved å seie:
“Viss du er komen for å sjå om dette hadde ei positiv effekt på meg så kan eg seie ja til det».
Med utgangspunkt i informanten sitt svar og kva for samfunnsnivå gjenreisingsarbeidet bør finne stad kan ein forstå det slik at faget CSHR åleine ikkje kan endre lokalsamfunnet, men at det er ein del av dette arbeidet. Det er difor viktig for å få til ei gjenreising av eit
samfunn som har gjennomgått ei etnisk konflikt at ein får med heile samfunnet, og ikkje berre delar av det i dette arbeidet. Difor er det viktig, ikkje berre å ta med seg alle godorda informantane kjem med om sine opplevingar til faget, men også kva dei tenkjer kunne vore gjordt annleis for å kome seg framover etter konflikta. Sidan dei eldste informantane, som deltok i pilotprosjektet frå 2007-2010, er det no heile 22 skular rundt om i Kroatia som gjev undervisning i faget (e-post datert 19.09.2014).
5.4.3 Oppsummering
Alle informantane var samde om at dei kunne tenkje seg meir undervisning i faget CSHR.
Ungdomane trudde at dei skulle få fortsetje med faget på vidaregåande skule, noko dei gledde seg til for då kunne også dei som ikkje tok faget på ungdomsskulen få tilbod om å vere med. Hadde ein utvida undervisninga til også å gjelde vidaregåande skule kunne ein ha styrka dei prosessane som faget satt i gang hjå informantane, og ein ville kunne styrke arbeidet med å gjenreise eit nytt og meir rettferdig samfunn (Schiro, 2008, s. 148).
Informantane grunngav dette ynskje med at dei no var blitt eldre, og med det hadde dei fått meir livserfaring og kunnskap til å forstå kor viktig innhaldet og arbeidsmetodane var. Dei ville, no når dei var eldre, kunne ta opp fleire og djupare tema. Dei ville også lettare kunne
ta med seg lærdommen frå faget inn i vidare studiar og inn i vaksenverda (Banks, 2014, s.
4; Sleeter & Grant, 2007, s. 151).
Sjølv om dei kjente litt på at dei ikkje hadde vert heilt modne då dei tok faget, meinte nokre av informantane at faget burde bli gjeve til yngre barn for å lettare kunne endre barna sine negative haldningar til “dei andre” (Allport, 1979, s. 29, 297; Schiro, 2008, s.
157). Ein av informantane formidla at for få støtte i lokalsamfunnet, og slik skape
haldningsendringar burde faget bli meir promotert blant lokalbefolkninga. Ein kan forklare det ved at ein innanfor den multikulturelle utdanninga snakkar om at ein både treng ein støttande skulekultur og sosialstruktur skal ein kunne lykkast med arbeidet (Banks, 2014, s.
40-41; 2009, s. 17; 2004, s. 20). Skulen er ein viktig del av prosessen for å kunne gjenreise eit samfunn som har gjennomgåttt ei konflikt kor gjenreisingsarbeid bør føregå
samstudendes på ulike nivå i samfunnet (Ajdukovic & Corkalo Biruski, 2004 gjengjeve i Kosic & Tauber, 2010, s. 47). Desse nivå er knytt til einskildindividet sitt arbeid, arbeid mellom mennesker, mellom grupper og på kommunalt/statleg nivå.
Sjølv om faget CSHR hadde eit stort fokus på at elevane skulle bli kjent med kvarandre opplevde dei eldste informantane at dei hadde mista kontakra med kvarandre etter at dei var ferdig med ungdomskulen. Dei yngste informantane formidla at dei hadde kontakta med dei andre som tok faget sidan dei gjekk saman på vidaregåande skule. Uavhengig om dei hadde mista kontakta med kvarandre eller ikkje, hadde alle informantane eit ynskje om å få i stand ei samling for dei som hadde teke faget, men at dei ville kome til å trenge hjelp for å få det i stand. På ei slik samling ville dei kunne snakke med kvarandre om sine opplevingar av faget, og dei kunne gjennomføre ulike øvingar på nytt.
Informantane forklarar at faget CSHR har synt dei at dei kan leve saman til tross for ulik etnisk tilhøyrighet, og i dette ser dei at dei treng eit fag som CSHR i skulen for å få ein auka kompetanse til å møte dei multikulturelle utfordringane i dagens samfunn.
6 Oppsummering og konklusjon
I dette kapittelet gjev eg først ei kort oppsummering av oppgåva sitt teoretiske perspektiv knytt til faget CSHR (6.1). I konklusjonen (6.2) summerer eg opp dei empiriske data knytt til dei ulike forskingsspørsmåla for så å kunne gje eit svar på oppgåva si problemstilling. I den siste delen av dette kapittelet (6.3) kjem meg med nokre refleksjonar knytt til framtidig forsking innanfor oppgåva sitt tema.